onsdag, 18 oktober 2006 23:00

Lily Allen - Alright, still...

Skrevet av

Kven er det som syklar rundt i London heile dagen fordi purken har teke lappen hennar...? Har du høyrt på radio siste månadene, er det stor sjanse for at du veit svaret. Lily Allen har to singlar som blir spelte mykje for tida. Men skal du kjøpe, kan du like godt ta med heile albumet heim. Dette er nemleg veldig bra!

 

 

 

Låtane LDN og Smile har vorte gjennombrotet for Allen, og har altså høg rotasjon på mange radiostasjonar i haust. Dei skil seg begge ut frå det meste som elles er å finne på hitlistene både når det gjeld musikkstil, instrumentering og tekst.

Men då eg litt tilfeldig snubla over heile dette albumet, vart eg faktisk overraska over dei andre ni låtane. Og då meiner eg positivt overraska. Dei var minst like særprega og minst like spanande som singlane, og har gjort sitt til at ”Allright, still...” har blitt mykje spelt her i huset i haust.

Musikkstilen på denne plata kan vere litt vanskeleg å skildre – særleg fordi dette ikkje liknar på noko anna eg har høyrt. Allen blandar tilbakelente reggae-/og ska-rytmar med ein sekstitals easylisteningstil eg ikkje har høyrt på ei god stund.  Instrumenteringa er mildt sagt original. Mykje bruk av blåsarar (nokolunde velstemde saksofonar, trompetar og trombonar) saman med piano, hammond-orgel og diverse synth-effektar, gir eit lydbilete som skil seg ut. Arrangementa inneheld i tillegg mykje bruk av synkopar og polyrytmikk som jazzar opp plata, og det er lagt på nok bass og trommer til at musikken blir rikeleg dansbar.

Men det som verkeleg er fascinerande med dette albumet, er tekstane. Allen syng på ein naivistsk og søt måte om både udugelege eksar, håplause på byn-situasjonar, neddopa småbrør og mykje anna. Resultatet er innhaldsrike og til dels svært morosame tekstar som inneheld meir enn ein kanskje får med seg første gong ein høyrer dei.

Til saman gjer alt dette at ”Alright, still...” blir ei spesiell plate med store kontrastar. Brutale tekstar blir pakka inn i til delst kraftige ”understatements,” søte melodiliner og eit overhøfleg språk. Musikken spring frå det moderne til det som kunne vore moderne for 40 år sidan, hoppar frå Europa til Jamaica og skiftar frå det barnehageaktige til det meir vaksne. Og merkeleg nok fungerer alt dette veldig bra saman.

Om du ikkje synest det høyrest slik ut når eg skildrar det, synest eg du skal ta deg ein tur i platebutikken og høyre på Lily Allen. Dette er nemleg det beste pop-albumet eg har høyrt på lenge.

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 19. oktober 2006

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

Parlophone

 

Kjøp denne hjå CDON!

 

 

 

Lest 6374 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:50
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.