Thursday, 14 May 2026 13:58

Japan del 2 – LYDEN AV JAPAN Featured

Written by

Då er me komne til del 2 av Japan-reisa, der eg møtte min gode ven og pickup-produsent Stig Inge Bjørge, haugesundar busett i Tokyo. Han er alt godt kjend for audiofile i Noreg gjennom fleire artiklar i både norske og utanlandske blad og på nettet. Han lever av å framstille pick-upar (LYRA) til platespelar, i all hovudsak. Del 1, ferdabrev, handla om reisa fram og attende og litt om inntrykket av Tokyo og japanarar. 

Tokyo var ganske høglytt og kakofonisk, der høgtalarar over alt, og særskilt på jernbanestasjonane, informerte om avgangar og åtkomstar og kva veit eg, som om eg forsto ein dritt av det. Du reiser ikkje til Japan for å ta deg fram på eiga hand om du ikkje er masokist. Det er i alle fall ikkje mi oppfatning av kva ferie er for noko. Eg var avhengig av Stig Inge for kvar meter me reiste. Eller eg tok drosje med adressa på papirlapp.   

Men med "lyden av Japan" meiner eg sjølvsagt lyden frå stereoanlegga til Stig Inge og venene hans. Og det er sjølvsagt ikkje berre japansk utstyr - men noko er det. Stig Inge og eg har same glødande interesse for HiFi, og utvekslar erfaringar kring lyd og utstyr nesten dagleg. Sambygdingane mine skjønte lite då dei spurde om eg skulle til Japan for å stå på ski, og eg svarde at eg skulle lytta til HiFi.

For nokre år sidan kjøpte Stig Inge eit romsleg hus i utkanten av Tokyo, der det både er rimelegare og meir landleg og flytta inn der med familien. Det var på tide å inspisera huset og lytteromma hans, og ikkje minst lyden frå dei ulike anlegga/apparata. Han har mange gonger vore hjå meg og kjenner stova mi og anlegget mitt, og resulterande lyd. Det var på tide for meg å lytta til utstyret i lytterommet hans. Når me begge kjenner kvarandre sine rom, anlegg og tilhøyrande lydlege signatur, er det mykje enklare og meir meiningsfullt å utveksla erfaringar. 

Kodaira

Me var sjølvsagt litt rundt i kring for å trekkja frisk luft, men i all hovudsak sat me inne og lytta til musikk. Passe nerdete, men det var det eg kom for, og det me hadde lyst til å gjera.  Dessutan var det ikkje stort varmare her (i mars) enn heime, sjølv om Japan ligg ein heil del lenger sør. Takk til Golfstraumen!

I stova til Stig Inge i bydelen Kodaira ser du Lars Tørressen og Stig Inge sitja i sofaen i ei uvanleg lita og intim stove, sidan Stig Inge har prioritert lydromma, naturlegvis. Der får Stig Inge ikkje lov til å ha anlegg av noko slag, berre TV. Eigentleg har han to lytterom, men det  nede, faktisk det største, har etter kvart vorte nytta til lager og pakkerom, og store høgtalarar til tørkestativ. Eg skjønar ikkje at kona slepp unna med det, men Stig Inge er ein snill mann. Me vurderte å rydda vekk lakena slik at me kunne lytta til nokre alvorleg store høgtalarar frå JBL med 15” bass og spesiallaga mellomtone (JBL 4333), men gav opp. For mykje rot. Og det var uaktuelt å bæra dei opp trappene til lytterommet i andre høgda, dei var både for store og for tunge, og ville uansett ikkje fått plass der. Fullt allereie! 

Rommet oppe er mindre enn stova mi, men uansett stort nok til at lyden får bretta seg ut mellom og bak høgtalarane, som står 2 meter frå bakvegg i eit 6 meter langt rom. Eg målte. Det er akkurat ein tredel ut i rommet, heilt i tråd med oddetalsregelen. (Om det ikkje passar med ein tredel, prøv 1/5-del eller 1/7-del, for å unngå rommet sine resonansar). Rommet er kring 25 m2, og eg erfarte at det er akkurat nok. Under lyttinga vart taklampene slått av, og erstatta med dempa indirekte lys. Det gjev fred for augene og skjerpa hørsel. 

Kjeldene

Først lyt me forklara kvar den gode lyden kom i frå. Som pickup-produsent har Stig Inge  ein heil hær med platespelarar og pickup-ar, men i all hovudsak var det Swedish Analog Technologies (SAT) XD-1 platespelar med mekanisk flytande platform, og tilhøyrande arm  med ombygd Lyra Parnassus DCt pickup med Atlas innmat. Signalet gjekk vidare til Lyra Connoisseur 4-3P fono-forforsterkar (fonotrinn), og Spectral 30SV linje-forforsterkar.

CD vart og nytta, med EMM Labs TSDX/DAC2.  

Marantz og Quad

Det byrja berre sånn passe bra – me må jo ha stigning i programmet! – med Cello Encore  transistorerte mono effekt-trinn på 60 Watt frå 1990-talet til å driva eit sett modifiserte Quad ESL 63. Desse forsterkarane har godt rykte, og eg har gode røynsler med dei frå tidlegare, men det hjalp ikkje denne gongen. Slik eg oppfatta det, mangla lydbiletet liv og detaljar. Eg føreslo at me kopla om til forsterkarparet han plar bruka, gamle Marantz 5 mono røyrtrinn frå 60-talet, som eg var ivrig etter å få høyra, inspirert av dei gode røynslene med røyr heime. Han er oppgradert av nederlendaren Pieter Franken, busett i Tokyo han og, som me skal koma attende til. Det var noko heilt anna, etter mi meining, og eg var glad for å kunne stadfeste at lyden no var på eit høgt nivå. No var eg nøgd, og me kunne atter skåla. På dette grunnlaget var det er leik å gå vidare til å prøva ut anna utstyr, og notera seg skilnadane. Eg elskar å samanlikna og velja ut det beste, etter mi meining i alle fall, det er heile poenget med å vera audiofil slik eg ser det. Stig Inge har ei litt anna tilnærming, han har ulikt utstyr av ulike grunnar. Og sjølvsagt er det kjekt å ha mykje å velja mellom. Særskilt er det fint å kunne byta mellom ulike høgtalarar etter musikk og humør. Det var dette eg var komen for å oppleva. Snakk om godtebutikk! Som produsent i segmentet high end - dei dyraste pick-upane hans har passert 100 000 kroner - seier det seg sjølv at Stig Inge må ha topp utstyr for å verta teken seriøst, men me har og ein del utstyr berre avdi det er “kjekt å ha”! Me har jamvel utstyr "på fellesen".  

Lat oss gjera oss ferdig med ein annan forsterkar eg diverre ikkje vart særskilt imponert over: Nelson Pass-konstruksjonen First Watt M2, 25 Watt, 13 dB forsterking ved hjelp av auto-transformator. Uvanleg og enkel konstruksjon, og difor skuffande å måtte konstatera at lyden ikkje sto heilt i stil frå ein slik respektert konstruktør. Då gjeld det å ikkje lata seg blenda av teknikken eller skryt på nettet. Berre lytting kan avgjera. Det slår meg, generelt, at forsterkarane set uventa stort preg på lyden, og trakkar du feil her, er skaden skjedd. Ingen andre komponent kan retta opp i det.

 

So over til dei gode nyhenda, og dei var mange. Eg og Stig Inge hadde fine kveldar der me kopla opp den eine godbiten etter det andre, inklusive ting han sjølv ikkje hadde høyrt på lenge, og hygga oss med god musikk og godt i glaset kveld etter kveld. Dei elektrostatiske Quad-høgtalarane som me byrja lyttinga med er kraftig modifisert. Han har fått dei etter den no avlidne Richard Lees frå USA, som brukte år av livet sitt til å forbetra dei, slik at dei måtte gjennom omfattande restaurering for å kunne fungera att, fulle av kattehår som dei var. Framleis manglar vernande grill av gitter overtrekt med frontstoff i høve til originalen, men det er med vilje. Lyden er desto meir open og detaljert, og kombinasjonen med Marantz er magisk, overraskande fullskala og dynamisk. Det er fasinerande å observera at plastfilmen som omkransar heile høgtalaren for å hindra støv frå å koma inn til membranet, vibrerer i perfekt takt med stortromma og bassgitaren. Prøv dette med ein liten dynamisk høgtalar i eit bassreflekskabinett og skru opp, og du vil både sjå og høyra at membranrørslene ofte er heilt ute av takt med musikken. Quad-høgtalarane er tett på det perfekte, både i teori og praksis, men det er det ikkje plass til å leggja meir ut om her. 

Med topp forsterkar på plass vart fleire høgtalarar prøvd ut, mellom andre dei små Yamaha NS 10 Monitor, og Sansui SP / LE8T, som vart ein audiofil hit med JBL 8” fulltone, ettertrakta den dag i dag. I eit relativt stort bassreflekskabinett kring 40 liter spelte desse elementa utruleg dynamisk og med eit stort frekvensomfang, og stort sett utan den plagsomt framtredande mellomtonen slike element ofte har – og so kontant og detaljert at det ikkje var til å tru, sidan elementet er sokalla direktekopla, dvs. kopla direkte til forsterkaren utan delefilter. Etter mange års bruk krev elementa tilsyn, men fungerte stort sett godt nok til at me kunne danna oss eit inntrykk, om ikkje musikken var for krevjande. Då byrja dei seia Pffffffffft. Du ser dei plassert oppå eit par passive Lyra Bassist 9” subbar i lukka kabinett, med tilpassing ved hjelp av autotransformator, som det berre er produsert 6 sett av. Dei spelar opp til 140 Hz og fungerte perfekt saman både med mindre høgtalarar og Quad-ane.  

 

Yamaha NS 10 Monitor 

med den karakteristiske kvite membranen har eg sjølv, ein kjend arbeidsreiskap i mange studio rundt ikring i verda. Eg er ikkje særskilt nøgd med dei, og målingar syner tydeleg at dei har framtredande mellomtone og diskant. Nyttig for ein produsent som skal analysera opptaket, men feil frekvensgang for ein musikkelskande audiofil. Stig Inge har same høgtalarane og skryt uhemma av dei, eg byrja lura på han. Men so syner det seg at dette er ein nyare variant som kan/skal liggja sidelengs, med tillegget Studio i namnet, og eit nyutvikla diskantelement. Han har rett. Sjokkerande kontant og open lyd frå eit 7” basselement i lukka kasse, og ingen framheva diskant lenger. Lars kunne fortelja at desse er so fasereine at produsentane nyttar dei for å sjekka opptaka sine for nettopp dette. Stig Inge fekk tak i eit par brukte til meg og, som eg har teke med meg heim i ekstra koffert og skal samanlikna med mine. Grundige undersøkingar av element og delefilter står for tur for å finna ut kvar skilnadane ligg. Det er slik ein lærer. For ein artig hobby! Omtale vil koma seinare. Og so gløymde eg nesten at eit par små Stirling LS3/5A med utvortes delefilter og spelte framragande, med ein forbausande fyldig (øvre) bass i høve til storleiken, men sjølvsagt ikkje veldig djup, det er fysisk umogeleg.

Eit par JBL 4425 vart og prøvd. Eg elskar utsjånaden på desse, og dei har alle føresetnader for å spela godt tenkjer eg, tovegs med 12" bass, men dei nådde diverre ikkje heilt opp til dei andre me har omtala, og eg anar ikkje kvifor. Dei er oppdatert av Kenrick Sound, og eg veit ikkje korleis dei spelte som original.  

Electro Research

Det vil føra for langt å omtala absolutt alt me pusla med. Men eg må fortelja om ein verkeleg eksklusiv godbit me rakk å lytta til før eg reiste heim att, ein myteomspunnen forsterkar eg tippar få her heime har høyrt, frå konstruktøren Jon Iverson som forsvann på mystisk vis: Electro Research A 75 (1974 - ). Lange artiklar vart skrivne om han av Harry Pearson i The Absolute Sound. NRK-produsenten Svein Erik Børja hadde denne forsterkaren på topp i ei liste som vart presentert i svenske Radio & Televisjon på 80-talet. Stig Inge hadde nok alt dette i bakhovudet når han kom over eit eksemplar i ein butikk i Niigata i Tokyo i 1995. “Denne må eg ha”, hugsar Stig Inge at han tenkte, og slo til. Kring år 2000 vart han send til reparasjon i USA, sidan krinslaupet “sliding bias” var ustabilt og kravde ettersyn. Denne vart forenkla og bias redusert, for mindre varmeutvikling og lengre levetid, og forsterkaren vart returnert 5 år etter. Snakk om å tenkja langsiktig. 

Tøffare forsterkar finst ikkje. Han er stor og tung og “industriell” av utsjånad. Når Stig Inge endeleg fekk han att og fyrte han opp, svarde forsterkaren med eit høgt “klang", og gneist-fokket sto. Sjokkert skrudde han av, og parkerte han. Seinare har han funne ut at dette ikkje er unormalt, det er berre releet som slår inn, og når me no slo han på att svarde han framleis med eit høgt mekanisk “klakk”, men utan gneistar. Både eg og Stig Inge nyttar stort sett røyrforsterkarar for tida, og hadde uklåre forventningar om korleis dette kom til å gå, om det berre var ein gorilla utan finesse, eller om han ville leva opp til mytene. Me vart begge slått i bakken av ein heilt vill dynamikk, saman med eit stort og uvanleg detaljert lydbilete. Eg har framleis ikkje kome meg etter sjokket. Me rakk ikkje ei direkte samanlikning med Marantz 5, men at begge desse, uansett teknikk og alder, er mellom det beste du kan kopla opp, er eg ikkje i tvil om. Eg må nok ein tur til. Her er dessutan framleis utstyr me ikkje rakk å prøva ut. 

Sidan dette vart både mangt og mykje, ventar me med å rapportera frå Pieter Franken sitt kombinerte studio og lytterom, og Kurosawa sin butikk og verkstad til del 3. Elles fryktar eg at det vert eit mareritt for redaktør Karl Erik å halda kontroll på teksten og alle bileta som helst skal på rett plass undervegs.

 

 

   

 

 

 

 

  

 

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.