torsdag desember 13 , 2018
tirsdag, 14 juni 2005 23:00

James Cotton – Baby, don’t you tear my clothes

Skrevet av

70 år gamle James Cotton har spelt munnspel sidan han var seks år, vore profesjonell musikar i over halvt hundreår og gir framleis ut plater. ”Baby, don’t you tear my clothes” er den foreløpig siste, og den kom ut i fjor. Det er ikkje mange som kan vise til ei like lang karriere som Cotton. Spørsmåla blir jo då naturlegvis om han framleis heng med, og om han har noko nytt å tilføre musikken...

 

 

Lat oss ta det første spørsmålet først, og spare det andre litt: Cotton heng så abs

Musikk:

***

Lyd:

****

Label:

Telarc

olutt med instrumentalt. Sjølv om han etter strupesjukdom og –operasjonar ikkje syng lengre, ser ikkje dette ut til å hindre han i å spele munnspel som ein Gud.

Mellom dei tretten spora på plata, er berre fire instrumentallåtar. Og sidan verken Cotton eller pianist, gitarist, bassist eller trommis i bandet  hans syng, er det med ein del gjestemusikarar her. Eg skal ikkje ramse opp alle her, men kan konstatere at stort sett alle gjer jobben sin bra.

Musikken på plata er blues, enkelt og greitt - god gamal sørstats-delta-blues. Cotton seier sjølv: ”The blues with me is what it’s allways been. I hope my new CDs and my shows can show people more of the tone and feel of the real blues.” Eg har ikkje høyrt alle innspelingar Cotton har gjort opp gjennom åra, men det er uansett ingen tvil om at musikken her er tradisjonell.  Piano, bass og trommer held drivet oppe, og melodilina ligg i stor grad i munnspel. Cotton har ikkje gløymt improvisasjon på sine eldre dagar, han spelar kult og han har ein fin måte å flette inn kjende riff i soloane sine.

Pianist David Maxwell er den som, ved sida av James Cotton, har dei beste soloane på plata. Det lette, nesten honky-tonk-aktige pianospelet er viktig for klangen på plata, og det er hans spel og soloar som fungerer best saman med munnspelet til Cotton. I motsett ende synest eg gitarsoloane til gjestegitarist Dave Alvin blir litt vel enkle. Det ligg ikkje all verdas fantasi bak improvisasjonane hans, og det høyrest meir ut som om han spelar i eit 50-tals garasjerockeband enn i eit bluesband. Men han syng jo iallfall relativt bra i duett med Chris Gaffney på spor nummer fire.

Eg skal ikkje dra fram andre instrumentalprestasjonar no. Bandet, med gjester, heng bra saman, og spelar kult og tilbakelent. No er jo ikkje roleg 12-taktarsblues ikkje verdas mest avanserte musikk, eller det som er vanskelegast å få til å henge saman. Men bandet swingar, og særleg soloimprovisasjonane Cotton og pianist Maxwell dreg totalinntrykket opp.

Dette er inga innovativ plata. Spørsmål nummer to frå ingressen må vel nesten svarast med ”nei.” Plata har ikkje noko særleg nytt å tilføre bluesen. Men det er ikkje nødvendigvis veldig negativt. Cotton ønskjer, heilt bevisst, å halde på den gamle, originale bluesstilen. Eg trur ikkje dette er ei plate nokon må ha, men det er inga dårleg plate av den grunn. Det er ei god plate med god, tradisjonell amerikansk blues. James Cotton har blitt ein gamal mann, men det er ikkje mogeleg å høyre det når han spelar.

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 15. juli 2005

Lest 7890 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:59
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser