torsdag, 20 november 2014 22:21

Test av Miyajima pickuper – Del 3, Miyajima Takumi.

 

Arve om Miyajima Takumi:

Innimellom ymse ikkje-audiofile gjeremål, fekk eg telefon frå Rudi. Han meinte eg måtte prøve ein flunkande ny pickup eg ikkje hadde det minste peiling på. Så hadde han også fått eit par riaatrinn som skulle prøvast ut. Slike freistingar kan eg aldri seie nei til, men det vart ikkje tid til å lese eg opp om desse produkta, så utprøvinga skjedde utan at eg visste anna enn at pickupen måtte spelast inn, og at han kosta 15 kilokroner. Dette vart ei hektisk økt der eg skifta på to riaatrinn og ein pickup. Men sjølv om dette eigentleg var ein stor fest, har eg prøvd å dele erfaringane inn i tre ulike artiklar.

 

Aller fyrst: Miyajima”Takumi”

Eg rigga opp denne nye i min JMW 9 Signature-arm så presist eg kunne, og gjorde alle justeringar etter boka. Prisen på pickupen var endeleg høg nok, men for meg var dette eit totalt ukjent merke, så det må innrømmast at forventningane mine var blanda.

Dei fyrste lytterundane starta så snart riaatrinna hadde fått lunke seg eit døgn – transistorbaserte riaatrinn må gjerne stå på permanent. Det heile høyrdest litt daft og kjedeleg ut, men slik har eg ofte erfart frå nye, uinnspelte pickupar av litt klasse. Mekaniske rasedyr må oftast ”sette seg”, med gummioppheng og greier, ikkje ulikt prosessen nye høgtalarar går gjennom. Etter ca 10 timar tok ting til å bli nokolunde lyttbare, så eg tok sjansen på å samanlikne riaatrinna og gjere meg opp ei meining om kor godt dei passa til Takumi.

 

Fyrste lytteinntrykk av Takumi:

Avspelinga gjekk føre seg svært støyfrittt, og Italienske North Star Design Phonomaster løyste opp lydbildet på ein svært tilfredsstillande måte. Sjølv om Takumi har output som er noko svakare enn mange konkurrentar, var det ingen problem for North Star å forsterke signalet skikkeleg. Klangbalansen var også svært korrekt – i starten kanskje litt for tilkneppa og nøytral når ein skulle ha det gøy etter min smak. Men det er slikt som ein gjerne justerer gjennom matching til anlegget elles. Dynamikken var også realistisk, men her heller ikkje etter min smak når det skulle rockast eller spelast store symfoniske verk, sjølv om sublime nyansar kom godt fram når ein lytta spesielt etter korleis einskildinstrument spelte. Det var altså tydelegvis eit svært godt riaatrinn, og kanskje midt i blinken for den som vil kunne justere seg presist til alle pickupar, utan å blakke seg fullstendig.

Under lyttinga la eg også merke til at Takumi endra seg gradvis. Det var tydelegvis ikkje nok med ca 20 timar innspeling – ting utvikla seg gradvis betre. Og eg la tydeleg merke til ei positiv utvikling med tanke på dynamikk og anslag, spesielt i det øvre bassområdet. Lovande, men heilt fornøgd var eg likevel ikkje.

 

Takumi – innspeling og førebuing

Denne pickupen skal inn på eit svært krevjande prissegment. Han ser ut til å vere ein klassisk MC-konstruksjon, utan den heilt raffinerte stiftslipinga, ein elliptisk sak, så det er ikkje her kostnadane ligg. Her er berre sånn passeleg med output (0,20 mV), og med komplianse på 7, treng nok helst ein klassisk tung arm, som eg altså ikkje hadde denne gongen.

Det tok over 30 timar å spele inn dette vedunderet, og i starten høyrdest det ganske så tilkneppa ut, med litt lukka og udynamisk spelestil. Men det er som meitefiske, tålmod må til. Så etter 15 timar tok dette gradvis til å ordne seg, og ut over dei fyrste 30 timane har eg nok spelt rundt 10 nye timar, utan at det merkast særleg utvikling vidare. Men så, mot slutten av testperioden då eg bikka 50 timar, kunne det høyrest ut som midbass, mellomtone og dynamikk fekk eit ytterlegare løft i kvaliteten.

Men eg fekk mistanke om at Takumi og min VPI JMW 9 Signature-arm ikkje var særleg begeistra ovanfor kvarandre. Og testplata mi signaliserte det same, med sporingsproblem alt på 50µ, som er i underkant av det som fungerer når det er litt krevjande sporingsoppgåver på plata. Finlytting avslørte at eg måtte auke den effektive massen, så eg la ekstra lodd i pickuphuset. Dette brukar å vere nødvendig innimellom, og sporinga vart mykje betre. Ein litt tyngre kvaltetsarm som kan passe til ei komplianse på 7 vil nok vere endå betre, så ta mine dynamiske innvendingar med dette i tankane.

 

Kritisk lytting etter godt over 30 timar

Takumi fanga opp relativt lite platestøy og knitring, trass i den tradisjonelle, elliptiske slipinga, men er eit stykke unna dei som er flinkast i klassen, med stiftar frå Van den Hul og Koetsu.

Dynamikken er fint nyansert, og Takumi formidlar veldig godt korleis dei einskilde musikarane spelar, men evna til å gje att symfonisk raseri og villskap a la Shostakovich er høyrt betre. Det same kan seiast om sopranar som syng fortissimo, så vel som elpianoet på Supertramp ”Crime of the Century”. Ikkje slik at lyttaren reagerer på at dette ikkje er godt nok, det er berre råd å få det endå betre (om du har råd til ein dyrare pickup, vel å merke).

Med den ekstra vekta i pickuphuset og maksimalt stifttrykk vart det orden i sakene. Klangbalansen er svært tiltalande. Skikkeleg MC-bass og glitrande mellomtoneattgjeving. Toppen er open og utklingande med godt av luft rundt instrumenta når vi lyttar etter perspektiveigenskapane. Ganske sikkert ein god match til panelhøgtalarar av mange slag, men lystklingande høgtalarar med mykje energi i toppen vil kunne provosere Takumi. Attgjevinga av plasseringa av instrumenta på scena, og perspektivet er godt, heilt slik ein kan forvente seg i høg prisklasse.

Eg skulle gjerne hatt ein Technics SL 1200 eller annan, tungarma DD-spelar frå slutten av 70-talet ståande når pickupar som Takumi kom på besøk. Elliptisk sliping stiller eigentleg ikkje så høge krav til pickuparmen som meir raffinerte slipingar. Berre effektiv masse er i orden, og kanskje ein pickuparm som ikkje er unipivoterande. Det kunne vore moro å høyre om det var råd å få til ein pickup på dette nivået med ein enkel, rimeleg platespelar. Eg har ein mistanke om at det kunne fungere godt.

 

Konklusjon Takumi:

Det vil vere fornuftig å vurdere Takumi om du tykkjer Koetsu Black er for uharmonisk, Benz for snill, Dynavector for hårete, og Lyra sine beste for dyre. Prissegmentet rundt 15 000 er eit av dei hardaste å konkurrere i, så du bør vere nøye med matchinga, spesielt til riaa. Her er det råd å komme rimeleg frå det med EAR 834, som etter mi meining er innertiar til denne pickupen.

Til eigarar av unipivoterande, middels tunge armar har nok konkurrentane svært spennande alternativ. Iallfall er VPI JMW 9 Signature som eg brukte, ingen fulltreffar. Truleg er Takumi med si elliptiske nålesliping enklare å få til enn mange av konkurrentane, som er svært nøye på armen. Eg trur Takumi er i stand til å levere i enklare og billegare armar enn dei aller dyraste, i motsetnad til visse prinsesse-på-ert-pickupar som kan vere slitsame å justere skikkeleg. Slike tendensar er Takumi velsigna fri for. Har du ein passande arm på ein grei platespelar, kan Takumi vere det rette om du ynskjer mykje lytteglede og på same tid detaljrikdom. Dette kan godt vere den rette pickupen for å gå opp i denne prisklassen, utan at du treng koste på deg ein ekstremt flott arm i tillegg.

Vi får høyre kva Rudi seier når han brukar Takumi i sine mange platerspelarriggar, og samanliknar med korleis dei dyrare slektningane leverer.

Arve, November 2014

 

 

 

Rudi om Miyajima Takumi:

Miyajima Takumi er pr i dag merkets rimeligste mc pickup til tross for en pris på ca 15000.-. Takumi er basert på samme prinsipp som sine mer kostbare søsken, altså med cross-ring metoden, men har et noe annerledes utformet pickup-hus og er laget med et noe mykere oppheng, slik at compliancen (les stivheten) blir noe høyere og dermed noe mer fleksibel når det kommer til matching med forskjellige armer.

Huset er som på flere av sine søsken laget i African blackwood, men av noe lavere kvalitet enn sine dyrere søsken uten at jeg kan se noen forskjell med det blotte øye.

Arve har beskrevet Takumi her over slik han opplever den. Jeg er enig i det meste av hvordan han opplever det hele, men kan legge til at jeg hører med en gang at den har en lignende spillestil som sine søsken. Montert i en topp-modell av Linn Lp-12 kommer det deilige, dype lydbildet, og 3d effekten er helt klart til stede også med Takumi i førersetet. Den naturlige og veloppløste mellomtonen med en karakter som heller litt mot det varme er heller ikke til å komme forbi. Det er liksom et naturlig og avslappende lydbilde som blir presentert. Detaljrikdommen er også helt klart til stede, selv om de dyrere søsknene kanskje er enda et strå kvassere på dette....... noe må man jo få igjen for de ekstra tusenlapper disse koster. Jeg vil også påstå at Waza er et lite hakk hvassere når det gjelder dynamikk, det blir liksom litt mer sprut og liv i lydbildet med Waza, men jeg tror nesten at man må A-B teste for og høre nettopp dette skikkelig. - siden jeg har hatt denne muligheten, så tar jeg det med.

Når jeg monterer Takumi i Jelco SA750 armen min så holder inntrykket seg, selv om lydbildet blir litt grunnere enn i Linn sin arm som koster 6-7 ganger så mye, jeg vil faktisk påstå at man med Takumi får 98% av lyden til tross for den ganske enorme prisforskjellen på armene med den billigere av de to.

Man skal nok opp på vanskeligere pickuper enn Takumi for at forskjellene skal blir større når ting som tighte armlagere og høy resonansdemping blir påkrevd. Takumi opplever jeg som svært enkel å ha med å gjøre, og den opptrer meget godt i alle armer jeg har tilgjengelig. Compliancen i Takumi ligger rundt 15, men er noe vanskelig å måle på "vanlig" måte på grunn av cross-ring prinsippet som gjør at compliancen er lav ved små signaler og høy ved kraftige signaler, men man kan regne med at compliance rundt ca 15 er ganske riktig, uansett opplever jeg ikke Takuni som noen vanskelig pickup og ha med å gjøre.

 

Min lille konklusjon vedr Miyajima Takumi er:

En vel spillende pickup som konkurrerer i en meget hard prisklasse, etter min mening er dens tre hovedkonkurrenter Ortofon Cadenza Bronze, Kiseki Blue og Miyajima's egen modell Waza. Takumi står seg egentlig bra mot alle disse tre. Og jeg synes det er litt vanskelig og trekke ut en vinner av disse fire. De er alle veldig bra, slik at det må være spiller/arm combo samt hvilken riaa man måtte ha som avgjør, spør du meg. Skulle jeg komme med en anbefaling vedr riaa, så måtte det bli EAR sin modell 834 Signature, som Arve også var inne på. Disse to spiller som om de skulle vært laget spesielt for hverandre. 834 riaaen har såpass lite filtereffekt i mellomtonen til at alle Takumi's egenskaper virkelig får lov til å brette seg ut. Som sagt er dette en meget god og musikalsk combo. "Hifi-analytisk riktig"? Nope, rett og slett deilig og avslappende å lytte til. YESS !!!!!

Ønsker man denne naturlige mellomtonen med det dype tre-dimensjonale lydbildet, og man ikke sitter på en rå high-end arm, er Takumi helt klart en pickup å tenke på. Jeg har faktisk ikke prøvd det ennå, men jeg kan tenke meg at Linn's Akito 2b arm vil være et ypperlig valg av arm til Takumi, det samme med SME's M2 eller 309 armer.

Takumi er altså en pickup som spiller veldig naturlig og levende, med et stort og dypt lydbilde med meget god 3d-effekt.

Jeg har egentlig ikke noe mer å si om denne pickupen enn at med Takumi i føringen er det bare å sette seg til rette i god-stolen, merke at skuldrene raskt senker seg, og bare kose seg med musikken.

Rudi, November 2014.

 

Lest 6394 ganger