Print this page
Tuesday, 05 April 2016 19:16

Om Globus og 3020 - Stig Arne si dagbok april 2016

Written by

 

 

NAD 3020

 
Eg har snakka med Karl Erik, sjølvaste (redaktøren), og etter obligatoriske påskehelsingar fortel han meg at han har skrive ein artikkel om Nad 3020, etter at han litt tilfeldig (og litt etter inspirasjon frå meg) har fatt tak i ikkje mindre enn to slike Nad-ar, ein 3020 og ein 3020A. Han undrast om eg har noko i mot det. For 3020 og denslags "billeg dritt" er jo liksom mitt område. Og det er jo omtenksomt av han. Men sjølvsagt har eg ikkje det. Me lever i eit fritt land, og audiophile.no er demokratisk styrt: Me skriv det me vil, stundom til Karl Erik si store fortviling? Uansett, Karl Erik har gjort eit grundig bakgrunnsarbeid og skrive om historia bak 3020. So slepp eg å gjera det! Eg har eventuelt berre tilføyingar. Det lydlege, altså lytteinntrykket, kjem i ein oppfylgjande artikkel. Og det vert frykteleg spanande  høyra om Karl Erik har liknande oppfatningar som meg om korleis 3020 let. Som han seier: Er det berre “hype”, som det heiter på nynorsk, eller kor god er eigentleg Nad 3020? Det skal nok både Karl Erik og eg freista å svara på etterkvart. Og då vert ikkje eit auge tørt. 
 
 
 
 
 
GLOBUS TIL BESVÆR
 
Eg har diverse framføre meg å gjera, og fann ut at dersom eg skulle få skriva noko, måtte eg få gjort det no. Ikkje at det er nokon tvang, eller bryderi; eg elskar å fortelja om kva eg opplever framføre stereoanlegget. Eg skulle ha skrive om noko heilt anna, men det tek meir tid å arbeida ut. Difor denne artikkelen om globusar. Eller kva ein globus gjorde med lyden min. 
 
Eg har ikkje vore heilt nøgd med lyden frå stereoanlegget på ei stund, utan at eg har klart å setja fingeren på det. Lyden har vore litt “smal” og klemt. Ein kveld eg lurte på kvar i all verda Indonesia var, sette eg globusen heilt tilfeldig oppå venstre høgtalaren. No veit eg kvar Indonesia er. Eg veit derimot ikkje kvar eg skal gjera av globusen, som eg aldri funne ein god plass for; huset mitt er stappfullt av møblar, hi-fi og allslags rusk, så han vart ståande der, oppå høgtalaren, avdi dette synte seg å ha ein heldig biverknad: Sett frå lytteplass skugga han for ei lyskjelde bak i venstre hjørna som var litt for sterk, slik at han blenda meg litt når eg lytta. Globusen vart difor ståande. Han skulle sjølvsagt stått oppå fjernsynet, dette er den normale plasseringa for familiar i villa, men etter at eg skrudde ny flatskjerm på veggen forsvann denne moglegheita og. Pluss den gode lyden frå det store kabinettet.   
 
Ein kveld tilbodet på TV var imponerande dårleg tilpassa min personlege smak, sette eg meg ned framføre stereoanlegget i staden, for å gjera litt seriøs lytting. Eg undra meg over lyden, som framleis ikkje var slik han burde vera. Brått slo det meg: Globusen, for pokker, og fjerna han (sjå bileta under). Og medan du undrar på kva ein stakkars globus kan ha med lyden å gjera, kan eg fortelja dette: Eg har alltid føretrekt symmetri i rommet der kor høgtalarane står. Ideellt sett skal sideveggane vera like, og høgtalarane plassert med lik avstand til sideveggar. Elles vert lyden diffus. Lite og ingenting bør stå mellom og bak høgtalarane, dette øydelegg perspektivet. Folk opplever lyd på so mange vis, eg for min del er ein svært “sjåande” lyttar, som legg stor vekt på stereoperspektivet. Eg sit og “ser” etter musikarane mellom og bak høgtalarane. Og medan du undrar på om eg er vel bevart, kan eg skyta inn at eg VEIT at dei ikkje er der, men at det faktisk kan høyrest slik ut, med eit godt og velplassert stereoanlegg. Høge rack eller TV mellom høgtalarane, slik mange har, øydelegg denne illusjonen, avdi dei er fysisk i vegen for lydbylgjene si uhindra utbreiing mellom og bak høgtalarane. Eg undrar meg forresten på kor mange gonger eg har sagt dette. Men eg held visst fram med det, avdi det er viktig for meg. Det definerar meg som lyttar, og korleis eg vurderar lyd.   
 
 
 
 
 
Etter at globusen var fjerna, kom den gode gamle lyden attende, som ved eit trylleslag, og eg kunne pusta letta ut. Eg visste eigentleg dette, eg hadde berre ikkje tenkt meg om. Globusen verka på 3 plan: 
 
1) Som ein gigantisk reflektor for venstre høgtalar sin diskant, 
2) han sto i vegen for stereoperspektivet, 
3) og han skapte usymmetri i lyden.
 
Alt dette er ikkje uvesentlege bidrag til den totale opplevinga av lyden. Eg er so heldig at eg disponerer ei stor, og lang (men litt smal) stove, slik at kjensla av ei scene bak og mellom høgtalarane verkeleg er til stades, og ein uvurderleg reiskap for testing av anlegg. Hadde eg vore ein normal mann kunne eg budd kvar som helst, men med ein slik hobby var det verkeleg ei lukka at eg flytta inn i dette huset.
 
 
 
 
MEIR PERSPEKTIV
 
Sjekk dei to andre bileta, denne gong utan globus. Ser du at på det eine biletet står høgre høgtalar med begge beina oppå teppet, medan venstre står direkte på tregolvet? Eg flytta på teppet slik at det no ligg symmetrisk mellom høgtalarane, slik at begge høgtalarane står likt (med eit fotpar oppå teppet, og det andre utanfor). Dette tok litt tid å gjera, slik at eg var litt usikker på kva endringane bidrog til. Dette var seint på kveld, eg må spela litt meir for å gjera meg opp ei bastant meining om dette. Men eg er ganske sikker på at lyden alt i alt vart klårare. Eg vil plasera ein liten bit med noko dempande under dei føtene som ikkje står på teppet, også for å retta dei opp. Men alt i alt er høgtalarane såpass tunge at dei står relativt stødig. Det er sjølvsagt dempemateriale mellom høgtalarane og krakkane, elles vill desse klapra mot kvarandre.  
 
   
Read 6187 times Last modified on Tuesday, 05 April 2016 21:29
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items