mandag, 31 august 2015 10:46

Kuzma Stogi 313 Reference. Ny pickuparm – mellombels rapport og omtale av operasjonen.

Skrevet av

Etter å ha levd saman med ein komplett VPI SSM platespelar, utstyrt med standard JMW 9 signature pivoterande arm, har eg funne tida inne for oppgradering….

 


 

Vil ikkje kjøpe ny platespelar

Eg er svært fornøgd med denne platespelaren, som eg trur er ein av dei absolutt beste eg har fått jobba med. Litt vanskeleg når det gjeld å få perfekt justering mellom svinghjul (rimdrive) og platetallerken, og kanskje ikkje den vakraste. Men lyden har vore god, om enn ikkje slik at alle pickupar har fått syne sitt fulle potensiale. Det er rimeleg sikkert at dette skuldast pickuparmen. Han er unipivoterande, slik at armen heng med heile vekta si i ein liten kopp, som balanserar på ei kvass nål. Systemet er heilt upåklageleg – til visse pickupar. Andre fungerer berre sånn nokolunde, og når eg køyrer sporingstest, er det mange som ikkje har noko å skryte av når dei er på besøk.

For å spore 1812-overtura på Telarc perfekt (verdas råaste sporingstest av musikk på vinyl), må ein pickup/armkombinasjon ha sporingseigenskapar på ca 100µ. Dette er eit spesialtilfelle, og for dei aller fleste innspelingar er 70µ sporing rikeleg. Dette oppnåast veldig greitt med JMW 9 Signature på nokre pickupar som til dømes dei frå Dynavector og Benz. Medan Koetsu, Denon og endåtil nokre Audio Technica ikkje sporar meir enn høgst nødvendig. Når vi kjem ned i 50µ, og det vert slitsamt å høyre Supertramp, kastar eg inn handkleet.

Men dette har absolutt ikkje vore noko stort problem. Eg har brukt ein Dynavector 10x5 som referanse, og den sporar og spelar nydeleg i JMW-armen. Likevel, trass i mange kvalitetar, har anlegget mitt potensiale til mykje meir. Ein av dei dyrare DV-pickupane kunne nok gjort susen, men som Rudi seier til meg, eg må ha ein skikkeleg arm om eg skal teste pickupar. Så då vert det armen som må skiftast.

Eg har drøfta armval i fleire artiklar, og har oppmoda ein del importørar om å la meg prøve ut nokre av dei aktuelle armane dei har i portefylgja  sine. Men så langt har det vore lunken respons. Så no tok eg steget – eg kjøpte like godt ein Kuzma Stogi 313 Reference, med 12” armrør. Kuzma har fått svært gode omtaler, og systemet deira der du kan få lange armar montert på standard drivverk, endåtil med fasilitet å kunne justere VTA under plateavspeling, er eit veldig greitt val for meg.

 

 

 

 

 

Eit betre alternativ?

Akkurat då eg skulle bestille armen frå Audiofreaks, kunne Peter fortelje meg at Kuzma nettopp hadde lansert ei 14” utgåve av den sagnomsuste 4point-armen. Eg trengde difor litt tid å områ meg på, men kom til at eg ikkje hadde plass til denne på spelaren, og at armen dessutan var for dryg for mi lommebok. Eg gjekk difor inn for mitt opprinnelege val.

Sjølvsagt hadde eg vurdert standard 4point-armen, som nesten er 12”. Denne er dyrare enn 313 Reference, og har fått svært mange rosande omtalar i ei samla hifipresse. Men så lenge eg har lang nok ikkje-unipivoterande arm, og denne kan monterast på mitt VPI SSM-drivverk, fann eg ut at 313 truleg var god nok. Klart endå betre lagring og høve til finjusteringar er pluss (for ikkje å snakke om at vinkelfeilen på ein 14” arm hadde vore storarta), men som sagt, ting skal no betalast også. Fint å ha råd til ein ekstra pickup eller tre.,,

 

 

 

Skiftejobben

Aller fyrst måtte JMW-armen av. Det var ganske lett. Armrøret er berre å løfte av, slik eg gjer under vanleg pickupskift (JMW-armane er dei definitivt raskaste eg vei å gjere pickupskift på, dersom du har kjøpt ekstra armrør slik eg har – toppen ti sekund og alt er i orden). Så løyste eg dei tre skruane som heldt armbasen på plass, kopla frå leidningane, og vips – alt var klart til å plumpe ein ny arm i holet. Det hadde gått fint med ein 9” SME, Rega eller liknande, men ikkje med Kuzma. Her måtte holdiameteren vere litt større. Dessutan måtte plasseringa av armen vere litt nærare platetallerkenen – VPI har hatt anna forståing av rett plassering enn det som er vanleg. Så drillen måtte fram.

 

 

Det tok ganske lang tid (og eit par – tre batteriladingar) før eg kunne seie meg fornøgd med holet. Ikkje minst er stålplata i midten av platespelarkabinettet (plinthet) vanskeleg å komme gjennom.  Så skulle armbasen festast med tre gjennomgåande skruar ned i ein krans som skulle halde basen dønn fast til underlaget.

Her var sjølvsagt kabinettet for tjukt, slik at eg måtte drille hol med endå større diameter frå undersida av kabinettet. Men dette gjekk veldig greitt, særleg då eg sette min gode ven og kollega Stig Arne Skilbrei i arbeid med filing av holet, slik at ny arm kunne prøvast.

 

 

 

Samanlikning mellom ny og gammal arm

Eg har hatt det travelt i sommar, så det tok over ei veke frå eg høyrde JMW-armen til Kuzma-armen kunne samanliknast. Pickupen var mi noko tilårskomne referanse Dynavector DV 10x5, musikalsk og ”god nok” til veldig mykje, om enn ikkje det kvassaste når det gjeld oppløysing, nyanseringsevne og tredimensjonalitet. Likevel var det umiddelbart klart at spesielt desse tre parametrane hadde endra seg til det betre. Dette var lovande! 10x5 er i utgangspunktet ein glimrande match med JMW 9 Signature, så når lyden kan løftast derifrå, er det grunn til å tru endå betre resultat på endå betre picukpar.

 

 

 

Justeringar

Når du skal feste pickupen til Kuzma-armen din, er det heldigvis råd å ta av pickupshellet. Dette lettar jobben, sjølv om mange ikkje likar den trauste, tunge fatninga som SME fann opp for førti år sidan. Armen er meir stabil (og vert lettare) om han er konstruert i eitt stykke. Men eg likar best å skru kostbare pickupar fast i eit shell medan eg sit i godt lys og med ei bordplate under.  Sjansen for å øydelegge noko vert mindre då.

Kuzma har eiga fatning. Her festar du shellet til armen med ein umbracoskrue, og kan gjere små justeringar ved å løyse dette, utan at det går ut over vinklinga på pickupen. Ved hjelp av ein pappmal (det hadde vore fint å hatt ein i metall) justerar du pickupen slik at du får null vinkelfeil i dei to nullpunkta. Men signalkablane må du etter montere på pickupen, medan pickupen står i armen. Dette gjer du lettast med ein pinsett. Det er altså ikkje skøyt av kabel mellom pickup og heilt fram til riaa, om du ikkje bestiller armen med laus kontakt. Sidan kabelstrekket mellom pickup og riaa er det viktigaste i heile anlegget, ville eg ha det i eitt stykke. (Kuzma leverer også rein sølvkabel, men det tok eg meg ikkje råd til – sølvet kan absolutt kjøpast for dyrt)

Stifttrykket er greitt å justere på vanleg måte, ved å skru på kontravekta til armen. For å vere heilt presis bør du ha ei vekt til dette, men du kan klare deg utan også. Du kan skru armen til han er fullstendig i null (balanserar der du slepp han). Så aukast stifttrykket med ganske nøyaktig 0,15 gram for kvar raude flekk du skrur forbi. Men pirken Rudi vil nok bestemt tilrå innkjøp av ei pickupvekt.

Så var turen komen til antiskatinga. Dette er ei svært tradisjonell mekanisme med ei lodd og ein tråd, men har litt uvanleg plassering. Loddet må løysast med medfylgjande umbraco-nøkkel og flyttast. Litt krøkkete, men ikkje så veldig vanskeleg. Dessutan er det ikkje mykje du treng flytte på når armen er tolv tommar.

Eg leika meg litt med VTA-justeringa. Det er veldig greitt når du kan gjere dette ”i fart”, og det enklaste er å lytte etter diskant og sibilantar. Du skrur ganske enkelt rattet til diskanten høyrest mest presis ut, og når dette skjer, forsvinn alt som heiter sibilantar (dersom du har justert pickup, stifftrykk og den slags skikkeleg). Du merkar også at informasjon om lydbilde og anna tredimensjonalitet ofte har forbetringspotensiale ved optimal VTA Det er ein liten skala som du kan bruke som utgangspunkt når du gjer pickupskift, men til fininnstillinga er det alltid best å bruke øyrene. VTA er ganske kritisk til nokre pickupar (til dømes Van den Hul), medan du kan sjå stort på dette om du brukar Denon 103 standardutgåve. Alt kjem nok an på nåleslipinga.

Og så har du ei overrasking igjen. Når du har sett VTA til det stillet der du er fornøgd, kan du låse justeringa med ein spake bak på VTA-tårnet. Når du skrur til dette, skjer det ei forbetring av bass, dynamikk og lydbilde. Bassen vert strammare, dynamikken vert meir kontant og nyansert, og lydbildet vert opnare – mindre fylt av ”vatt”. Eg har prøvd dette på eit par andre armar, og har hatt akkurat same opplevinga. Armen må sitte fast, sjølv om VTA også må kunne justerast på ein enkel måte om du skal ha ein skikkeleg pickup.

 

 

 

Lytteinntrykk

Eg har fått inntrykk av ein arm med stort potensiale, så stort at eg må prøve ut pickupar på eit høgre kvalitetsnivå enn det eg har ”på stallen” akkurat no. Men nokre felles kjenneteikn på dei fire eg har leika meg med så langt kan nemnast:

 

Klarare lyd.

Trur det må seiast såpass kategorisk, for både dynamikk, frekvensgong og tredimensjonale eigenskapar er monaleg betre enn kva eg greidde å oppnå med JMW-armen.

 

Betre sporing.

Dei pickupane eg har brukt så langt, syner minst 10µ betre sporing når eg køyrer mi gamle testplate. Dette kan vere avgjerande for visse pickupar. Til dømes går det heilt gale med Denon 103 i JMW-armen min, medan det sporast 80µ i 313. Eg får rett nok med ei aning subsonisk bass innimellom (litt tøft, om enn feil på visse plater), men det fjernast lett ved bruk av filter (eller ved å skifte frå riaa til IEC på min Musical Fidelity ”VINL” riaatrinn). Dette er langt betre enn at pickupen ikkje klarar å spore elpianoet til Supertramp.

 

Større presisjon i justeringane.

Dette har indirekte mykje å seie for det lydlege resultatet. Ved å kunne jobbe presist har du kontroll, og det er lett å forvisse seg om at alt er i orden. Eg likar dessutan veldig godt å kunne lytte meg fram til korrekt VTA, at funksjonen kan låsast etter at jobben er gjort.

 

God match til mitt bruk

Vel, det er ikkje råd å skjule at Kuzma Stogi 313 Reference ruvar godt på den relativt vesle VPI SSM-platespelaren. Vinylriggen var ikkje diskret i utgangspunktet, og no er det verre enn nokosinne. Men så er det andre komponentar i stoveanlegget mitt som kanskje dominerar møbleringa vel så mykje som stakkars Kuzma…

Eg greidde å få armen rett montert på SSM, sjølv om det var litt plunder å komme gjennom stålplata i kabinettet. Men då jobben var gjort, kunne spelaren by på betre musikkopplevingar.

Det kunne kanskje oppnåast endå betre resultat om eg hadde brukt ein tangentialarm. Men det kunne medført at platekransen ikkje lenger kunne brukast, og det ville i så fall føre til kvalitetstap på andre måtar. Eit anna drivverk, kanskje eit frå Kuzma, ville kanskje vore meir optimalt. Men då måtte også dei dyrare 4point-armane vurderast. Verdi- og lydkvalitetstap ved å måtte selje VPI SSM med mellomhjulsliknande Rimdriveløysing, tung tallerken og platekrans kunne føre til depresjon og anger.

 

Referansearm

No er det Rudi som tek dei alvorlege djupdykka i vinylsektoren på www.audiophile.no Men no anar eg å ha eit armalternativ som kan få fram mykje meir av potensialet i dei meir ambisiøse pickupane. Og det har eg sakna. Sjølv no når eg sit med ein ganske enkel Denon 103, høyrast ikkje berre meir godlyd og musikalsk informasjon, men også mykje meir av denne gamle pickupkonstruksjonen sin eigenart og soniske fingeravtrykk. Eg gler meg altså til å prøve nye pickupar. Og kanskje eg kan oppdage noko nytt med dei gamle eg har prøvd tidlegare?

 

 

Konklusjon

Trur ikkje det går å konkludere noko her, ut over at eg har fått meg eit svært seriøst og funksjonelt presisjonsverktøy som vil gje meg mykje glede og lite frustrasjon framover. Pickuparmar har ikkje noko liv for seg sjølv, og deira eigenlyd vil alltid måtte knytast saman med det som kjem frå drivverk, pickup og riaa, så vel so resten av anlegget. Men etter kvart vil eg gjere erfaringar med fleire pickupar, og dermed få ei formeining på kva som går bra og kva som går mindre bra saman.

Det er svært interessant å merke seg nivået av godlyd som kjem ut av Denon 103 oppmontert i denne armen. Prinsipielt er dette ikkje optimalt når det gjeld complianse og effektiv masse. Likevel fungerer det svært godt, akkurat som Rudi melder når han brukar same pickupmodell i sin SME V-arm. Denon 103 kan ikkje lage skikkeleg lydbilde uansett, og han klarar seg veldig godt i ein tung japanar-arm frå 70-talet. Men det er meir å hente.. 

Det heile er veldig spennande. Og det er heilt klart store potensiale som ligg på lur i å skifte til skikkeleg gode pickuparmar. Det er vanskeleg å registrere dette så lenge du samanliknar vinylrigg x med vinylrigg y, fyrst når du skiftar pickuparm åleine, på same drivverk og med same pickup får du ei direkte erfaring over kor mykje dette har å seie.

Har du råd og plass til ein ny arm, bør du unne deg ei slik erfaring.

 

Norsk importør av Kuzma er Audiofreaks

Lest 4343 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.