fredag juli 19 , 2019
onsdag, 14 oktober 2015 14:04

hortenmessa 2015 - Fyrste intrykk

Skrevet av

Også i år stiller dykkar kjære Audiophile.no på eige rom. Og vi gjer eit forsøk på å demonstrere fleire innfallsvinklar til kvalitetane til mediet

 


 

Anlegget vi spelar på vil variere. Eit sett frå Tannoy, og eit par smålåtne Rogers LS 3/5A som gjennom slutten av 70- og starten på 80-talet var rekna for å skape svært god lyd for pengane, og som var eit vanleg innslag på mange studenthyblar.

I dag vil Rudi og Lagga svare på spørsmål rundt vinylriggar. Vi har også med riaatrinn i fleire ulike prissegment, ein NAD PP2 som i si tid kosta litt over 500 kr, ein Musical Fidelity VINL som kosta vel 8000, ein flunkande ny Electrocompaniet, og ein usannsynleg EAT til rundt 65000 kroner. Alle desse apparata skal gjere den same funksjonen, men gjer det høgst ulikt. No skal vi prøve å samanlikne nokre av dei.

Vi har også med oss ”justeringskofferten” vi har fått låne hos Audioaktøren, der vi kan syne litt av det som må til for å få ein pickup til å jobbe optimalt i platerilla. Og vi kan syne fram Electrocompaniet sin aller fyrste platespelar.

Elektronikken vil i tillegg til riaaforsterkarane vere ein EAR integrert forsterkar. Søndag har Stig ein godbit – då skal vi gå over til å spele via den opprinnelege, legendariske Electrocompaniet som gjorte dette firmaet legendarisk då dei hausta omtalen ”OK Audiofreaks! Eat your heart out! This is what we think is the best power amplifiler in the world” Og så har han med ein av sine kjære NAD 3020.

 

Litt slarv frå messa – Audiophile kika innom sjauarane seint fredag kveld

Den fyrste på plass var sjølvsagt Terje frå Audioaktøren. Han satsar verkeleg stort denne gongen, med nokre høgtalarbeist som krev ein av dei store salane. Han har dessutan med den noko uvanlege signalkjelda si – spolebandspelarar. I tillegg til massevis av anna, naturlegvis. Fleire vinylriggar kan beundrast..

Excotic Audio frå Danmark har også i år fylt opp to rom med godlyd. Det store anlegget er sett saman av EAR elektronikk og Graham høgtalarar. På Feickert Firebird-platespelaren er det rigga opp to armar, og finjustert ein ZYX og ein Soundsmith pickup. Topp lyd.

Det vesle anlegget er ikkje akkurat smålåte, det heller. Mindre Graham-høgtalarar, og her kan ein veksle mellom engelsk Triology 925: 135 W hybridforsterkar (høg klasse A-drift), og slovakisk Canor med både rørriaa og Cdspelar med rør på utgang. Dr Feickert med Jelco 12” arm Woodpecker Mysonic (utvikla av Supex-ingeriøren) Eminent EX pickup

Doxa er her i år også. Ikkje så mykje nye produkt å syne fram, men dei gamle er still going strong. Litt mindre høgtalarar, ”Junior” som kostar halvparten (45 kkr) er ein kopi av storebror 8.2. Det jobbast også med ein ”Signatur” som vert toppmodellen Denne er ikkje ferdig endå.

Forsterkarane vert også laga i tre utgåver J(Junior) og Signature vil vere tre nivå også her. Ideane bak forsterkarane er baserte på Knut Øystein Lauvland sin filosofi, så vel som nokre NAS transistorar av ekstrem kvalitet, er å lage ein Signature forsterkarserie med modellar frå det heilt moderate effekttrykket fram til der vi må snakke om fleire KiloWatt….

PM Audio. Eg møtte ein anpusten Paul som hadde kasta skjorta under all sjauninga, der han finjusterte platespelaren han har med seg. I år satsar han på å syne fram meir smålåtne høgtalarar enn han har for vane. Men han seier det kjem til bli bra….

Elles er det fullt av vinylplater på romma utanfor.

Roy og Stereo+ har rigga eit rom med demo-anlegg. Ein Parasound integrert forsterkar driv eit sett Magnepan 1.7. Trass i at eg har høyrt både 3.6, 3.5, II, I og Tympani III og IV, trur eg dette er det beste Magnepanoppsettet eg har høyrt. No har Roy jobba alvorleg mykje med lyden, og dempa rommet både her og der. Så vi andre utstillarar skal jobbe hardt for å få betre lyd enn dette.

På rommet til Stereofil har dei sjaua i timevis. Svinetunge forsterkarar frå Luxman så vel som ditto høgtalarar frå Tannoy. Eg er spesielt spent på riaatrinnet derifrå – eit hyperaktuelt testobjekt….

Hagto Audio har med seg ein god del snask, men rosinen i pølsa er den nye DAKen frå Aqua Hifi, Han heiter La Scala Mk II og kjem frå Italia. Har to rør i signavegen, og kostar 55 kkr. Det hevdast frå fleire hald at dette er ein av dei beste i verda….

Mono har med seg sitt nye agentur Audio Research så vel som høgtalarar frå Sonus Faber, konstruksjonar som er svært gjennomtenkte. Men dei har også anna:

Den eldste høgtalarkonstruksjonen på messa er nok Klipschhorn, hjørnehorna som gjorde Klipsch legendarisk. Dei spelar meir enn 100 dB på ein Watt, og sjølv om dei av natur ikkje spelar så mykje bass, vert det svært spennande å høyre kva som skjer når dei plasserast i hjørna for å tvinge fram maksimalt bass. Dei har dessutan 75 Audio-research-rørwatt å ta av, så dette kan lett bli hårete….

Zingali, som hadde så god lyd sist messe, kan også opplevast i år. Og lyden er ikkje noko dårlegare enn sist. Nokre heilt nye

Zindak anniversial 100 W i klesse A varmar skikkelg

Oppe i ”Privaten” er det rigga opp Usher-høgtalarar. Fleire modellar er utstilte, og det er uvisst kva modell vi får høyre i morgin. Men det er forspent med elekronikk frå både EAR og Naim. Ein Dr Feiker Woodpecker tronar på toppen av racket, med Jelco 750 arm og pickup Soundsmith Boheme. Og der er massevis av vinylplater, også til sals.

Ein sensasjon, i fyrste omgang visuell, er dei ikkje heilt små høgtalarane frå det norskkliingande (?) Swogersch & Broh, norske, og med diskret, signalraud farge og urforming som ein middels fotomodellmidje.(Eg torer ikkje seie kva assosiasjonar kom kan inntreffe når du kikar på desse høgtalarane frå alle vinklar. Men lyden, lyden bør de absolutt høyre. Eg fekk så vidt lytta til kjent musikk ei stund, og tru meg, her er ein del ganske unike kvalitar. Den bassen trur eg ikkje eg har høyrt maken til. Pris? Har ikkje peiling. Men dette bør du oppleve, det åleine verd turen til Hortenmessa.

 

 

Lest 3526 ganger Sist redigert onsdag, 14 oktober 2015 14:11
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Verdenspremiere for Thesis »

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser