tirsdag, 22 april 2014 08:18

Beat på nynorsk.

Skrevet av

Strøymetenesta Beat slår til og lanserer ei nynorsk utgåve av appen. Dette gjer dei til verdas fyrste strøymeteneste på nynorsk.

Les meir.

 

 

Som stort sett vestlendingar har vi i Audiophile.no eit spesielt tilhøve til nynorsken. To av skribentane – Arve og Stig Arne – er ihuga nynorskentusiastar. Og eg nytter og høvet til å børste støvet av min eigen nynorsk i denne artikkelen. Arve testa i 2005 med stor entusiasme det han kalla nynorskspelaren. Det var Oppo DV 71H, ein Oppo DVD-spelar med nynorske menyar som ein opsjon.

No kjem altså støymetenesta Beat i nynorsk utgåve. Eller i det minste med moglegheit for nynorsk utgåve av menyane i appen. Beat er det nyaste av strøymetenestene, og held til i eit spanande hus teikna av den kanadiske arkitekten Todd Saunders, på Mjømna i Gulen kommune. Dei har markert seg som litt annleis enn dei store Spotify og WiMP, og er den einaste strøymetenesta som har fått med seg plateselskapet KKV fullt ut.

Leiaren i Målungdommen, Vebjørn Sture jublar over tiltaket. Elles har dei ein egen seksjon der enkelte nynorske album vert framheva, og denne uka har dei nynorskuke på Beat.

 

Les meir hos Beat.

Sist redigert tirsdag, 22 april 2014 08:27
Karl Erik Sylthe

Redaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.