søndag, 24 januar 2016 19:32

TEST: Denon DL-103 – femtifemåringen

Skrevet av

 

 

Dette er ei av dei verkelege legendene mellom pickupar, og eitt av dei lengstlevande audioprodukta. Framleis på marknaden etter rundt 50 år, og ganske så hyggjeleg prisa. Mange hevdar at det prismessig er eitt av dei beste pickupkjøp du kan gjere. På tide med ein artikkel…

Det er ganske sensasjonelt at ein pickup som kom i handelen i 1962 framleis er på marknaden, med praktisk tala uendra konstruksjon og utsjånad, bortsett frå ulike fargar. Men det har opp gjennom åra dukka opp minst 16 ulike variantar, og det berre frå Denon sjølv. Dei fleste som tilbyr reparasjon av pickupar har ein eller fleire versjonar av Denon DL-103. Men eg har langt frå høyrt alle. Og sjølv etter 54 års produksjon må det vere lov å spørje kvifor det har vore så mange versjonar av denne pickupen. Eg har difor lånt eit par variantar, og samanlikna dei med min eigen standard 103, kjøpt inn for nokre månadar sidan.

Teknisk sett er Denon 103 ein ganske så ordinær moving coil-konstruksjon. Det vert levert stort sett 0,25-0,3 mV utsignal, og utgangsimpedansen varierar frå 13 til 40 Ohm . Når det gjeld kompliansen har alle vore oppgjeve til 5, med eit par unntak (mellom anna min favoritt 103D, som hadde 12. Ver obs. på at Denon målar dette annleis enn det som er vanleg, så det er ikkje enkelt å gjere direkte samanlikningar. Mi erfaring er at pickupar må prøvast ut i den aktuelle armen før ein kan vere skråsikker på kor godt kombinasjonen fungerer.

 

Standardutgåva.

Dette er klassikaren som du må ha referanse på. Ja, det er veikskapar med DL-103. Her er dårleg lydbilde og tredimensjonalitet. Han sporar godt, om enn ikkje så godt som dei dyrare utgåvene. Han fargar lyden med varme, og er ikkje presis med detaljane.  I min arm er det tendensar til subsonisk baluba, og eg brukar oftast subsonisk filter som tek vekk det vi ikkje høyrer, men som stressar basselementa. På min Eat-E-Glo riaatrinn har det ingen utilsikta konsekvensar for lyden.

Når eg spelar med denne pickupen, er det to ord som forklarar alt;  ”fylde” og ”vakkert”. Dette er flott og innsmigrande. Klassisk musikk vert vakkert. Dette er det motsette av det vi fekk då vi kvitta oss med vinylen og kjøpte CD-plater. Du må gje avkall på oppløysing og detaljar, og det er anstrengande å høyre kva den einskilde utøvar gjer. Såleis skulle ein tru at Supertramp-platene tapar seg saman med standard 103. Men dette skjer ikkje, fordi det heile vert så vakkert. Bassen til Supertramp får akkurat den ekstra stinget som skal til for å få deg i godlune.

Gode matrettar vert gjerne endå betre med ein fyldig saus til, sjølv om sausen kan kamuflere kvaliten på råvarene. Dette er ein slik saus. Så når du går attende til meir korrekte pickupar, kan du rett og slett miste sansen for det korrekte. 103 kan i verste fall utvikle seg til å bli ein dårleg uvane. Høyrer du ikkje på andre kjelder, risikerar du å gløyme at det er noko som heiter perspektiv og 3D-eigenskapar, og du går glipp av ein del detaljar i innspelinga. Men det er ikkje så farleg om det er musikken åleine du går etter…

Eg kjem til å ha 103 standard som ei av mine faste referansar.

 

D-utgåva

Ein pickup frå mi stormfulle ungdomstid. Sjølv med dei primitive MC-forsterkarane eg hadde tilgong på den gongen, var det tydeleg at dette var noko heilt ekstraordinært. På den tida hadde eg nettopp oppdaga at pickupar var ein av dei aller viktigaste komponentane i stereoanlegget.

103 var lenge den beste pickup eg hadde høyrt, men som blakk matros med nettopp unnagjort  fyrstegongsteneste fekk eg låne pickup av ein kamerat, heilt til eg miste stakkars 103 i golvet. Då måtte eg kjøpe ny, noko som var uråd her i landet attende i 1978. Så han måtte bestillast frå Hong Kong. Eg måtte ha ein ekstra til eige bruk også, sjølvsagt. Men då sendinga kom inneheldt ho grå 103-pickpar. Dei hadde bokstaven ”D” og skulle vere utstyrt med original Shibata-nål, slik at dei kunne brukast til kvadrofoni. Då vi skulle prøve ut desse, var dei påfallande mykje betre enn standardutgåva, tykte vi. Den feite sausen var erstatta av evna til å få fram klang og dynamiske nyansar på ein utruleg fin måte. Han spora godt, kanskje fordi han hadde langt høgre komplianse enn andre 103-pickupar, og skulle berre ha 1,5 grams stifttrykk, hugsa eg.

D-utgåva eg hadde vart spelt natt og dag, til det ikkje var forsvarleg å bruke han lenger ein gong ut på 80-talet. Det er altså lenge sidan eg har høyrt denne versjonen, men hugsar alle kvalitetane. På den andre sida vart han etter kvart erstatta av ein VdH-pickup som kunne gjere trolldom med tredimensjonalitet og instrumentplassering, så eg kom relativt fort over tapet - heller ikkje D-utgåva er noko særleg når det kom til slikt. Men det var ein veldig fin sak.  

 

 

R-utgåva.

0,02 mm rund nål, festa på ei ordær nålefane Vekt 8 gram. Det brukast reinare kopar i spolane, og monteringa skal vere gjort meir presis enn på standardmodellen. Elles er tekniske data dei same, berre ei aning (0,25 mV) mindre utsignal med utimpedanse på 14 Ohm, og tilrådd last skal vere meir enn 100 Ohm. (Eg brukar 80).  Utsjånaden er ganske lik standardutgåva, men har blankare lakk, og dessutan gullskrift, altså eit litt meir luksuriøst produkt. Eg har høyrt rykte om at han skulle ha noko høgre komplianse, men Denon gjev opp akkurat det same som på standard.

For ein tusenlapp meir enn standardutgåva er denne pickupen er lett tilgjengeleg frå Hifiklubben. Eigentleg er han identisk, bortsett frå at det brukast finare kopar i spolane, men likevel har han kvalitetar som kan rettferdiggjere at du grev djupare i lommeboka. Dette er den beste sporaren eg har prøvd frå Denon. Han fiksar 100µ på tilrådd stifttrykk og sporar alt eg har av stresspressingar. Han høyrest ganske lik standardutgåva, men har ein del mindre fleskefeitt og karamellsmak, og meir av detaljar. Det svake punktet er instrumentplassering og tredimensjonalitet, men det sjenerer lite når du ser kva du får for pengane av andre kvalitetar. Eit veldig godt alternativ – kanskje det einaste i prisklassen det er verd å bry seg med?  

(merknad: Modellen R/T er eigentleg identisk med r-utgåva, supplert med ein matchande step-up-trafo. Denne har eg aldri sett).

 

Pro-utgåva

Ser ut til å ha vanleg, rund nålespiss, men han skal vere modifisert av same firma som lagde Highphonic-pickuar ein gong på 80-talet. Elles er det lite data som skil seg frå standard. Utsjånaden er identisk med standardutgåva, bortsett frå at modifikatørane har gått over den kvite siktelinja i fronten med raudfarge. Ein liten, raud klatt er også måla på opphenget til nålefana. Når det gjeld det lydmessige er han ganske lik R-utgåva, men endå betre.

Denne var lenge tilgjengeleg i utanlandske nettbutikkar, og eg trur at Hifiklubben har tatt inn som spesialbestilling Pro har også 0,02 mm rund nål, og nålefane i aluminiumsrør. Ølite høgre komplianse skulle gjere at meir normale armar skulle ha det litt betre, men det stemmer ikkje med mine erfaringar – Pro sporar likt med standardutgåva, og det er R som gjer det best i min Kuzma 313 Reference-arm. Impedansen ut er 38 Ohm.  Elles ser det ikkje ut til å vere store skilnadar på denne og R-utgåva. Han sporar også ganske godt, 80µ held i praksis til kva som helst, så nær som siste kanonskotet på Telarc 1812. Dessutan har han endå litt slankare klang enn R, så her snakkar vi om ein ganske så nøytral pickup. Det beste er detaljattgjevinga. Spelar du Supertramp ”Even in the Quitest Moment” får du langt meir luft over tolvstrengsgitaren, og pianoet kan nesten høyrest spinkelt ut (eigentleg er opptaket slik). Og har du på ”Bop till you drop” med Ry Cooder, får du massevis av detaljar som normalt berre kjem fram med skikkeleg påkosta pickupar. Denne pickupen er ein skikkeleg godbit som verkeleg byr fram dei musikalske kvalitetane, utan at du gjev avkall på detaljar. Einaste saknet er i høve dei tredimensjonale eigenskapane som finare slipingar og dyrare konstruksjonar kan oppvarte deg med.

 

 

Oppsummering av mine erfaringar.   

Pro er langt lettare å finne enn ein pen 103D, og om du er på jakt etter ein skikkeleg pickup med audiofile kvalitetar, er nok dette den beste 103 du kan håpe på å komme over. Eg skulle gjerne hatt ein pent brukt D-utgåve til samanlikning, for eg har ein mistanke om at denne er like god, om enn ganske annleis i lyden. R-utgåva har eg også sansen for, og spesielt til dei meir krevjande platepressingane. Ingen MC-pickup har spora så godt som denne i min arm. Men dersom det er den romantiske, fyldige 103-lyden du leitar etter, og du ser stort på dette med detaljar, kan du glede deg over den usannsynleg billege standardutgåva. 

Eit par åtvaringar før du opnar lommeboka; i referanseanlegget mitt står ein riaa som kostar ca 30 gonger meir enn pickupen. Det er nok slik at alle 103-utgåver har godt av ein skikkeleg riaa, gjerne ein slik du kan regulere impedansen på (her er det også snakk om smak og behag, og eg kvir meg ikkje for å stille impedansen etter øyret) . Med lite utsignal vil eg dessutan tilrå at du har meir enn 60 dB gain å gå på, som eg held som absolutt minimum.

103 er ikkje så veldig kritisk til pickuparm, og det går heilt fint med eldre, direktedrivne japanske platespelarar i relativt rimeleg prisklasse. Men lettvektsarmar går dårleg. Du kan vere uheldig. I alle fall r-utgåva så vel som standard fungerar svært dårleg med VPI sine  unipivoterande armar. 

 

 

 

 

Resten av flokken, som eg har lite greie på...

Eg har snoka opp litt, her & der, men hovudkjelda mi er www.vinylengine.com

 

DL-103 Gold: Jubileumsutgåve frå 1982. Eigentleg burde denne dukka opp til 50-årsjubileet, altså i 2012. Denne har eg aldri prøvd endå eg hadde sjansen til å kjøpe ein, men mine fordommar tiseier at dette berre er standardutgåva med gullmaling. Dersom dei ikkje har funne ei fjongare nålefane då…

 

DL-103SL, DL-103FL og DL-103C1: Tre utgåver med ekstra påkosta tråd i spolane, slik at utgangsimpedansen vert lågare. Men Denon tilrår den same lasten som dei andre, altså >100Ohm.  Kanskje forlauparar for den R-utgåva vi har i dag?

 

DL-103LC har også spesialkopar i spolane, og er i tillegg utstyrt med ekstra liten, rund stift. Det finnest også ein LC II, som har identiske data, bortsett frå at nålespissen skal ha annleis sliping (men rund/kuleforma, den også)

 

DL-103GL er den tyngste varianten, vikla med gulltråd i spolane. Utgangsimpedansen er oppgjeven til 40 Ohm, og nålespissen er ekstra liten. Nålefanematerialet er ikkje nemnt nokon stad eg kjenner, men eg tippar aluminium. Det vart berre laga 2000 eksemplar av denne attende i 1990, så han er ganske sjeldan.  Sannsynlegvis har gulltråden innverknad på resultatet ut over at den er tyngre enn kopar. Skulle vore moro å sjekka ut dette.

 

DL-103M er ikkje monoutgåva (då må du kjøpe ein Denon 102), men har elliptisk nålesliping og nålefane av boron. Denne har eg tru på, men ettersom produksjonen slutta på 80-talet er det ei utfordring å finne slike. Ein av dei eg er nyfiken på, ettersom boron er eit veldig godt materiale til slik bruk. No kan du rett nok få modifikasjonstilbydarar som kan sette inn ny fane i boron, men då vert det ikkje heilt Denon?

 

DL-103S Dette er ein av dei eldre variantane, som vart importert av Audioscan på midten av 70-talet. Eg lånte ein svart slik ein gong, men eigentleg skal dei vere grå. Så eg er usikker på om eigaren hadde fått rette opplysningar. Den var kanskje forlauparen for D-utgåva, med elliptisk stift, høgare komplianse. Men eg hugsar ikkje heilt korleis denne var samanlikna med originalen, så denne får andre fortelje om…

DL-103SL er ei nyare utgåve, eg heller ikkje veit noko om

 

DL-103SA er ein av dei aller nyaste variantane, med ekstra rein kopar, spesielt kabinett i glasfiber, men elles ganske lik standard. Sjølve pickupkabinettet har ganske mykje innverknad på lyden, og vi ser mange som eksperimenterar med dette. Kunne vore interessant å prøve ut. Hugs at til dømes Dynavector og VdH har fjerna kabinettet frå dei dyraste konstruksjonane sine, Koetsu eksperimenterar med ymse steintypar, og Benz, Clearaudio m.m. andre materialtypar.

 

DL-103FL er også ukjend for meg. Skal ha gullforgylt kopartråd i spolane.

Lest 11478 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.