torsdag desember 13 , 2018
søndag, 01 mai 2016 18:37

TEST: Juniorpickup til 28 000 kroner - Archon

Skrevet av

 

Det er vanskeleg å vere rettferdig. Når no ”billegutgåva” frå Acoustical Systems skal prøvast ut, veka etter at eg finhøyrde på Aiwon til 70 000, må eg innrømme at det er vanskeleg å nullstille seg.

Når det lagast eit prestisjeprodukt, og alle ressursar setjast inn, er det  all grunn til å ha høge forventningar til resultatet. Aiwon er då også ein av dei absolutt beste pickupar eg har prøvd. Men som mange andre tykkjer eg at 70 kilokroner er svært mykje pengar, særleg for ein slitedel som pickupar no eingong er. Før eller seinare treng også denne stjernepickupen ei fornying. Og 70000 – vel, det er mykje pengar pr speletime. Eg hadde difor håp om at Archon skulle by på mykje av dei same kvalitetane til noko meir enn tredjedelen av prisen. Men eg må også ta høgd for at eg ikkje er skikkeleg nøytral i vurderinga - etter å ha høyrt ei god stund på Aiwon har eg nok vorte prega av dei heilt ekstreme kvalitetane til denne. Men eg skal gjere så godt eg kan, og håpar eg er nokolunde rettferdig ovanfor Archon.  

Pickupane ser ganske like ut, sjølv om Archon ikkje har dei karakteristiske ”gullfyllingane” i titankabinettet. Begge reklamer med ”time-alignment”, og har spesiell titanlegering med gjenga skruehol, slik gode pickupar bør ha. Og Archon har endåtil 0,5 mV output, slik at han utan problem kan brukast på alle mc-inngangar, også slike som ”berre” har 60 dB gain eller så. Så kanskje dette er tingen?

Justeringane var i det minste like krevjande som på Aiwon. Igjen måtte eg skru stifttrykket eit godt stykke over det produsenten hadde tilrådd. Men eg vart forskrekka då eg såg at eg var oppe på 3 gram for å få til 60µ. Raskt reduserte eg tl 2.4 gram. Og fekk høyrbare utfordringar, t.d. med ”Don Juan Wreckless Daughter”, siste kutt på side 1. Stemma til Joni Mitchell påførde pickupen skikkeleg stress. Eg vart nøydd til å finsikte, og var glad for at Kuzma-armen var lett å justere. Men kanskje sjølv denne trettitusen kroner dyre armen er kanskje ikkje heilt god nok? Og kanskje ikkje justeringsmalen min i papp var så presis som han burde vere? Det er all grunn til å tru at armane til Acoustical Systems er gode å ha når desse pickupane skal fininnstillast til å yte sitt optimale. Etter relativt omfattande finsikting kunne eg endeleg greie 50µ med 2,4 grams stifttrykk, og den eigentlege lyttinga kunne ta til.

 

 

Lyden

Som venta var det ein god del likskapar mellom desse to pickupane, og under blindtesting kan det godt tenkjast at sjølv garva lyttarar vil blande dei saman, litt avhengig av kva utstyr du elles har, og kva du eigentleg lyttar etter. Mange vil nok oppleve skilnadane som små, men under testing på referanseanlegg ser ein på slikt med andre briller – for ikkje å seie forstørringsglas.  Så også med den ekstra forventningsbias slike pickupprisar uvikårleg tvingar fram, og trass i at eg kunne komme til å blande dei saman, vil eg hevde at Archon klangmessig sett er meir nøytral enn Aiwon.

Fyrst perspektiveigenskapane. Mitt elles svært så tilfredsstillande anlegg greidde ikkje å skilje mellom ulike evner i måten orkester og instrument vart plasserte på. Det tolkar eg som at Archon i mange oppsett vil vere eit like godt alternativ som toppmodellen, så lenge desse perspektiveigenskapane er høgt prioritert. Andre ting er meir tydeleg ulike, som klangeigenskapane. Ved direkte samanlikning formidlar storebror meir utklinging i toppen (sjekk Harry James storband innspelt på Sheffield records), og meir tyngde i bassområdet (prøv Track Record frå same selskap, eller Joni Mitchell ”Don Juans…”.

Så om du slett ikkje let deg forføre av gløden og affekten til storebror, og heller vil ha eit minimum av farging, kan du kanskje spare 48 000.  Perspektiveigenskapane er svært like, når det gjeld måten instrument vert presenterte i lydbildet på. Klangen er ulik, og bassgitaren til Creedence Clearwater er mindre frampå, og cymbalane har ikkje heilt same råskapen når Arcon har føringa, men det er ingen tvil om at det er dei same instrumenta. Dette er glimrande, sjølv om eg personleg føretrekk noko meir eskalert etos enn nøytral logos … og må altså gå for det dyraste alternativet.

Eg var litt uroa over kor tydeleg pickupen ville avsløre at han berre spora 50µ, og køyrde ei testøkt med Supertramp, Sheffield Track Record og Shostakovich 11.symfoni andre sats. Men det var berre sistnemnde som ikkje vart formidla heilt greitt. (”Heilt greitt” vil seie veldig bra, men altså ikkje så bra som Aiwon)

 

Dynamikk

Her oppfører Archon seg heilt greitt. Men er ikkje så autoritær dynamisk sett. Han har heller ikkje heilt den same nyanseringsevna som toppmodellen. Når Archon skulle spele desse kutta eg har til sporingstest, var det problemfritt å høyre dynamiske nyansar, men dei vart ikkje understreka eller poengerte på same måte som med Aiwon.  Det kan verke som toppmodellen har ein måte ”å leve med i musikken” som eg ikkje har høyrt andre stadar.  I direkte samanlikning manglar dette noko hos Archon, som er ein meir formell og korrekt musikkformidlar, men også ei aning humørlaus, samanlikna med storebror i affekt.

 

 

Konklusjon

No har vi for lengst gått bort frå arbeidsgampane, og kikar på rasehestar av det nervøse slaget, som yter det heilt ekstreme, om ein greier å gje dei det stellet dei treng. Archon er ein sjukt bra pickup. Men det er ikkje tvil i mi sjel at eg mykje heller vil ha ein Aiwon enn Archon. Mange vil nok vere einige med meg (om ikkje anna så for prisen), men det er nok også dei som tenkjer at Archon sin nøytralitet er meir passande i deira system. Det er altså både eit spørsmål om smak i tillegg til betalingsevne/-vilje.

Uansett er begge avsindig gode pickupar, og under optimale tilhøve vil dei by lyttaren på mange gleder, sjølv om der også er betydelege utfordringar. Den største er nok justeringsarbeidet, som kanskje er mest krevjande på Archon. Men Archon har også ganske høgt utgangssignal, og er lettare å matche med riaatrinn. Archon er også den som påverkar lyden minst klangmessig Han har forrykande gode perspektiveigenskapar, akkurat som storebror. Men begge krev at du har ein verkeleg topparm, og eg er usikker på kor god matchen har vore saman med min elles svært gode Kuzma 313 Reference. Det er ein god ide å prøve ut armar frå same produsent om du likar desse pickupane.

 

Importør: Endpoint Audio

Pris: 28 000 kr.

Lest 3050 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser