onsdag oktober 24 , 2018
torsdag, 09 desember 2004 23:00

Joss Stone – mind body soul [copy protected]

Skrevet av

Etter å ha høyrt på og skrive om Joss Stone si første plate, kunne eg knapt vente til nummer to skulle kome. Den første plata, ”Soul sessions,” var basert på coverversjonar av gamle soullåtar, og Stone sin eigen musikk skulle sparast til neste utgiving. No har eg hatt ”Mind body and soul” i hus nokre veker, og eg har knapt høyrt på anna musikk denne tida. Me veit allereie at Joss Stone er eit stort songtalent. Men korleis blir det når ho òg skal skrive musikken...?

 

 

Vel, samanlikna med den første plata, med ”vaksne” (eller gamle) coverlåtar, fungerer dette ypparleg. Joss Stone er jo ingen veteran, verken i platebransjen eller på jorda. Men ho har rukke å fylle 17 år, og ho har rukke å gi ut to album. Og no føler eg ikkje på same måte som sist eit manglande truverde mellom vokalist og materiale. Eg trur ikkje det har med at Stone  har blitt eit år eldre sidan sist, men eg trur rett og slett låtar og arrangement passar betre her. Og så har ho jo stort sett skrive alle tekstane sjølv, då.

 

Ho har iallfall vore med. På 11 av dei 14 spora på plata står ho som låtskrivar saman med ein til tre andre. Kven som har gjort kva og kor mykje, blir umogeleg å gjette, men eg vil tru at Joss Stone har hatt ein del låtar og utkast som har blitt jobba ein del vidare med av proffane. Det er ikkje noko gale i det, iallfall ikkje så lenge som resultatet blir bra.

 

Noko av det eg sakna på ”Soul sessions” var låtar med litt tempo. No tek ikkje ”Mind body and soul” heller av tempomessig, men totalinntrykket er likevel heilt annleis. Låtane har eit gåande beat i langt større grad no. Låtane stoppar aldri opp, men har derimot rytmar, bassgang, trommer og eit hav av motstemmer og musikalske detaljar som gjer dette til eit verkeleg levande album.

 

Og det gjer albumet òg til eit veldig dansbart album, og det trur eg ikkje er heilt tilfeldig. Medan det førre albumet blei spelt inn i løpet av berre fire dagar, er eg ganske sikker på at det har blitt jobba ganske så mykje med spora her. Mengda av stemmer, instrument og musikarar på kvart spor er veldig stor, iallfall på papiret. Ut av høgtalarane, derimot, er alt veldig bra samanfletta i eit heilskapleg lydbilete. Generelt er det orgel (Hammond B3), men òg, el-piano (Wurlizer) eller vanleg piano som dannar det harmoniske grunnlaget. Saman med perkusjon, og tydeleg bass, ber det låtane. Legg så på mellom anna gitar, strykarar, kor, blåsarar og ymse digitale effektar, og ein skulle tru ein hadde ein rotete suppe av dissonerande lydar. Men det har ein ikkje! Den eller dei som har stått for arrangementa her har gjort ein stor og veldig god jobb. Alle stemmene passar godt i lag, og dei utfyller kvarandre. Og mange av stemmene og effektane ligg òg veldig i bakgrunnen, slik at vokal, bass, harmonisering, og ei eller to motstemmer er det framtonande. Alt det andre blir underlag og effektar, noko ein kanskje ikkje legg merke til med ein gong, men som ein kan late seg fascinere seg over gong etter gong plata rullar i spelaren.

 

Den mest kjende låten frå albumet, ”You had me,” som er sluppen som singel og har gått mykje på radio og musikk-TV, kan vere eit godt men utprega døme på heile plata. Tempoet i låta er roleg, men det blir ikkje oppfatta slik. Den dunkar og går framover og framover, samtidig som den er veldig tilbakelent. Bassen er særleg djup og tydeleg, og havet av stemmer og motstemmer er stort. Særleg kult er her ei ”bluesskalabasert” stemme i klavinett som går mot melodien. Morosamt, spesielt og relativt unikt. Denne låta og fleire andre har gjort og vil kunne gjere det bra som singlar både på radio/TV og på diskotek. Det vil klart føre til at fleire blir kjende med Joss Stone og soulmusikken hennar. Og eit stort sal av plata, ”Mind body and soul” vil absolutt vere ei positivt nyvinning i platesamlinga til mange unge pop-forbrukarar. ”Soul sessions” har selt i over 2 000 000 eksemplar, og eg blir ikkje overraska om denne plata vil selje minst like mykje.

 

Ein ting me ikkje har vore inne på enno, er jo vokalisten. Dei av dykk som anten har lese omtale av eller har den første plata, har kanskje ikkje sakna det. For, som eg har skrive, me veit at Joss Stone er eit stort songtalent. Vokalmessig er nok ikkje denne plata veldig ulik den førre, men den er minst like bra. Stone si stemme er tøff og kul, sjølv om den ikkje er verdas mest kraftige. Ho syng med stor sjølvtillit, og har ei eiga, ganske spesiell uttale eller dialekt når ho syng. Den er ikkje lik talemålet hennar, som er låg-engelsk frå Devon, langt frå pen Oxford-engelsk og heller ikkje nokon former for amerikansk eg har høyrt. Det er vel heller ei slags blanding av talemålet hennar og (no skal eg vere veldig politisk ukorrekt her:) tøff neger-amerikansk. Eg er ingen språkekspert, så eg skal ikkje tolke meir rundt dette, men berre konstatere at også uttalen hennar er både kul og særprega.

 

Så kva får ein altså med ”Mind body and soul?” Ein får alt det som var bra frå ”Soul sessions” og i tillegg alt det som mangla då. Ein får ei ein tanke meir  kommersiell plate, som framleis inneheld soulmusikk (eller neo-soul/ny-soul som enkelte kallar det), men som òg bevegar seg i retning popsjangeren. Ein får 14 varierte spor med guts og futt i og eit ”hemmeleg” bonusspor som er ein fin, liten og enkel ballade med berre vokal og pianomotstemme (som dessutan er tungt inspirert av ”Måneskinnsonaten” til Beethoven...). Ein får ei plate som egnar seg både til lytting, som bakgrunnsmusikk og på fest. Joss Stone får vist oss at ho kan skrive låtar òg, og ikkje berre synge kult. Diverre er plata av det kopisperra formatet med ”copy control technology” som gjer den vanskeleg å spele av på ein del utstyr (mellom annan min primære CD-spelar).

 

Men viss ein kan leve med det, skulle det ikkje vere noko problem å leve med resten av plata. Joss Stone kan syngje, ho kan skrive låtar, ho har fått god hjelp med låtane og arrangementa, og ho har hatt med seg eit lite sirkus av studiomusikarar under innspelinga. Men resultatet er glimrande, så då er det berre å vere snill i 14 dagar til og ønskje seg plata til jul...

 

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 10. desember 2004

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

S-curve

 

Kjøp denne hjå CDON!

Lest 8320 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:56
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

  • Hortenmessa 2018 - messerapport med video
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Hortenmessa vart avvikla for 17. gongen på rad, og vi var til stades med kamera og mikrofon.

    Les mer...
  • Kaipa – Sattyg
    Skrevet av

    Våre Svenske naboer har fostret mange gode progrock band gjennom tidene, og flere har vært inspirert av Svenskenes supergitarist og progstjerne Roine Stolt. Kaipa’s 12. og mesterlige album Sattyg er verdt en ekstra titt.

    Les mer...
  • Teac CD-P3450 Compact Disc Player – Stig Arne si dagbok juni 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I denne dagboka skulle eg eigentleg skriva del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte". Men eg treng litt meir tid. Lat meg difor ta eit kvileskjer med å skriva om noko heilt anna, men ikkje mindre interessant, eigentleg.

    Les mer...
  • Where do the music end and the listening begin?
    Skrevet av

    Our perception of reality is a highly individual matter: every day our mind is occupied by trying to create coherence between an unimaginable number of fragments brought to us through our different senses. It is a bit like a game: you're given certain pieces but how you combine them is up to you.

    Les mer...
  • 99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte (del 1) - Stig Arne si dagbok Mai 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Denne artikkelen burde eg ikkje levert. Eg har eigentleg ikkje peiling, og påstanden (overskrifta) er ganske dryg. Men likevel, eg må berre lufta det. Det er ei problemstilling med tekniske finurlegheiter som eg har fundert over i årevis. Om eg aldri tek det opp, kjem eg ikkje vidare. Eg ser gjerne at dei som har greie på dette tek kontakt, slik at me alle kan læra.  

    Les mer...
  • Martin Logan Classic ESL 9
    Skrevet av

    Vinylguru

    Denne gangen har jeg fått gleden av å ta for meg Martin Logan Classic ESL 9 og lage en omtale av denne, en av de nyeste Martin Logan hybrid elektrostatene.

    Les mer...
  • beyerdynamic DT 1990 Pro - den mest nøytralt lydenende hodetelefonen?
    Skrevet av

    Seniorskribent

    1 år med beyerdynamic DT 1990 Pro, og stiller jeg følgende spørsmål; er dette den mest nøytrale hodetelefonen av dem alle?

    Les mer...
  • Marantz PAM 710 DC Amplifier - Stig Arne si dagbok april 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av  sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.

    Les mer...
  • Grassat feil tilkopling - Stig Arne si dagbok februar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det kan sjå ut som om eg er alvorleg på etterskot, men det er ikkje so ille som det ser ut til. Når eg no har sendt februar, hoppar eg over mars, for då rapporterte eg frå Vossajazz. Neste vert altso april, og då er me ajour!

    Les mer...
  • JBL GO – Stig Arne si dagbok januar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I samband med samansmeltinga mellom datamaskina og stereoanlegget renn eg borti stadig fleire merkelige dingsar. Anten eg vil eller ikkje. Her vil eg skriva om ein eg ikkje kunne unngå. Eg kjøpte han og har hatt stor glede av han sidan. 

    Les mer...
  • Vossajazz 2018 - Laurdag og sundag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

     

    Før det tradisjonsrike Tingingsverket (det 37. i rekkja) vart Vossajazz-prisen delt ut til Benedikte Maurseth. Me gratulerer.

    Les mer...
  • Vossjazz 2018 - Fredag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.

    Les mer...
  • Sandstrøm-Electrocompaniet - Stig Arne si dagbok desember 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri. 

    Les mer...
  • Øyretelefonar – kva skal vi bruke dei til? Utprøving av Mitchell & Johnson
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Alle treng øyretelefonar av og til, men til ulik bruk.  Av og til vil vi ha musikk utan å forstyrre andre. Andre gongar vil vi ha musikk til arbeid og trim. Og nokre av oss bur så trangt at det er liten vits med kvalitetshøgtalarar. Det er også dei av oss som brukar øyretelefonane som høyrselsvern. 

    Les mer...
  • ZYX 4D Ultimate.
    Skrevet av

    Vinylguru

     

    Denne gangen skal jeg ta for meg en av Zyx sine nyeste kreasjoner, den nye carbon-cantilever utgaven av Zyx sin 4d serie. Jeg har tidligere testet 2 pickuper fra 4d serien, i sølv utgaven og kobber varianten. Begge med godt og mer ulikt resultat enn jeg forventet meg. Kobber og sølv i signalveien utgjør en forholdsvis stor tonal forskjell etter min mening, og de to 4d pickupene låt ganske så forskjellig. Begge nøytrale i og for seg, men kobber varianten var vesentlig varmere i lyden enn sølv utgaven, faktisk så forskjellig at jeg gladelig hadde trodd at man snakket om to vidt forskjellige pickupmerker og lydfilosofier.

    Les mer...
  • Analog kontra digital. Stig Arne si dagbok for November 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Kjære lesar,

    førre dagbok, “gode stereoanlegg, dårlege vilkår?” er signert oktober -17, so her kjem november -17. Desember -17 er alt klar, og vil koma ganske kjapt. Eg er altså ikkje so mykje på etterskot som det kan sjå ut som. Forseinkingane skuldast reise for min del, og flytting for redaktøren sin del. 

    Les mer...
  • Trilogy 906 riaa
    Skrevet av

    Vinylguru

    Tidligere har jeg testet Trilogy 907 - riaa'en som var Trilogy's topp modell av riaa'er med meget godt resultat. Og denne gangen er det den nedskalerte lillebror 906 som er inne til test.

    Les mer...
  • Gode stereoanlegg, dårlege vilkår? Stig Arne si dagbok August 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Foto er teke frå eit tilfeldig hifi-blad, og ingen av dei omtalte anlegga, grunna anonymisering. Men det illustrerer nøyaktig korleis det IKKJE skal gjerast 

    I dag vil eg skriva litt om dei stereoanlegga eg har truffe på min veg i det siste. 

    Les mer...
  • ZYX Ultimate 100
    Skrevet av

    ZYX kom for en liten siden med en ny serie pickuper med det ambisiøse navnet «Ultimate». Denne serien kan ses som den endelige utviklingen av deres allerede velrenommerte produkter.

    Les mer...
  • My Sonic Lab Signature Platinum.
    Skrevet av

    Vinylguru

    Så har turen kommet til test nr. 353 av pickuper for undertegnedes del. Og hvorfor da ikke tråkke til med toppmodellen fra MSL (My Sonic Lab), og modellen Signature Platinum.

    Les mer...

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser