Print this page
Friday, 15 September 2017 19:46

Horten 2017

Written by

Audiophile.no kjem diverre ikkje til Horten i år. Fyrste gong sidan 2003 vi ikkje har dekt landets kanskje viktigaste messe for tung hifi. Men kva går vi glipp av?

Eg tok ein telefon til messegeneral Terje, som driv spesialforretninga Audioaktøren i Horten og er ein av eldsjelene bak denne faste, audiofile storhendinga. Han kunne fortelje at det var rikeleg med påmeldingar, men naturlegvis visste han relativt få detaljar om kva produkt andre utstillarar kom til å stille med, men det kom til å verte demonstrert sjølvbygg. Det er no eingong slik at folk som byggjer sjølv, gjennom prøving, feiling og erkjenning av kva kompromiss som ikkje er nødvendige for ein sjølvbyggar, kan få til ting som er svært vanskeleg og kostbart for eit kommersielt produkt.

Ting er ikkje endleg spikra pr dato, men på direkte spørsmål om kven som kjem på messa i år, vart det lista opp eit fleirtal av «the usual suspects»  Duet, Endpoint, Hegel (burde då ikkje Spacegarden også vere med?), Hifiklubben, Mala, Mono, Montana, Multirom, NAT og fleire, men eg beit meg elles merke i at han nemnde ein heilt ny aktør, «Birdland», som skal vere representert på messa. Eg sjekka www.birdland.no, som synte seg å vere den norske representanten for Harman-gruppa. Den fyrste forståinga av kva eg ikkje kjem til å få med meg i år demra sakte- sannsynlegvis kan ein forvente seg både JBL og Mark Levinson-produkt.

Men Terje kunne sjølvsagt fortelje mest om kva han sjølv kom til å syne fram. Han kunne stolt fortelje at det dyraste CEC drivverket kom til å bli demonstrert, eit beltedrive CD-drivverk til 300 000 i tillegg til DAK. Så her er sjansen til å høyre kva ein går glipp av om ein strøymer eller spelar frå harddisk, i staden for å eit mekanisk drivverk. Ein svært spesiell konstruksjon, som sjølvsagt er eigenutvikla og skil seg stort frå dei mange DVD-baserte drivverka som brukast til vanleg.

Den brutale, profesjonelle spolebandspelaren Studer A80 vil også bli demonstrert, med ekte masterband. Eg har tidlegare fått høyre Terje sine blodtrimma spoleband, om enn ikkje med fullblods masterteip, og kan love at det er ein divisjon kvalitetsavspeling heilt for seg sjølv. Det skal ikkje forundre meg om det kan by på endå betre lyd enn dei mest sinnsjukt prisa vinylboreriggar....

Så det vert nok ein del abstinensar for ein stakkars nordvestlending som finn vegen til Horten for lang i år. Det er heilt klart mykje gjevande å lytte til. Men det verste var det Terje fortale meg til sist; han skal kvitte seg med nokre av vinylplatene sine – til låge prisar. Fleire tusen plater skal ut. Også frå privatsamlinga, som han visstnok skal tynne litt. (Terje har ein god del klassisk av svært stor interesse, veit eg).

God messe, folkens!

Helsing oss i Audiophile.

 

 

 

Last modified on Friday, 15 September 2017 19:50
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.