torsdag september 19 , 2019
mandag, 21 mars 2016 07:39

Vossajazz 2016. Del 3 - søndag

Skrevet av

 

 
 
Sundag hadde ikkje gjestene mine pass eller billettar, så eg reiste åleine på Stein Urheim medan gjestene lagde frukost med egg, bacon og tomatbønner til eg kom att. Herleg neddempa jazz, men med spanande og raffinert spel frå trommis Kåre Opheim og resten av laget; i ein nesten full Gamlekino, som kommunen no leiger ut til kulturføremål. God lyd og fantastisk akustikk.
 
 
 
 
 
 
 
Høveleg mett etter “frukost” gjekk turen vidare til Tord Gustavsen (klaver) med Simin Tander (vokal) og Jarle Vespestad på trommer. Tord tryller ofte fram vakre akkordar, og saman med beherska men utsøkt tromming frå Vespestad var dette balsam for sjela. Sidan Gustavsen gjev ut på ECM kan du ikkje høyra dette på Spotify. 
 
 
Stykket “den andre mannen i meg”, basert på Olav H Hauge sine dagbøker, var gripande. Henrik Mestad resiterte frå Hauge sine dagbøker, kor Hauge fortalde om sjukdom og innlegging på sinns-sjukeheim. 
 
 
Festivalen slutta av med Bernhoft og The fashion bruises i ein stappa Vossasal. Det er no strengt tala ikkje jazz dette, det er vel helst R&B og soul, men Bernhoft har ei særmerkt stemme, han kan minna om Prince. Saman med dyktige medmusikantar var dette rytmisk og høyrbart, men til sjuande og sist føreseieleg og kjedeleg. Men kvar sin smak. 
Uansett, vel blåst, og takk til Vossajazz for eit spanande og variert program med mykje norsk, og noko utanlandsk deltaking. Det store namnet var vel Dave Holland Trio, men det andre var ikkje mindre attraktivt av den grunn.  
 
 
 
 

Vossajazz 2016. Del 1 - fredag

 
Lest 3273 ganger Sist redigert mandag, 21 mars 2016 08:18
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser