av Tor Martin Brekkeflat, 7. desember 2004
Eg vil påstå at på dei fleste jule-samle-CD-ane i beste fall inneheld mykje rart. Men det finnest faktisk ganske mykje kul julemusikk der ute òg – det gjeld berre å vite kva ein skal leite etter. Eg tek meg difor fridomen å setje saman eit framlegg til min ultimate jule-CD. Here it comes:
| 1. Chris Rea | Driving home for christmas | 4:00 |
| Eg er ikkje heilt sikker på kvifor eg absolutt måtte ha denne med på juleplata mi, men eg MÅTTE berre ha denne med. Av ein eller annan grunn er denne litt sviskete balladen blitt ein skikkeleg klassikar for meg – eg må berre ha den på stereoen når eg køyrer heimover til jul...! | ||
| 2. South park | Merry fu¤£ing christmas | 2:03 |
| Våre vener frå South Park tek på seg oppgåva med å fortelje alle verdas hedningar (muslimar, hinduar, japanarar) den glade julebodskapen. Ingen tradisjonell julesong, akkurat, men kul er den iallfall. | ||
| 3. James Brown | Soulful christmas | 3:09 |
| Og sidan me snakkar om ”kul,” her kjem James Brown! Ein skikkeleg jule-soulblues signert soulsjefen sjølv. Enkelt underlag med blåserekkja som det viktigaste, kule riff, litt improvisasjonar, og den O’så store stemma på toppen. Det må jo bli bra! | ||
| 4. Muppets Muppets | Christmas carol | 2:27 |
| Muppetshow var jo ein av favorittane på barne-TV då eg var liten. Denne julesongen er kanskje ikkje den mest spanande eg har høyrt, men den får vere med likevel... for gamle dagars skuld. | ||
| 5. Mariah Carey | All I want for christmas (is you) | 4:01 |
| Finnest det ei større klisselåt enn denne, tru? Eg er ikkje sikker... (jo forresten, Wham litt lengre på lista knuser jo denne...). Men den har noko ved seg likevel. Eg var med og spele den på juleavslutninga på Toneheim med Hanne Sørvåg som leadvokalist, og etter det har eg fått sansen for låta. Og så hadde den jo ei ganske viktig rolle i fjorårets julefilm, ”Love actually.” Den er enkel, den er sukkersøt og rosa, men den swingar jo...! | ||
| 6. AC/DC | Mistress for christmas | 4:01 |
| Kva gjer AC/DC på ei juleplate? Har eg denne låta med berre for å kunne få artikkelen min på trykk i ”Pondus...?” Nei, langt i frå. Sjølv om både tittel, tekst og melodi absolutt er AC/DC, sjølv om dette er rock og sjølv om stemma til Brian Johnson kanskje kan skremme hatten av bestemor (han er ikkje akkurat verken Bing Crosby eller Nat King Cole) er dette ein julesong. Den er litt langdryg, den brukar over to minuttar på å bygge seg opp mot ein ganske kort gitarsolo, men er meir rocka etter den. Låta er tøff, og den passar meget bra inn på denne plata. | ||
| 7. B. B. King | Merry christmas, baby | 3:56 |
| Blueslegenda B. B. King treng vel ikkje nokon vidare presentasjon. ”Merry christmas, baby” er ein klassisk 12-taktars B.B.King-blues med klassisk B.B. King-blues-gitarsolo. Med andre ord: Ypparleg! | ||
| 8. Blink 182 | Christmas eve (and I’ve only got two fu¤£ing presents) | 0:44 |
| No har du lese såpass mykje at du nok ikkje blir overraska over eit punkrock-innslag her. Det er julafta, Blink har julepanikk og dei har berre pakka inn to julegåver. Det er kanskje fleire enn eg som har vore der... | ||
| 9. Stevie Wonder | The christmas song | 3:07 |
| Dette er ein av dei mest tradisjonelle amerikanske julesongane, mest kjend med Nat King Cole. Sidan denne plata ikkje er tradisjonell juleplate, let me Stevie Wonder ta seg av den. Arrangementet er kanskje av den tradisjonelle juletypen, men me har soulstemma til Wonder her og me har sjølvsagt òg munnspelsolo. Så då blir det jo noko spesielt likevel... | ||
| 10. Mickey Mouse m.fl. | Twelve days of christmas | 3:41 |
| ”On the first day of christmas my true love gave to me a partridge in a pear tree.” Slik startar låta, og du kjenner den garantert. Og slik held det fram med Mikke, barnekor, Donald, Langbein, Minni, Snipp, Snapp og Klara. Kjempefesteleg! | ||
| 11. Queen | Thank God it’s christmas | 4.15 |
| Alle som har lese det eg har skrive her på Audiophile.no bør ha fått med seg at eg har stor sans for Queen. Denne låta er ei skikkeleg Queen-låt, med udødelege Freddy Mercury, med det lett gjenkjennelege gitarunderlaget og med klokkeklar samsong. Og så er det jo ein slags julesong, då... | ||
| 12. Guns’n’Roses | White christmas | 2:38 |
| Større kontrast mellom band og låt kan ein vel ikkje få. For dette er ei ekte Guns’n-låt, eller iallfall eit ekte Guns’n-arrangement på julesongen ”White christmas.” Og tøffe gutar likar både Guns’n og tøffe låtar.. | ||
| 13. Wham | Last christmas (I gave you my heart) | 4:27 |
| Kanskje er det miljøskadar frå ein oppvekst på 1980-talet... Eg veit ikkje heilt. Denne låta er jo like glatt som George Michael, og det er ikkje snakk om særleg avanserte greier dette. Men eg har høyrt den så mykje rundt juletider, at den berre høyrer med, enkelt og greitt. For dei som vil ha det enno (mykje!) glattare, trur eg at Backstreet boys har spelt inn ein nesten-accapella versjon. Fysj og fysj! | ||
| 14. Bryan Adams | Reggae christmas | 2:45 |
| Dette er ein av dei mest usannsynlege julesongane i samlinga. Dette er noko så originalt som ein jule-reggae signert canadiaren Bryan Adams. Låta er vel ikkje noko meisterverk, men kryssinga mellom hås softrock, hasjrøykande Jamaica-reggae og juletekst blir faktisk ganske underhaldande. Annleis er låta iallfall, og den må seiast å passe inn i ei rar samling som denne! | ||
| 15. Louis Armstrong | White christmas | 2:44 |
| Dette er jo ein veldig klassisk og veldig fin julesong. Og for å bøte på skadane Axl Rose gjorde på songen på spor 13, må me ha med Satchmo. Dette er berre veldig fint... | ||
| 16. Jon Bon Jovi | Christmas (Baby, please come home) | 2:53 |
| Eg er litt usikker, men eg trur U2 og Bono sin versjon av denne låta er meir kjend enn denne. Dette er ein enkel og grei rockejulesong, og sikrar plassen grunna barytonsaksofonsoloen på midten... | ||
| 17. John Lennon | So this is christmas | 3:35 |
| Dette er vel den einaste triste songen på plata. Folk flest kjenner den vel ganske bra, så noko lang skildring kjem eg ikkje med. Lennon saman med barnekoret berre enkelt og fint. | ||
| 18. Otis Redding | White christmas | 3:10 |
| Dette blir den tredje utgåva av White christmas på samlinga mi. Her er det soullegenda Otis Redding som tolkar den. Resultatet er, ikkje overraskande, både kult og bra! | ||
| 19. Brenda Lee | Rockin’ around the christmas tree | 2:07 |
| Rockin’ around the christmas three (Dette er ein juleklassikar, verken meir eller mindre. 1950-tals lett rock og kul tenorsax-solo er ein glimrande låt å avslutte plata med. 1950-tals lett rock, kul tenorsax-solo. | ||
| Totalt: | 59:43 |
Eg meiner at dette ikkje berre er ei fin blanding av seriøse låtar og meir morosame innslag, men at dette ville vore den absolutt ultimate jule-CD. Sambuaren min, Anja, er ikkje heeeilt einig... Då ho høyrde utvalet mitt av julesongar, prøvde ho å legge ned veto mot iallfall enkelte av låtane. Løysinga blei (salomoisk som eg er) at ho laga si eiga juleplate, med litt meir jentete innhald. Ein del av låtane er dei same, men stilen på denne plata er likevel ganske ulik mi.
Så til alle gutar og menn som skal lage jule-CD sjølv, lag òg ei snill utgåve til kjærasten dykkar. Her er Anja sitt framlegg til jente-jule-CD:
|
1. Otis Redding |
White Christmas |
| 2. Nora Brockstedt | Julekveldsvisa |
| 3. Chris Rea | Driving home for christmas |
| 4. Wham | Last christmas |
| 5. Alf Prøysen | Romjulsdrøm |
| 6. B. B. King | Merry christmas baby |
| 7. Andy Williams | Let it snow |
| 8. Queen | Thank God it’s christmas |
| 9. Louis Armstrong | Christmas in New Orleans |
| 10. Dinah Washington | Ole Santa |
| 11. Nat King Cole | The christmas song |
| 12. Ella Fitzgerald & Louis Jordan | Baby it’s cold outside |
| 13. Mariah Carey | All I want for christmas (is you) |
| 14. John Lennon | So this is christmas |
| 15. Ella Fitzgerald | Have yourself a merry little christmas |
| 16. James Brown | Soulful christmas |
| 17. Eartha Kitt | Santa baby |
| 18. Doris Day | I’ll be home for christmas |
| 19. Bing Crosby | White christmas |
No kan eg sjølvsagt ikkje oppfordre lesarane til å skaffe seg songane lettvint, gratis og ulovleg over nettet for så å heimebrenne juleplata. Gå heller ut og kjøp massevis av CD-ar der desse songane er på, klypp og lim på PC-en og er du heldig er jule-CD-en din for eit par tusenlappar... Jaddah...
Nei, de får ha god jul, folkens!
P.S. Ikkje spør meg kva CD-ar alle desse låtane er å finne på. Det har eg diverre ikkje oversikt over... D.S.



