Print this page
Wednesday, 16 December 2015 10:00

Horten og Jolaøl - Stig Arne si dagbok desember 2015

Written by

 

 

 

HORTEN 

Ja, so var det Hortenmesse att, og staben i audiophile stilte fulltallige. Det er litt av ei reise dette for oss vestlendingar, men sidan redaktør Karl Erik er så glad i å køyra, er det berre for meg og Ole Petter å sitja på, og det klarar me, berre me får mat og tissepausar undervegs. Arve køyrer sjølv. Han har endå lengre reis, så han reiste dagen i førevegen for å gjera ærend undervegs. Henta og levera utstyr trur eg. Han må jo ha noko å testa på.

For oss var det litt mindre stressande enn i fjor, i år kutta me ut spørjekonkurranse og utlodding og den slags som me hadde i fjor, då me verkeleg markerte oss. I år hadde me ein liten “stand” i vrimlearealet ved baren og resepsjonen, der det var veldig hyggjeleg å sitja og treffa gamle kjende, både utstillarar og faste gjester/besøkjande etterkvart som dei tumla forbi. Men bemanning av standen gjorde, i år som i fjor, til at eg ikkje fekk gå so mykje rundt på romma for å sjå og lytta, som eg ville. Men det var heilt ok å slappa av der medan Karl Erik og Arve raste rundt med kamera, mikrofonar, notatblokkar og gjorde jobben for meg. Eg var innom nokre få plassar og skriv moglegvis om dette i neste dagbokside.

Me hadde fått rom 207 til rådvelde. Arve stilte ut på laurdag, og så var det min tur på sundag. Det er utruleg kor lang tid det tek å kopla opp eit anlegg frå grunnen. Rommet må tømast, og so må du bestemma kor og korleis du vil kopla opp høgtalarar og anlegget. Og alltid har ein gløymt noko, t.d. ein viktig leidning. Arve var ikkje ferdig med oppstillinga før til lunsj laurdagen, og eg klarte ikkje å slå han med mange minutt sundagen. Proffane og dei med kortare reiseveg hadde anlegga oppe og stå alt fredags kvelden, og hadde alt opna sjampanjeflaskene når me kom seint på kveld. Slitne og tyrste etter ein lang tur var det berre å gå etter lyden og slå seg i lag med dei. Det er like hyggjeleg kvart år.

Litt i siste liten vart Karl Erik og eg samde om kva som skulle stillast ut. Me måtte ha eit relativt kompakt anlegg grunna avgrensa plass i bilen. Og ikkje var det noko poeng å stilla ut det same som i fjor, men grunnstammen i anlegget, ein Nad 3020, måtte vera med. Som høgtalarar valde me Rogers LS3/5A, den minste BBC-monitoren - mindre vert det ikkje. Til å veksla med Nad-en tok eg med ein annan klassikar, den gamle 25-wattaren til Electrocompaniet, med tilhøyrande for-forsterkar i like stort kabinett, Pre 1. Eg var sikker på at effekten fungerte, men var usikker på Pre 1, og sjølvsagt, alt som kan gå gale GÅR gale, denne brumma, så det vart i praksis diverre berre Nad 3020 som spelte, men publikum klaga ikkje. Mange har gode minne til denne forsterkaren, mange har hatt ein slik, og seinare bytta seg opp (og like ofte ned) til dyrare utstyr etter kvart som dei kom til pengane.

I fjor spelte eg med ein rimeleg Philips CD-spelar, etter at eg oppdaga kor gode desse faktisk var. I år hadde eg med meg ein endå betre spelar, Philips CD 960, toppmodellen frå 1987 med den (då) nye TDA 1541-dacen, no legendarisk og vurdert som ein av dei mest musikalske dac-ane gjennom alle tider. Spelaren er modifisert og overhalt i Tyskland, og kom til meg via Magnulf Rise og Rektangel AS i Ålesund. Han var ikkje billeg, men har aldri gjort eit feilslag, og er den beste CD-spelaren eg nokonsinne har hatt. Slik sett var dette ein kraftig oppgradering frå i fjor.

Hotellrommet var lite, så det ville vore naturleg å plassera høgtalarar og anlegget kloss i ein vegg, for å få plass til publikum. Slik mange gjorde. Men dette gjev jo ikkje nokon god lyd, så her kompromissar eg ikkje:  Medan eg kopla opp anlegget, fekk eg friviljuge besøkande til å måla opp avstanden ein tredel frå bakvegg, og der vart høgtalarane plassert. Då får du djupne, rom og atmosfære i lydbiletet. For å få plass til publikum vart alt som ikkje var veggfast flytta ut på gongen.

 

ROGERS LS3/5A

Du kan ikkje berre plassera ein Rogers LS3/5A på eit stativ og rekna med å få god lyd. Medan diskantelementet er montert på fronten av kabinettet på vanleg vis, er basselementet montert frå (eller på) innsida av kabinettet, så utstrålinga frå basselementer haltar etter diskanten i cm. og tid. Høgtalaren var nemleg meint å henga øvst på veggen i opptaksbussar, og strålar difor nedover. Med hensikt. Montert på vanlege føter (mine var 60 cm.) vil høgtalarane stråle bratt nedover mot golvet, og dette er ikkje gunstig. Den store, opne og romlege lyden som LS3/5A kan prestera, når dei er sett riktig opp i eit ikkje alt for stort rom og med eigna forsterkar, oppnår du berre ved å vinkla dei kraftig bakover, slik at basselementet og diskantelementet kjem meir på line.

Dette passa og godt med at mange besøkande sto og lytta. Du kan og vurdera å snu høgtalarane opp-ned, men dei strålar då etter mi meining for mykje oppover, og det ser heller ikkje fint ut. Dette må du berre eksperimentera med til du finn eit godt kompromiss. For å få til vinklinga nyttar eg store klattar med modeller-kitt framme og små klattar bak. Dette er den enklaste, rimelegaste og kan hende beste måten å feste høgtalarar til føter på. Modellerkittet er både dempande og svakt klistrande.

 

NAD 3020

Nad 3020 kjem i to utgåver, eller to generasjonar, dette har eg ikkje vore klar over før inntil nyleg.

Det er lett å sjå skilnad på dei. Du treng ikkje eingong skru av loket. Berre sjå ned i lufterillene, så vil du sjå at dei fire store ladelyttane (eh, dei er ganske små, 4x2200uF) i straumforsyninga sit i midten av apparatet (fyrste generasjon) eller ute i venstre kant (andre generasjonen). Eg har fleire apparat av begge generasjonar, og har starta eit “prosjekt” for å finna ut kven av dei som let best. Om dette stridast nemleg dei lærde. Men denne gongen hadde eg med ein 1. generasjons 3020, i fjor hadde eg med ein 2. generasjon. Eg skal ikkje avsløra so mykje om dette no, men tek det opp seinare i ein eigen artikkel. Eg jobbar og med å modifisera dei (i samarbeid med teknikarar og reparatørar).  Eg tykkjer uansett at denne Nad-en som eg hadde med i år spelar fantastisk, og eg fekk mykje skryt for lyden. (Han er då og lettare modifisert). Fleire av lydarane kom att og att, og treivst tydelegvis godt på dette vetle rommet, trass i at eg ikkje hadde noko å servera. Det har eg forresten tenkt å sjekka opp til neste år! Altså om det er høve til å servera vaksenbrus til dei besøkjande.

Audiophile er ikkje utstillar i tradisjonell forstand, me sel jo ikkje utstyr. Me koplar berre opp interessante komponentar, gjerne gamle klassikarar, for å skapa god lyd og god stemning, og blest om oss sjølve, som hifi-blad på nettet. Jobben min har vore å kopla opp mest mogeleg rimeleg utstyr, og sjå om det ikkje går an å få god lyd ut av det og. Eg gjer det so enkelt som mogeleg, med heimelaga kablar i solid kopar. Det let reinast. Om eg lukkast med å få god lyd er det publikum som må svara på, ikkje eg. Men på sitt beste fylte dette vetle anlegget rommet med stor lyd. Det siste Arve sa til meg på telefon før eg reiste til Horten, var at eg måtte hugsa å ta med plater, både CD og vinyl. Eg trur han hadde gløymt det. Så fekk eg ein telefon til og gløymde heile greia. So den einaste plata eg hadde med, var den som var gløymt i plateskuffa på CD-spelaren! Heldigvis var dette akkurat den plata eg hadde plukka ut som fyrstevalet, nemleg siste til Mark Knopfler, “Tracker”. Nydeleg musikk og god lyd. Eg jobba meg sakte men sikkert utover på plata etter kvart som nye (og gamle) besøkjande stakk innom, for å unngå å spele det same heile tida. Det verka bra. Plata rakk heile dagen, sidan eg og prata litt innimellom, for å presentera anlegget. Fleire takka meg for god og relevant informasjon om desse klassiske komponentane, kunnskap som dei sjølve tydelegvis ikkje hadde.

 

Ein av karane var nærmast sjokkert over kva dette anlegget presterte. Han sa det omlag slik: “Her har du kopla opp ein av dei mest tungdrivne høgtalarar på marknaden, med ein følsomheit på 83 dB pr. watt pr. meter, mot normalt oppunder 90, og so koplar du opp ein liten forsterkar på 20 watt, og han sveittar ikkje ein gong! Han tenner berre 1-watts-lampa!”

Dei som kjenner Nad 3020 veit at han har 5 lampar på fronten, som lyser opp ved 1, 5, 10, 20 og 35 watt, alt etter kor mykje effekt du brukar. Dette er både morosamt og lærerikt å sjå på. Og dei veit at Nad 3020 driv alt av høgtalarar, og spelar forbausande høgt for oppgjeven effekt. Difor var eg ikkje nervøs for å kopla opp dette anlegget, og fekk eigentleg stadfesta at Nad 3020 spelar like høgt eller høgare med LS3/5A enn mange andre som prøver seg, praktisk tala uansett effekt, for LS3/5A toler ikkje å få tilført meir enn kring 25 watt uansett. Takk til arrangøren, takk for oss og takk for i år!

 

 

 

Ølspalten

Jolaølet kom på det lokale vinmonopolet i dag, og dermed var det berre ein ting å gjera: Ta Volvoen. Eg er miljømedviten og køyrer ikkje bil om eg ikkje absolutt må; det er utruleg kor mange handleposar ein kan henga på eit sykkelstyre. Men med slike mengder er det berre bil som nyttar. Når jolaølet endeleg er å få, kjøper eg ikkje eit par flasker. 

 

HANSA JULEALE 7.8%

Eg byrjar alltid med Hansa, det er tradisjon. Det er trass i alt nærbryggeriet til oss vestlendingar, i alle fall før det dukka opp mikrobryggeri på kvart eit nes. Dette er ølet me er vaksne opp med, og kjenner. 

Etiketten seier mørkt og aromatisk, og for ei gongs skuld er dette ikkje skryt. Hansa sitt juleøl har aldri vore mellom dei med mest smak, men denne er ei smaksbombe. Det var ikkje turvande å leita etter smakane her, alt lukta sladrar om eit kraftig og maltrikt øl. Eg tenkte “tysk type”, men etiketten seier belgiskinspirert…dei har då nytta (mellom anna) bayermalt og tysk bitterhumle, så eg kan ikkje vera langt vekke! Supert øl, Hansa! Eg er imponert. No angrar eg litt på at eg sa opp medlemskapen min i "Hansaølets venner", men eg kan ikkje reisa frå Voss til Bergen kvar gong dei har møte. Eg har nok logistikk å halda styr på allereide.  

 

HANSA JULEØL 6.5%

Etiketten seier berre “en klassiker” og lite anna enn generelt skryt. Greit nok. Det gjeld for dei fleste. Det var sjølvsagt tullete å drikka denne litt lette ølen rett etter ei smaksbombe som Juleale, for her måtte eg leita etter smakane. Det er litt for lett, og har litt for lite smak for ein ølelskar, det er korkje sæskilt godt humla eller maltsøtt. Men det funkar sikkert heilt greitt for dei som berre vil ha "ei juleøl, takk”. Vert sikkert betre etter litt lagring, sjølv om Hansa hevdar det er lagra lenge. Eg sparar det til påske. Lat meg leggja til at eg var på ølfestivalen i Kulturhuset i nyleg, og smakte på Waldemar sitt juleøl. Dette var særs godt, og med ein mykje rikare maltsmak enn Hansa. Eg vonar Hansa noterer seg dette, og legg inn litt meir pengar i malt til neste jol. Waldemar er Hansa sitt gamle bryggeri på Kalfaret, og ølet deira er ikkje å få på flaske, men på utvalde skjenkestader i Bergensområdet. 

 

DAHLS JULEØL 6%

Her juksar eg litt; tek ei pause frå dei mange typane frå Hansa, og jekkar opp ei Dahls. Eg er alltid spent på denne, for han skil seg som regel litt ut frå dei andre. Han er ganske lett, men med utsøkt aroma. Og han luktar godt. Eg tilstår at eg likar denne, som eg alltid har gjort. Han er balansert, og har smak av alle ingrediensane, utan at nokon av dei er påtrengande. Litt fersk muligens, så eg vonar å ha eit lager av denne og til påske. Eg kjenner  lommeboka letnar. 

 

CB JULEØL 6.5%

CB har ny etikett i år, med maritimt preg, naturlegvis, oppi julefnugga. Ølet luktar ikkje mykje, og vitnar om eit relativt nøytralt øl. Og det stemmer. Men det har ein viss humlesnert, og det er heller ikkje vassent eller kjedeleg grunna for lite malt. Ein god øl du ikkje trøytnar på tippar eg. Etiketten seier “Juleølet er en av de eldste og kjæreste tradisjonene vi har!" Og det kan me lett semjast om. 

 

MACK GOD JUL 6.5%

Me reiser frå helt sør til heilt nord, og nordlendingane har lagt litt meir i ølet for å klara seg gjennom vinterdepresjonane. Ølet luktar litt meir enn CB, og sladrar om meir malt. Etiketten seier “markert maltsødme og balansert bitterheit”. Det stemmer på ein prikk, og Mack har hatt dette preget gjennom fleire år no. Eit heilt ok øl. Takk Mack!

 

KINN TOMASMESSE 10,5%

Me er dermed i Florø, hjå ein produsent som systematisk lagar gode øl med artige namn og etikettar. Deira IPA er alltid mellom dei beste. I år får me ølen på småflasker som er veldig søte med den artige etiketten. Ølen luktar fantastisk, og smakar endå betre. Dette er ei smaksbombe, og beste ølet so langt. Etiketten seier at Kinn har bryggja dette ekstra sterke ølet med inspirasjon frå belgiske klosterbryggjeri, og at det korkje er pasteurisert eller filtrert. Dette kan vera sterkt medverkande til den gode smaken. Det kan ha gjærrestar på botnen, men det er ei smakssak om du vil tøma dette oppi ølet eller stogga hellinga rett før. Kan lagrast inntil 10 år! Hadde eg hatt meir pengar hadde eg kjøpt ein palle av denne. Ein fantastisk øl. Gratulerer, Kinn. 

 

LERVIGS JUL 6,8%

Ja, denne  var god, med ein lett attkjennande maltsmak. Likar du han so likar du han, so enkelt er det. Etiketten seier han har undersmakar av plomme, rosin, kandis, ingefær og anis, noko eg ærleg tala har problem med å konstatera. Dette minner litt om jålete vinjournalistikk; slike “ sekundære" smakar kan utvikla seg i vin som har vore lagra lenge, men skal ikkje finnast i øl om dei ikkje er tilsett. Her er det kort lagring og primærsmakane som tel. Sjølvsagt kan ei maltrik og søt øl gje assosiasjonar til anna som er søtt, og humle kan vera av så mange slag, men det får då vere grenser.  

 

RINGNES JULEØL STERK 6,3%

Ringnes har i mange år laga gode juleøl etter mi meining, med utsøkt aroma. Lukta er ikkje veldig kraftig, men sladrar uansett om fin maltsødme. Dette er ein relativt nøytral, men fint balasert øl utan usmakar, som sikkert står seg med lagring. Kjøp eit lager til påske.

 

RINGNES JULEBOKK 9%

Då er me over på eit øl eg alltid har store forventningar til, Ringnes sitt beste og sterkaste juleøl, ølet som kompisen min nedi bakken alltid kjøper eit lite lager av, og sparar til desember. Og prøver å gøyma frå kjerringa, noko som ikkje alltid lukkast, så han klagar alltid på svinn. Eg er no ikkje heilt sikker på om det er kjerringa eller han sjølv som er årsak til svinnet. 

Ølet skummar og luktar mindre enn eg hadde rekna med, men smaken skuffar uansett ikkje. Dette er eit kraftig og godt øl, med heilt anna kraft og maltrikdom enn dei meir nøytrale og lettdrikkelege variantane. Kan sikkert verta for mykje for sarte ganer, men for ein ølelskar er det manna. 

 

ÆGIR YLIR, 7%, 0.5L

Denne er på halvliterflaske, men eg måtte nesten ha Ægir frå Flåm med i testen. Ægir har god distribusjon på Vestlandet, så dette har me drukke mykje av. Eg innbiller meg at Ylir er “standardjuleølet” deira, so det var denne eg måtte byrja med, tenkte eg (dei har og andre og dyrare variantar). Han fekk visst ikkje så god kritikk i fjor, men eg drikk gode supar utan fordommar, og utan å ha lesa på etiketten. Dette smakte då aldeles ypperleg, utan alle dei kryddera som mikrobryggeria har hatt ein tendens til å nytta for å skilja seg ut frå dei store. Det står då heller ingenting på etiketten om at krydder er tilsett. Dette kjøper eg gjerne meir av. Obs, denne er ikkje med på biletet.  

 

AASS VELLAGRET JULEØL 9%

Aass premium juleøl forsvann ved eit uhell, so lat oss heller snakka om Aass sin sterke variant på 9%, deira svar på Ringnes Julebokk. Han har ei relativt kraftig lukt, så her er det sjansar for gode smakar. Fargen er uvanleg myrk. Og dette smakar. Her er ein kraftig og søt maltsmak kontrapunktert av ein høvelg bitter avslutning, akkurat som det står på etiketten. Med unntak av kontrapunkert, som eg fann opp sjølv i farta, berre avdi eg tykte det var eit veldig morosamt ord. Etiketten snakkar vidare om aromaer av julens dufter, javel, er det noko dei har putta oppi? “Anslag av mørk sjokolade” kan eg godta. Myrk og brent malt kan godt gje slike assosiasjonar, typisk for Mack og forresten. Ja, denne må du prøva. Ein av favorittane, men kan verta for søt for somme. 

 

OPPSUMMERING

Alle desse øla er gode, så det er berre tull å utnemna vinnarar og taparar. Ein kveld vil du ha den fantastiske og kraftige Ringnes Julebukk, ein annan kveld vil du ha ein mild og fin Dahls Juleøl. Men dei fire mest smaksrike er etter vår meining (Eg og Lars Mossefinn)

 

  • Ringnes Julebukk
  • Aass Vellagra
  • Kinn Tomasmesse og
  • Hansa Juleale
Read 5852 times Last modified on Wednesday, 16 December 2015 10:43
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items