fredag, 13 juni 2014 14:15

Vossajazz 2014 - Årets musikalske høgdepunkt

Skrevet av

Vossajazz 2014 er over forlengst, men det hindrar oss ikkje i å dele bileta med dykk, til hyggjeleg mimring for dei som var der, og til inspirasjon for dei som ikkje kunne kome, men som har lyst til å koma til neste år?

 

For Vossajazz kan ein ikkje gå glipp av. Det er ein av dei beste merkevarene på Voss, og var her lenge før Ekstremsportveko. Vossajazz trekkjer folk frå heile landet, og gjer Voss til ei sydande gryte av oppstemte, festglade og musikkelskande menneske. Det er berre å stupa inn i palmehelga. Påska kjem tidsnok.

Kven som spelte finn du ut på nettet; bruk gjerne Spotify og You Tube til å lytta til artistar du gjekk glipp av eller ikkje kjenner til, og ynskjer å gjera deg kjend med. Slik kan du verta kjend med nye og spanande artistar, som gjer livet ditt rikare. Eit stort problem for meg i år var at fleire av kveldane starta med opp til fire gode konsertar på nøyaktig same tidspunkt, t.d. kl.9, slik at det måtte knallharde prioriteringar til for å bestemma kva konsert eg ville høyre. Dette er kan henda gjort med vilje for å unngå forstyrrande vandring mellom konsertane, men gjer det og vanskelegare å få eit glimt av alle, og deretter bestemma seg for kven du vil høyra på. Det er lettare når dei startar litt etter kvarandre. Og apropos forstyrrandre vandring: Eg likar (eigentleg) ikkje å vera negativ, men eg skulle faktisk ynskja at dei som går på Vossajazz berre for å drikka og skråla, kunne halda seg ein annan stad, slik at det vert plass og høve til konsentrasjon for oss andre.

 

Nokre høgdepunkt

Come Shine, Vossasalen (Park Hotell)

 

 

Andy Emler Trio m/ Dave Liebman, amerikansk-fransk forbrødring i eit moderne improvisatorisk landskap. Den glitrande trommeslagaren Eric Echampard (til venstre) imponerte denne meldaren stort. 

 

 

Grand General, sensasjon på plate, sensasjon på konsert: Ola Kvernberg gjev jernet på Park hotell, opningsdagen fredag. Tung, melodiøs og progressiv jazzrock frå supergruppa med Ola Kvernberg som improvisatorisk flaggskip, med Motorprycho-trommis Kenneth Kapstad.   

 

 

 

Gruppa Møster!, her ved Kenneth Kapstad

 

 

Nels Cline løfta ein elles ordinær Medeski, Martin & Wood-konsert. Dei som hugsar det, minnest MMW-konserten på Vossajazz i 1998 som langt betre.

 

Årets tingingsverk: Rubicon av Mats Eilertsen vart det høgdepunktet mange hadde vona på. Likevel var meiningane etter konserten delte.

 

 

Eitt av fleire tingingsverk: Polyostinat av Ivar Kolve, her ved Ellen Andrea Wang og Jarle Vespestad

 

 

Laurdag i gamle Voss kino: Nor-cd familien samla. Karl Seglem, Gisle Torvik og Epletrio i innbitt samspel. 

 

Bill Frisell

Eit høgdepunkt for meg i år var konserten med Bill Frisell, som var opningskonserten og gjekk av stabelen alt fredag kl. 7. Då var eg framleis opplagt og relativt edrueleg, so her har eg gode notatar. Seinare i veka vart det meir øl og mindre av den slags for kvar dag som gjekk, så eg tenkjer me held oss til fredagen. Eg fortel om denne konserten meir eller mindre akkurat som eg skreiv det ned same kvelden, i myrkret, så det nesten er uleseleg: Er lyden god? (forsiktig innleiing med fele, trommer og Bill sjølv). Kva høyrer eg? Er det direktelyden frå instrumenta, den forsterka lyden frå PA-anlegget, eller ei blanding? Lyden er ikkje særskilt god, og han har ikkje glød. Eg er storleg forbausa, for eg kjenner jo folka bak miksebordet, etter eit langt liv på allslags konsertar. Eller er det berre meg som ikkje er oppglødd? Men som alltid: Han bak spakane er profesjonell til fingerspissane, no er han vorten varm i trøya, han har fått justert seg inn litt, og skrudd opp litt, og hjå skribenten har alkoholen byrja å gjera sitt. Og brått går heile konserten opp i ei høgare eining: Det er helg, det er Vossajazz, musikken er fantastisk, lyden er topp, og livet er godt leveleg.

Denne gruppa er ikkje min diett, normalt sett. Her er ingen blåsarar, berre gitar, bratsj og trommer. Og gitar får eg plenty nok av i popmusikken. Men når det er så lettbeint, uanstrengt og harmonisk som dette, spelar det liksom ingen rolle. Og trommeslagaren er ubetaleleg i elegant og ikkje-forstyrrande akkopanjement fullt i detaljar. Og når Arve Henriksen kjem på scena, uanmeldt, får eg likevel det er har sakna: Ein blåsar. Han tek konserten til eit nytt nivå, og det einaste som hindrar meg i å nå Nirvana er at eg må eit heilt naudsynt ærend.. Det er somme ting moderne teknologi aldri kan fiksa.

 

Arve går av scenen, og eg treng nesten krisehjelp. Men fleire gode låter fylgjer, stundom litt blues-aktige, stundom jazz, og stundom reine pop-låtar. Siste låten var så vakker at det var til å grina av, medan ekstranummeret var eit langt geisp. Slik må det vel vera for å få folk til å forlata salen. Lokalavisa Hordaland skriv langt og positivt om tingingsverket til Mats Eilertsen, og om Frisell-konserten som om det berre var Arve Henriksen som berga han. Eg kunne ikkje vore meir usamd. Tingingsverket kunne ingen berga. Men slik er det med jazzen: Du bestemmer sjølv kva du vil lika. Her er ingen musikkpoliti, og ingen fasit. Berre denne: Vossajazz er årets musikalske høgdepunkt. Her skal det mykje til at du ikkje vil finna noko du likar. Takk for i år. 

Lest 3478 ganger Sist redigert onsdag, 18 juni 2014 09:50
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.