tirsdag, 06 januar 2015 21:51

Swissonor PP - eit riaatrinn

Skrevet av

Når du brukar moving magnet-pickup, treng du strengt tatt ikkje å gjere så mange justeringar. Dei flottaste konstruksjonane kan heve seg litt om du finstiller picofarad. Dette er små, men høyrbare justeringar, der du må både ta omsyn til kabelen så vel som dei elektromagnetiske eigenskapane til pickup og apparatet i seg sjølv. Men etter mi erfaring er dette langt mindre kritisk enn det å tilpasse impedansen for MC-pickupar.

 

Swissonor har altså gjort det enkelt, Riaatrinnet har ikkje justeringar, men er tilpassa 47 kOhm og gain passande til vanlege MM-pickupar. Skal du ha MC, kjøper du ein PPP. Det seier seg sjølv at ein meirkostnad på over 10 tusen, vil heve dei analoge ambisjonane til eit prisnivå på pickupen som gjer at ein bør koste på seg verkelege godsaker også elles i anlegget. Såleis må ein kunne unne seg å oppgradere frå TD 160 til ein blodtrimma Thorens 124, ein slik som Swissonor har på repertoaret.

PP er altså ein riaa som er tenkt å kunne fylgje med langt på veg, uansett kor høge forventningar ein har til vinylmediet. Det oppsettet eg prøvde ut, med ein av dei rimelegaste pickupane på marknaden, påmontert ein Thorens 160, kan sjå ut til å vere fyrste trinnet på ein ganske lang stige.

Valet av pickup her er ganske klokt. Ortofon 2M red matchar Swissonor-filosofien godt, og PP er ein livleg og dynamisk riaa, med god oppløysing, mykje detaljrikdom, og rik og naturleg klangbalanse som heilt klart kan brukast også i andre samahengar enn det som gjev Swissonor-synergi.  Somme entusiastar ville kanskje forvente seg innebygde MC-alternativ på dette prisnivået. Men ved hjelp av ein av PPP-versjonane, kan du komme til dette, til ein pris som ikkje er meir brutal enn andre riaatrinn på same ambisjonsnivå.  Og då har du nok ein pickup som er i den femsifra prisklassen.

 

Konklusjon:

PP er ein enkel, men raffinert MM-riaaforsterkar av god kvalitet, der fokus på dynamikk står i høgsetet. Sjølv om kvaliteten er like god som andre kostbare konkurrentar, manglar PP dei mange innstillingane ein kanskje vil forvente. Men til Ortofon 2M red er det iallfall ein perfekt match, eg hadde aldri trudd at ein så enkel pickup kunne klare seg så godt. PP passar dessutan nydeleg saman med MC-trafoen PPP, og kan få det beste fram frå ganske krevjande lågsignals MC-pickupar. Når du veit kva du ynskjer deg, vil dette ikkje vere noko problem, men som vanleg vil eg tilrå å prøve før du kjøper, om denne riaaen er i samsvar med dine forventningar.

 

Utlånt av www.bebophifi.no

 

 

 
Lest 5339 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.