fredag november 24 , 2017
torsdag, 31 desember 2015 11:00

Stig Arne - årets klassikar

Skrevet av

 

Stig Arne har kåret en klassisk høyttalerkonstruksjon til årets klassiker.
Les hvilken høyttaler han har kåret her:
 
 
 
 
Årets produkt? Tøysar de med meg? Heile redaksjonen, og lesarane med, veit at eg ikkje driv med denslags. Mogen alder, full jobb og pendling har dei siste åra gjort at eg ikkje rekk over like mykje som før, og levd eit luksusliv med å ta for meg det som ligg for handa. Det vil seia utelukkande det som interesserar meg, det som tilfeldigvis passerar (utan eit helsike med pakking og sending), og det eg alt har, som ventar på utprøving. 
 
Ikkje det at det ikkje interesserar meg. Tvert i mot, eg har ei lang liste med moderne produkt eg svært gjerne ville prøvd. Men her og no er eg redaksjonens kontainarnisse, med spesialiteten eldre og helst rimelege produkt. Og klassikarar uansett pris og årgang.
 
Difor vil eg i staden for “årets produkt” heller presentera årets klassikar: Sterling LS3/6. Nei det er ikkje HEILT nytt, det kom på marknaden i 2011, men er uansett det siste på marknaden av typen “ BBC-monitor”. Om me ser bort frå Graham, men det er ei anna historie. Dessutan var dette produktet nytt for meg i 2015, då min gode ven i Japan, Stig Inge Bjørge (Lyra) sende meg eit slikt par. Stig Inge hadde fått med seg at eg trengde betre høgtalarar, og berre sende meg eit par. Slik er han. 
 
 
STIRLING BBC LS3/6
 
På 60-talet grunnla British Broadcasting Corporation ei avdeling til utvikling av høgtalarar. Dei var ikkje nøgde med dagens typar, og ynskte høgare kvalitet for å høyra kva dei eigentleg tok opp. Det best kjende døme på høgtalarar som vart lisensiert frå BBC var LS3/5A, og den produsenten som vart mest kjende for desse var Rogers. Men det var og trong for større høgtalarar, som kunne handtera moderne musikk ved høgare volum. LS3/6 vart svaret på denne, og den fyrste kommersielle varianten var Spendor BC-1, og seinare Spendor SP1 og SP1/2. Stirling er ein nyare aktør, som alt har fått godkjent sin versjon av den knøttlille LS3/5A, og som no óg produserer LS3/6. 
 
Rett etter oppkoplinga var det ganske klart at denne høgtalaren hadde ein endå “myrkare” og meir sonor mellomtone enn B&W DM 110. Ja, dette er ein gamal, mindre og rimeleg høgtalar, men kjend for balanserte kvalitetar. So det skulle berre mangle. Men likevel, dette er ein mellomtone som berre svært få og seriøse produsentar vartar opp med. So galdt det berre å vurdera resten av toneområdet. Diskanten heng fint saman med resten, det er ikkje mykje å trekkja for her, sjølv om det muligens kan gjerast betre med band-diskantar eller andre eksklusive element-typar. Eg skal ikkje gå for mykje i deltalj. Dette er ikkje ein ordinær test. 
Kabinettet er monaleg større enn det som normalt vert nytta for element kring 7-8”, nemleg 40 liter, og detter gjer det mogeleg å trylle fram ein relativt djup bass. Denne går monaleg djupare enn DM 110 (24 liter), og er den fyrste tovegs-høgtalaren eg nokon sinne har hatt kor eg ikkje saknar djupbass. Eg sa tovegs, noko som kan diskuterast, for her er to diskantelement, der det øvste tek diskanområdet over 13kHz. So du må gjerne argumentera for at dette er ein 3-vegshøgtalar, men det blir litt feil, for prinsippet er to-vegs, med støtte i diskanten. 
Det einaste eg stiller spørjeteikn ved er bassen. Kabinettet er av bassreflekstypen, og dette fører oftast med seg ein mindre presis og meir ujamn bass enn lukka kabinett. Eg meiner dette har kome seg litt med tilspeling, men er enno ikkje trygg på at dette er ein bass eg kan leva med i lengda.
Uansett er dette det næraste eg har kome ein “perfekt” allround-høgtalar nokonsinne. Og om du undrar korleis ein slik høgtalar kan presenterast som årets produkt, bør du setja deg inn i historia om BBC-monitorane. Du finn mykje stoff om det på nettet. Desse høgtalarane var so høgt utvikla at dei fungerar som standardar den dag i dag, og ser ikkje ut til å gå av moten. Det er klassiske produkt som bind saman fortid, notid og framtid like godt som noko anna hifi-produkt. Det er eit referanseprodukt som fortel deg kva som er spelt inn, og som ikkje flørtar med nybyrjaren sin trang til bang i bassen og pang i diskanten, eller kva som no måtte vera siste mote.   
 
 
 
 
 
 
Lest 1782 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen