Skriv ut denne siden
lørdag, 06 september 2014 07:04

PLATENYTT: Harry Belafonte in Carniege Hall

Skrevet av

Eitt av verdas beste opptak vert på ny tilgjengeleg – I forbetra utgåve?

Når vi snakkar om 50-talet, har dei færraste av oss musikalske assosiasjonar ut over klassisk, jazz og kanskje Alf Prøysen. Men det var fleire stilartar som dukka opp.  Frå Karibien og spesielt Jamaica kom den karakteristiske calypsoen, og den framste eksponenten for denne var Harry Belafonte. Då han var på høgda, i 1959 medan han var 32 år, heldt han ein legendarisk konsert i Carnegie Hall, der han framførte alle slagerane sine. Heldigvis vart dette tatt opp, og det på ein svært så tilfredsstillande måte. Det var plateselskapet RCA som gjorde jobben, og når det  gjeld opptaksteknikk var dei absolutt dei beste i verda. Dette konsertopptaket har såleis vorte ei av dei absolutte referansane når anlegg skal vurderast, fullt av mikrodynamiske nyansar, ein detaljrikdom som knapt er å tru, og med den flottaste perspektivattgjevinga eg kjenner til innan populærmusikk. Plata brukast alltid på anlegget mitt når eg treng å prøve ut kor godt eit anlegg meistrar dette. Og no er denne vinylskatten på ny tilgjengeleg gjennom PM Audio, på vinylselskapet Analogue Productions. Prisen er ca 600 kroner, men det er altså snakk om ei dobbel-LP med den mest naturlege konsertatmosfæren du kan tenkje deg. Det at opptaket er frå 1959 burde ikkje skremme nokon – musikken er kanskje frå ei anna tid, men her snakkast det altså om ei tidsmaskin som flyttar deg attende til Carnegie Hall (det seiast at konsertsalen tapte seg etter ombygginga – er du kjend med Carnegie, skal du visstnok høyre dette på eit godt anlegg…)

RCA hadde ein spesiell opptaksteknikk den gongen, der dei hadde tre mikrofonar og spor på bandopptakaren. Eit stereoopptak og ei vinylplate hadde berre to spor, høgre og venstre kanal. Den tredje kanalen, den i midten, vart brukt som mastertape til monoversjonane. No har eg fått høyre av Paul at det vart laga ein stereokopi av høgre og venstre kanal, og at denne kopien var utgangspunktet for originalpressingane.  Men no har Analogue Productions fått tak i det opprinnelege tresporsbandet og brukt dette til å lage nye kopiar, på perfekt vinyl.

Eg har vanskeleg for å tru at det er muleg å forbetre denne plata. Men snart skal eg prøve ut Analoge Productions si nye utgåve, og samanlikne denne opp i mot mi 55 år gamle originalpressing. Grundig omtale og rapport kjem så snart eg er ferdig….

Les meir om Belafonte at Carnegie Hall hos importøren PM Audio

Lest 11729 ganger Sist redigert lørdag, 06 september 2014 07:16
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.