søndag, 03 april 2016 07:22

På den absolutte pickuptoppen - Aiwon

Skrevet av

 

 

 

Det var med ein del forventningar eg skifta pickup frå den rimelege, trauste Denon DL 103 til den 40 gonger dyrare Aiwon. 70 kilokroner for ein pickup gjorde dette til den absolutt dyraste eg har hatt i hus. Jau då, det var absolutt lydlege forbetringar…

 

Denon DL 103 og Aiwon frå tyske Acoustical Systems er begge MC-konstruksjonar, men så ulike i ambisjonsnivå ein kan tenkje seg. Dette avspeglar seg  i fyrste omgang i prisen, så det er med mykje andakt og edrueleg åtferd ein stakkar gjer unna monteringsarbeidet. Ekstra ille er det å tenkje på at prisen eigentleg er rimeleg her i landet. Aiwon kostar ”berre” 70 000, medan prisen i USA er rundt 10 000 dollar. Følgjeleg må det vere snakk om ein av dei mest forseggjorde pickupar vi kan tenkje oss.

 

Acoustical Systems

er ein hifileveandør eg har lese ein god del om, men Aiwon er det fyrste produktet derifrå eg har til utprøving, eit opplagt val då firmaet har fokus på vinyl. Dette tek dei svært seriøst, og det kan godt tenkjast at armane frå AS der alle parametrar kan finjusterast, kan vere dei absolutt beste radialarmane i verda. I tillegg leverast ein superplatespelar, svært presise protraktorar, pickupshell og anna oppgraderingsutstyr for platespelarar som både verkar fornuftig og har fått lovord frå brukarar.

 

Aiwon – eit råskinn av ein pickup

Pickupen verkar ved fyrste augekast ganske normal, med ei nålefane som stikk eit stykke framom sjølve kroppen. Dette er veldig greitt når du skal finsikte den kritiske Shibata-nåla, som er kritisk på det meste, spesielt når det gjeld å ha rett overheng. Nålefana var heller ikkje perfekt lineær, slik at azimuth-vinkelen måtte finjusterast. Eit vanleg fenomen på slike pickupar.

Shibata-nåler er av dei dyraste alternativa på marknaden, og var opprinneleg laga for kvadrofoni. Også innan stereo kan Shibata by på ein del veldig gode lydlege eigenskapar, men dei er vanskelege å justere perfekt. Dette er eitt av kjenneteikna til dei aller beste nåleslipingane, og ein god grunn til å kjøpe seg tilsvarande gode pickuparamar.

Nålefana er ikkje av eksotisk materiale, noko som er heilt medvite. Aluminium har også sine gode sider, og her er dei brukt for å halde resonansar utanfor det høyrbare område. Det er i det heile gjort veldig mykje for å kontrollere resonansane i denne pickupen.

 

Styrt resonans

Resonansar er i det heile avgjerande for kvalitetane til pickupar. Nokre produsentar tek sjansen på å fjerne ”kabinettet” rundt pickupen fullstendig, slik van den Hul sine dyraste modellar. Men det er risikabelt å eksponere dei edlare delane til pickupen på denne måten, og det er mange som heller brukar kabinettresonansar til å styre resonansane på ein ynskjeleg måte. Av og til brukast svært eksotisk materiale så vel som utformingar. Det har Acustical Systems også gjort. Ikkje med eksotisk treverk (som t.d. ibenholtbruken til Benz) eller krystalliske smykkesteinar (som Koetsu har mange alternativ av). I staden er kabinettet laga av ei spesiell titanlegering som eigentleg var utvikla for bruk under svært høge temperaturar (over 600 grader). I dette kabinettet vart det så laga nøye utfresingar med fyllingar av gull. Her er det altså ikkje tilfeldige årringar eller krystallstrukturar som styrer lyden. Vidare styrast resonansane i sjølve nålefana ved å lakkere denne med såkalla C37, som ofte brukast til å coate høgtalarmembranar.  Fleire stadar på Internett finn ein kommentarar om audiofil eksperimentering med denne spesielle lakken.

Slikt arbeid  er både dyrt og kompetansekrevjande, og når det koplast saman med fintilpasning av nålefane og stift, er det ei forståeleg, om enn usikkert akseptabel unnskyldning for ein forferdeleg pris. Sjølv om pickupen på papiret ikkje gjer så mykje magisk.

 

Dei viktigaste tekniske data er altså ikkje spesielt sensasjonelle. Utgangsnivået er 0,28 mV, intern motstand er 4,2 Ohm, og produsenten tilrår 100 Ohm (eg skifta mellom 80 og 150, utan å greie bestemme meg for kva som var det beste) komplianse 16-18, Tilrådd stifttrykk skal vere 1,7 gram, noko som synte seg å vere for lite i mitt oppsett.  Så eg tok kontakt med importøren, og justerte dette opp til eg fekk akseptabel sporing på 60µ (dette må til for at eg skal kunne spele vinylplatene på ein tilfredsstillande måte. Deretter sjekka eg stifttrykket, som no var kome opp i 2,1 gram. Nålefana hadde bøygd seg litt, og eg heva armen ørlite. Då kom nålespissen ei halv aning tettare på armbasen, så eg tok fram pappmalen som fylgde med armen og kompenserte for dette. Så tok eg sjansen på å starte lyttinga.

Det høyres kanskje litt skummelt og tungvint ut, dette her. Kanskje du trur at det ikkje er verd pengane og den øvrige innsatsen? Ein kan alltids slå seg til ro med langt billegare pickupar, få vesentleg betre sporing, mindre pirk på justeringane, og om lag dei same tekniske resultata. Men vent no litt, det er her moroa eigentleg startar.

 

Sporingseigenskapar

Eg har ei testplate eg alltid brukar når det skal prøvast ut nye pickupar. Mellom anna inneheld ho ein sporingstest, som gjev meg klare indikasjonar om i kva grad eg får glede av visse kvalitetsinnspelingar eg har i samlinga. Det er to eigenskapar som målast, vertikal sporing (som aldri er noko problem for anna enn utslitne pickupar) og den viktigare horisontale sporingsevna. Testen er ein innspelt 300 Hz sinustone, innspelt med ulike sporingsutfordringar. Vi får ta oss tid til å kommentere sporingsfenomenet:

 

På sporet av sporingseigenskapar

I gamle dagar (då denne tyske ”dhfi Schallplatte 2: Hörtest- und Messplate” vart utgjeva) var idealpickupane i stand til å spore 100µ. Ein Shure V15mkII montert i lettvektsarm, klarer dette ganske lett. Ein annan  vintagepickup, Denon 103, greier nesten det same utan problem, også i min Kuzma 12”arm, som er lettare enn det ideelle for DL 103. Medan mange moderne kvalitetspickupar slit med å spore meir enn 60µ (noko eg mistenkjer dei mange utmerka nåleslipingane for å ha ansvar for). Men desse slipingane er faktisk gode, så her må ein berre finne ut korleis ein best kan leve med det. Elles opplysast det ikkje kva slags nåleslliping som brukast på denne pickupen.  

Sporing målast i µ (my)og er eit uttrykk for kor godt pickupen held seg i rilla, noko som sjølvsagt er nødvendig for skikkeleg musikkattgjeving. Det er også viktig at pickupen ikkje ”daldrar” i rilla og påfører plata unødig slitasje. Og dette er eigentleg det viktigaste når det gjeld pickupjustering. Om lag som når du køyrer bil og tryggleiken i å køyre med gode dekk. Det er mykje som påverkar sporingseigenskapane. Pickupen må stå rett plassert (noko han nesten aldri gjer perfekt, med mindre du har tangentialarm). Antiskatinga må vere slik at pickupen ikkje vert trekt ut av rillene den eine eller andre vegen. Med høgt stifttrykk kan du også betre sporinga, men det er grenser for kor stor belastning nålefana tåler. Dessutan er utforminga av stiften viktig, og ei stor kontaktflate mellom diamant og rille kan krevje over 3 grams stifttrykk, som er rekna for å vere maksimum for normal plateslitasje. Og spesielt gode nåleslipingar er også veldig nøgne på at dei står perfekt i rilla. Aukast stifttrykket endrast vinkelen nåla står i rilla. Men skru ikkje stifttrykket for lågt, her gjeld det å lese kva råd produsenten gjev. Vert stifttrykket så lågt at nåla tek til å merandere, kan det gravast så hardt på platerilla at ho etter nokre avspelingar vert fullstendig øydelagt.  Motsett kan for høgt stifttrykk gjere at vta vert feil. Dette kan kompenserast med vta-kontrollen på pickuparmen, men det er grenser. Ei av grensene er når stifttrykket er så høgt at sjølve pickupopphenget subbar ned i plata…

Spelar du snill musikk, kan du greie deg med 50µ sporing. Men om du spelar Supertramp eller anna musikk med lange pianotonar (akustisk eller elektrisk), merkar du at tonen ikkje er stabil. Dette kjem seg når du når 60µ, og ved 70µ er det få innspelingar der du merkar problem. Eitt unntak er Telarc si innspeling av 1812-overtura, der pickupen må spore minst 90µ. Det greier ikkje med Aiwon.  

Sporingsproblematikken vart nedttona på slutten av 70-talet. Firmaet Micro-Acoustics lanserte to pickupar (MA-2002 og MA-530) som ikkje hadde spesielt gode sporingseigenskapar, men som likevel var svært overtydande med lyden (eg har testplata frå Micro-Acoustics i samlinga, som kan spelast av problemfritt med pickupar som fiksar 60µ. ”Difor kallar eg 60µ akseptable sporingseigenskapar”)  

Det synte seg altså at tilrådd stifttrykk på 1,7 gram førte til for dårleg sporing til mine generelle krav. Men pickupen fungerte utmerka med 2,1 gram. Shibata-slipinga (og variantar) skal ofte ha litt lågare stifttrykk enn alternativa. Difor kan det hende platene mine vert utsett for litt meir slitasje enn dei burde. Men ingenting i testperioden tyder på dette. Mellom andre av mine referanseplater spelte eg også ”Sheffield track record” heilt problemfritt med 2,1 grams stifttrykk.

 

 

 

Dei lydlege kvalitetane

Heldigvis slapp eg å spele inn pickupen, sidan dette var ein demonstrasjonspickup. Eg kunne difor umiddelbart etter det ganske så omfattande justeringsarbeidet gå i gong med lyttinga. Aller fyrst legg ein merke til klangbalansen. Vi er innanfor det som kallast ”naturleg”, og utan å bruke ord som ”varm” eller ”kald”, eller slik Harry Pearson sa det ”yin/yang”, dristar eg meg til å hevde at Aiwon er mindre ”formell” i klangen enn det du høyrer frå mindre engasjerande og livlege pickupar, eller frå cd-spelarar, for den del.

Klang er lett å legge merke til, men etter mi meining er det veldig lett å venne seg til ein spesiell klang, så lenge han ikkje er kvass, overdriven eller maskerar deler av frekvensområdet. Aiwon opererer trygt innanfor desse grensene, og er ein utmerka formidlar av alle utprøvde typar instrumentklang.  

 

Perspektiveigenskapar

Mange legg stor vekt på at anlegget skal kunne formidle tredimensjonalitet og presis plassering av instrumenta når ein spelar vinyl. Mange pickupar er gode på dette feltet, og eg kan umiddelbart stadfeste at Aiwon her gjorde ein utmerka jobb, som var solid på alle plater eg prøvde som er referanse på dette feltet. Endåtil nokre innspelingar som eg tidlegare hadde opplevd som litt diffuse på feltet, briljerte når Aiwon vart tonemeister.  Det skulle eigentleg berre mangle -  du må ha lov å ha himmelhøge forventningar når du skal betale såpass mykje. Eg fekk uansett lite å klage over.

 

 

Dynamikkeigenskapar

Mikrodynamikken er den viktigaste etter mi meining. Og her brijerar Aiwon. Spesielt anslaga til bassgitar og andre strengeinstrument høyrest svært overtydande ut. Men også makrodynamikken på kraftige fortissimo slepp veldig godt gjennom. Det er ein intonasjon i oppstarten som gjer at ting står så veldig tydeleg fram.  Framheving av toneområdet rundt e-strengen på bassen kan vere ein del av forklaringa. Dette let veldig naturleg, og kan ikkje samanliknast med loudness eller oppskrudd basskontroll. Det er som saltet i maten, som gjer at ting stemmer.  

 

Trommeskinnlyd

Gjennom ein test av eit gjennomgåande glimrande produkt kan ein av og til bli bergteken av eit spesielt fenomen. For pickupar er det ofte attgjevinga av stemmer som fasinerar, og verkeleg gode pickupar kan brukast til å demonstrere kva som gjer vinylmediet så bra at ein kan verte freista til å hevde at dette er betre enn alle andre lydformidlarar. Og Aiwon gjer dette heilt fantastisk, med slik realisme at du nesten ikkje kan tru det er eit opptak. Men i tillegg til superrealisme innan atttgjevinga av slagverket. Cymbalane høyrest rettare ut enn på noko anna attgjeving. Endå meir imponerande er korleis du høyrer korleis trommeskinna svingar, og gjenskapar den musikalske attgjevinga på eineståande vis.

Det einaste eg har høyrt som liknar, er attgjevinga via AirTight PC 3 i Rudi sitt oppsett, men her kan eg ikkje uttale meg om kva som er den beste på feltet. Eg veit at Rudi prøver ut to andre AirTight-pickupar som skal vere kjempegode, og det burde sjølvsagt vore gjort direkte samanlikningar med desse. Uansett vil eg påstå at Aiwon er i den divisjonen der det nesten ikkje kan tenkjast å få det betre.

Det er i det heile eineståande heilskap i attgjevinga, og på same tid fantastisk detaljrikdom. Å høyre korleis dei indivuelle slaga på ”Time” (Pink Floyd DSOTM) skiljer seg frå kvarandre, menneskeleggjer denne fantastiske låten på ein måte eg aldri har vore nær å erfare tidlegarae, endå eg har spelt han tusen gonger. Og dette er berre ein av ei rekkje ekstreme detaljar som kan nemnast om berre dette eine albumet. Aiwon er nettopp ein slik sak som får deg til å spele gamle plater på nytt, om og om igjen. Og det er eit grunnleggjande argument for å bruke for mykje kroner på ein hobby – nye gleder og ny innsikt i noko du trudde du hadde full kontroll på.

 

 

Andre gamle referansar

Harry in Carneige Hall er eit album du kan sette på med skyhøge forventningar. Og det er ikkje den ting Aiwon ikkje gjer glimrande. Etter å ha hatt denne på referanselista i mange tiår, dukka det ikkje opp overraskingar i særleg stor grad Men det var fasinerande å høyre nyansane så tydeleg. Det er spesielt mikrodynamikken som fengjer meg, men det er også lett å falle i tankar om at dette er det beste opptaket av mannsstemme eg nokon gong har høyrt: Belafonte er på besøk hos meg.  Har du Harry James-plater frå plateselskapet Sheffield, kjem han også, så snart stiften hamnar i rilla.

Supertramp har vi vore inne på. Men også klassisk piano har realisme ut over det meste eg har høyrt. Bruk av Aiwon til å spele Satie sine mange merkelege pianoverk (EMI ASD 2389), må seiast å tilføre den musikalske framføringa kvalitetar som iallfall eg for min del ikkje ana var der, som må samanlikast med oppspriting og stereo-idebruk av dimensjonar. Eg sette også på den fryktelege Apossionata med Ikuyo Kamiya i 45 rpm JVC-pressing. Plata er legendarisk, ettersom ho er ei av ganske få plater som JVC fekk laga, med ein lydkvalitet der du ganske tydeleg kan kjenne att Bøsendorfer-konsertflygelet, men der tolkinga på ingen måte lever opp til innspelingskvaliteten – eit klassisk døme på superkvalitetsinnspeling. Men når du får høyre denne innspelinga med Aiwonpickupen er ståpelsen likevel så markant at du har problem med å få han ned før plata er slutt. Kanskje verdas beste pianoopptak? Eg burde ha ein Aiwon liggande berre med tanke på denne plata. Men eg måtte altså ha meir stifttrykk enn produsenten tilrår for å få denne fantastiske lyden.

Av anna ekstremt krevjande klassisk musikk eg prøvde ut, var den legendariske innspelinga av Shostakovich sin 11.symfoni av Paavo Berglund på Emi SLS 5177. Å spele andre sats her, er noko av den råaste musikken eg har på plate. Når vi kjem til fortissimo på fullt orkester er det svært krevjande både for pickup og lyttar. Her greier Aiwon å halde hovudet kaldt, men  sporingseigenskapane stressast. Likevel er det råd å høyre korleis dei ulike instrumentgruppene arbeider. Veldig ofte sausast dette saman til eit unisont uttrykk, men Aiwon greier faktisk å handsame all denne kompleksiteten av musikk slik at instrumentgruppene (og einskildinstrumenta) står fram indivduelt. Det gjer slik ”fæl musikk” svært interessant å lytte til. Så sjølv om ein Denon 103 spelar same musikken heilt utmerka, er Aiwon i stand til å gje dette att med langt større oppløysing.

Eg fann også ut at det var lurt å prøve meir 45 rpm, for å hente ut dynamisk råskap som kjem fram når rillene røyrer seg raskare. Eg har lite interessante singelplater, men mellom anna rart har eg ein del Creedence Clearwater Revivalmusikk i spesialutgåver. Og eg sat på ny med open munn – sjukt tydeleg dynamikk, rå tyngde i bassgitaren, og usannsynleg godt lydbilde (dette er plater laga frå same masterteip som dei eg høyrde på timevis då eg var i pøbelalderen. Og ei nypressing av ”Pendulum” på 33 rpm  (i  utgangspunktet andre plata eg kjøpte) kunne by på nye detaljar i formidlinga av mellom anna piano og spesielt cymbalar – tenke seg til å oppdage nytt på ”Have You Ever Seen the Rain” og ”Hey Tonight”…..eg kan like godt la vere å beskrive meir – de trur meg ikkje likevel før de høyrer dette.  

 

Svært kontant bassattgjeving – Aiwon er eit oppgjer med vrengingsfenomenet

Mange vil hevde at eit anlegg si oppgåve er å vere usynleg, slik at det ikkje står i vegen mellom lyttaren og det som skjedde då orkesteret gjorde innspelinga.  Det er naturlegvis eit godt poeng. Og det er dette som kallast vrenging av signalet, så alle veit det er fy-fy som bør unngåast. Jobbar du opp i mot dette idealet, er det ikkje sikkert at du vil gå for Aiwon. Sannsynlegvis går du heller ikkje for vinyl som primær signalkjelde, for det er lettare å få til det vrengingsfrie gjennom digitale kjelder. Det finnest andre pickupar som er nærare eit slikt ideal som kostar under halva av det Aiwon gjer (sjølv om også desse kan vere dyre nok). Men er Aiwon sine kvalitetar det same som ein equalizer eller tonekontroll gjer, bør han vel ikkje koste meir enn eit påkosta normalanlegg?

Her er vi inne på eit veldig vanskeleg felt. Det finnest veldig mange vrengingsfenomen, og ein del av desse er definitivt ikkje av det vonde. Rørentusiastar veit dette. Det same gjeld vin- og konjakkelskarar som føretrekk at varene har vore lagra over tid, og fått ”forureiningar” frå både emballasje og tilsetjingar. Få likar å drikke rein sprit.

Ein tonekontroll hevar/senkar nivået innan eit frekvensavsnitt. Det er mange andre ”vrengingssfenomen” som påverkar avspelinga. Når Acoustical Systems påfører lakk på nålefana, og brukar ei spesiell titanlegering der dei feller inn tungmetallet gull, er det sjølvsagt alternativ til så kostbare materiale og prosessar dersom det berre skulle endre litt på frekvenskurva.

Normalt brukar pickupprodusentane å halde seg til framandarta nålefanemateriale, eksotiske slipingar, minimalistiske pickupkabinett og så få viklingar med så god spoletråd dei har råd til.  Men her tunar Acoustical Systems resonansane på ein måte som kanskje best samanliknast med måten Stradivarius og dei gamle instrumentmakarane gjorde når dei skulle få fram den rette lyden.  Klart dei kunne brukt boron nålefane – det vil ha minimal innverknad på dei 70 tusen prisen er her i landet. Men dei brukar altså aluminium, og endrar ”ringinga” og resonansane med bruk av spesiallakk. Sært, dyrt – og det fungerer aldeles glimrande.

 

 

Konklusjon:

Aiwon er ein mellomting mellom eit rasedyr og ei prinsesse. Nervøs og rask som ein arabar.

Med det du måtte ynskje deg av ei prinsesse, men også med ert.

Eg vil fråråde deg for å satse på denne pickupen om du ikkje har ganske mykje erfaring med pickupjusteringar. Du må også ha ein pickuparm som lett kan justerast med alle parametrar, og dessutan på alle måtar vere svært god. Du må også vere innforstått med at dette er ein pickup som ikkje er laga ut frå nøytralitetsideal, superdata og fantastiske sporingseigenskapar. Det er ikkje dette det handlar om. Og du må ha råd til 70 000 kroner. Til pickup (du skal dessutan ha ein fordømt god vinylrigg og anlegg elles)

Men når du høyrer denne pickupen i eit godt oppsett, skjønar du umiddelbart vitsen med så dyre pickupar. Dette er fintuning. På det absolutt aller beste. Og når du skal gå attende frå denne, attende til din nøytrale, mykje-for-pengane, snusfornuftige kvardagspickup gjer det skikkeleg vondt…

Mot eit depositum får du låne denne pickupen. Ikkje gjer det, med mindre du har alvorlege hensikter. Prinsessa vil trollbinde deg.

 

Importør: Endpoint Audio

Pris: 70 000 kr.

 

Lest 10160 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.