torsdag, 22 oktober 2015 08:11

Electrocompaniet ECG 1 - Snøggrapport

Skrevet av

Aller fyrste platespelar frå Electrocompaniet. Audiophile fekk æra av å syne han fram på Hortenmessa for fyrste gong. Massevis av interesserte, og spørsmålet som stadig kom igjen var: ”Er dette ein Electrocompanietplatespelar”?

 

 

I dagane då det nasjonale element var ein viktig faktor om eit produkt skulle kjøpast eller ikkje, var det ingen norske platespelarar. Heilt til no har ingen drive på med slik produksjon ut over hobbybasis. Når produsentar vert spurt om slikt, får ein gjerne til svar at ”ein tenkjer på det”. Men no, i denne globaliserte verda vi lever i, dukkar det opp ein platespelar med eit kjært namn. Logoen til Electrocompaniet står tydeleg på spelaren, med design som opplagt er gjort etter same filosofi som øvrige Electrocompaniprodukt. 

 

 

Det er ikkje så enkelt

Før vi tek føre oss spørsmålet om norskdom, må vi komme nokre faktorar i hug. Å bygge ein platespelar er ikkje enkelt. Ein må ha brei kompetanse, og eit omfattande produksjonsutstyr. Det skal leverast ein ganske perfekt motor, kabinettet skal vere slik at det ikkje formidlar resonansar, pickuparmen er ei sak for seg sjølv (les mine artiklar om temaet), og så har vi endeleg sjølve pickupen, der produksjon krev heilt spesielle føresetnadar. Eit produktutviklingsteam som sit på alt dette, vert ganske omfattande, og det kan ikkje finnast innan landegrensene, i motsetnad til i våre skandinaviske granneland (som heller ikkje har allverda av platespelarprodusentar).

Så korleis har eit (relativt) lite, norsk elektronikkfirma med high-end-profil klart dette? Svaret måtte nødvendigvis verte å handle med utanlandske underleverandørar.

Det er ikkje noko gale med dette, og det er heilt i tråd med tida. Heilt sidan Vincent dreiv produktutvikling i Tyskland og produserte i Kina, har dett vore ein ganske vanleg strategi. Også innan kles- og bilindustrien designast deler eller heile produkt i høgkostland, medan produksjonen skjer der det er låge kostnadar.  Ein platespelar utvikla frå grunnen av, har ikkje vore betalbar, og heilt sikkert ikkje konkurransedyktig. Men det ser ut som vinylentusiasten Gunnar Brekke har vore djupt inne i produktutviklinga.

 

 

Kva har så Electrocompaniet gjort?

Naturleg nok har det ikkje vorte produsert ein pickup på Tau. Den pickupen som var montert på spelaren er levert av amerikanske Soundsmith. Eg kjende han ikkje att som nokon standardmodell, så det er vel snakk om eit produkt levert etter spesifikasjonar frå EC.

Soundsmith er eit veldig fornuftig alternativ, som fungerer godt i svært mange konstellasjonar, både når det gjeld armar og riaatrinn. På same tid har Soundsmithpickupane til vanleg svært god lyd for pengane, så sjølv om eg ikkje prøvde ut pickupen i denne samanheng, kan vi vere ganske trygge på at det er ein god sak.

Armen er heller ikkje heimelaga, men ein Jelco. Desse armane, og ikkje minst armkabel, er av svært høg kvalitet prismessig. Rett nok finnest det nok betre presisjonsinstrument, men då snakkar vi om armar som ville pressa totalkostnaden på spelaren til eit høgare prissegment. Armen har dessutan den gamle SME-fatninga for pickuphus, slik at det er enkelt å skifte pickup, om du ikkje har dei aller råaste nåleslipingane som krev finjustering. Og her skal ein som tidlegare nemnt ta utgangspunkt i ein Soundsmith.

Så har vi sjølve drivverk og kabinett. Dette er det norske innslaget. Her er det brukt blank akryl i øvste delen, som det passar seg Electrocompanietprodukt. Så er det akryltallerken, eit materiale som er godt eigna til platetallerken, og som dessutan held pris og vekt på eit gunstig nivå. Skulle det vore brukt aluminium eller andre eksotiske material, ville det forvanska produksjonen og auka prisen. Tallerkenen er felt ned i det gjennomsiktige akryllaget, og lagra på ei kule som ser ut  til å vere av svært høg kvalitet. Bra, for dette lageret har svært mykje å seie for kvalitet på platespelardrivverk.

I fyrstninga tenkte eg at dette var sterkt inspirert av tyske Clearaudio, men ved nærare gransking ser eg at min eigen VPI Superscoutmaster (Gunnar Brekke har hatt meir enn ein finger i denne spelaren, og han har sjølv ein VPI-spelar) kanskje er ein nærare slektning, ved at midtlaget av kabinettet er eit tynt lag aluminium. Dette stivar av kabinettet i større grad enn rein akryl kan gjere. Botnen er også akryl, men i svart farge. Og beina er dei velprøvde – og norske Soundcare. Funkar under det aller meste.

Det ser ut som Electrocompaniet har kasta seg inn i det aller hardaste prissegmentet for platespelarar på ein svært gjennomtenkt måte.

Motoren er plassert på ein eigen sokkel, og er ikkje i direkte kontakt med kabinettet. Det hadde ikkje gjort noko, for motoren er ekstremt stillegåande. For mitt auge såg det ut til å vere ein ekstremt vibrasjonsfri sak frå Pabst. Men Geir Frode Skjæveland frå EC kunne fortelje meg at dette ikkje stemmer. Dei hadde rett nok planar om å bruke ein Pabst-motor, men firmaet lagar ikkje lenger slike. I staden hadde dei lukkast i å finne ein godsak frå firmaet Saia, som eg ikkje kjenner til. Det er snakk om ein 3-fasemotor som har ei svært avansert styring. Motoren er ganske liten, slik at det ikkje dannast unødvendig med korkje interferens, støy eller vibrasjonar.  Denne kan du halde i handa utan å kunne avgjere om motoren går eller står i ro. Du kan rett nok merke når han startar opp eller sluttar, men det vitnar om svært høg kvalitet når han oppfører seg såpass pent. 

Drivreima kan vere litt plundrete innimellom, og du må vere forsiktig når ho leggjast rundt platetallerkenen. Dette må vere midt på, slik at ho ikkje hoppar av. Startmekanismen fuska også ved to høve då vi prøvde spelaren, men dette kan skuldast feil bruk. Elles er det eit pluss for dei som har steinkaker at spelaren også har 78 rpm. Det einaste du treng for avspeling av desse er ein monopickup i eit eige shell.  Dette er ein idrett som svært få moderne platespelarar kan konkurrere i, ettersom dei berre har 33 og 45 rpm.

Ein ting eg kunne ynskje meg er eit godt lokk som held støvet unna spelaren. Det er ingen heksekunst å få produsert slikt, så vinylentusiastar kan alltids få laga eit slikt på eiga hand. Men støv synest veldig lett på ein spelar i akryl, så dette kunne gjerne vore standard.

 

 

Dristig mellombels konklusjon

Etter å ha spelt på spelaren under Hortenmessa nokre timar laurdag, rett nok med ein annan pickup enn den Soundsmithen som platespelaren vart utlevert med frå Electrocompaniet, tek eg sjansen på å synse forsiktig om EGC 1. Oppsettet eg brukte til utprøving var i utgangspunktet ukjent for meg, langt frå ideelt, og spesielt bassnivået var i overkant i det vesle hotellrommet. Men det var ikkje tendensar til feedback eller andre problem der spelaren stod plassert på skrivebordet på hotellrommet. Spelaren er sett saman av gode komponentar, og er gjennomtenkt på dei viktige parametrane. Han er heilt fin å spele på, og vil ganske sikkert passe for svært mange audiofile som tenkjer på ein spelar i dette prissegmentet. Kanskje det finnest betre armar, flottare pickupar og kabinett/drivverk som har betre lydkvalitet på visse felt. Men eg er rimeleg sikker på at då må du betale ganske mykje for godsakene. Så eg har ingen innvendingar mot dette, og kan berre gratulere EC med eit så fornuftig produkt, som absolutt burde kunne hevde seg i denne prisklassen.

 

Pris utan pickup: 28.900,-

Les meir om ECG 1 hos Electrocompaniet

 

Lest 8413 ganger Sist redigert torsdag, 22 oktober 2015 08:30
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.