Onsdag 08. Februar 2012
Mandag 12. April 2010

Vossajazz 2010 - dag 1, fredag

frå opninga av festivalen, den tradisjonelle lurslåtten

Veret var ikkje like strålande som i fjor, då ein faktisk kunne byrja på årets D-vitaminproduksjon, men det var i alle fall mildt, slik at ein kunne gå frå konsertstad til konsertstad utan jakke, og sleppa å gløyma att den kvar einaste plass ein har vore.

Charlie Haden

Me talar om årets høgdepunkt for vossingar, og mange tilreisande også, Vossa Jazz, palmehelga 26.-28. mars. Og me går rett på fyrste konserten, fredag kl 19, opningskonserten med Charlie Haden Quartet West, ei ekte vestlandsgruppa, som konferansier Jon Skjerdal kalla ho. Forfattar Frode Grytten opna konserten, og hadde også sin eigen konsert på Fleischers Hotel seinare på kvelden, der han og Pedro Carmona Alvarez hylla beat-poetane og las opp frå desse. Forøvrig ei karriere han ikkje kunne rå til, sidan det gjekk til helsike med samtlege av desse; i dop og alkohol. Lyden frå denne konserten, for å hoppa litt, var super med heilt riktig klangfarge, og Ole Amund Gjersvik  (bass) sytte for god rymisk framdrift saman med Tor Bjarne Bjelland på trommer. Pedro Carmona Alvarez song og spelte gitar, og saman med Michael Barnes på sax og klarinett var dette ein morosam og hyggeleg intimkonsert i Top Spot på Fleischers.

Frode Grytten

Men det heile byrja med Charlie Haden, som mange sikkert hadde sett fram til, og denne konserten var selt ut. Haden, som har country-bakgrunn,  spelte med storheiter som Ornette Coleman og andre som var med på å forme den moderne jazzen på 40-talet. Lydmessig var det etter mi meining Rodney Green på trommer og Ernie Watts på sax som dominerte lydbiletet, medan Haden nytte ein meir tilbaketrekt posisjon, i og med at lyden frå instrumentet hans ikkje kom særskilt godt fram, i alle fall ikkje frå min lytteposisjon (senter høgre). Dette synte seg å vera ein feil frå miksebordet og vart skrudd opp etter kvart. Dette var sober jazz i amerikansk tradisjon, og sikkert årets oppleving for mange, medan eg sjølv føretrekkjer eit meir moderne og upolert uttrykk slik som t.d. Jazzmob seinare på kvelden. 

Ingrid Olava

Konsertane kjem tett på utetter kvelden, og Tore Brunborg vart valt bort til fordel for Ingrid Olava, sidan eg relativt nyleg har vore på konsert med Brunborg. Men eg fekk melding frå ein kompis på Fraktgodsen (med Brunborg) om ein fabelaktig konsert med særs god lyd. Prosjektet heitte ”Scent of Soil” med Kirsti Huke, Petter Vågan, Rune Nergaard og Gard Nilssen.

Ingrid Olava var ei stor overrasking for meg som ikkje kjende ho overvettes godt frå før. Sober, saktegåande og halvmelankolsk vaksenpop med gode tekstar, smakfulle melodiar og delikate arrangement. CD-platene på gongen vart selt ut på ein blunk.

Jazzmob

Neste stogg var Jazzmob på Fraktgodsen, plassen der inkarnerte jazzarar ofte går, sidan det er her den ”ekte” jazzen ofte vert lagt. Her gjekk det i hardtpumpande bop og progrock med ei inspirert blåsegruppe på tre, saman med ein arbeidssom Andreas Bye på trommer. Super og inspirert musikk, men med ein noko ljos og påtrengande klang.

Denne konserten gjekk naturlegvis samstundes med Motorpsycho & Supersilent, men me var heldige og fekk med oss siste kvarteret med desse, sidan dei spelte litt lenger enn Jazzmob. Det eg høyrte var tøff avantgarde-jazz/hardrock, med Arve Henriksen på trommer, til ei avveksling, i tillegg til trompet (saman med også Kenneth Kapstad på trommer, ein kjempegod erstattar for Jarle Vespestad, som diverre ikkje spelar saman med Supersilent lenger). Siste nummeret munna ut i ein lydvegg som varde alt for lenge; det er grenser for kor lenge du orkar å høyra på musikk utan større variasjon enn bylgjer  mot ei strand. Dette reduserte også intensiteten på klappinga etter endt konsert. Men det eg høyrde FØR dette var svert spanande, eg kjøper gjerne plata om noko slikt skulle koma ut! (Takka vera Rikskonsertane kom denne konserten også til Voss.)

Motorpsyko & Supersilent

 Motorpsyko & Supersilent

 

Kvelden slutta med Side Brok på Pentagon, men det var høgt, og eg var sliten, og lokalet var stappa som ei pølse, så denne konserten hadde eg liten gleda av, og gjekk før det var slutt. Då var lokalet framleis stappa... dette sette i alle fall ungdommen stor pris på. 

Sist modifisert Lørdag 29. Mai 2010 07:39
Stig Arne Skilbrei

Stig Arne Skilbrei

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

4 kommentarer

  • Link CalmTalo Tirsdag 31. Januar 2012 13:52 skrevet av CalmTalo

    gneneral med pharmacy rotation objectives http://sundrugstore.net/products/pepcid.htm where do i find merchandise on pharmacy techncian

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link xyxqfaig Mandag 07. November 2011 19:40 skrevet av xyxqfaig

    mwvdrxq

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link WXSzSmxB Fredag 28. Oktober 2011 03:50 skrevet av WXSzSmxB

    SFrlOc

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link JpInlnQ Tirsdag 11. Oktober 2011 01:21 skrevet av JpInlnQ

    KKlfaQ

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Skriv kommentar


Annonser


Banner
Banner