Hifi-Messa i Horten 2013 - Del 11 - Stereofil

Skrevet av

På rommet til Stereofil var det besøk av Manley-karane, to entusiastar som hadde tatt agenturet til denne lett sagnomsuste rørelektronikkprodusenten. Og dette merket bør du notere deg. Eigentleg steller Manley i hovudsak med elektronikk til den profesjonelle musikkmarknaden, men leverer også nokre få, men ekstremt interessante hifiprodukt.

Les meir.

Publisert 11. november 2013

Aller mest kjent er nok riaatrinnet ”Steelhead”, ein svinedyr konstruksjon som kan justerast til kva som helst pickup i verda – og nokre til. Eg fekk med meg veslebroren Chinook til utprøving, ei ny, nedskalert billegutgåve til nesten ein tredjedel av prisen, ”berre” 25000, og skal komme attende med ei grundig omtale. Så har vi to forforsterkarar, ein ”normal”, og ein fullstendig Galnematias med 300B-rør i signalvegen. Spinnvilt, men du verda, kor god han er.

 

Meir har dei ikkje på programmet, bortsett frå effekt- og intergrerte forsterkarar. Det er snakk om ei rekkje effektforsterkarar med høgst ulike eigenskapar. Eg har tidlegare fått teste dei fantastiske Neoclassic 500, monotrinn med 10 stk 6550- eller KT88 rør pr kanal, som eg så langt har funne er det absolutt beste alternativet dersom du har bruk for 500 watt. Og endå betre om du kan klare deg med meir forsiktige 300 watt i triodedrift. Det vert varmt med slike i hus (kjekt om vinteren, rettnok), rørskift kan vere ei dyr affære når 20 utgangsrør står for tur, og ein skal også ha plass til slike, passe bias og den slags, men den lyden – eg kan ikkje skjøne det kan verte særleg betre. Og dei er bygde med standarden som proff musikarmarknaden ynskjer, fullstendig idiotsikkert. Dei har også ein ”liten” Neoclassic som brukar EL34-rør, men elles er identisk. Då vert det litt billegare, men effekten vert også redusert til 250 watt i utgangspunktet.

Resten av effektforsterkarprogrammet er nokre etter måten rimelege EL84-konstruksjonar. Dette røret var ”folkevogna” som mellom anna Tandberg hadde i sine rørradioar på 50- og 60-talet, og har aldri hatt same status som dei store utgangsrøra. Men det er sterkt undervurdert, og det er smart av Manley å bruke dette. Det er både ein integrert forsterkar og effektløysingar med dette.

Men det er ein effektforsterkar som ikkje er nemnt: rosina i pølsa er dei brutale 300B-konstruksjonane. Desse trioderøra er eit styggjeleg overprisa, og kan ikkje levere watt å snakke om, og Manley sin konstruksjon er heller ikkje nokon racer. Du kan rett nok stille inn forsterkaren til heile 24 Watt, men dersom du høyrer han på sitt beste, har du nok brukt 11Watt-innstillinga. Og dessutan, forsterkaren har ei svært uvanleg innstilling, der du kan trinnlaust justere tilbakekoplinga. Alle seier tilbakekopling ikkje er bra, men då rir ein prinsipp. Ved å finjustere denne, gjer du det beste tweak du kan gjere med ein 300B-konstruksjon. Må opplevast.

Og då bør  du ha ein uvanleg lettdriven (og lettvint) høgtalar tilgjengeleg. Gjerne hornkonstruksjonar, men du kan også gjere som det var gjort på Stereofil-rommet, kople saman med engelske Tannoy. (Det hevast at EveAnne Manley, dama som er sjef på Manleyfabrikken, brukar Tannoy sjølv, både heime og til utviklingsarbeidet av elektronikken). Dette ærverdige merket leverer akkurat sånn lydkvalitet som vi forventar oss frå ein konservativ britisk konstruktør med rikelege ressursar, berre endå meir. Og no har Tannoy lagt bak seg fire år med utviklingsarbeid, og kjem med heilt nye produkt. Det vil seie, nye er dei ikkje. Dei ser nøyaktig ut som tidlegare, men har fått mellom anna heilt nye høgtalarelement. Elementa til Tannoy er svært spennande, ettersom dei har diskantelementet sentrert i basselementa, og såleis unngår faseproblem. Sjølv om Tannoy-designet får oss til å tenke på breie Chesterfield-kommondar, er dei i stand til å trylle fram perspektiveigenskapar som få andre ”boksar”. Det er i alt fleire modellar av desse klassikarane, og på messa spelte dei på den mellomstore Kensington, som var lettdriven nok til at dei 11 Manley-watta kunne få boltre seg. Eg har høyrt same oppsettet i ein privatheim, og kan stadfeste at dette (vi snakkar då om den gamle Kensington-modellen), saman med forforsterkaren som brukar same rør, har eit utruleg potensiale.

 

Sjå videointervju med Stereofil - del 1.

 

Sjå Videointervju med Stereofil - del 2.

Lest 10006 ganger Sist redigert søndag, 19 januar 2014 20:26
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.