Fredag 12. Mars 2010
Torsdag 01. Januar 2009

Hifimessa i Horten 2009

Sjølv om ein del av dei tradisjonelt "tunge" utstillarane på hifi-mesa i Horten var fråverande i år, var det så absolutt nok å sjå på. Messerapport Frå Stig Arne Skilbrei og Arve Åheim, med Rudi som assisterande fotograf.

 

Roald Mikkelsen og Renessiance Audio var på plass også i år. Roald er ein av pionerane innan bergensk hifi, og var ein av eldsjelene bak butikken RM Audio, som hadde sitt eige miljø attende på slutten av 70-talet. Etter kvart starta Roald med kabelproduksjon, og dreiv dessutan entusiastbutikken Renaissance Audio heilt til han vart utsett for ei ulukke for nokre år sidan. Butikken låg såleis i dvale heilt fram til i fjor, då Roald kom på Horten-messa saman med Audiofreaks Peter Djordjevic, og stod for svært bra messelyd.
I år hadde Roald også gjort tryllekunstar med lyden. Eit relativt enkelt oppsett med høgtalarane Usher Dancer Mini S1,ein integrert hybridforsterkar Explorer 90 S2 frå Kora, og ein Sony XA 5400 ES som signalkjelde var kopla saman med Roald sine eigne kablar, og vips – drøymelyd for ein pris på under 75 000.'

Neste vestlending vi lytta til, var Pure Sound, som kjem frå Os utanfor Bergen, ein relativt ny importør. Stig Arne har alt testa eit par av produkta.

Den tredje importøren frå bergensområdet var Sven Zackariassen og AudioMedia. Med det eg veit, har han ikkje vore på Horten-messa tidlegare, men Sven er likevel ein av dei verkelege veteranane innan hi-end-hifi, og han hadde med seg utstyr av det verkeleg spennande slaget.

Audiofreaks og Peter Djordjevic hadde ei utstilling der ein kunne få oppleve Avalon sine utruleg presise dynamiske eigenskapar. Utpå kvelden, litt uoffisielt, fekk me også eit godt døme på at heimekino også har ein plass i hifi/highend. Ein stor flatskjerm synte Keith Jarret og ei anna jazzgruppe vi ikkje rakk å pugga, og diverse klassisk så vel som indisk musikk. Effekten av å sjå desse dyktige og røynde artistane med stor personleg utstråling, saman med lyden frå gode hifi-produkt, var frapperande. Kvifor skal du ikkje kunne sjå lyden? Du gjer jo det på konsert! Lyden kom til slutt ut gjennom ein ny serie av høgttalarar frå Avalon, golvståande, men middels store, i ein svak pyramidefasong. Andre produkt i kjeda var Conrad Johnson, Muse og Edge.




Maxwell er vel også vestlendingar med sitt hovudsete i Stavanger, sjølv om det no er butikk både i Kristiansand og Drammen. I år slo dei verkeleg på stortromma, og hadde fylt ein av storsalane med mykje spennande utstyr. Mykje skulle vore nemnt, men vi vil iallfall peike på Sugden sine klasse-A-forsterkarar som har svært godt rykte, og bør prøvast av alle som ikkje er redde for høg overflatetemperatur på forsterkarane sine. Vidare var dei spennande, ikkje alt for dyre elektrostatane frå Kings Audio utstilte. Vi rakk ikkje å gjere oss opp meiningar om desse, men vil prøve å komme attende til dei så snart sjansen byr seg.

Dei langvegsfarande Excotic Audio frå Danmark hadde tatt turen over Skagerrak og besøkte Hortenmessa i håp om å finne norske samarbeidspartnarar. Excotic Audio har nokre svært spennande og eksotiske produkt i stallen sin, og vil inntil norsk partnar er på plass, sjølve syte for at desse er tilgjengelege også for norske forbrukarar.

Audiocompaniet har etter kvart fått såpass mange oppgåver ut over det å vere importør, funne det naturleg å etablere Akustisk Bureau, ei avdeling som skal syte for at prestisjeprodukta vert tilgjengeleg for dei interesserte. I år vart Martin Logan Summit stilt ut saman med subwoofer. Men Audionote var også til stades, med eige rom, der ein kunne få høyre kor godt musikk kunne attgjevast med små watt, berre forsterkarane var gode nok, og høgtalarane rimeleg lettdrivne. Vi fekk også eit eksklusivt intervju med Andy Grove, som kunne fortelje oss historia bak dette sagnomsuste selskapet.


Messa sitt mest spennande samarbeidsprosjekt var laget 2L - Kringlyd - Soundwave/Swans og Doxa/Knut Øystein Lauvland. Her var heimekinoeffektene bytta ut med vaksenhifi-multikanal av det verkeleg ambisiøse slaget.

Eit lite stykke utanfor det eigentlege messeområdet kunne vi besøke butikken til Terje Nilsen, mannen bak Audio-Aktøren og ein av eldsjelene bak Horten-messa. Han dreiv lenge butikk utan eige lokale, men har dei to-tre siste åra hatt butikk i Horten sentrum, der vi kunne få sjå nokre av agentura. Verd å nemne var siste rest av stort Holfi-sluttsal, og i tillegg hadde utstilling saman med Audio Stone og Acoustic Tuning. 

 

Audiofil og Andervik Audio hadde med seg Respons høgtalarar så vel som full Nelson Pass – pakke. Det medførte ein veldig overtydande demonstrasjon av stor og liten dynamikk, og ein av dei flottaste lydopplevingane på messa. Så dette må www.audiophile.no komme attende til - Pass er vel noko av det heftigaste vi kan få tak på. Eit sett engelske Harbeth Compact 7 spelte også verkeleg fint, med veggar tynne som papp...men slik er ”damped thin-wall” teknologien, slik han vart utvikla av BBC. Tynne veggar dempa med Bitumen eller andre asfalt-liknande dempematter. Men går denne høgttalaren i golvet....

 

 

 

 

 

 

 

Hjå Electrocompaniet, som i år var einaste utstillaren på hotellet over gata, leitte eg instinktivt etter familien Abrahamsen, til det går opp for meg at dette er nye Electrocompaniet, frå Tau utanfor Stavanger. Eg noterte ikkje her, men ser frå brosjyra at CD-signalet må ha kome frå ein av dei nye CD-spelarane med frontmating, ECC 1 eller EMP 1/S. Forforsterkaren må ha vore EC4.8, og forsterkarane Nemo monoblokker. Også her var høgttalarane lånt frå Usher, ein litt høgare modell med to bassar i eit Dáppolito-system, medan noko som kunne sjå ut som ein uferdig prototype stod taus ved sidan av.

Me kan og melda om god lyd frå rommet til Norsk Audio Teknikk, med dei nyaste skapningane frå Gallo, ein høg og tunn linje-høgttalar med små Gallo-kuler stabla i høgda, med Gallo diskantelement i mellom, ein høgtalarkonstruksjon som gav inntrykk av å ha eit stort potensiale. NAT fører også mykje spennande elektronikk, så vel som dei svært spennande Dynaudio-høgtalarane.

 

 

 

 

 

 

Hifi-klubben hadde i år ei etter måten lita utstilling. Rett nok med dei spennande produkta frå Lyngdorf, men dei konsentrerte seg om nettverksbasert musikkavspeling. For den gammaldagse vinyl-entusiasten vil nok dette verke framandt og merkeleg, men faktisk er det råd å få svært god lyd på ein svært brukarvennleg måte rundt i huset. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette vert framtida, og med dei etter kvart mange leverandørane av høgoppløyst lyd, er det ingen grunn til å gru seg.


Vi rakk også eit kort besøk i rommet til Midgard Audio. Her var det dei aktive høgtalarane som fekk mest merksemd, med ei oppløysningsevne som ein bør høyre, elles vil ein neppe tru alle dei superlativa det er naturleg å ta fram når kvalitetane skal nemnast. Dette er supermonitoar med detaljrikdom ein skal leite lenge etter for å kunne overgå. Midgard har også mange andre produkt som var utstilte, og rommet deira skulle så absolutt vore utforska grundigare.


Ein rask prat med Paul på PM Audio om det nye hybridelektrostatmerket han er i ferd med å ta inn var for meg veldig interessant. Roger Sanders, mannen bak InnerSound og fleire spennande elektrostatpatent opp gjennom tidene, har no starta Sanders Sound System, og vidareutvikla min gamle InnerSound Eros-konstruksjon til ein heilt rå sak, utan resonnansar eller avgrensingar i kabinettet. Dette kjem eg til å fylgje med på.


Vidar Sonesen og Audio Art var også på messa, og kunne syne fram ein av Nottingham
sine meir ambisiøse platespelarar, og ein del av sine andre produkt. Spesielt høgtalarane med Lowther-element var spennande, og ein god del forsterkarar vi absolutt skulle sett nærare på.

Vi må berre beklage at vi ikkje rakk over meir av dette enn vi faktisk gjorde. Mange utstillarar hadde fortent betre, ikkje minst dei som kunne by på musikkinnspelingar på både vinyl og anna.

 

 

 

 

 

 

Sist modifisert Søndag 24. Januar 2010 16:55
Audiophile

Audiophile

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Skriv kommentar


Nyeste Produktomtaler

  • Pickupspesialisten Benz har alltid alternativ. ACE er eitt av dei beste…
    Pickupspesialisten Benz har alltid alternativ. ACE er eitt av dei beste…

    Etter å ha brukt Benz mange gonger, og mellom anna fått testa toppmodellen LP, har det vore veldig spennande å sjå kor mykje av kvalitetane som er tilgjengeleg til lågare pris.





  • Beyerdynamic + Meier Audio Corda Aria = Sant!
    Beyerdynamic + Meier Audio Corda Aria = Sant!

    Undertegnede har aldri likt hodetelefoner. Jeg har kun funnet ett sett jeg virkelig har trivdes med og det hadde den nette prislapp på 40 000 kroner og kom fra Stax. Langt utenfor rekkevidde for oss i den gemene hop av hodetelefonkunder, altså. Men etter Arves omtale av Beyerdynamic fikk jeg lyst å prøve dem selv. Her kommer altså en second-opinion...

     





  • Thule Space DVA250B Digit II
    Thule Space DVA250B Digit II

    Den danske produsenten Thule har helt sluttet med å produsere rene CD-spillere. Til gjengjeld er det et digert kobbel med ulike varianter av DVD-spillere. Jeg har lånt toppmodellen.

     





  • Tandberg Huldra 12: Gamalt – men godt?
    Tandberg Huldra 12: Gamalt – men godt?

    Tandberg Huldra 12: Har denne gamle radioen frå Tandberg noko med hi-fi å gjera?





  • Linnduellen – del 2, Linn Akurate CD
    Linnduellen – del 2, Linn Akurate CD

    Vi har kommet fram til del 2 av duellen mellom CD-spilleren Linn Akurate CD og nettverkspilleren Linn Akurate DS. Les testen av Akurate CD.

     





  • Raidho Ayra C 1
    Raidho Ayra C 1

    Det finnest mange utmerka små høgtalarar. Felles for desse er at dei er relativt lette å stille opp, fleksible når det gjeld plassering, og at dei har behov for eit svært godt stativ. Her er eit av dei aller beste alternativa.

     





  • Aesthetix Rhea riaa.
    Aesthetix Rhea riaa.

    Rør, flere innganger, balanserte utganger, fjernkontroll til justering av innganger, gain og impedanse mens man spiller - våte drømmer sier du, fakta sier jeg.

     





  • CREEK OBH-15 mc/mm riaa - ny utprøving av Rudi
    CREEK OBH-15 mc/mm riaa - ny utprøving av Rudi

    Denne gang skal jeg ta for meg den lille engelske Creek riaaen, Creek er et velkjent engelsk merke som vanligvis gir mye lyd igjen pr investert krone, og da må det selvfølgelig sjekkes ut om riaaen holder mål også.

     





  • Heime hos Håvar
    Heime hos Håvar

    Det er like stor skilnad på hifientusiastar. Nokre er svært engasjerte og lidenskaplege, nokre er analytiske. Nokre brukar mykje pengar på hobbyen sin, medan andre igjen går så opp i dette at dei importerer utstyr frå utlandet. Og om det tar heilt av, får dei agenturet...Håvar er ein sjeldan kombinasjon av alt dette...

     





  • Linn-duellen – Del 1, introduksjon
    Linn-duellen – Del 1, introduksjon

    Linn har i noen år hatt en multiformatspiller som av mange har blitt regnet med i tetsjiktet også betraktet som ren CD-spiller. Hvordan står denne seg når den får konkurranse fra ny teknologi?

     





Nyeste Artikler

  • Messe i Lørenskog (Oslo)
    Messe i Lørenskog (Oslo)

    Etter fleire års opphald lukkast det endeleg ein del bransjeaktørar å arrangere ei messe i Oslo. På grunn av andre gjeremål fekk www.audiophile.no ikkje sjanse til besøke messa på skikkeleg vis, men her er iallfall ein rask rapport frå ein lynvisitt kvelden før messa opna.





  • Ny utforming av www.audiophile.no

    Audiophile har lenge hatt bruk for ei fornying, og vi er no i ferd med å gjennomføre denne. Nytt design og nytt publiseringsverktøy er no under innkøyring, og vi håpar det fell i smak for våre mange lesarar.
    Vi har innført ein ny funksjon; det er no høve til å skrive kommentarar til artiklar, og vi håpar på kommentarar frå både vanlege lesarar, importørar og brukarar av produkta, slik at vi kan få fleire innspel på korleis produkta opplevast.
    Elles vil det dukke opp nye artiklar ut over våren. Og etter kvart vil vi gjerne ha tips og ynskjemål for kva lesarane ynskjer av oss.

    Helsing Redaksjonen





  • Spørsmål til Bransjen

    www.audiophile.no prøver å fange opp aktuelle problemstillingar for hifi-folket, og stiller spørsmål til bransjen. Denne første gongen er det salsvilkåra som er tema.

    Å vere forbrukar er ei alvorleg affære, og det er mange fleire sider enn akkurat prisnivået som er avgjerande for kvar audiofile entusiastar brukar pengane sine. Dei typiske spesialistbutikkane har det blitt mindre av, men www.audiophile.no har tatt kontakt med bransjen, og fått svar på nokre spørsmål.
    Det er grunn til å spørje om korleis garanti og service praktiserast. Mange mindre aktørar har ambisjonar om å selje produkt direkte til kunde. Då kjem alt ansvar og arbeid med slikt også på eigen butikk.
    Mange forretningar driv netthandel, og det høyrest frå tid til anna rykte om folk som har kjøpt "katta i sekken", endå kjøpslova er svært klar på dette med 14 dagars angrefrist. Det er greitt å avklare spesielle vilkår i forkant. Dei fleste av oss vil svært gjerne prøve utstyret heime før vi bestemmer oss for endeleg å kjøpe eit kostbart produkt. Men er det råd å få til dette for alle butikkar? Toppmodellar er gjerne berre representerte i butkken med eit eksemplar, og om dette er på utlån, vert det vanskeleg for butikken å demonstrere.
    Utstyr kan vere temmeleg krevjande å rigge opp for ein ukunnig, og frå tid til anna kan sjølv erfarne hifientusiastar ha bruk for hjelp. Eit skikkeleg serviceopplegg frå erfarne og kompetente fagfolk er då svært nyttig. Til sist ser vi at svært mange handlar brukt og til dels nytt utstyr frå utlandet. Dette er ikkje ulovleg, men ein må gje avkall på alt som heiter garanti. Dette er ikkje farleg så lenge produktet fungerer, men ein importør av eit produkt kan ikkje ta ansvar for produkt han ikkje har omsett, sjølv om han er representant for merket.  

    Vi lagde desse spørsmåla som vart sende ut til eit tjuetals aktørar i bransjen. (Reine engrosbedrifter er litt på sida for denne undersøkinga, og vi skal komme attende til desse i ein seinare artikkel).

     1. Tilbyr butikken spesielle garantiordningar og service ut over krava i kjøpslova?
    2. Korleis vert sal gjennom netthandel organisert?
    3. Har de spesielle ordningar når det gjeld heimlån av produkt? (Om det er aktuelt, stillast det ofte spørsmål om pickupar, rør og "sliteprodukt", så ein kommentar om dette er fint)
    4. Kva med hjelp til plassering, installering og transport?
    5. Er gråimport eit problem, slik De ser det?

    Fyrst til å svare var Christian Åkre, produktsjef på Soundgarden. Soundgarden er ein av dei aller største aktørane på den norske hifi-marknaden, med 17 butikkar fordelt over heile landet, samstundes som dei også driv eigen nettbutikk med alle produkta sine. Soundgarden er riktig mangfoldige, og driv detaljhandel av mange produkt i tillegg til å vere einedistributør av sine eigne merkevarer. 

    1. Ikke ut over det som eventuelt tilbys av produsent/importør. Nå skal det sies at norsk kjøpslovgiving er svært sjenerøs sammenlignet med alle andre land i verden. Dette er en betydelig merkostnad som forbrukerne i Norge indirekte betaler for gjennom høyere priser på produktene.

    2.Soundgarden har en egen avdeling som står for netthandel.  Priser og tilgjengelighet er den samme som i våre ”fysiske” butikker.

    3. Dette avtales individuelt i den enkelte Soundgarden-butikk.

    4. Alle våre avdelinger kan tilby transport, oppkobling og enklere installasjoner. Våres større butikker kan tilby tyngre installasjoner: Oslo Solli plass og sentrum, Trondheim, Bergen, Forus og Kristiansand.

    5. Gråimport er en utfordring på to plan. Dels har vi både utenlandske og norske nettbutikker som opererer mot det norske markedet uten norske garantibestemmelser og support fra importører i Norge. Kundene risikerer da ikke å få service og support fra verksted i Norge og at garanti bare dekkes i to år. Da blir det fort dyrt å kjøpe billig. Den andre utfordringen er det jeg vil kalle ”garasjeaktører” som opererer på det norske markedet med tilsynelatende svært fordelaktige priser. Dessverre er vår erfaring at service, support og tilgang på reservedeler gjennom slike aktører ofte er mangelfull. Denne type aktører mangler også ofte økonomisk ryggrad pga lave marginer og når denne forsvinner, sitter kunden da igjen med skjegget i postkassen.

    Den neste som svara var Harald Haaland frå Hifiklubben, som kanskje er endå større når det gjeld hifi-distribusjon. Hifiklubben bygde vidare på Audioscan sitt konsept, med å la eigne butikkar selje produkt rett til kundane. Frå Audioscan sine tre-fire butikkar på slutten av 70-talet, har no Hifiklubben utvikla seg til å ha mange-og-tjue forretningar frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.

     1. Alle medlemer i kundeklubben vår får 6 mnd utvidet garanti (kommer i tillegg til forbrukerkjøpslovens  krav til reklamasjonsrett). 

     2. Vi har en egen nettbutikk, som fysisk er lokalisert i Oslo. 

     3. Produkter etter avtale med butikken lånes med for test hjemme. 

    4. Selvsagt! I Oslo og Trondheim har vi egne montører ansatt, i de andre byene hvor vi er representert har vi avtaler med eksterne installatører. I tillegg er vi velsignet med ansatte som stort sett både er nevenyttige og innstilt på å ikke gi seg før produktene er på plass i kundens hjem og spiller som de skal. 

    5. Vi ser på gråimport som "et barn av tiden"- det er ingen grenser som er stengt lenger, og resten av verden er bare et tastetrykk unna. Dermed er grå-/parallellimport noe alle importører er nødt til å forholde seg til. For oss som er offisiell importør av langt de fleste produktene vi selger, så er det selvsagt litt irriterende når mer eller mindre useriøse aktører skor seg på den merkevarebygging vi gjennom mange år har gjort for "våre" produkter, men det må vi bare møte gjennom alltid å være konkurransedyktige på pris, kompetanse og ettermarkedsservice. Vi tror på at alle over tid er best tjent med at det finnes noen i markedet som kan hjelpe også den dagen man har behov for oppdatering eller service av produktet man har kjøpt. 

     Vi sende ut spørsmåla til dei fleste butikkar vi hadde nettadresse til. Ikkje alle sende oss svar, men også relativt små aktørar gav seg tid til å gje oss dei opplysningane vi bad om. Nils A. Johannesen på Erdal stereo eit stykke utanfor Bergen har eit spennande produktutval i butikken, og gav oss desse svara:

    1. Nei, har ingen spesielle garantiordninger og service ut over kjøpslova.

     2. Netthandel blir organisert på vanleg måte via mail, direkte til butikken.

     3. Sliteprodukt er unntak, men ellers etter avtale.

     4. Vi hjelper til med hjelp til plassering, installering og transport.

     5. Gråimport kan stundom være et problem for kunden når det blir snakk om garanti. Jeg forholder meg bare til nordiske leverandører.

     Soundplanet i Arendal driv handel direkte til kundar over heile landet, med utgangspunkt i nettbutikk, og gjennom eit system der referansekundar og ymse samarbeidspartnarar syter for at produkta er tilgjengelege for så mange interesserte som råd.
    Dei har nokre spennande agentur:
    Roksan, Kudos, Ayon, Gemme, og dessutan plater frå Stockfisch.
    Dagleg leiar, Eivind Chr. Rørvik, har gjeve oss desse svara:

    1. I tillegg til vanlige garantiordninger som gjelder kjøpsloven, har Sound Planet utvidet garanti på enkelte produkter i henhold til ønsker fra leverandørene.
      Vi gir også to uker ubetinget rett til å heve kjøpet, slik at man kan ta produktet i øye- og ”øresyn” før man bestemmer seg for å beholde det eller ikke. Dette er for å sikre alle kunder en trygg handel dersom de må bestille usett.
    2. Kunden legger inn en ordre via Sound Planet sine hjemmesider, og det blir deretter sendt ut faktura via mail. Så snart betaling er registrert hos banken blir ordren effektuert.
    3. Det er mulig å låne hjem produkter fra Sound Planet. Pga logistikk er det ikke alltid like lett å få til, men vi prøver å strekke oss så langt som mulig. Da ofte mot depositum dersom kunden er ny.
    4. Alle varer fra Sound Planet sendes fraktfritt innen Norge. Ang hjelp skjer det stort sett via telefon eller mail da det ofte ikke er mulig med hjembesøk. Sound Planet har kunder fra Mandal til Kirkenes, i tillegg til forhandlere i Oslo, Stavanger og Bergen. Når det dreier seg om lokale kunder, så stiller Sound Planet opp der det er behovJ
    5. Gråimport anser vi som et stort problem som skader bransjen først og fremst, men som til syvende og sist også rammer forbrukeren.
      At nettbutikker skviser prisene på anerkjente merker som etter årelang markedsføring er populære og har fått fotfeste, er etter vår mening så stygt at det burde være forbudt ved lovregulering. Det eneste jeg har å si om slike aktører er at de har mye til felles med parasitter. Denne type virksomhet er med på å ødelegge livsgrunnlaget for fysiske  butikker slik at det blir veldig få seriøse aktører igjen som kan drive med dette på fulltid. Det man ender opp med er inkompetanse og profittjag, istedenfor entusiasme, service og ærlige kundeforhold.
      All den tid Sound Planet driver såpass smalt som vi gjør, er ikke dette noe problem for oss direkte, men dersom man driver butikk og ønsker å forhandle rimeligere og populære produkter er dette virkelig et gnagsår. (Kan nevne Onkyo som eksempel…)

    Dette var detaljistane som svara oss i denne omgang. Vi sende spørsmåla ut til langt fleire, som ikkje har svara. Nokre av desse er i hovudsak grossistar, som leverer til detaljistbutikkar. Det er såleis ikkje naturleg for dei å svare på spørsmål som i hovudsak går på utfordringane som den einskilde detaljist må ta seg av.
    Vi har nok oversett ein del viktige aktørar som absolutt ville ynskje å få desse spørsmåla. Men som nettmagasin har vi heile tida høve til å oppdatere og utvide artikkelen. Kjenner du ein entusiastbutikk som burde fått høve til å svare på desse spørsmåla, kan det sendast svar direkte til oss, så skal vi syte for at din lokale hifi-leverandør også får klargjort sin praksis med tanke på dette.





  • Pressetreff i København
    Pressetreff i København

    Størstedelen av skandinavisk hi-fi presse var samlet til pressetreff i regi av Hi-fi klubben i september. København var åstedet der produktnyheter ble ledsaget av visjoner omkring kampen mot dårlig lyd.





  • Vossajazz 2009
    Vossajazz 2009

    Etter veret å døma er einkvan der oppe veldig glad i jazz. Fredagen var veret so godt som det er mogeleg, og tok seg ikkje opp att til same standard før lenge etter påske. Altanen bak billett- og servicekontoret til Vossajazz på Park Hotell Vossevangen bada i solskin, og det vrimla av yre medarbeidarar, VIP-ar og artistar, alle med ein øl eller eit elegant glas kvitvin i handa...





  • Hifimessa i Horten 2009
    Hifimessa i Horten 2009

    Sjølv om ein del av dei tradisjonelt "tunge" utstillarane på hifi-mesa i Horten var fråverande i år, var det så absolutt nok å sjå på. Messerapport Frå Stig Arne Skilbrei og Arve Åheim, med Rudi som assisterande fotograf.

     





  • Sonos ZP S5
    Sonos ZP S5

    Sonos med ny alt-i-et Zoneplayer. Les pressemelding fra Hi-fi klubben

     





  • Audiovideophil byvandring i Bergen
    Audiovideophil byvandring i Bergen

    Etter et prisverdig initiativ av Jan Derek Skogen på nettstedet www.avforum.no ble det avholdt et treff for audio- og videoentusiaster i Bergen lørdag. Bergensere fra nevnte nettsted i tillegg til www.hifisentralen.no samlet seg til en byvandring innom byens asyler for de respektive lidenskapene.





  • HighEnd 2008 i Munchen; Beste lyd
    HighEnd 2008 i Munchen; Beste lyd

    Etter en hektisk dag på fredag, ble det om mulig ennå mer hektisk på lørdag i jakten på ¨den beste lydopplevelsen på messa. Lørdag var også den store utfartsdagen for publikum, med til tider sterk trengsel og vanskeligheter med å komme til på de mest populære demoene.

     





  • Messerapport HighEnd 2008 Munchen
    Messerapport HighEnd 2008 Munchen

    HighEnd messa i Munchen åpnet dørene i dag tidlig kl 10:00. Denne gangen ennå større og med enda flere godsaker en noen gang tidligere. Messa fyller nå to store haller i to etasjer mot tidligere en hall i to og en halv etasje.





Nyeste Musikkomtaler

  • Iver Kleive – Orgelmusikken fra deUSYNLIGE
    Iver Kleive – Orgelmusikken fra deUSYNLIGE

    Iver Kleive er en organist som er godt representert i møblerte audiofile platesamlinger. Spesielt samarbeidet med Knut Reiersrud på innspillinger hos Kirkelig Kulturverksted har satt dype spor blant musikkinteresserte som setter pris på god lyd, og samtidig verdsetter at sjangergrenser neglisjeres.





  • 2L - The Nordic Sound
    2L - The Nordic Sound

    Plateselskapet 2L lanserer sin tredje utgivelse i Blu-ray Audio. Vi har lyttet til et førproduksjonseksemplar.

     





  • 2L - Trondheimsolistene – Divertimenti
    2L - Trondheimsolistene – Divertimenti

    Trondheimssolistene oppnår Grammy-nominasjon med verdens første rene lydutgivelse på Blu-Ray. Vi har lagt utgivelsen under stetoskopet.

     





  • 2L - SONaR
    2L - SONaR

    For kort tid siden skrev vi om den Grammy-nominerte Divertimenti fra 2L, utgivelsen som også er verdens første rene audioutgivelse som Blu-ray. Nå har vi lyttet til Blu-Ray nummer to fra dette plateselskapet.





  • Hovedøen social club – ¡Que viva Noruega! [CD]
    Hovedøen social club – ¡Que viva Noruega! [CD]

    Ti gamle norske schlägers har nyleg teke turen over Atlanterhavet til Cuba og blitt forvandla til salsa. Har du til dømes lurt på korleis Arne Bendiksens utskjelte ”jeg vil ha ein blå ballong” hadde vore med timbales, congas, heftige rytmar og synkoper og vokal på gebrokken austlandsdialekt? Vel, det skal du iallfall snart finne ut.

     





  • Mozart Symphonies no. 38-41 - S.C.O. / Mackerras

    Linn Records har spilt inn Mozart sine fire siste symfonier. Til denne oppgaven har de selvfølgelig håndplukket Scottish Chamber Orchestra dirigert av Sir Charles Mackerras.

     





  • Postgirobygget – best av alt [CD]
    Postgirobygget – best av alt [CD]

    For å vere heil ærleg, hadde eg aldri trudd eg kom til å skrive om Postgirobygget her på Audiophile.no. Kvifor ikkje? Vel, årsaka må vel vere at eg har eit slags hat-/elsk-forhold til bandet. Eg har hatt vanskeleg for å bestemme meg om eg enkelt og greitt likar dette kvardagsprega norske pop-rockbandet, eller om eg synest gitar-kose-kveldsbål-visene deira er fullstendig oppbrukte. Men no har eg hoppa i det, så no får me sjå...

     





  • James Gilchrist – On Wenlock Edge
    James Gilchrist – On Wenlock Edge

    Den engelske tenoren James Gilchrist har utgitt sin andre plate på Linn Records. Som ventet er det en Hybrid Multikanals SACD av høy kvalitet.

     





  • Artur Pizarro - Maurice Ravel
    Artur Pizarro - Maurice Ravel

    Den portugisisk fødte pianisten Artur Pizarro er ingen ny artist hos Linn Records, med sine vakre og livfulle tolkinger av Bethoven sine pianosonater og Chopin reminisanser og sonater. Disse er fordelt på fire SACD-skiver, hvor alle er hybride multikanals utgivelser.
    Nå er det impressionisiske komponister som står for tur, og først ut er denne platen med komposisjoner av Ravel. Den er den første i en serie på to som skal utgjøre komplette pianoverker av Maurice Ravel.

     





  • Sølvguttene – Julemesse
    Sølvguttene – Julemesse

    Sølvguttene har kommet med en juleplate litt uten om det vanlige. Plata spenner vidt med komposisjoner tilbake fra 900-tallet og helt frem til vår tid. Innspilingen er gjort i Uranienborg kirke og i Oslo Domkirke og er produsert av Lindberg Lyd AS. Utgivelsesdato er 22. november.

     





Nytt design

Hva synes du?

Annonser


Banner
Banner