av Tor Martin Brekkeflat, 26. desember 2005
Då eg gjekk på gymnaset heime i Sogndal på 1990-talet, var musikk- og jazzinteressa minst like stor som i dag. Eg spelte mykje, og prøvde å få med meg alt av konsertar og festivalar. Trass i avgrensa interesse i bygda, klarde den lokale jazzklubben å få store, turnerande artistar til å stoppe innom ganske ofte. Torsdag var dagen, og plassen var den gamle (og vanvittig vesle) studentkroa. Med 50 frammøtte var det ikkje trongt, men akkurat passe. Det var kring 50 jazzinteresserte i Sogndal på den tida.
Denne torsdagen hugsar eg godt. Eg er ikkje sikker på kva dato det var, men eg hadde iallfall kjemiprøve dagen etter. Eg fann ut at Real Thing var viktigare enn pugging, og har ikkje angra på det. Konserten var veldig bra! Ølet var kaldt, bassfoten til Organist Paul Wagnberg gjekk som aldri før, bandet groova og Sigurd Køhn var som vanleg heilt ustoppeleg på altsaxen sin.
I pausen fann eg og ein kamerat ut at me skulle gå på bakrommet for å få signert Real Thing-CD-ane våre som me hadde med oss. Det var ikkje noko problem. Køhn og gjengen slapp oss inn, og det virka faktisk som om dei likte å prate med to unge amatør-jazzistar. Sigurd Køhn sat og fikla litt med saxen sin, og det viste seg at ein fjøring hadde hoppa av. Eg fekk lov til å hjelpe med reparasjonen, og syntest eigentleg det var ganske stas! Me blei sitjande der heile pausen og snakke med bandet.
Det var eigentleg ikkje noko meir enn det. Kvalitetstid på bakrommet... Eg snakka med Sigurd Køhn om det å spele saksofon, om at eg gjerne ville gå på Toneheim folkehøgskole og spele så mykje som mogeleg. Han gav meg tips og oppmuntring tilbake. Eg snakka med gitarist Staffan William-Olsson om vår felles interesse for Kinder-egg, og eg snakka med organist Paul Wagnberg om korleis i all verda han klarte å spele walkingbass så raskt med beina. Akkurat det skjønnar eg ikkje framleis (for interesserte, sjekk til dømes ut spor 10, Pie in the sky, på albumet ”Pleasure is an attitude.”). 
Men det var altså ikkje noko meir enn det. Eit minne frå bakrommet, der to gutar blei tekne på alvor av bandet, og fekk nokre fine samtalar.
Andre sett blei like bra som det første, og eg fekk meg eit par timars søvn før kjemiprøven min. Seinare har eg fått med meg fleire konsertar med Real Thing både i Sogndal og andre stadar, og eg er framleis ein like stor fan. No – etter Sigurd Køhns bortgang – ligg bandet dvale. Korleis framtida blir, er det vanskeleg å seie. Men det blir uansett ikkje det same utan Køhn og hans høgenergiske saksofonspel.
26. desember 2004 blei altså den siste dagen for Sigurd Køhn og tusenar av andre i Søraust-Asia. Eg håpar dei alle har det bra der dei no måtte vere. Eg kjende ingen andre som gjekk bort i katastrofa. Eg kjende jo for så vidt ikkje Sigurd Køhn heller. Men det føltest nesten slik likevel. Som musikar har han gitt mykje til mange, ikkje minst meg. Og eg har i tillegg eit svært hyggjeleg minne frå ein svært hyggjeleg konsert. På ei lita kro. I ei lita bygd.



