onsdag, 28 mai 2014 09:44

Manley Chinook Del II: (Ettersom eg ikkje greier å konkludere, hektar eg nokre av arbeidsnotatane mine ved artikkelen):

Skrevet av
 

Dygdene til Chinook og ein refleksjon rundt anlegget mitt, vitsen med alt, liksom…

Elles ser eg at Chinook har ein del fantastiske eigenskapar. Eg er veldig glad i den flotte bassattgjevinga, som spesielt godt kom fram på Soundsmith Aida, utan at Koetsu Black kan seiast å føre til at du mister noko. Chinook vil eg omtale som ”svært nøytral”, som ikkje framhevar noko spesielt, men leverer eit totalt lytteinntrykk som kanskje ikkje er heilt objektivt, men akkurat det eg (som gammal bassist, kanskje?) vil sette pris på – noko litt udefinerbart, men som kanskje ligg i dynamikken, meir enn nokon annan stad. Dette er ein del av Manley-elektronikken sitt ”fingeravtrykk”, etter mi meining. Dette gjev magiske opplevingar, berre du passar på å ha god nok pickup i tillegg.

Eg skjønar at eg har vorte mindre dogmatisk med åra, og er i mindre grad fokusert på at ting skal vere så nøytrale som råd. I anlegget mitt er det berre ASR Emitter 2 Exclusive som kan seiast å vere verkeleg nøytral. VPI-spelaren spelar fyrst og framst engasjerande, og skulle eg hatt ein skikkeleg nøytral sak, vil tilsvarande prisa riggar frå Clearaudio overtyde meir. Og endå mindre bakgrunnseffekter hadde eg fått ved bruk av dei største Nottingham-riggane. Det er ingen tvil om at høgtalarane mine er eksepsjonelt gode, men ”nøytral” er ikkje det fyrste ordet eg ville bruke for å omtale dei, rundstrålande og alt det der.

Så både Manley Chinook og Whest-riaatrinna gjer seg veldig godt i dette selskapet. Det er nok ikkje i eigenskap av nøytral attgjeving, men i kraft av engasjementet dei tilfører musikken. Det får meg til å bruke eit ord som eg har fått mykje kjeft for; ”ngoma”. Ordet vart kjent for meg via professor Jon Roald Bjørkvold si bok ”Det musiske menneske”. Ordet kom vissnok frå bantu(?) og tyder musikk, men også tromme, fest, moro, alur….eit ord som er meir omfattande enn vår smale tilnærming. Noko som eg for mange år sidan prøvde å innføre som ein faktor i lydattgjevingsevna til eit godt anlegg. Som ein femte smak. Noko som kunne gje ei større forståing av heile lydattgjevingsproblematikken. Det er eigentleg lett å høyre, men frykteleg vanskeleg å kvantifisere – det som gjer at du likar noko, eller er meir likegyldig. Linn har marknadsført platespelaren sin som i stand til å levere ”footstomping effect”, og vi hugsar kanskje utsegna ”Nice gear, but it doesn´t boogie, som fekk den legendariske høgtalarkonstruktøren Arnold Nudell til å gå av skaftet. Det vert liksom forståeleg når du høyrer desse to riaatrinna.  Og anna Manley-elekrtonikk. Faktisk gjekk Stig Arne Skilbrei av skaftet då han høyrde anlegget mitt med full Manley elektronikkpakke. Og hifi-gudane skal vite at eg skjønar Stig. Eg kunne berre ikkje slå meg til tåls med alt dette engasjementet – og så er det utfordrande nok å møblere daglegstova slik at mbl 101 glir naturleg og diskret inn i inventaret, eit par spyflugelilla 500-watts, varmeutviklande monoblokker med behov for 10 store utgangsrør pr kanal kunne bli i overkant. Men eigentleg var det mange kvalitetar over dette som ikkje helt kjem fram ved hjelp av dei fire boksane som til saman utgjer ASR Emitter 2 Exclusive, som no er ein del av husheilagdomen.

 

 

 Direkte samanlikning med Whest?

Etter ei stund med Chinook og Koetsu Black i hovudrollene fann eg ut at Whest skulle få sjansen til å prøve seg att. Aller fyrst måtte han varmast opp – det er spesielt lite lurt å samanlikne ein kald Whest med ein varm Manley. Så leidningar vart skifta, og forsterkaren påslått.  Eg gjorde meg unna med popquiz og husvask før eg tok til å finlytte.  

Ingen tvil om at Whest gjer ein like god jobb med Koetsu som Chinook gjorde. Men annleis. Meir luft, annleis bass (nei, ikkje mindre, berre på ein annan måte. Meir passande til kontrabasspel. Litt kjedelegare på Dance With A Stranger). Og finn ut at det vert vanskelegare å bestemme seg for kva som er mest for pengane i denne samanheng. Ein pickup som Koetsu fungerer som hand i hanske saman med Whest, fordi her er denne vesle, ekstra gainen.  Og Accuphase sin gamle AC 1 treng også dette for å levere optimalt.

Chinook er i utgangspunktet veldig allsidig, med justeringar for det aller meste – berre MC-pickupar med svært lågt output ville by på problem. Og med sine utvendige, solide dipswitchar er nok Chinook betre for den som vil vere fleksibel.  Er det MM og andre pickupkonstruksjonar som leverer mykje output, er saken klar. Men om du held deg på MC med få viklingar og lågt output, må det vurderast om Whest sine større modellar er meir fornuftig. Men det er også økonomi i dette – Du sparar nokre tusenlappar på å velje Chinook.

 

Frå notatane

-  Sporinga av elpiano-diskanten på ”Bloody well right” baud heller ikkje på særlege problem, sjølv om det ikkje på nokon måte kan samanliknast med det aller beste, som t.d. Rudi sitt oppsett med AirTight-pickup -  den trommeskinnlyden derifrå må berre opplevast før ein uttalar seg om  vinylen sitt lydlege potensiale.

- Eg var også innom eit par klassikarar frå RCA Living Stereo-katalogen, og må innrømme at gamle AC 1 er eit høgverdig alternativ også i dag. Ein pickup som gjer det Denon 103 ikkje får til, utan å ofre noko.

- Måten Bob Marley sitt flotte studioalbum ”Natty Dread” vert presentert på, er berre usannsynleg flott og naturleg. Det same gjeld for Kate Bush ”Wuthering Heights”, som eg aldri har høyrt like bra.

- Også på Zephyr sitt svakaste felt, perspektiv og romattgjeving, gjer Aida det betre, fullt ut tilfredsstillande for dei aller fleste av oss.  I direkte duell mellom Aida+Chinook på den eine sida, og Whest+Koetsu Black, er det sistnemnde som vinn kampen om perspektivet, men ikkje når det gjeld dynamikken.

-  Når det gjeld klangeigenskapar er det mykje eit spørsmål om smak og behag.

-  Whest har betydeleg meir gain, og vil såleis vere den umiddelbare vinnaren når ein A/B-testar. Dersom ting ikkje er direkte uharmoniske, vil nesten alltid det produktet som har høgast gain vere vinnaren. Men dette er ikkje rettferdig, og i mitt oppsett, med den dødsstille ASR-forsterkaren, er det eigentleg ganske likegyldig, ettersom eg berre kan skru opp volumet på ASR til det er likt.

- Spelast det rock, og om det brukast high-output MC eller vanlege MM-pickupar, Soundsmith sine konstruksjonar, bør du nok prøve Manley. Men om du held deg til MC, spesielt der signalet er godt under 0,5 mV, er Whest fantastisk.

- Manley har litt av den klangmessige karakteren som gjer desse produkta så fantastisk morosame å lytte til, men Chinook er nok det Manley-produktet med minst ”fingeravtrykk”, altså meir nøytral enn både forforsterkarane og effekttrinna eg har høyrt så langt.

- Manley har også meir solid byggekvalitet, men også denne må opnast for å komme til dei justeringane som skal til for å skifte gain mellom MM og MC. Dei andre dipswitchane er derimot monterte på baksida, slik at du slepp å skru opp for å finlytte deg fram til kva som fungerer best på ein ny pickup du vil teste ut. Under utprøvinga er det lurt å plassere Chinook med baksida fram, slik at ein kan herje fritt (husk å mute)

Lest 4841 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.