Onsdag 08. Februar 2012
Søndag 09. Oktober 2005

Plaza 2005 – Lyd og bildemessa på hell?

For ein god månad sidan var ingen som kunne fortelje meg om den årlege lyd- og bildemessa på Hotell Plaza også skulle gå av stabelen i år. Fleire av dei store deltakarane frå tidlegare år sa at dei ikkje skulle vere med. Messa var uvanleg dårleg marknadsført. Men messedeltakarane gjorde iallfall sin del av jobben for å få til ei god messe…

 

 


Av Arve Åheim, 9.10.2005  

Då eg mønstra på messa fredag, såg eg nesten berre utstillarar og nesten ikkje publikum. Det tok seg litt opp ut over dagen, men fredag var gjennomgåande prega av ganske dårleg frammøte. Mange skulda på manglande marknadsføring, nokre som ikkje deltok hevda at dei ikkje hadde fått klare tilbod, og publikum kritiserte arrangementet for 130 kr i inngangspengar. Men utstillarane gjorde sitt beste, og det var svært mykje spennande å sjå for den interesserte.  

HiFiCenterKjeden har framtidsvyer
Fyrste stand var Hificenterkjeden, som verkeleg hadde lagt seg i selen. På grunnplanet hadde dei innreia eit komplett ”framtidshus”, med stor vekt på underhaldningselektronikk. Stua var innreia med ein Infocus SP7205 filmprojektor montert i taket, og eit fast kvalitetslerret (X-screen) til 16 995 på veggen. Dette gav svært godt bilde som var akseptabelt også når lyset i rommet var på. Anlegget elles var sett saman av forsterkarelektronikk frå Primare og ein avansert Teac DVDspelar i den dyrare prisklassen. Høgtalarane er frå System Audio, som vart understøtta av rosina i pølsa, eit råskinn av ein subwoofer frå Velodyne. Denne ikkje heilt rimelege saken er truleg det flottaste eg har vore bort i til filmbruk. I kjøkkenkroken var det innfelt JBL høgtalarar, som vart forsynt med signal frå eit Opus multiromsystem. Ei ikkje heilt rimeleg ordning, men noko eg spår vil vere svært interessant for mange musikk- og filmglade familiar. Kostnadane pr kvadratmeter golvplass gjer bustadane mindre, og kampen om plassen fell ikkje alltid fordelaktig ut med tanke på store høgtalarar. For dei ikkje heilt strenge krava er innbyggingshøgtalarar eit glimrande alternativ. Lars Christian Jensen fortel at HiFiCenterkjeden har definert eit konsept som består tre ulike kvalitesnivå for slike multiromsystem. Dei kallar dette for Custom.
Nivå 1 er det enklaste. Gjennom systemet ABUS førast styresignal, signal og straum fram mellom hovudsentralen og ”filialen” ved hjelp av ei vanleg kategori 5-telefonleidning. Ei slik løysing er avgrensa av denne kategori 5 leidningen, og kan såleis overføre maksimum 7 Watt effekt. Til mange føremål vil dette likevel vere godt nok, og med ein passande forsterkar, t.d. Harman Kardon AVR 335, kan ein lytte til radio på kjøkenet, medan ein viser film over stueanlegget. Innfellingshøgtalarar vil her vere det logiske, for sjølv om dynamikk og perspektiveigenskapar desse har ikkje er storarta, er dette ikkje alltid nødvendig å ha på topp. (Elles kan ein sjølvsagt bruke andre lettdrivne høgtalarar). Nivå 2 er noko meir avansert, og har som basis trådlaus overføring av signalet frå hovudanlegg til filial, der sistnemnde må ha eigen effektforsterkar. Det vil nok ofte vere aktuelt med lokale signalkjelder. Såleis er Bose eit godt døme på ein produsent innan produktgruppa Lars Christian meiner utmerkar seg til nivå 2-satsing.
Bose har også den flotte fjernkontrollen med radiostyring, som gjer at han verkar styrer hovudsentralen frå alle rom i huset.
Nivå 3 er det mest gjennomførte, og har kapasitet nok til å tilfredsstille også dei ganske hardt innbarka stereo- og surroundlyd-entusiastar. Her er elektronikken frå Opus Technologies svært fleksibelt. Dette systemet vil vere ganske omfattande, og mest aktuelt i samband med nybygg. Eit skjult røropplegg mellom dei ulike romma vil gjere deg i stand til å lytte til alle tenkjelege signalkjelder (utanom vinyl og tape, altså) alle stadar. Dersom eg skulle gå for slik innbygging, ville eg satsa på eit stort anlegg med vinyl og to kanalar i ”det aller heilagste”, eit uavhengig anlegg der eg kunne ha maksimum lydkvalitet som einaste prioritet, men også med maksimal kvalitet på overføring frå fellessystemet. Så ville eg hatt eit eige kinorom med surroundpakke der hovudanlegget skulle vere, og enkle løysingar til soverom, kjøkken og bad. Kanskje også eit enkelt oppsett for bakgrunnslyd i ved uteplassen i hagen og i garasja? Her er det mykje å drøyme om. Teknologien er no på plass.  

Men HiFiCenterkjeden hadde også nytt å by på innan tradisjonell stereo. I eit mindre rom var det rigga opp full pakke frå Hegel, som tok seg av drifta av dei nye Project Array-høgtalarane frå JBL, som hadde premiere på messa. Desse høgtalarane er på mange måtar nedskalerte K2-modellar, men er litt annleis utforma. Ein saftig 14” bass hadde kollossale dynamiske reservar, og var godt tilpassa resten av elementa, som var eit nyutvikla, dobbelt horn. Mellomtoneelementet var montert på høgkant, og på toppen av dette var det plassert eit ørlite diskanthorn. Det var ikkje dumt å plassere mellomtonehornet på denne måten, for perspektiveigenskapane vart faktisk svært gode. Om du vil ha den saftige JBL-lyden utan å gå glipp av perspektiv og romoppleving, er dette eit svært aktuelt produkt. Er du sugen på rock og dynamisk musikk, og likar å spele høgt, vil du kanskje vurdere desse som ein klarare kandidat til messas beste lyd enn meg, for dette er tingen for elskarar av det hardtslåande. Prisen er rett nok ganske stiv, heile 100 000, men likevel er dette langt mindre enn K2. Utan å ha samanlikna direkte, er eg dessutan rimeleg sikker på at K2 ikkje får like gode perspektiveigenskapar i eit såpass lite rom som det aktuelle utstillingsrommet. I eit for meg ukjent oppsett er dette likevel berre tipping. Ein kanskje like sterkt innverkande faktor kan vere toppanlegget frå norske Hegel, der det var gjort små, men svært effektive endringar sidan eg sist lytta til produkta derifrå. Under arbeidet med den nye integrerte forsterkaren hadde det dukka opp slike enkle forbetringar som straks måtte overførast til dei eksisterande modellane. Eg var forbausa over perspektiveigenskapane, medan det på utstillinga vart lagt vekt på forbetra dynamikk og meir harmonisk klang i toppoktavane. Spesielt interessant var ein heilt ny digital volumkontroll, som gjer at signalet ikkje går gjennom noko potmeter. Ein slik teknologi vil vere svært velkomen for dei som ynskjer å køyre sin CD-spelar direkte i effektforsterkaren utan forforsterkar, så lat oss håpe at dette ikkje er så langt unna…  

PM Audio fokuserer på analogsida
PM audio har ikkje deltatt på messa på fleire år, men var no tilbake med ein heftig vinylrigg. For 15 500 kr var det sett saman ein IAV Piccolo, Bluenote Bobeli mk 2 og B5 arm. Dette fora eit phonotrinn frå Whest Audio til godt og vel 20 000. Det vart spelt ein del plater som var ukjende for meg, men eg kan likevel seie at dette er ein svært sterk utfordrar i vinylmarknaden.
Anlegget elles var svært spennande, og eg har lenge hatt lyst til å høyre dei spesielle Gradient-høgtalarane. Det vert hevda av fleire at desse har like god oppløysing som elektrostatar, men er langt lettare å drive og plassere. Dessutan er prisen ikkje avskrekkande i slik samanlikning, med messepris på 30 000.
Lyden av høgtalarane er alltid den mest dominerande i eit anlegg, men her må det innrømmast at tweakespesialisten PA Audio hadde sørga for at hotellrommet var tweka i ekstrem grad. Mest av alt ved hjelp av 10-12 diffusorar frå Furutech, som ganske sikkert heldt kontroll på øvre mellomtone og diskant, og dermed mykje av den reflekterte lyden frå Gradient-høgtalarane. Slike panel kostar 3900/stk, og hadde vore interessante å prøve ut. Men dei er sannsynlegvis ikkje tingen om du slit med bassproblem, dei er svært lette, og vil ikkje kunne absorbere bassenergi i nemneverdig grad.

Det er vel også grunn til å tru at dei fjørande/dempande stativa frå Solid Tech til anlegget hadde innverknad på lyden, spesielt effektforsterkarane, som var Solitare på 150 singelenda Watt. Lyden var svært god, spesielt gjennomsiktig og med mykje perspektivdetaljar, men for å kunne gjere meg opp eit skikkeleg inntrykk, bad eg om å få spele medbrakt, som altså var CD. Det vart difor rigga om. Eg var litt forbausa over å sjå ein ganske rimeleg Pioneer-spelar, men her var det gjort store inngrep frå Audio Syntsis, og ein DAX digital/analogkonvertar gjorde løysninga meir påkosta enn ved fyrste augekast. Ein ny Whest ”Analog Prosessor” som arbeider over 35 kHz (les meir på www.whestaudio.co.uk) til 12 900 i anlegget må også nemnast. Min heimebrende avslørte at anlegget hadde svært stor detaljoppløysing. Litt forbausande var det at Jan Johansson vart litt for stort, men heile tida er attgjevinga svært musikalsk, og ”America” frå West Side Story var engasjerande, utan irritasjonsmoment over manglar ved opptaket. I det store og heile var lyden slik at PA Audio vere ein aspirant til prisen for messas beste lyd.  

Kontrapunkt: Linn imponerer med fantastisk høgtalar
Her var det ei sterk satsing på produkt frå Linn, og ein Sondek LP 12 platespelar, med ein traust Arkiv pickup kunne lyttast til med godt resultat. Det mest spennande var høgtalaren Artikulat 350 som umiddelbart synte forrykande dynamiske eigenskapar, men det var også lett å ane at her er det mykje å gå på i alle musikalske retningar. Sjølv om det er uhyre vanskeleg å få topp lyd i det aktuelle lokalet, var det klart at dette er ein høgtalar med potensiale i ein klasse for seg – svært allsidige og musikalsk altetande. Eg roste Linn-folka for konstruksjonen, og kunne fortelje at eg no endeleg hadde høyrt ein Linn-høgtalar som begeistra meg for alvor, og at eg kunne tenke meg å sjå nærare på denne. Men så fekk eg høyre at det er snakk om ein 6 vegs fullaktiv konstruksjon med 6 innebygde effektforsterkartrinn pr høgtalar, basert på Chakra-systemet, vart prisen på over 280 000. Dette vart det litt for tøft for lommeboka. Med Unidisk og Klimax Control var dette likevel noko av det meir overtydande eg har høyrt når det gjeld dynamikk, og eg er heilt sikker på at mange skeptikarar vil verte forbausa når denne konstruksjonen kjem i eit rom der han kan justerast til å verkeleg syne fram potensialet sitt. Når Karl Erik rapporterte at Linn-høgtalarane vart langt betre ved biamping, tyder det på at det er ei spennande utvikling på gong innan dette feltet frå skottane.
Denne Artikulat 350 er iallfall klart kvalifisert til finalen om å kåre messas beste lyd.


HiFiHuset i Bærum stiller med stort lag.
Her var rommet fylt opp av utstyr, også frå Yamaha som var ein av dei mange importørane som ikkje deltok på messa sjølve denne gongen. Det mest spennande frå André Zachariades var denne gongen JM Lab sine Grande Utopia med ei matchvekt på 210 kg pr kanal. For den med færre muskelmenn i familien kunne også Nova Utopia på berre 140 kg leverast. Begge desse hadde diskantelement i beryllium, som skal by på store lydlege kvalitetar og vere enormt driftssikkert. På dei rimelegare modellane var det også utvikla eit liknande element, men då ikkje i det kostbare beryllium-materialet. Diverre var ingen av desse kolossane rigga opp for å spele, så Hifihuset stilte ikkje denne gongen i konkurransen om beste messelyd… Av forsterkarar beit eg meg merke i ein mystisk sak som var stukken vekk på nedste hylle. Dette var ein integrert rørforsterkar med svært spennande design, og André kunne fortelje at dette var ein Chapter Audio Precise til rundt 50 000 kr.

Elektronikken frå Hifi-huset er også svært spennande, Audio Analoge sine Aria, Primo, Puccini og Maestro vekte den audiofile apetitt, men også produkta frå Meridian og Roksan burde vere interessante for den kravstore. Og dei eingong så sterkt utbreidde Monitor Audio-høgtalarne med sine gulldiskantar, fortener å verte prøvde ut i større grad. Ein artig liten sak var ein dockingstasjon for I-pod frå Monitor Audio. Hendig og visuelt tiltalande, så får ein vurdere om lydkvaliteten står i stil…

Audiocompaniet
I eit lite rom hadde Per og Olav frå Audiocompaniet rigga opp eit ganske enkelt anlegg med forrykande lydlege eigenskapar. Dette var dei heilt nye Summit hybridelektrostatane frå Martin Logan, til 98 000, drive av elektronikk frå Copland. Meininga var at det heilt nye digitale romkorreksjonssystemet frå Copland også skulle synast fram, men det hadde fått ein teknisk feil, og kunne ikkje gje lyd frå seg. Når det gjeld oppløysingseigenskapar var dette anlegget med god margin det beste på messa. Perspektiveigenskapar og dynamikk kom ikkje heilt til sin rett i det vesle rommet, så det er ikkje greitt å seie kva som hadde hendt om korreksjonen hadde verka. Sånn som det no var, heldt ikkje rommet mål. Det var tydeleg at dei gjennomskinelege elektrostatmembranane i metallgittera appellerte til publikum, og mange diskuterte nettopp det estetiske i desse. Ein provoserande sak som burde vere spennande å arbeide med også for dei som er opptekne av interiør. Elles fortalde Olav at Martin Logan som vanleg arbeider med å skalere ned topphøgtalarane, og det vil snart komme fleire modellar i same serie som Summit til rimelegare pris, mellom anna ein spennande sak til om lag halve prisen…  


Norsk Lyd og Bilde/AudioStone – messas beste!
Per Bendixen er ein ihuga musikkelskar. Difor legg han enorm vekt på å få lyden så optimal som råd. Denne gongen nøydde han seg ikkje med å berre vise fram utstyr som hadde potensial, han hadde også arbeidd enormt for å faktisk gjere lyden så nær det perfekte som råd. Oppsettet var i hovudsak frå brasilianske Audiopax. Dette kjende eg att frå messa sist år, og hadde også fått utstyret demonstrert av Per i butikklokala. Timbre Control er eit trumfkort ingen andre har på handa, og her hadde Per verkeleg sauma anlegget så godt som råd. Med dei nye ”billeghøgtalarane” frå Audiopax til 100 000 kr gjekk ikkje bassen så djupt som på toppmodellane, men likevel djupt nok til at nesten alle musikalske behov vart stetta. Desse vart drivne av ein heilt ny stereo rørforsterkar på 2x30 watt, og ein forforsterkar modell 5, også frå Audiopax. Og i motsetnad til sist år, då Per hadde valt å bruke ein ganske ordinær CD-spelar, hadde han no med seg eit verkeleg råskinn frå Ed Meitner. Kablinga var nokre grove greier frå skotske Ecosse, og heile systemet vart understøtta med strum gjennom eit DeZorel nettfilter til 30 000 kr, som skulle tåle ”alt”. Og lyden overgjekk det meste av det du kan rekne med å oppleve på ei messe. Etter ganske kort tid, også før eg fekk spele min eigen CD, var det heilt klart at Norsk Lyd & Bilde hadde beste lyd på denne messa. Anlegget hadde heilt utruleg kontroll, og etter kvart som eg fekk spelt referansemusikken min, fann eg ut at det berre var to svake punkt i attgjevinga, den aller råaste jordskjelvbassen og dei heilt enorme fortissimopartia, som eigentleg ikkje er noko ein musikkelskar treng bry seg med. Per brukte også si gode musikksamling og innsikta i gode opptak for det dette var verd, og den som sette seg ned på stolane i rommet hans, hadde det definitivt ikkje kjedeleg. Lyden var fantastisk, særleg laurdag. Då hadde det skjedd eitkvart som verkeleg opna potensialet. Men kanskje ikkje all denne godlyden skuldast Per og produkta hans åleine? Stabilitet for anlegget har i dag fått større fokus, noko eit lite firma frå Ålesund har basert seg på. Svein Oddvar Osen frå Audio Stone har starta opp produksjon av nokre svært imponerande produkt. Desse er laga i metall og granitt, og dei har fått god omtale i lydlege samanhengar, sist frå ei messe i Milano der Audio Stone og Norsk Lyd & Bilde deltok. Desse flotte produkta skal vi på www.audiophile.no utforske nærare……  

Stereofil og Interconnect.
Stereofil demonstrerte denne gongen surroundlyd frå det sterkt roste ARENA-systemet med små ”båtventilar” og ein ørliten subwoofer. Storleiken på dette skulle absolutt ikkje tilseie eit slikt formidabelt lydtrykk som vi fekk demonstrert på messa, og det må absolutt hevdast at høgtalarsystemet har fått namnet sitt med rette. Det gav dessutan dynamisk trøkk som du ikkje forventar før kabinettvoluma vert langt større, noko som var kledeleg både for film og musikalske uttrykk. Dei som tykkjer prisen på desse ”designprodukta” er noko stive, bør absolutt lytte til dei før ein droppar alternativet. Her er det mykje å hente, ikkje minst for den som skal ha det estetisk saman med anlegget. Og dei ulike finishane som kan leverast, er noko for ein kvar smak. Tannoysystemet vart demonstrert med Cyrus elektronikk, og det må seiast at desse lekre produkta gjorde ein god jobb. Tom frå Interconnect synte fram utvalet av kablar og straumforbetrarar frå Monster Cable, som også var brukte i det spelande systemet. Monster var den fyrste produsenten som lanserte kabel som ein viktig faktor i lydanlegget, og har såleis svært lang erfaring og stor kompetanse innan desse produkta. Tom trekte spesielt fram Retro-serien for den som ville prøve potensialet frå Monster. Elles er det grunn til å fylgje med, når no denne erfarne produsenten kjem med spennande ting innan straumforbetring. Langs eine veggen var det også utstilt tre ”dummies” frå Midgard Audio. Desse nye, spennande produkta skal lanserast i november, og Sterofil vil vere forhandlar i Oslo.  

Elles hadde Tannoy sikra seg at karane frå Stereofil hadde forståing for skotsk livsstil…    

Har Audio-aktøren fokus på surround?
Peter Holstein frå Holfi har klokketru på SACD og multikanal, og kasta seg over meg som ein vestnorsk vekkjelsespredikant av argaste sort. Då vert ein lett skeptisk, og under demonstrasjonen var eg ikkje heilt fornøgd. Eg hadde diverre lagt att nesten alle multikanalsSACDplatene heime, og kunne ikkje utfordre så lenge eg berre hadde ”software” i stereo, men anlegget med Usher høgtalarar og Holfi elektronikk hadde ikkje dei same kvalitetane som anlegget mitt heime. Eg måtte dessutan bruke eit system med psevdo-senterhøgtalar, sidan eg ikkje har høve til å bruke ein elektrostatisk senterhøgtalar i lytterommet mitt. Eg er slett ikkje sikker på om dette hadde ført til store forbetringar. Og så er det dette med alle vinylplatene, då…..Audio-Aktør-Terje var i ferd med å selje unna litt vinylplater, men eg fekk ikkje høyrt med han om han var overtydd om Peter sin bodskap…
Sjølv om direkte samanlikning mellom systema er vanskeleg pga. nivåskilnadar og behov for høgtalarjusteringar. Dessutan: dei aller beste stereoopptaka finnest sjølvsagt ikkje i surroundutgåver, medan dei gode sidene til surroundopptak sjølvsagt er utnytta på desse opptaka.
Elles er det ikkje tvil om at 5-kanalslyd har potensielle føremoner, og om desse kan utnyttast, er det grunn til at eg revurderer mitt standpunkt. Men ei skikkeleg gjennomføring av surround nok ikkje aktuelt for tida, iallfall ikkje i lytterom #1 der heime…    

Hitachi med spennande ting på bildesida
Hos Hitachi var den flotte plasmaskjermen 42PD7200 frå i fjor demonstrert. Denne kostar 32 000, men du får då ein verkeleg god plasmaskjerm. Nyaste projektor PJ-TX200 til like under 20 000 kr vart også synt fram, men kunne ikkje demonstrerast. Med ei enorm linse, stor oppløysing og kraftig lysstyrke er nok dette ein verdig arvtakar frå Hitachi sine tidlegare suksessmodellar. Elles har Hitachi også ulike variantar av DVD-miniDV-Harddisk-brennarar som nok vil interessere. For 7000 kr kan du t.d. skaffe deg ein DVDbrennar med 250 gb harddisk, nok til å lagre det meste av filmar.          









Norske Projection Design – projektorar i hi-end klassen
Då ASK vart kjøpt opp av amerikanske interessentar, var det ikkje alle som var klare for ei satsing på volumsal og billegprodukt. Den harde kjernen ynskte å arbeide vidare med å lage fantastiske produkt, noko som har enda opp i Projection Design i Fredrikstad. Dei kunne syne fram ein heilt ny projektor som verkeleg tok pusten frå meg. Med ei oppløysing på 1920x1080, superoptikk, kraftig lysstyrke og kriminelt god kontrast kunne dei by på levande bilde som er fullt på høgt, om ikkje betre enn 35 mm film. Og ny elektronikk og mekanikk har gjort at regnbokeeffekten er heilt umerkeleg for mitt auge. Litt støy frå oppsettet (det var nok helst datamaskina), og ikkje klar kommersiell software, pluss høg pris er nok ein bremsekloss, men no er endeleg teknologien på bildesida så god at ingen treng sutre lenger. Digtal heimekino er komen for å bli. Det er så langt berre laga ein ørliten serie av desse projektorane, men modellen er produksjonsklar, og framtida ser lys ut! I mellomtida sel Projection Design ut dei gamle modellane til hyggjeleg pris…      

Alternativ utstilling på Oslo HiFiCenter
Også i år hadde Geir Tømmervik & co ei gratismesse i dronning Maudsgate. Denne var ganske stinn av folk, så det var tydeleg at annonseringa OHC hadde gjort, fungerte. Det skal messearrangørane på Plaza vere glade for, for mange av publikum vart klar over at denne messa gjekk av stabelen når dei kom hit.
Dei nye lokala på Oslo HiFiCenter var som sagt fulle, så det var vanskeleg å orientere seg skikkeleg. Til kvardags er dei sikkert store nok, men når det vert messetid (og konkurrenten forlangar 130 kr for å komme inn), vert det ganske fullt. Eg fekk difor ikkje sjansen til å prøve ut så mykje. Representantar frå Mono var til stades og stilte ut rimelege, men spennande høgtalar frå Athena. Dette er eit spennande inngangssegment med kvalitet som vil gjere god lyd tilgjengeleg for små pengar. Også Onkyo har mange spennande ting med god lyd som ikkje kostar for mykje, men toppmodellen av integrerte forsterkarar A1 var ikkje til stades (då han er på utprøving hos www.audiophile.no for tida)
Ein representant frå Nordost kunne svare på spørsmål om kablande derifrå, og det same kunne representantar frå Audio Physics, utan eg fekk høve til å fylgje opp dette.
Lars Steen Rørvik frå Neby var til stades og demonstrerte Rotelforsterkarar over eit surroundanlegg frå Klipsch. Til dette var sittekomforten understøtta av tre spesielle lenestolar frå Techstyle Syntesis. For 9000 kr/stk kan design og den slags sikkert diskuterast. Det mest interessante med desse stolane var likevel den innebygde romperistaren. Denne kunne justerast med to potmeter på venstre side, slik at du kunne få ei sterkare oppleving av angrepet på Pearl Harbour og andre rystande filmopplevingar. Eg hadde i grunnen oppfatta dette som ein rå gimmick for folk som ikkje hadde plass eller råd til skikkeleg hifi, men der tok eg feil. Dette fungerte utmerka, iallfall så lenge det vart understøtta av eit komplett anlegg frå Klipsch med to hardføre subwooferar.
Men dei to topphøgtalarane frå T+A vart det ikkje høve til å lytte til. Svært synd, når eg har gjort meg opp lystne tankar på eit elektrostatelement driven av ein OTL rørforsterkar over 400 Hz, medan bassen sikrast av ein ekte transmisjonslinjekonstruksjon…Geir kunne likevel trøyste meg med at ein annan spennande høgtalar var like rundt hjørnet, fulltoneelektrostatar frå Audiostatic, som OHC no skal importere. Eg tinga meg straks for eit sett til utprøving….. Eg fekk også høve til å komme inn i det aller heilagste, der Adyton, Burmester og ikkje minst topphøgtalarane frå Trondheimsfirmaet AVIDECO. Desse nesten to meter høge linjekjeldekonstruksjonane (line source) kosta 140 000, og treng understøtting av subwooferar, då dei ikkje arbeider under 80 Hz. Høgtalarsettet består av imponerande 9 element pluss banddiskant pr side, og har svært lite delefilterkomponentar som kan påverke lyden negativt. Likevel var det mange justeringar, slik at tilpasningar til rom, smak og utstyret elles lett kan gjerast. Det vart også synt fram ein mindre høgtalar, med litt færre element, som ”berre” kosta 100 000, og som ikkje var så høge som storebror.
I dette oppsettet var det brukt fire hjørnebassar frå Audio Physics til 50 000 kr/stk, noko som absolutt kunne flytte nok luft. Geir Fredriksen demonstrerte, og etter ei stund kom også Geir Tømmervik og presenterte konstruksjonen. Lyden eg opplevde, var fyrst og framst open, og utruleg allsidig. Eg opplevde ein viss mistilpassing mellom subbar og hovudhøgtalarar, noko som også kan skuldast litt problem med romakustikken. Elles var det ganske fantastisk. Dynamikk som berre vaks heile vegen til topps, og frekvensområde og dynamikk som overgår det meste. I tillegg var perspektiveigenskapane mellom det beste eg har høyrt, slik du må kunne forvente når du har ein linjekjelde-konstruksjon. Geirane fortalde at sidan dei er lettdrivne og har enkel impedanse som er enkel å hanskast med for også rørforsterkarar, gjer at du godt kan bruke ein liten rørforsterkar med godt resultat, berre du tenkjer på korleis du koplar subwooferane (Avideco lagar også eigne subbar). Dette er nok den mest spennande høgtalarkonstruksjonen som nokon gong er produsert innanskjærs….    




Alt i alt ei riktig fornøyeleg helg med tanke på lyd og bilde. Men det kunne ha vore mykje betre, dersom bransjen hadde samla seg om å gjere eit skikkeleg felles løft.Her var for få deltakarar, og for få publikumarar! Lat oss håpe at dei kan arbeide fram ei messeplattform som fungerer betre, der alle kan delta og få gode utstillings- og akustikkvilkår til ein pris som gjer dei i stand til å halde inngangsprisane på eit lavare nivå.

Sist modifisert Tirsdag 19. Januar 2010 14:30
Arve Åheim

Arve Åheim

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

6 kommentarer

  • Link hvyrrkouj Tirsdag 03. Januar 2012 15:14 skrevet av hvyrrkouj

    dPoc3b , [url=http://uylcoycbvmfe.com/]uylcoycbvmfe[/url], [link=http://pbqomxnknaze.com/]pbqomxnknaze[/link], http://vetubyesjygz.com/

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link hnziesthr Mandag 02. Januar 2012 20:33 skrevet av hnziesthr

    wGYcwj vheyqrzhrmhn

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link pdusuapa Mandag 02. Januar 2012 13:30 skrevet av pdusuapa

    R0IiCM , [url=http://qoatkqfvpbct.com/]qoatkqfvpbct[/url], [link=http://pcwetglhkmjn.com/]pcwetglhkmjn[/link], http://kekgfsfnkoht.com/

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link taivcldv Søndag 01. Januar 2012 11:48 skrevet av taivcldv

    x3ejBY oasnnyeqzpyt

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link China Søndag 01. Januar 2012 03:24 skrevet av China

    I had no idea how to approach this before-now I'm locked and laeodd.

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link Emmy Fredag 30. Desember 2011 04:50 skrevet av Emmy

    Econmioes are in dire straits, but I can count on this!

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Skriv kommentar


Nyeste Produktomtaler

  • Frå dagboka: Nad Monitor Series 3100
    Frå dagboka: Nad Monitor Series 3100

    I mange år hadde eg ein separat forforsterkar og ein kostbar, hifi-riktig effektforsterkar i monsterklassen. Ein tilfeldig samanlikning med ein komponent til ein brøkdel av prisen skulle endra dette. 

    Prøv dette heime

    I førre avsnitt av Dagboka skreiv eg om nye komponent som har endra synet mitt på hi-fi ganske radikalt. Eg avslører vel at det eigentleg dreier seg om ein radio. Til og med ein gamal radio. Og fleire skal koma. Denne gongen skal eg fortelja om kva som leidde fram til dette.





  • Frå dagboka: Nad Monitor Series 3100
    Frå dagboka: Nad Monitor Series 3100

    I mange år hadde eg ein separat forforsterkar og ein kostbar, hifi-riktig effektforsterkar i monsterklassen. Ein tilfeldig samanlikning med ein komponent til ein brøkdel av prisen skulle endra dette. 

    Prøv dette heime

    I førre avsnitt av Dagboka skreiv eg om nye komponent som har endra synet mitt på hi-fi ganske radikalt. Eg avslører vel at det eigentleg dreier seg om ein radio. Til og med ein gamal radio. Og fleire skal koma. Denne gongen skal eg fortelja om kva som leidde fram til dette.





  • Dynavector xx2 – ein innspelingsodyssé
    Dynavector xx2 – ein innspelingsodyssé

     

    I samband med at eg skulle få teste ut den nye riaaforsterkaraen frå Rogue, fekk eg også tilsendt ein pickup på eit kvalitetsnivå som burde yte kva som helst rettferd – Dynavector sin tredje dyraste pickupmodell til same pris som riaatrinnet, 18 900 kr. Ein så dyr komponent kan ein ikkje ha i hus utan å skrive om han…





  • Rogue Ares – rørbasert riaaforsterkar med flotte eigenskapar.
    Rogue Ares – rørbasert riaaforsterkar med flotte eigenskapar.

    Trufaste lesarar har nok oppdaga at eg har stor sans for visse amerikanske rørforsterkarprodusentar. Hadde det ikkje vore for prisnivået på slikt, er det ikkje usannsynleg at eg hadde hatt fleire produkt derifrå i anlegget. Tradisjonelt har nemleg desse produkta vore ganske dyre, men så skjedde det noko. Ein svært spennande konkurrent til dei legendariske Audio Research og Conrad Johnson dukka opp, og tok til å lage heilamerikansk forsterkarutstyr på eit kvalitetsnivå som var svært interessant. Firmaet heitte Rogue Audio, og har vorte importert hit av Planetsnapa, til svært hyggjelege prisar.





  • Skogrand - ny, norsk produsent av høgtalarkabel
    Skogrand - ny, norsk produsent av høgtalarkabel

    Skogrand SC Air - Solid Core referanse høyttalerkabler  

     

    Det har vore ein del ordveksling rundt ein ny aktør som prøver seg i kabelbransjen.  I staden for å krangle, var eg om meg, tok kontakt, og fekk tilsendt eit dobbelt sett på to meter til utprøving.

    http://www.hifisentralen.no/forum/index.php/topic,57079.0.html

     Høgtalarkablar er eit interessant felt, men mitt inntrykk er at det er mange som leikar seg i skjeringspunktet mellom reelle lydmessige skilnadar og subjektive, placeboaktige opplevingar som ligg meir inne i hjernen enn i det vi eigentleg sansar. For fleire år sidan prøvde eg meg på ein samanliknande kabeltest, med så få variablar som mogleg, men det tok heilt knekken på meg. Importørane signaliserte at kablane ikkje berre skulle spelast inn, men at dei også skulle vere oppkopla nokre dagar før seriøs lytting kunne gjennomførast. Når du så har fire –fem ulike kabelsett, går det veldig fort å miste oversikta, og eg brukte over eit halvt år på å få skrive artikkelen. Eg fekk skrekken, og har vore ganske tilbaketrukken i debattane som har rasa rundt dette.

     Men så er det slik at nye, norske aktørar på hifimarknaden må få ein sjanse. Og her er eit ganske greitt produkt, ein høgtalarkabel der massive koparleiarar ligg inne i ei strømpe av teflon, med skikkeleg solide terminalar. Enkelt og greitt, og kanskje akkurat det som skal til for å få god lyd?





  • Audio Innovations S500
    Audio Innovations S500

    Kvifor skal ein alltid kjøpe det nyaste nye? Bruktmarknaden er ein fantastisk plass å leite etter utstyr, og nytt er ikkje alltid betre enn det gamle...innimellom kan vi minstenke utviklinga for i det beste fall å gå sidelengs. (Nykjøpet tek sannsynlegvis seljaren seg av i neste omgang, når han skal ha noko endå betre enn det han nettopp har kvitta seg med) Jan Helge har her endå ein artikkel om utstyr med legendestatus, som han er svært begeistra for, sjølv om det ikkje lenger er i handelen. Denne gongen er det snakk om ei perle av ein rørforsterkar, klasse A og EL34-basert. Audio Innovations S 500, eitt av dei  produkta som har ført til at dette gamle produksjonsprinsippet med rør framleis er still going strong, og at rørforsterkarar har svært godt ord på seg mellom hifi-entusiastane. Forsterkaren er så sjeldan at det er vanskeleg å finne nokon stad, men det er moro for ein gongs skuld å tilby artiklar om produkt som er eksotiske på andre måtar enn gjennom høg pris....   





  • To par vidt forskjellige høyttalere møtes IMF RSPM og Rogers LS 3/5A
    To par vidt forskjellige høyttalere møtes IMF RSPM og Rogers LS 3/5A

    Vår nye gjesteskribent Jan Helge er ein musikkentusiast som har fylgt med på hifi sidan vennane hans kjøpte stereoanlegg for konfirmasjonspengane. Han omtalar seg sjølv som "ingen teknisk viter", noko han ikkje ser på  som probematisk i samband med å ha stor glede og engasjement for hifi. Sjølv er han veldig svak for vintage-anlegg, men har også stor sans for dei "gale" innan denne hobbyen, dei som har sine eigne meiningar og går sine eigne vegar.
    Det er alltid spennande å sjå kva ein kan få tak i på bruktmarknaden, og det er ikkje tvil om at det vart laga bra produkt også i tidlegare tider. Så Jan Helge tek ei utfordring frå meg, og
    debuterer her med ei omtale av to legendariske høgtalarar. Trass i legendestatus er IMF Elecronic Reference Standard og Rogers LS 3/5A så ulike som to høgtalarar kan vere...men å kalle den eine betre enn den andre er ikkje så lett...(Red.)





  • Under anlegget - ein blogg om eit tweak
    Under anlegget - ein blogg om eit tweak

    Utprøving av ulike bein under rørbasert riaa.

    Det leverast massevis av tweake-utstyr til den ihuga audiophile. Nokre av desse tinga går meir i retning kosmetikk snarare enn lydforbetring, men nokre ting kan overraske.
    Eg får frå tid til anna inn utstyr til utprøving som er vanskeleg å teste skikkeleg, iallfall der & då. Ein må ha relevant utstyr å prøve dette ut saman med, og helst tilsvarande med tanke på samanlikningsgrunnlaget. Denne gongen skal eg prøve å omtale effekten du får av ulikt underlagsmateriale under elektronikk - bein som skal isolere apparatet frå vibrasjonar frå omgjevnadane.





  • Phiaton øyretelefonar
    Phiaton øyretelefonar

     

    Øyretelefonar – viktig måte å lytte på.

    I dag er det svært mange som påfører seg sjølv høyrselsskadar. Det syner seg at dette ofte skuldast ukritisk bruk av øyretelefonar og personleg stereo. Små proppar som sender høg lyd rett på trommehinna. Då er det gledeleg å sjå at Duet sitt nye agentur Philaton i staden satsar på skikkelege og store øyreklokker, med topp moderne utforming. Då tek ein betre vare på høyrselen enn med propper....

    Det er mange klassikarar innan øyretelefonsjangeren. Vi har klassikarane frå mellom andre Koss, Beyerdynamic, Sennheiser, for ikkje å snakke om elektrostatane frå Stax. Eit enormt tilbod i alle pris- og kvalitetsklassar. Og det er ikkje rart, sidan det er langt billegare å få til lyd med superklasse-oppløysing enn kva som kan oppnåast med høgtalarar til mange gongar prisen. I tillegg er det lett å innrette seg med øyretelefonar – ein slepp både møbleringsproblematikk og spesielt stor vekt på elektronikk, akustikk og anna. Og i dag, med eit vell av personlege lydkjelder, er behovet for kvalitetshøyrelurar større enn nokosinne.





  • Brutalt, men raffinert frå Kina: Xindak PA 1 Monoblokker
    Brutalt, men raffinert frå Kina: Xindak PA 1 Monoblokker

    Xindak er kinesisk, og høyrest ganske så eksotisk ut. Vi snakkar her om toppeffektforsterkaren derifrå: Monotrinna PA-1, som veg 34 kg. Altså nesten sytti kilo effektforsterkar, og då endåtil ikkje på rør. Klasse A, står det på frontane, og prisen er no 24000 kr.  230 W, og dobbelt så mykje i 4 Ohm. Interessant?





Nyeste Artikler

  • Vossajazz 2011 laurdag og sundag

     

    Laurdag

    Laurdag var det duka for tingingsverket med Mathias Eick, og det verkar som om alle vil ha med seg dette, og det er difor naudsynleg med plassbillettar.





  • Vossajazz 2011 laurdag og sundag

     

    Laurdag

    Laurdag var det duka for tingingsverket med Mathias Eick, og det verkar som om alle vil ha med seg dette, og det er difor naudsynleg med plassbillettar. Har du ikkje plassbillett, kjem du ikkje inn, uansett kva pass du har kjøpt! Det er så definitivt ”snakkisen” etterpå. Alle må ha ei meining om tingingsverket, elles har du ingen intellektuell kred.  Mathias er ein av våre framste trompetarar, og opptrer normalt akustisk, men denne gongen ville han prøva seg med litt meir ”elektronika”. Såleis starta konserten overlessa med all slags meir eller mindre irriterande eller sjenerande lydar, men når karane kjem i gong med å verkeleg spela, kom dette heldigvis i bakgrunnen. Mathias har utvikla ein svært harmonisk og melodiøs spelestil, og akkompagnert av ikkje mindre enn to trommisar i form av Thorstein Lofthus og Gard Nilssen, som drog på voldsamt med jamne mellomrom, i beat/rocke-stil, kan ein seia at dette var like mykje avantgarde-rock som jazz. Ein flott konsert med stor variasjon, rolege løp vekselvis med låtar som kunne får håret til å stå rett bak. Eg trur denne konserten hadde stor apell, sidan han spente over fleire sjangrar. Ein variert og medrivande konsert med høgt trykk.  

       Seinare på kvelden spelte Terje Rypdal, med eit verk kalla ”Per Ulv Goes Electric”, der inspirasjonen hentar seg frå teikneserien Bippe Stankelbein. Med seg har han litt av eit stjernelag, mellom andre Palle Mikkelborg (trompet). Det aller hyggelegaste var likevel å sjå Paolo Vinaccia bak trommesettet, ein ualminneleg fargerik perkusjonist som har gjeve meg mange musikalske gleder (han kar vore mykje på Voss). Han er plaga med kreft, og det var uvisst om han i det heile kunne koma. Han gjennomførte ein lang, samanhengande konsert utan ein einaste pause, noko som rører denne tilhengaren til tårer. Musikken var krydra med videoskjerm og både bilete og musikk frå Bippe Stankelbein, og me var fleire som forlet konserten nynnande ”roadrunners! Beep – beeeeeep! So var då også bandet, i høve denne konserten, kalla Roadrunners, det engelske namnet for Bippe Stankelbein. Ein flott konsert også denne, sjølv om lyden i Terje Rypdal sin gitar, tydeleg forma på 60-talet frå perioden med Vanguards, ikkje er på min diett av øyrebalsam.

       Denne konsert gjekk, til stor sorg for meg, nøyaktig samstundes med John Pål Inderberg si gruppe Subtrio, med gjestespelar Paolo Fresu, ein av dei mest etterspurde trompetarar i Italia. Ein kan ikkje få med seg alt, heller ikkje på Vossajazz. Denne konserten burde naturlegvis gått parallelt med ein konsert i ein heilt annan stil, slik at det var lett å velja, men eg misunner ingen jobben med å prikka inn over 40 konsertar i løpet av ei helg. 

       Eit mindre kjent tingingsverk vart framført tidlegare på dagen, tingingsverket UNGjaJAZZja, Vossa Jazz si ungdomssatsing: Lydbank. Kring 30 unge musikarar har øvd sidan lenge før jul, med Åsmund Weltzien som musikar og komponist, leia av Jonas Vedde Ødegård. Resultatet var både imponerande og iørefallande, med dei eldste musikarane som førande stamme, medan dei yngste gjorde ein flott innsats etter alderen.  Dette er framtidas storleikar, folkens, med eigne konsertar i vaksenklassen om 10 år. Merk! I bakgrunnen, på storskjerm, gjekk ein kunstfilm laga av to elevar ved Voss Folkehøgskule, som løfta verket til ei smakfull audiovisuell oppleving.  

     

    Sundag

    Som det B-mennesket eg er, fekk eg ikkje med meg Kuara med Per Jørgensen og to finnar på hhv. piano og trommer, men dette lar seg kjøpa på CD med same namn (ECM). Men Steinar Raknes i Osasalen (tidlegare Hotell Kringsjå) hadde eg bestemt meg for å få med meg, og han tok i mot publikum med å seia at han tykte det var modig av så mange å møta fram på ein konsert med solo bass! Berre bass var det no likevel ikkje, for Steinar har fått stipend med vilkår å syngja attåt bassinga. Og synga kan han, etter mi meining, sjølv om dette er ei smakssak. Steinar Raknes har utvikla sin eigen måte å spela bass på, med element frå både jazz og andre sjangrar, og blandar dette slik at du i større grad enn vanleg kan kjenna att ein melodi i det. Og når han baud på låtar med m.a. Bob Dylan, Emmylou Harris, John Prine og Michael Jackson, måtte han bruka bassen på ein annan måte enn om han hadde halde kjeft i lag med ein jazztrio. Etter publikum sine reaksjonar å døma, var gleda stor over at Steinar Raknes kunne gjera jazzen forståeleg gjennom å fletta inn melodiar og melodiliner som publikum kjenner att og held kjær, og applausen var enorm – etter kvar einaste melodi. Ein solo-konsert kan lett verta smalt, men dette var iørefallande, og vart tydeleg sett pris på. Trur aldri eg har høyrt slik applaus etter ein solo-konsert, og om dette kan få fleire til å våga seg på (solo)konsertar frametter,  er det hyggeleg.

     

    Tomasz Stanko

    Eg har høyrt om Tomasz Stanko før, og høyrt han på radio, og eg innbiller meg at han har vore på Voss eller i Bergen før, men eg har ikkje hatt høve til å høyra han før no. Etter å ha høyrt han på radio har eg vore ekstatisk, og eg var difor svært spent på denne konserten. Tomasz var flanka av Jakob Bro på gitar, og denne hadde ein uvanleg mjuk lyd, som gjorde han fordøyeleg. Vidare spelte Anders Christensen bass, Alexei Tuomarila piano og Olavi Louhivouri trommer, og dette var så samspelt, så vakkert og så neddempa at eg eigentleg ikkje har ord for det. I ro, autoritet og gjennomføring kunne det minna om konserten med Jøkleba, sjølv om konsertane elles naturlegvis ikkje kan samanliknast. Men desse to konsertane står for meg som høgdepunkta under Vossajazz, tett fylgt av Mathias Eick.

       Men smak og behag er så mangt. Etter ein konsert (likegyldig kven) spurde eg mannen på benken framføre meg, som er ein kjend skribent, om han hadde merka seg noko med trommisen. Eg fekk nei og eit spørsmålsteikn. Så spurde eg ein annan kar, som er alpinist meir enn ”musikkekspert”, og fekk eit kontant ja! Me fann kvarandre i forståinga av at denne trommisen berre spelte det obligatoriske, dei slaga du veit kjem, med liten eller ingen oppfinnsomheit eller overrasking. Dørgande kjedeleg, med andre ord, og dette drog naturlegvis ned heilskapsinntrykket av konserten. Som uansett var ein god konsert, bevares, men dette syner veldig godt at det som er den eine sin haggis er den andre sin skit. Og at det som er spanande med jazzen er den utrulege spennvidda, den store variasjonen i uttrykk, verkemedel og stemningar. Og at den ideelle festivalen er ein blanding av det kjende, til å senka seg i, og det ukjende til å forska ut, akkurat slik Trude Storheim har formulert det i eit intervju med lokalavisa Hordaland. Vel blåst og godt jobba, Vossajazz.

     

      

        

     





  • Vossajazz 2011 - Del 1

     

     

    Vossajazz 2011, laurdag

     

    Med rekordsein påske hadde me von om sommarver i palmehelga, der Vossajazz vert avvikla, men sommaren kom diverre ikkje før måndagen etter. Då var det fint å henta seg inn att i solsteiken.

     





  • Vossajazz 2011 - Del 1

     

     

    Vossajazz 2011, fredag

    Med rekordsein påske hadde me von om sommarver i palmehelga, der Vossajazz vert avvikla, men sommaren kom diverre ikkje før måndagen etter. Då var det fint å henta seg inn att i solsteiken.





  • Innspeling - ventetid og forventningar -blogging
    Innspeling - ventetid og forventningar -blogging

    Det er lite å skrive om i bloggen, eigentleg. Travle dagar, og ikkje nye komponentar i anlegget sidan sist. Men det spelast mykje musikk, og eg kjenner meg slett ikkje misfornøgd.





  • Innspeling - Redaktøren bloggar om høgtalarar og vinyl
    Innspeling - Redaktøren bloggar om høgtalarar og vinyl

    Det går ikkje så veldig bra med bloggeintensjonane. Nyttårsforsettet var vel eigentleg ikkje å skrive kvar dag, men det såg betre ut i starten. No har kvardagen tatt meg, og overskotet som brukast til refleksjon går med på jobben. Sjølv om det skjer relativt mykje på lydfronten også. Huset er "fullt av" testobjekt, men det går seint å få ting unna
    Min fyrsteprioritet er å gjere ein test av Rogue sin nye riaa eg har til test frå Planetsnapa. Samstundes fekk eg låne ein Dynavector XX2 fordi mine referansepickupar ikkje heilt er på det ambisjonsivået ein bør ligge på når ein riaa til 20 kilokroner skal testast. Men XX2 kom som flunkande ny, og treng betydeleg innspelingstid. Sjølv om han no har fått over 40 timar, er han ikkje i nærleiken av det som skal til, etter det folk med erfaring på XX2 kan fortelje. Og som om det ikkje var nok å stresse med, har det også kome nye høgtalarar i huset, og dei må spelast inn. Gjerne eit par hundre timar, har eg forstått.
    Livet er godt, men ikkje nødvendigvis enkelt…lat meg fortelje meir om pakkane eg har opna i helga.

     





  • Stig skriv om ein gammal receiver og øl
    Stig skriv om ein gammal receiver og øl

    Stig Arne Skilbrei, www.audiophile.no sin mest erfarne skribent og samstundes enfant terrible,  har også kasta seg på bloggebølgja. Eller let oss få innsyn i dagboka si, som han heller vil uttrykkje det. Stig skulle sjølvsagt levert mykje meir stoff her. Han har greie på hifi som få andre, og er også ein av dei få nordmenn som faktisk har hatt levebrødet sitt som hifi-journalist. Han har stor innsikt og oversikt på hifi-feltet. Såleis burde han vore ein av dei dominerande røystene innan hifi. I staden handlar han stort sett gammalt, brukt hifiutstyr frå Fretex og denslags, og har fått til irriterande god lyd ut frå svært små pengar. Frå Voss; hifi-verdas svar på Per Sivle prøver her å få til litterære prestasjonar UTAN å teste hifi, og ved å drikke ØL. Dessutan er han jazzmann, slik det høver seg folk som er lokaliserte slike stadar. Ein kan komme over mykje rart når ein sit ved datamaskina, og vi reknar med sterke reaksjonar på denne måten å bruke plass på Internett på. Men vi har ei nettside å drive. Og vi fornedrar oss iallfall ikkje til å starte ei vinspalte på her på den einaste nettstaden som er tiltenkt audiofile artiklar. Men nesten. Alt for få orkar å skrive kvalitetsartiklar om hifi gratis. Så har vi noko val, eigentleg... skal Stig få skrive som han vil? Han skriv iallfall om noko han har greie på..... (Reaksjonar kan skrivast som kommentar etter teksten)





  • 22.januar 2011 blogg.
    22.januar 2011 blogg.

     Audiophile-stode
    Hifi-engasjementet mitt går for tida med til å få oppsettet med Dynavector XX2 og Rogue Ares-riaaen innspelt (du ser baksida på fotoet). Rudi mobbar meg for blogginga. Heldigvis er han såpass omtenksam at han gjer det pr. telefon. Verre er det at han, i motsetnad til meg, er i ferd med å skrive ein svært så skikkeleg og spennande pickup-omtale. Ordentleg hifi-journalistikk. Medan eg driv på med navle-fordjuping…. Stig derimot, går svanger med å starte på blogging, han også. Og Karl Erik har visst nokre kort i ermet, som han berre skal finskrive.

    Det skjer litt for tida, sjølv om det absolutt skulle vore meir. Men vi er ikkje noko papirmagasin. Kvar gong ein lesar kjem inn på www.audiophile.no er han ein del av vår lange historie, der vi har samla artiklar gjennom mange, mange år. Sakte vert landet til. Og det jobbast på, sjølv om ting tek tid. Som redaktør føler eg at det er høg kvalitet, men for lite kvantitet på sidene våre. Vi har fått kommentarar om at vi har for mykje vinyl- og analogstoff, og for lite av meir nyaktuelt stoff. Og ettersom skribentane skriv for moro, og redaktøren berre kan tilby heider og ære, har eg lite ris bak spegelen - eg kan ikkje godt gje dei mindre løn enn dei alt har... 

    Så skriv eg litt meir om kva eg har brukt morgontimane til i dag. 





  • Blogg 20.01.11 lytting utan god tid.
    Blogg 20.01.11 lytting utan god tid.

    Eg likar ikkje å ha det travelt når eg skal høyre på hifi. Og denne veka har vore meir travel enn eg har godt av. Anlegget har berre vore bittelitt på, utan at eg har gjort anna innspeling enn ein halvtime med vinylriggen, resten har vore Spotify-musikk. Sånn er det for tida.

    Så då det endeleg vart tid til å sette seg ned, fann eg ut at eg ville straffe meg sjølv gjennom musikkvalet. For tida likar eg å sette på eit eller anna hyggjeleg etter harde arbeidsdagar, men denne gongen skulle det gjerast annleis. Eg tok musikk med store og intrikate lydbilde, utan noko intimt eller smålåte over seg. Og så tenkte eg hifi-vurdering, så eg tok dertil ei innspeling av det ekstreme slaget. Ei som Chesky-brørne hadde fått lov til å trykke på nytt, ein generasjon seinare enn då originalen kom ut. Det er ei lang historie.





  • Blogg 16.januar 2011: Nokre oppvarmingsforsøk til test
    Blogg 16.januar 2011: Nokre oppvarmingsforsøk til test

     I går fekk eg kopla opp litt utlånte godsaker i anlegget. Frå Planet Snapa har eg fått låne ein svært spennande og ny rørbasert riaa frå Rogue. Og eg har endåtil fått låne ein Dynavector xx2 mk II for å ha ein relevant testpickup til jobben. Lyttinga var relativt overfladisk. Det vart sjekka at alle komponentane var klare til dyst, og at det kom lyd gjennom anlegget, men dei fyrste tre timane vart det ikkje spelt særleg mykje musikk. Eg trur nemleg at ting må vere skikkeleg innspelte og varme før ein tek til å meine noko som helst om dei.

     

    Testing – eller iallfall vurdering – av hifi. Nokre probmemstillingar
    Skal ein teste, brukar ein ting som gjev nøyaktige resultat. Objektivt måleutstyr, med andre ord. Men dette byr på temmeleg store utfordringar, ettersom musikk er ei subjektiv oppleving som stereoanlegget skal formidle. Målar vi frekvensgong, seier det svært lite om positive sider ved musikkopplevinga som vert formidla. Det kan rett nok seie mykje om negative sider, om målingane syner ei frekvenskurve som mest eignar seg for kulekøyring, eller vrenging som kan tyde på at ein fuzzboks er kopla inn i signalvegen. Men 0,0… vrenging og ei paddeflat frekvenskurve er ingen garanti for god lydoppleving. Og så har eg ikkje ressursar til å gjere målingar. Det kan då vere greitt å stille seg spørsmålet om kvifor vi vil ”teste” utstyr i det heile?





Nyeste Musikkomtaler

  • Vossajazz 2010 - dag 1, fredag

    frå opninga av festivalen, den tradisjonelle lurslåtten

    Veret var ikkje like strålande som i fjor, då ein faktisk kunne byrja på årets D-vitaminproduksjon, men det var i alle fall mildt, slik at ein kunne gå frå konsertstad til konsertstad utan jakke, og sleppa å gløyma att den kvar einaste plass ein har vore.





  • Jienat - Mira
    Jienat - Mira

    Jienat med base i Hammerfest har laget en utgivelse i det spennende nye formatet Pure Audio Blu-Ray. Og vi burde vel egentlig ikke være overrasket over å finne en gammel kjenning i kulissene for lyproduksjonen.

     





  • Iver Kleive – Orgelmusikken fra deUSYNLIGE
    Iver Kleive – Orgelmusikken fra deUSYNLIGE

    Iver Kleive er en organist som er godt representert i møblerte audiofile platesamlinger. Spesielt samarbeidet med Knut Reiersrud på innspillinger hos Kirkelig Kulturverksted har satt dype spor blant musikkinteresserte som setter pris på god lyd, og samtidig verdsetter at sjangergrenser neglisjeres.





  • 2L - The Nordic Sound
    2L - The Nordic Sound

    Plateselskapet 2L lanserer sin tredje utgivelse i Blu-ray Audio. Vi har lyttet til et førproduksjonseksemplar.

     





  • 2L - Trondheimsolistene – Divertimenti
    2L - Trondheimsolistene – Divertimenti

    Trondheimssolistene oppnår Grammy-nominasjon med verdens første rene lydutgivelse på Blu-Ray. Vi har lagt utgivelsen under stetoskopet.

     





  • 2L - SONaR
    2L - SONaR

    For kort tid siden skrev vi om den Grammy-nominerte Divertimenti fra 2L, utgivelsen som også er verdens første rene audioutgivelse som Blu-ray. Nå har vi lyttet til Blu-Ray nummer to fra dette plateselskapet.





  • Hovedøen social club – ¡Que viva Noruega! [CD]
    Hovedøen social club – ¡Que viva Noruega! [CD]

    Ti gamle norske schlägers har nyleg teke turen over Atlanterhavet til Cuba og blitt forvandla til salsa. Har du til dømes lurt på korleis Arne Bendiksens utskjelte ”jeg vil ha ein blå ballong” hadde vore med timbales, congas, heftige rytmar og synkoper og vokal på gebrokken austlandsdialekt? Vel, det skal du iallfall snart finne ut.

     





  • Mozart Symphonies no. 38-41 - S.C.O. / Mackerras

    Linn Records har spilt inn Mozart sine fire siste symfonier. Til denne oppgaven har de selvfølgelig håndplukket Scottish Chamber Orchestra dirigert av Sir Charles Mackerras.

     





  • Postgirobygget – best av alt [CD]
    Postgirobygget – best av alt [CD]

    For å vere heil ærleg, hadde eg aldri trudd eg kom til å skrive om Postgirobygget her på Audiophile.no. Kvifor ikkje? Vel, årsaka må vel vere at eg har eit slags hat-/elsk-forhold til bandet. Eg har hatt vanskeleg for å bestemme meg om eg enkelt og greitt likar dette kvardagsprega norske pop-rockbandet, eller om eg synest gitar-kose-kveldsbål-visene deira er fullstendig oppbrukte. Men no har eg hoppa i det, så no får me sjå...

     





  • James Gilchrist – On Wenlock Edge
    James Gilchrist – On Wenlock Edge

    Den engelske tenoren James Gilchrist har utgitt sin andre plate på Linn Records. Som ventet er det en Hybrid Multikanals SACD av høy kvalitet.

     





Nytt design

Hva synes du?

Annonser


Banner
Banner