Onsdag 08. Februar 2012
Tirsdag 13. Januar 2004

Ein jazzists 10 beste plater

Eg fekk for ei stund sidan spørsmål om å skrive ein artikkel med overskrifta ”ein jazzist sine ti beste plater.” Av ulike grunnar blei det ikkje gjort då, men eg skal no gjere eit forsøk. Dette er jo eigentleg ei umogeleg oppgåve, og eg føler meg med eitt plassert i platebutikken til Rob Flemming i Nick Hornby si bok ”High Fidelity.” Der flaug oppgåver med å rangere dei ti beste av det meste (stort sett innan musikk) veggimellom heile tida.

 

 

Tor Martin Brekkeflat, 13. januar 2004

Når eg no skal prøve å bestemme kva som er mine ti favorittplater og grunngi det på ein fornuftig måte, er det truleg stor fare for at eg er ueinig i utvalet mitt om nokre veker. Slikt kan endre seg fort. Men her er dei altså (i urangert rekkjefølgje), dei platene eg likar aller best:

 

1. Jaco Pastorius – The birthday consert *
Jaco Pastorius er kanskje ikkje blant dei mest kjende namna, iallfall ikkje for dei som anten spelar bass eller driv mykje med jazz. Men det burde han absolutt vere. Han var ein verkeleg stor bassist på 1970- og byrjinga av 1980-talet, før mellom annan alkohol og narkotika tok overhand. Han døydde relativt ukjent i 1987, men har heldigvis fått noko av den anerkjennelsen han fortener.
På denne plata høyrer me eit liveopptak frå Pastorius sin 30-årsdag i 1981. Han har samla saman ei imponerande liste over kollegaer, til saman blir dette meir enn bra. Dette er funky jazz med mykje improvisasjon. Det er eit storband, mellom anna drege av Michael Brecker og Bob Mintzer på tenorsaksofon. Og det er ein stemning på scena og i salen som eg føler verkeleg kjem ut av høgtalarane mine.

2. Brecker Brothers – East River *
Brørne Michael og Randy Brecker er verdsledande jazzmusikarar respektivt på saksofon og trompet. Frå 1974-1982 leia dei bandet Brecker brothers, eit spektakulært jazz-funk-band ulikt alt anna. Denne plata er ei samling av 12 ekstremt funky jazzlåtar (mellom anna ein hit frå engelske ”top 40”), blant dei beste bandet spelte inn. Kulare enn dette blir det ikkje. Bandet brukar mellom anna wow-wow-pedal på blåsarsolistane, og det gir ein ekstremt spesiell, men veldig kul effekt. Eg har aldri høyrt nokon andre gjere dette, men det passar perfekt her.
Dette er ei samleplate gitt ut i 1997, og den inneheld alt ein treng for å bli hekta på Brecker brothers. Om ein ikkje likar samleplater, eller er spesielt vågal, kan ein sjølvsagt gå direkte på dei sju albuma bandet gav ut fram til 1980.

3. Jimi Hendrix – The ultimate experience *
Jimi Hendrix er ein av mine absolutt største idol. Det han fekk til i løpet av si 4 år korte karriere, er ikkje anna enn imponerande. Eg har mange gode Hendrix-plater, men ei av dei beste er samleplata ”The ultimate experience”. Her er dei fleste av mine favorittlåtar med – stoffet er stort sett henta frå dei tre originale albuma til trioen The Jimi Hendrix Experience.
Jimi Hendrix kan ikkje samanliknast med nokon, og det han gjorde med den elektriske gitaren og sin psykedeliske rock, har sett spor som ingen kan viske vekk. Han har påverka utruleg mange etter seg, og han hadde ei nesten skummelt fengande måte å spele på. Jimi Hendrix kan eigentleg ikkje skildrast – han må opplevast. Den beste måten å gjere det på er å høyre på dei tre originale albuma hans. Mykje er utgitt etter hans død, og mykje av dette er spanande. Men det best gjennomarbeida materialet finnest på dei nemnde tre orginalalbuma. Og nokre av dei beste spora derfrå, finnest altså på ”The ultimate experience.”

4. Eva Cassidy - Songbird *
Eva Cassidy er ei av dei absolutt vakraste jazz-stemmene eg nokon sinne har høyrt. Ho rakk aldri å oppleve si eiga karriere som først tok av etter at ho døydde av kreft i 1996. Heldigvis hadde ho vore ein del i studio og det var gjort ein del liveopptak av ho. Dette har danna grunnlag for dei sju albuma som har ut etter hennar død (av åtte totalt).
”Songbird” er ein av desse, og sjølv om spora er rolege og enkle, er dette noko av det vakraste eg har høyrt. Spora vekslar mellom rolege/nestenakustiske jazzballadar, og litt meir spenstige låtar med gospelpreg. Opptaka er gode, og Eva Cassidy si stemme kjem verkeleg til sin rett. Alt eg har høyrt ho er veldig bra, og denne plata inneheld noko det beste av det igjen.

5. Miles Davis – Kind of blue
Miles Davis har gjort alt for mykje til at eg kan få gått grundig gjennom det her. Han var aktiv og nyskapande innan jazzen frå slutten av 1940-talet til byrjinga av 1990-talet, og sjølv om det finnest andre som har halde ut lenge, er det ikkje mange som har vore så innovativ som Davis.
Eg meiner likevel det viktigaste Miles Davis gjorde var å bidra til utviklinga frå be-bop til cooljazz på 1950-talet. Det verkelege vendepunktet kom i 1959 med ”Kind of Blue,” og dette viste seg å bli hans mest populære plate nokon sinne. Davis viste kor enkelt og tilbakelent jazz kunne vere, og improviserte over skalaar i staden for over akkordar og (raske) akkordskifte. Den ultimate cooljazzlåten må vere ”So what,” og den er førstesporet på denne plata. Låten går utelukkande over to akkordar, d-moll og Eb-moll. Dette var noko heilt nytt den gongen, og ”So what” er og blir ein veldig spesiell cooljazzlåt.
Sjølv om Davis ikkje har vore like gnien i utdelinga av akkordar på dei andre låtane på plata, er dei alle typiske avslappa og kule. Og Miles Davis sjølv, Caannonball Adderley, John Coltrane og Bill Evans demonstrerer med sine improvisasjonar den ”nye” stilen på ein glimrande måte.
”Kind of blue” er ei viktig jazzplate, enkelt og greitt. Be-bopen blei gravlagd (iallfall som det moderne) og Miles Davis fekk sitt absolutte gjennombrot. Plata blei seld i 2 000 000 eksemplar. Og sist men ikkje minst: Så dyktige musikarar som Davis, Coltrane og Adderley saman i studio, må bli bra. Dette er veldig bra!

6. Queen – Greatest hits
Det blei laga mykje dårleg musikk på 1970- og spesielt 1980-talet, men det meste som Queen har gitt ut er hederlege unntak. Queen har gitt ut såpass mykje bra, at eg hadde store problem med å velje plate. Etter mykje vurdering, fall valet på den første samleplata deira, ”Greatest hits” frå 1994. Den inneheld både ”Bohemian rapsody,” ”Anotherone bites the dust,” ”Fat bottomed girls,” ”Bicycle Race” og mange andre av dei aller mest kjende Queen-låtane.
Queen blei starta i 1971, og fram til byrjinga av 1990-talet har dei gitt ut over 20 album. Sjølv om dei har vore produktive, har dei greidd å halde kvaliteten oppe heile vegen.
Spora på denne plata er frå 1974-1980. Musikken er rock, men ulik det meste anna av rock. Queen er queen, og det er betre å høyre på musikken deira, enn å høyre meg seie ord som glam-, prog-, pop-, og hard-rock. I tillegg til at musikken til Queen stort sett er ganske original, er framføringa betre enn det meste anna. Gitarsoloane sit som dei skal, men det er når bandet syng, dei viser at dei er noko anna. Bandmedlemmene syng mykje fleirstemt, og det er så klokkereint at ein ikkje skulle tru det var rock ein høyrde på.
Queen er tøft, Queen er bra og Queen er ulikt alt anna. Alle burde høyre meir på Queen, og ”Greatest hits” inneheld dei aller tøffaste låtane frå dei første ti åra til bandet.

7. John Coltrane – Giant steps
John Coltrane er ein av mine absolutt største saksofonidol. Han hadde ei relativt kort karriere, blei først lagt merke til midt på 1950-talet, blei verkeleg lansert som soloartist i 1960 og døydde i 1967. Men han rakk å verkeleg bli lagt merke til.
”Giant steps” var Coltranes debut for Atlantic Records, og i praksis den verkelege solodebuten hans, med eige band og berre sjølvskrive materiale. Plata må vel kategoriserast som bop, og det er nettopp her Coltrane viser sin styrke som solist. Han ser ut til å kunne halde det gåande så lenge resten av bandet orkar, og mykje lengre. Improvisasjonane hans tek aldri slutt, men blir heller ikkje keisame (i mine øyre). På denne plata slepp av og til Tommy Flanagan på piano og resten av bandet til, men det er Coltrane som er sjefen. Dei andre kan heller ikkje måle seg med hans improvisasjonar. Eg synest denne plata er eit heilt glimrande eksempel på god bop, og den viser John Coltrane frå hans beste side. Men eg ser at dei lange soloane kan bli litt slitsame på dei som ikkje er like interessert som eg er.

8. Keith Jarret – Belonging
Eg har skrive plateomtale om Keith Jarret tidlegare. Han var ein av artistane som ECM valde ut til sine ”:rarum – selected recordings.” Han har spelt på sitt leikande og lett gjenkjennelege vis i tre tiår no, og sjølv om det er lett å høyre når ein har med Jarret å gjere, har endra musikkstil mange gonger. Eg er størst tilhengar av 70-tals-Jarret, og denne plata er den beste frå den perioden. Eg sler òg to fluger i ein smekk no, for på plata har Jan Garbarek (også nødvendigvis i 70-talsutgåve) ei viktig rolle. Han har ein utruleg slepen måte å ikkje sette an tonane på, og dette har særmerkt han heile vegen. Men eg meiner han (i likskap med Jarret) var kulast på 1970-talet. Han har vore, er og bør vere eit førebilete for mange norske saksofonistar. I tillegg til Jarret og Garbarek, gjer Palle Danielson på dobbelbass og Jon Christensen på trommer sitt for å halde drivet oppe. Plata inneheld jazz som ikkje er så funky som mykje anna på 1970-talet, men, den har likevel eit driv og ein kul lettheit som eg saknar i mykje seinare jazz. Soloimprovisasjonane til Jarret og Garbarek utmerkjer seg, men som nemnt: Kompet senker absolutt ikkje kvaliteten på plata. Dette er lettare, enklare og mindre overdådig enn ein del funkjazz frå den tida, og sjølv om funk er meir enn kult nok, er dette ei av mine absolutte favorittplater.

9. Guns’n’Roses – Appetite for destruction
To go off with a bang, er det noko som heiter. Men det er ikkje det eg har i tankane når eg set opp Guns’n’Roses’ album ”Apetite for destruction” frå 1987 på lista over mine ti beste plater. Plata er nemleg spekka med Guns’n-klassikarar, og sjølv om dei har laga mykje musikk av varierande kvalitet, har dei nokre udødelege klassikarar. Denne plata har mange av dei. Nightrain, Mr. Brownstone, og Paradise City er døme, og det er ikkje tvil om at Guns’n’Roses var inne i sin beste periode då dei laga dette albumet. Det rockar heile vegen, soloane er tøffe og fordelt i passelege dosar og drivet er oppe heile vegen. Dette er ei plate eg har spelt så mykje at eg er overraska at den framleis ikkje hakkar. Den er like uunnværleg på vorspiel som til husvask, og er rett og slett veldig, veldig tøff.

10. Michael Brecker – Two blocks from the edge
Michael Brecker er ved sidan av John Coltrane, den største jazz-saksofonisten eg har høyrt. Han er den einaste artisten som er representert tre gonger på denne lista, og den einaste her eg har høyrt live. Det skjedde i Molde sommaren 1998, og musikken han spelte då var stort sett henta frå denne plata (som eg sjølvsagt allereie då nesten hadde slite ut). Brecker er overlegen på mange måtar, men teknikken hans og evna hans til i improvisere i det uendelege, er meir enn nok til å knuse sjølvbiletet til ein kvar ”vanleg” saksofonist.
På dette albumet er særleg spor 8, ”Delta City Blues”, med ny og spanande bruk av overtonar, eit høgdepunkt. Det er vanskeleg å skildre kva han gjer, men han spelar store delar av melodien med overtonar, og melodien er så rask at eg omtrent ikkje skjønar korleis dette går an. Låten er veldig leiken, og kan i stil nesten minne om salsa. Heile plata har eigentleg dette preget av å vere litt karibisk til tider, innimellom all seint-torsdag-kveld-jamsession-jazzen. Dette er Brecker si plate, og det er hans improvisasjonar som dreg det heile. Men mannen kan improvisere! Det er så bra at det nesten er til å grine av. Enno verre er det å sjå mannen live. Han står der stiv som ein påle, tenorsaksofonen i vater rett framfor seg og lear ikkje på noko anna enn fingrane. Det er heilt utruleg å sjå på (og høyre, sjølvsagt).
Michael Brecker har gjort utruleg mykje bra, og av det siste han har gjort, er denne plata noko av det aller beste!

Så her står det svart på kvitt. Eg kan ikkje nekte for det no, men det har eg heller ingen planar om. Dette er dei ti albuma eg meiner eg likar aller best. Eg har mange andre favorittar òg, men i arbeidet med denne artikkelen, hamna dei lengre nede på lista. Om det er noko her som er ukjend, men verkar spanande, håpar eg du ser (eller høyrer) nærare på det.

* ) Album merkte med stjerne finnest det fyldigare plateomtalar om under Musikken => Plateomtaler


Sist oppdatert : 12.05.2006 00:31:36
Sist modifisert Mandag 11. Januar 2010 10:45
Tor Martin Brekkeflat

Tor Martin Brekkeflat

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Skriv kommentar


Annonser


Banner
Banner