tirsdag, 26 november 2013 12:34

Koetsu og Soundsmith - Arbeidsnotatar

Skrevet av

 

 

Eg held på med så mykje rart for tida, ikkje berre hifi. Men no har eg ikkje publisert på lange tider, og har dårleg samvit. Det har seg nemleg slik at eg har massevis av utstyr på besøk, og skriv stikkord ut frå erfaringane som vert gjort etter kvart.

Les meir:

Så er planen å samanfatte dei i skikkelege artiklar til slutt. Men då må eg sette meg ned nokre timar, sortere stikkorda, og strukturere artiklane. Dette krev eit minimum av konsentrasjon og tankearbeid som eg rett og slett ikkje har overskot til. Så no har eg eit alternativ til den entusiastiske lesar; eg skriv rett og slett eit arbeidsnotat ut frå stikkorda mine. Det vert fleire ord, men så lærte eg touch-metoden då eg gjekk på ungdomsskulen. (Eg tenkjer seinare enn eg skriv, tydelegvis….)

Her er iallfall nokre erfaringar med vinyl eg har styrt med siste tida:

 

Koetsu Black – ein legendarisk pickup

Den spesielle spelestilen til Koetsu er legendarisk Då dei opprinnelege konstruksjonane til Yoshiaki Sugano vart tilgjengelege på slutten av 70-talet, var dette like etter at ein i USA hadde fått tilgong på moving coil. Patentet var helde av ingen ringare enn Joseph Grado, men sidan han ikkje produsert MC, men tvert om MM-konstruksjonar, var han ikkje interessert i konkurrerande prinsipp. Dermed fekk ikkje amerikanarane tilgong på godsaker frå Denon, Ortofon. Men ting skjedde rasande fort då patentet gjekk ut. Og etter ei periode med ganske edrueleg prisa Denon 103 og liknande, kom den pensjonerte ingeniøren frå Stanton-fabrikken (han hadde også ei karriere som sverdsmed før dette, noko som vissnok ga han erfaringar med material som var viktige for pickupdesignet hans) i gong med å produsere noko som i lang tid vart rekna som det aller beste av pickupar. Men han var over 70 år før dette kom i gong, og det vart naturleg nok ikkje så veldig lenge han kunne halde det gåande. Andre får fortelje denne soga, og eg nøyer meg med å seie at no er det kome nye utgåver med Koetsu-namnet, men no vidareført av sønene til Yoshiaki, som døydde i 2002, 95 år gammal (du finn sikkert ut meir om dette på nett om du vil).

Koetsu Black

Koetsu Black

 

Black – billegmodell til over femten tusen…

Når det gjeld Koetsu sin noverande Black-utgåve, skil denne seg litt frå den eg så vidt kan hugse frå 70-talet. Anten har synet mitt dimmest meir enn eg trudde, eller så har nålefana vorte tynnare. Sannsynlegvis har ein også ein diamantstift med ei endå meir avansert sliping enn i gamle dagar, for her plukkast det opp mindre overflatestøy enn normalt. Til dels langt mindre, og eg må på Van den Hul-pickupar og den slags for å kunne finne ut om det faktisk finnest ting som gjer dette betre. Perfekt for meg som har mange gamle plater eg har handlar i bruktbutikken.

 

Arm

Diverre sporar ikkje Koetsu særleg bra i armen min, så her snakkar vi om ein tvilsam, om enn ikkje direkte dårleg kombinasjon. Tradisjonelt trives Koetsupickupar i relativt tunge armar, slike som var vanlege på 70-talet i Japan, så det er kanskje her vi må leite for å optimalisere arbeidstilhøva til denne pickupen? Eg har diverre ikkje slikt tilgjengeleg for tida, men må klare meg med den unipivoterande JMW 9 signature.

Black og Manley Chinook RIAA - lytteinntrykk

Når eg brukar 50 ohms belastning på Chinook, fungerer Koetsu veldig godt, og spelar med ein overstrøymande rikdom på detaljar. Her nyanserast det innan anslag på strengar, stemmebruk, og dei mange komplekse måtane å spele perkusjon på. Det er også rikeleg med luft rundt dei ulike instrumenta, men ikkje slik at lydbildet nødvendigvis teiknast sylskarpt, slik ein kan oppleve med Dynavector sine litt dyrare modellar. Likevel tydeleg betre enn min DV10x5, som då berre kostar ein femtedelen, så det skulle berre mangle.

Koetsu Black gjer spesielt godt det som eg held for å vere det mest viktige, at du kan fokusere på kva instrument du ynskjer innan vanleg gode opptak. Dette er eigenskapar som absolutt er til stades, nesten på ein magisk måte. Her må også klangeigenskapane nemnast. Dei er så frodige at du ikkje har høyrt maken. Kanskje ikkje slik instrumenta høyrest ut når ein jaktar eine og åleine på det nøytrale og objektive, men sånn det må vere når du skal avsløre heile ideen med musikken. Det er ein sann svir å spele Ry Cooder ”Jazz” med Koetsu Black, for her greier ein å halde alle instrumenta frå kvarandre, her grautast ingenting. Supertramp ”Crime of the Century” har noko av det same kvalitetsnivået, men her synes mismatchen med pickuparmen min seg tydeleg når det spelast kraftig på dei lyse tangentane på elpianoet. Men alle dei intrikate detaljane i arrangementa som er Supertramp sitt varemerke, vert teikna med tydelege strekar, slik at du aldri er i tvil om kva som eigentleg skjer.  Klassisk musikk har noko av det same, spesielt på litt mindre arrangement, som Scuhbert ”Der Hirt auf dem Felsen”. Eigentleg eit ganske ukomplisert musikkverk som burde vore lett for eit anlegg å gje att. Men å spele med Koetsu Black her, gjev musikken ekstra styrke, og nye kvalitetar. Spesielt klarinetten, men også pianoet og sopranen nyanserast slik at ståpelsen er eit faktum. Og den sjølvmotseiande måten dei tre instrumenta einskildvis står fram, og likevel utgjer ei høgare, felles eining, går i dette trolldomsaktige, eigenskapar som går over kva eg trudde budde i desse rillene.

 

Ny riaa – Whest: Fyrste samanlikningsinntrykk

Det vart skifta mellom Chnook og Whest riaaforsterkarar, noko som var interessant. Det er ikkje godt å seie ”kven ein skal godblunke tel”, for begge er fantastiske, om enn ulike.

Chinook fekk 50 ohm som standard under Koetsu-utprøvinga. Whest kunne diverre ikkje justerast. Men eg gjorde likevel direkte samanlikningar, og kom til at Manley, rørkonstruksjonen, merkeleg nok tenderte til å vere den mest nøytrale. Dette er neppe hovudpoenget når ein lyttar til musikk på dette nivået. Begge var fullstendig støysvake, og det kunne ikkje registrerast susing av noko slag på apparata. Det er ein ørliten skilnad når det gjeld signalnivået på utgangane, slik at ein uviklårleg vert påverka til eit fyrsteinntrykk der Whest ved hjelp av ei aning meir gain, får eit forsprang. Og så er Whest endå meir luftig, og opnar opp for verkeleg gode pickupar si evne til å klinge ut overtonane. Veldig kjekt å høyre på Koetsu Black via denne. Men når det kjem til dynamiske eigenskapar, og til understøtte av lufta mellom instrumenta, er Chinook meir for seg. Det same gjeld det som kjem fram av perspektiveigenskapar, som rett nok ikkje er storarta med Koetsu Black, men som gjer såpass mykje av seg at det må kunne registrerast ved andre pickupval. Vi får sjå.

Ein viktig ting som skil desse to flotte riaatrinna er at Chinook kan justerast ganske detaljrikt, medan dei nye modellane til Whest ikkje kan endrast av brukaren. Manley er meir tilpasningsdyktig, og du kan gjere det meste på baksida , men ikkje alt. Gain – skilnaden på MM og MC – må gjerast inne på printkortet ved å løyse dei 8 skruane på dekselet. Plasseringa er logisk når du tenkjer kort signalveg og praktisk minst muleg støy, men bruksmessig er det ikkje noko særleg. Iallfall ikkje for den som skiftar mellom høg og låg output innimellom. Det vert nok til at ein mest brukar det eine, tenkjer eg….

Men på Whest må du halde deg til ei fabrikkinnstilling. Trur eg – Tor på Lyric skal sende  mail til forhandlar om kva som vert politikken derifrå framover...

Litt meir langvarig speling på kombinasjonen Whest + Black kunne avsløre at Whest treng endå lenger oppvarmingstid enn den normale halvtimen – her er det snakk om godt over timen før eg vart sikker på at ting var ”ferdige”. Eg vil tru at dette er ein riaa som aller helst bør stå på permanent. Straumbrytaren på baksida er såleis ikkje noko problem. Whest har mange modellar, og dersom dette er representaivt, lovar det skikkeleg mykje med tanke på

Skifte til Soundsmith Aida og refleksjonar rundt to Soundsmith-modellar

Etter ei stund rigga eg med Chinook og den mykje positivt omtala SoundSmith Aida, ein flottare utgåve enn veslebror ”Zephyr”, som eg har hatt til utprøving ei tid. Desse Soundsmith-pickupane har på kort tid opparbeidd seg eit svært godt rykte, og det ryktast at det er i ferd med å verte ventelister på visse modellar.

Mi fyrste erfaring med SoundSmith skjedde med ei spesialutgåve ”Zephyr”, som skal vere spesielt godt tilpassa VPI sine JMW-armar. Desse armane kan vere litt travle å justere skikkeleg, så det er i utgangspunktet ein god ide å lage modellar som er optimaliserte til VPI. Såleis har Zephyr ei konisk nålesliping, noko som er mindre krevjande å justere enn spesialslipingane vi etter kvart har vorte vande med også i overkomelege prisklassar. Det er også ei heilt ordinær nålefane i aluminium, og ikkje dei kostbare materiala som både Soundsmith og andre produsentar brukar når dei skal flotte seg. Etter kvart har eg vorte vand med å sette opp alt mogleg i JMW-armen min, og det må innrømmast at jobben hadde vore ganske grei med Zephyr, medan eg måtte bruke meir flid då den dyrare ”Aida” skulle på. Her er slipinga ”Optimized Contour Contact Line” på nålefane av ekte rubin – noko som får prisen opp monaleg. Det spesielle ”Movin Iron”-prinsippet gjer at dei delane som røyrer seg inne i pickupen held seg på svært lav masse. Berre eit ørlite jernstykke flyttar seg i takt med platerillene, men det genererast likevel eit ganske kraftig signal, slik at du slepp dei kostbare MC-inngangane, men kan køyre i ein heilt vanleg MM 47 kOhm platespelarinngang.  Og då eg jobba med Zephyr, kunne eg greie meg med ganske så enkle riaa-konstruksjonar om nødvendig, både Graham Slee Communicator sin utgåande modell (som eg fekk under tusenlappen) og NAD sin ikkje så veldig positivt omtalte PP2 kunne heilt fint brukast. Men det vart andre bollar med Manley Chinook… Soundsmith-pickupane har evner som går milevis utanpå dei to billegprodukta, noko du i høgste grad får erfare med den 25 gonger dyrare Chinook.

 

Soundsmith-moro

Det tok ikkje mange minutta å fastslå at den gode Zephyr måtte slå seg overgått av Aida. Eg lukkast ikkje med å justere sporinga til meir enn ca 50µ, der veslesyster Zephyr greidde 60. Med eit slikt sporingsresultat måtte eg tåle at visse transientar og kraftige graveringar i vinylrillene vart noko anstrengande. Den brutale testen med å spele Supertramp og finlytte til elpiano avslørte nok ein gong at matchen mellom arm og pickup ikkje var optimal Dette greidde Zephyr mykje betre.  Men det var så absolutt råd å få med seg at Aida kunne få med seg ting Zephyr ikkje registrerte. Å spele Dance With A Stranger har aldri vore meir hyggjeleg. Den flotte Soundsmith-bassen var endå meir elegant, og kunne på same tid overtyde med endå meir autoritet, så vel som at heile utklinginga av alle instrumenta vart fantastisk overtydande. Dei same tendensane gjer seg gjeldande på ei av mine favorittplater ”Wounded Bird” med Flying Norwegians – ei perle både når det gjeld musikk og innspelingskvalitet.  Å spele populærmusikk er veldig engasjerande, og Aida kan verkeleg formidle det som skjer på innspelingane. Gjennom utprøvinga er eg innom mange sjangrar og musikalske epokar, og hallar etter kvart til at dette er ein moderne pickup som gjer ting akkurat på den måten som mange ynskjer seg. Fantastisk bassattgjeving, gjennomgåande nøytral og med stor detaljeringsgrad, open utklinging med ordentleg, naturleg instrumentattgeving, godt lydbilde. Til visse musikksjangrar er Aida direkte suveren Sjølvsagt kan ikkje pickupen klare alt like fullkome, men det er ikkje noko som går gale. La gå med at ein del av mine klassiske plater er høyrt betre via andre pickupar, sånn som t.d. visse symfoniar innspelt på tidleg 60-tal av RCA, utgjeve på LSC-serien, ”Harry Belafonte in Carneige Hall” og litt enklare arrangement som Jan Johannson Jazz på svenska”, Ole Paus/Gunnar Bull Gundersen ”Ole Bull Show”, og dei tidlege Cornelis-innspelingane. Om dette er di greie, vil eg heller hatt ein Koetsu Black, sjølv om han er dyrare, og meir krevjande til riaatrinn.  Eg spelte til dømes ei litt slita plate av ”Difference”, Aida gjorde ein kjempejobb, men det må innrømmast at det var vanskeleg å unngå å fokusere på ein del mindre heldige sider ved opptaket. Aida fortel alt, også slike ting eg kunne tenkje meg å oversjå på denne innspelinga Så eg skifta til Koetsu, og fekk hyggjelegare oppleving, I tillegg forsvann mesteparten av plateknitringa. Men bassen frå Aida, den sakna eg.

 

Dygdene til Chinook og ein refleksjon rundt anlegget mitt, vitsen med alt, liksom…

Elles ser eg at Chinook har ein del fantastiske eigenskapar. Eg er veldig glad i den flotte bassattgjevinga, som spesielt godt kom fram på Aida, utan at Koetsu Black kan seiast å føre til at du mister noko. Chinook vil eg omtale som ”svært nøytral”, som ikkje framhevar noko spesielt, men leverer eit totalt lytteinntrykk som kanskje ikkje er heilt objektivt, men akkurat det eg (som gammal bassist, kanskje?) vil sette pris på. Dette er ein del av Manley-elektronikken sitt ”fingeravtrykk”, etter mi meining. Dette gjev magiske opplevingar, berre du passar på å ha god nok pickup i tillegg. Eg skjønar at eg har vorte mindre dogmatisk med åra, og er ikkje lenger så veldig opptatt av at ting skal vere så nøytrale som råd. I anlegget mitt er det berre ASR Emitter 2 Exclusive som kan seiast å vere verkeleg nøytral. VPI-spelaren spelar fyrst og framst engasjerande, og skulle eg hatt ein skikkeleg nøytral sak, vil tilsvarande prisa riggar frå Clearaudio overtyde meir. Og endå mindre bakgrunnseffekter hadde eg fått ved bruk av dei største Nottingham-riggane. Det er ingen tvil om at høgtalarane mine er eksepsjonelt gode, men ”nøytral” er ikkje det fyrste ordet eg ville bruke for å omtale dei, rundstrålande og alt det der.

Så både Manley Chinook og Whest-riaatrinna gjer seg veldig godt i dette selskapet. Det er nok ikkje i eigenskap av nøytral attgjeving, men i kraft av engasjementet dei tilfører musikken. Det får meg til å bruke eit ord som eg har fått mykje kjeft for; ”ngoma”. Ordet vart kjent for meg via professor Jon Roald Bjørkvold si bok ”Det musiske menneske”. Ordet kom vissnok frå bantu(?) og tyder musikk, men også tromme, fest, moro, alur….eit ord som er meir omfattande enn vår smale tilnærming. Noko som eg for mange år sidan prøvde å innføre som ein faktor i lydattgjevingsevna til eit godt anlegg. Som ein femte smak. Noko som kunne gje ei større forståing av heile lydattgjevingsproblematikken. Det er eigentleg lett å høyre, men frykteleg vanskeleg å kvantifisere – det som gjer at du likar noko, eller er meir likegyldig. Linn har marknadsført platespelaren sin som i stand til å levere ”footstomping effect”, og vi hugsar kanskje utsegna ”Nice gear, but it doesn´t boogie, som fekk den legendariske høgtalarkonstruktøren Arnold Nudell til å gå av skaftet. Det vert liksom forståeleg når du høyrer desse to riaatrinna.  Og anna Manley-elekrtonikk. Faktisk gjekk Stig Arne Skilbrei av skaftet då han høyrde anlegget mitt med full Manley elektronikkpakke. Og hifi-gudane skal vite at eg skjønar Stig. Eg kunne berre ikkje slå meg til tåls med alt dette engasjementet – og så er det utfordrande nok å møblere daglegstova slik at mbl 101 glir naturleg og diskret inn i inventaret, eit par spyflugelilla 500-watts, varmeutviklande monoblokker med behov for 10 store utgangsrør pr kanal kunne bli i overkant. Men eigentleg var det mange kvalitetar over dette som ikkje helt kjem fram ved hjelp av dei fire boksane som til saman utgjer ASR Emitter 2 Exclusive, som no er ein del av husheilagdomen.

 

Men Whest, då?

Etter ei stund med Chinook og Koetsu Black i hovudrollene fann eg ut at Whest skulle få sjansen til å prøve seg att. Aller fyrst måtte han varmast opp – det er spesielt lite lurt å samanlikne ein kald Whest med ein varm Manley. Begge dingsane treng nemleg å vere skikkeleg varme. Chinook greier seg med ein god halvtime for å komme i form. Men det er litt annleis med Whest, erfarte eg alt i fyrste utprøvingsøkt. Så leidningar vart skifta, og forsterkaren påslått.  Eg gjorde meg unna med popquiz og husvask før eg tok til å finlytte.

Ingen tvil om at Whest gjer ein like god jobb med Koetsu som Chinook gjorde. Men annleis. Meir luft, annleis bass (nei, ikkje mindre, berre på ein annan måte. Meir passande til kontrabasspel. Litt kjedelegare på Dance With A Stranger). Skulle vore moro å sjå kva Whest kunne gjere med Soundsmith, men det passar altså ikkje i inngangen. Irriterande. Såleis heldt eg fram med å spele repertoaret eg hadde plukka fram på Koetsu. Og finn ut at det vert vanskelegare å bestemme seg for kva som er mest for pengane i denne samanheng. Når du har ein pickup som Koetsu, fungerer som hand i hanske saman med Whest sine fabrikkinnstillingar, og har denne vesle, ekstra gainen, er det veldig fort å falle for denne kombinasjonen. Så har Whest dessutan bananserte utgangar. Og om ikkje alt er slik det skal vere, finnest det både eit par-tre dyrare modellar, så vel som nokre rimelegare….Whest må undersøkjast. Eg skrudde opp boksen, og såg inni. ”nesten ingenting” var mitt fyrste inntrykk. Men så forstod eg litt meir. To ringkjernetrafoar i eine enden av kabinettet vitna om fullstendig kanalseparasjon. Og i den andre enden, så langt unna straumforsyninga som mogleg, var to nydelege printkort. Ikkje så store, ikkje så overlessa, men med ein utsjånad som vitna om stort medvit hos konstruktøren. Det måtte berre bli bra på denne måten.

 

Kva skal ein bruke Whest til?

MC-pickupar, sjølvsagt. Eg har ein liten stall, og det er naturleg å prøve å finne nokre vanskelege ting, for å sjå kor allsidig Whest er. Chinook er i utgangspunktet veldig allsidig, med justeringar for det aller meste – berre MC-pickupar med ganske lågt output ville by på problem. Kunne Whest klare slikt? Kor allsidig kan ein vere med fast inngang? Eg bestemte med såleis for å prøve ut to andre pickupar.  Trur eg har nok notatar til å kunne forklare både Soundsmith-variantane og Koetsu black. Så satsa eg på å montere min utgamle Accuphase AC1 og ein Benz eg har fått låne til utprøving frå Lyric.

 

Accuphase AC 1 og Whest

Dersom Accuphase og Koetsu skulle duellert i 1978, hadde det vore utruleg spennande. Begge var av The Absolute Sound rekna for å vere leverendørar av det aller beste av pickupar på denne tida. Men no har det altså gått 35 år, og det har runne utrulege mengdar vatn i havet i mellomtida. Ingen andre av komponentane eg har i anlegget fantest på 70-talet, og krava eg stiller er i høgste grad moderne.

Eg fekk justert pickupen så godt det lot seg gjere, og greidde faktisk å få like god sporing på han som på Soundsmith, altså 60 µ i staden for Koetsu sine 50.  Det fyrste eg prøvde av musikk, var Dance With a Stranger. Eg ville høyre kva denne litt småfeite gamlingen greidde i eit moderne opptak av bass. Eg hadde faktisk ikkje prøvd dette før.

Ja, AC 1 er nok litt småfeit. Det hugsa eg då eg kjøpte han. Eg hadde ikkje råd til den langt meir nøytrale AC 2 den gongen, og den kjempedyre AC 3 var ikkje komen på marknaden endå (heldigvis?)

Flott attgjeving, ingen tvil om det. Og det gamle særpreget til Accuphase-pickupane, lydbildet vekte umiddelbart ståpelsen. Toppen var også betre enn eg frykta, så eg prøvde ei testplate, som synte at gamlefar formidla 15 khz på overtydande vis. Det gjekk ikkje med dei andre utan at eg skrudde volumet litt ekstra opp.

Litt for mykje midbass var til å leve med, og Dance With a Stranger høyrdest ut til å trivest godt. Men eitt av varmerka deira, den rå, men konrollerte bassattgjevinga, var ikkje heilt på høgd, korkje med det eg høyrde frå Koetsu Black, og definitivt ikkje frå Aida eller for den skuld Zephyr. No kunne eg verkeleg tenkt meg å skru litt impedans på Whest-riaaen. Beklagelegvis gjekk ikkje dette, så eg fann det lurt å prøve nokre andre plater før eg endra på noko. Det var nærliggjande å sette på ”Chrime of the Century” innspelinga og pickupen var om lag like gamle, og eg hugsar eg sleit mykje på denne kombinasjonen i gamle dagar. Det var eigentleg slik eg vart fasinert over kor storarta lydbilde som kunne formidlast ut av eit stereoanlegg. Og eg vart ikkje det minste skuffa.  Her hadde den faste innstillinga til Whest gjve AC 1 ganske optimale vilkår, og det store Supertramp-lydbildet med alle sine underfundige instrumentarrangement kunne formidlast i hovudsak på flott vis. Gumpebass er ikkje så stort problem på Supertramp.  Sporinga av elpiano-diskanten på ”Bloody well right” baud heller ikkje på særlege problem, sjølv om det ikkje på nokon måte kan samanliknast med det aller beste, som t.d. Rudi sitt oppsett med AirTight-pickup -  den trommeskinnlyden derifrå må berre opplevast før ein uttalar seg om  vinylen sitt lydlege potensiale.

Eg var også innom eit par klassikarar frå RCA Living Stereo-katalogen, og må innrømme at gamle AC 1 er eit høgverdig alternativ også i dag. Ein pickup som gjer det Denon 103 ikkje får til, utan å ofre noko. Eg vart reint nostalgisk i all platekosen, men også meir og meir frustrert over å ikkje kunne regulere impedansen. Det må då gå an å få til meir moro om impedansen vert justert ørlite? Det berre gjekk ikkje lenger!

Etter ein ekstra gongs gjennomkøyring av Crime of the Century røska eg ut kontaktene. No var det Chinook sin tur.

Ting vart kopla ordentleg, og eg sette meg til å vente litt. Eg ville ikkje høyre noko musikk medan rør og komponetnar vart varme. No hadde eg funne at det berre tok ein halvtime, så det var overkomeleg med venting.

 

Men dette er altså eit arbeidsnotat. Lenger kom eg ikkje. Denne gongen…

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Manley Chinook i selskap med AC 1

 

 

 

Det må seiast at dei to riaa-trinna eg har til disposisjon er utruleg gode, og

 

 

God pickup + god arm = sant?

Eg kunne verkeleg tenkje meg Aida som permanent inventar i min eigen pickupstall, men så var det dette med samarbeidet med VPI JMW9 Sig-armen min som ikkje går så bra. Eg gjer meg visse tankar no, etter at erfaringane med både Koetsu Black, Denon 103-familien og no Soundsmith Aida berre er sånn passelege. Pickupane er udiskutabelt gode, med fantastiske prestasjonar, men armen får ikkje jobben til å verte så god som potensialet burde gje rom for. Ein SME, eller for den saks skuld ein tangentialarm blir heilt sikkert annleis. Men eg kan ikkje gå med på at armen eigentleg er dårleg – resultata med Dynavector så vel som med Benz og ein god del andre pckupar tilseier ikkje det. Rette ordet for JMW 9 er vanskeleg å finne. Eg skrevi ”jomfrunalsk” i notatane mine…..

 

Attende til Koetsu Black

Overflatestøy er heller ikkje noko problem, sjølv om Koetsu Black gjer ein endå betre jobb når eg samanliknar plate for plate.

 

har aldri vore meir morosamt.

Lest 5851 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.