Print this page
Friday, 07 October 2016 12:39

Hortenmessa, sett gjennom Stig Arne sin høyrelur Featured

Written by

 

 

 

 

I år, som i fjor og i forfjor osb, var audiophile.no sterkt representert på “Hortenmessa”, med redaktør Karl Erik og fire redaksjonsmedlemer.  

Så var det Hortenmesse att, og vestlendingane i redaksjonen forlet vestlandet i ausande regnver, og kom fram til nydeleg ver på austlandet. Kjekt at det ikkje var omvendt. Det hender det og. Audiophile.no hadde to rom å boltre seg på, i det eine tok Arve Åheim og eg på oss å demonstrera eit - som vanleg - lite og rimeleg og helst klassisk anlegg. Og lat oss ta det først: I fjor hadde vi med oss ein Nad 3020 og eit sett Rogers LS3/5A, eit anlegg som knappast treng nokon presentasjon. Mange likte lyden, og undra seg storleg over at ein liten Nad kunne drive høgtalarar som er berre 83dB kjenslevar. I år hadde vi med oss ein Rotel RA 820 forsterkar, den opprinnelege modellen, som som vart lansert som ein direkte konkurrent til Nad 3020. Ein ny CD-spelar var og på plass: Revox B 226. Denne er basert på den beste teknologien Philips kunne oppdrive på seint 80-talet: Den vidgjetne DAC-en TDA 1541, av mange rekna som den mest musikalske DAC-en til dags dato. Denne spelaren har ein stor, vaksen, behageleg og musikalsk lyd. Av høgtalarar kunne me velja mellom Yamaha NS 1000, BBC-monitoren Sterling LS3/6 og andre, men Arve insisterte på Spica TC 50, ein “amerikanar" konstruert av legendariske Jim Bau. Desse “trekanthøgtalarane” er små og lette, medan Yamaha-ane er så tunge at det ikkje er godt korkje for ryggen eller Volvoen. Så eg let han få viljen sin, bræleungen. 

 

NAD-KILLER?

Rotel RA 820, 20 Watt og ikkje større eller høgare enn ein DVD-spelar (men tung og solid!) vart presentert som reinaste Nad-dreparen, og det er noko i det. Eg kjøpte ein slik ved ein tilfeldigheit på FINN; eg har hatt masse Rotel opp gjennom åra, men aldri denne opprinnelege, og det er denne som står att som “budsjettvinnar” i den slags kåringar, akkurat som 3020 frå Nad. Eg var difor spent på lyden, og vart ikkje skuffa. Ein veldig “sterk” og klar ljod, med ein “mørk” mellomtone og dempa diskant. Her er større djupn i lydbiletet enn hjå Nad, og bassen er og djupare og fastare enn på (einskilde) Nad 3020. (Kan ha noko med uttørka kondensatorar å gjera og). På mange måtar føretrekkjer eg faktisk Rotel-en, sjølv om Nad-en spelar mjukare. Men nokon endeleg dom er framleis ikkje felt, så her skal me ha meir moro. La du forresten merke til kassetten på framsida av messekatalogen? Etter kva eg kunne sjå, var me den einaste utstillaren som hadde med ein kassettspelar, ein Philips FC 144. Denne lagar ein NESTEN perfekt kopi av LP, CD eller Jazzklubben på Nrk P2, om du brukar han rett. Me raska med oss ein tilfeldig bunke kassettar, både ferdiginnspelte og sjølvinnspelte, og dommen var som baken: Delt. Meir om det under. 

 

OPPSTILLING

Optimal plassering av høgtalarane er kan hende det viktigaste av heile stereoanlegget. På messe har ein ikkje tid til å bruka timesvis på å lytta seg fram, så eg brukar måleband og kalkulator: Ein tredel av lengda på rommet frå bakvegg, og ein femdel frå sidevegg. Dermed vart høgtalarane ståande langt framme i rommet, men me berre kompenserte med å flytta stolane lenger bak. Denne “oddetalsregelen” sikrar ei plassering der det er minst resonnansar. Matematikk og fysikk lyg ikkje. Ei plassering lenger bak, ein femdel frå bakvegg, vart prøvd men avvist; då fekk me ikkje lyden til å bløma. Det vart berre graut, og Arve var samd.  stilte opp anlegget fredagskvelden medan eg drakk øl og vin med leiaren av Oslo Audio Society og andre festglade utstillarar i resepsjonen og hadde det riktig så kjekt. (No har det i ettertid synt seg at det ikkje var leiaren i OAS eg drakk øl og vin med - han var heime og pakka campingbilen den kveld, og dukka ikkje opp før han satt i stolen rett framfør meg hos Roald i Renaissance Audio fire dagar seinare. Men det kan muligens ha vore Fingal Olson som satt der og drakk øl og vin (red.anm)).

Arve hadde det ikkje like kjekt. Men takka vera han hadde eg berre finjusteringar att å gjera laurdagsmorgon. Og desse er viktige, høgtalarane måtte fininnstillast, kablar må leggast litt finare og ute av vegen, og høgtalarterminalane må heile tida strammast, for stive einskild-leiarar har ein tendens til å løysa seg i terminalane. Men ikkje bak på forsterkaren, for her er det fjørbelasta terminalar, og desse er ikkje så dumme som mange vil ha det til, berre fjørene er stramme. Eigentleg ein genistrek: Alltid stramt. Automatisk.  

 

Rotel RA-820

 

REAKSJONAR

Brått var rommet fullt, eg gjev ein kort presentasjon av anlegget, og forklarar at me berre spelar musikk for å skapa blest om audiophile.no, “bladet” vårt på nettet. (Som er eit reint entusiastføretak). Me sel ingenting, og eg trur publikum sette pris på denne ikkje-kapitalistiske og uhøgtidsame atmosfæren “utstillinga” vår la opp til. Om det hadde noko med alkoholinntaket å gjera eller ikkje, eg tykte stundom det let godt, stundom ikkje, og reaksjonane frå publikum varierte frå ein som sa at “jamen dette er jo det beste jeg har hørt på hele messa” til han som resolutt tok guttungen i armen og gjekk ut, demonstrativt og hovudrystane. Han hadde lytta til kassett. Og rett skal vera rett: Mange av desse kassettane har sett betre dagar, og ikkje alle opptaka var like gode heller. Mange tykte likevel det var eit hyggeleg gjensyn, og latteren sat laust. 

Fidelity-redaksjonen var og sterkt til stades, med redaktør Knut Vadseth og nesten(?) alle skribentane. Fleire av dei var innom rom 231 der me heldt til, og her og var meiningane delte: ein meinte det let skrekkeleg, medan “sjølvaste” Vadsethen meinte det lett rett så bra. Og det var til og med frå kassett. Men han fekk i det minste klassisk musikk, og koste seg. Men ingen av desse travle skribentane hadde noko i nærleiken av normalt tolmod. Det same galdt nok meg sjølv, når eg var i andre sine rom.   

 

ADP HiFi

 

 

 

ANDRE PLASSAR

Som utstillar sjølv, hadde eg lite tid til å vandra rundt og høyra på dei andre, så her vil Karl Erik og Arve utfylla meg. Men eit par turar vart det tid til. Det må ein jo nesten berre få med seg. Dei romma der det let litt tynt og stivt går eg raskt forbi, men der eg høyrer ein viss varme og musikalitet stikk eg innom for å sjå kva som spelar. Og det var mange slike rom, for all del. Eg tykkjer mange har høgtalarane for nær bakvegg, og då fyller ikkje lyden rommet skikkeleg, men det er no berre mi meining. Dessutan vinklar dei fleste høgtalarane inn, og det er heller ikkje min smak, men eg freistar å lytta meg “forbi” det. Ein kan jo ikkje få alt slik ein ynskjer. Diverre. I dei store lokala, med kraftige forsterkarar og store og dyre høgtalarar, dundra stor og bassrik ljod ut i rommet. Ein slik ljod kunne me, i det lille rommet vårt, med 20 Watt og små høgtalarar, naturleg nok ikkje måla oss med. I samanlikning vart ljoden vår bassfattig og anstrengt, særskilt om me freista å dra på. Men på sitt beste tykte eg detaljeringsevne og musikalitet var bra for eit anlegg som nesten ikkje kostar noko. Med unntak av Revox-en. Som eg har fått gratis av Stig Inge Bjørge (Lyra).  

 

Nagaoka mm-pickupar for einkvar pris

 

Andsynes vårt eige rom heldt ein triveleg danske til, han demonstrerte nokre pitte små, nesten runde høgtalarar -i støypejern! Sidan han var næraste nabo var det nesten uhøfleg å ikkje stikka innom, og han baud meg å sitja. Han sette på noko storbandjazz, og ut strøymde ein stor, behageleg og likevel detaljert ljod med god djupn, sjølv om det ikkje var veldig langt til bakvegg. Han innrømma å ha juksa litt, han hadde ein subwoofer under bordet, gøymd av duken. Bak Mac-en (og ein DAC) skjulte det seg ein mini-forsterkar frå Parasound på 45 Watt. Ikkje noko jåleri der! Men det var ingenting lite med lyden. Og konstruktøren var ingen kvensomhelst: Ole Lund Christensen - B.Sc.E.E - eg trur det tyder høgt dekorert ingeniør; CEO i Audioform ApS. Han og verksemda hans har konstruert høgtalarar for fleire enn han har lov å nemna. Store overraskingar kan sanneleg koma frå små rom og.

Eg takkar som vanleg tilskiparane for det store arbeidet dei legg ned kvart år, for å skipa til den no einaste samlande hifi-messa i landet.  

 

Nydelege basar frå APD A/S

 

 

Avreise: Karl Erik (audiophile.no), Gunnar Brekke (midten) og journalist Jan Omdahl (venstre)

 

 

    

Read 6954 times Last modified on Sunday, 09 October 2016 13:58
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei