lørdag oktober 21 , 2017
torsdag, 31 desember 2015 08:37

Arve - Årets riaa og høyttalere

Skrevet av

Arve har kåret en riaa og en høyttaler til årets produkt. De er begge produkter som hører hjemme i den ultimate HighEnd-klassen. Les om hvilke produkt han har kåret her:

 

 

 

EAT E-Glo

Eg har fått høve til å lytte på ein god del anlegg og oppsett i 2015, men det har ikkje vore rom for å teste ut så mange produkt i eiga stove, og over eige anlegg.  Men eg kan ikkje dy meg for å dele gleda over mi nyaste investering, ein Euopean Audio Team EAT E-Glo riaaforsterkar. Lenge har eg vore klar over at riaatrinnet er ein svært viktig einskildkomponent i vinylriggen, men hadde strengt tatt ikkje trudd det var så stort forbetringspotensiale ved å bruke denne i staden for dei andre alternativa eg har prøvd.  I tillegg til å stå for fantastisk lyd, er det også ein svært fleksibel sak, som kan forsterke opp signalet frå usannsynleg lågmælte MC-pickupar med sær impedans, til MM-pickupar av det trauste slaget.

 

MBL 101e2

Eg har også skrive ny omtale på mine snart fem år gamle MBL 101e2. Absolutt aktuelt, ettersom høgtalarane ikkje har hatt endringar eller modifikasjonar sidan eg kjøpte dei. Dei byr på ein annan måte å lytte på enn meir konvensjonelle høgtalarar, og skil seg også frå måten elektrostatar leverer musikken. Det spesielle «fingeravtrykket» og ein ekstrem pris gjorde det vanskeleg, men til no har eg ikkje lukkast finne høgtalarar som gjev meir realisme i lydattgjevinga i mitt rom, og det trass i at dei er veldig sære når det gjeld plassering. Med dynamisk kraft i massevis, fantastisk lydbilde og full frekvensdekning vil eg påstå at det aldri har vore høgtalarar i mi 41 m2 store daglegstove som har greidd å transformere denne om til ein konsertsal og scene som eg kan tru på.

 

Lest 2099 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen