onsdag oktober 24 , 2018
torsdag, 05 mai 2016 06:18

TEST: Electrocompaniet ECP 2 RIAA

Skrevet av

 

På siste Hortenmesse fekk eg gleda av å kunne introdusere Electrocompaniet sin vinylrigg. Meininga var at ein test skulle komme ganske fort etter, men planane skar seg. Platespelaren måtte sendast til ein kjøpar, og eg sat att med berre riaatrinnet. Så fekk eg så mykje anna å gjere som måtte prioriterast. Men no kjem endeleg omtalen av sistnemnde.

 

Dette er ikkje EC sitt fyrste riaatrinn. Den gamle ECP 1 dukka opp i vinylalderen, og har framleis sine tilhengjarar, med ein viss teint av Electrocompaniet sin tradisjonelle klangkarakter. Men den nye ECP 2 har langt større ambisjonar. Her er den triste vegg-vorta erstatta av ei skikkeleg straumforsyning. Sjølve boksen har vorte langt større, og er no på linje med resten av EC sine apparat. Det er veldig stilreint, med EC sitt typiske design.- utvendig.

 

Supernorsk

Som dei fleste veit, har det skjedd mykje med Electrocompaniet. Dei nye eigarane på Sørvestlandet har etter kvart vortne varme i trøya. Vi har merka oss at dei i tillegg til den tradisjonelle produktlinja, også har fått rettane til ein annan legendarisk elektronikkprodusent, Leif Erntsen, mannen bak Dynamic Presicion. Desse forsterkarane er bygde som effektmessige slagskip, og har passeleg legendestatus på bruktmarknaden. Men det vart også laga eit veldig godt riaatrinn. Eg har aldri hatt dette på heimlån, men eg har høyrt det hos Rudi, der det lot ein Lyra lågoutputpickup boltre seg i ein grad eg ikkje har høyrt tidlegare. Erntsen sitt riaatrinn var heilt utan nonsens, så utsjånaden vart laga utelukkande med bakgrunn i det praktiske. Ei separat, brutalt dimensjonert straumforsyning er nok med på å gje dynamiske kvalitetar som overgår det meste som finnest på marknaden. Men det er ikkje særleg pent å sjå på. I dag når design og WAF skal prioriterast, er det nødvendig å fornye både dette og dei andre DP-produkta, og det var meininga at DP-produktlinja skulle vidareførast av EC. Men som vi alle veit er det ikkje berre enkelt innan hifi-highend-marknaden. No, med lågare kronekurs og nytt næringsfokus, er kanskje tida i ferd med å nærme seg?

Electrocompaniet ECP-2 ein konstruksjon som baserer seg på Leif Erntsen sin grunnkonstruksjon. Men straumforsyninga er integrert i kabinettet, og er truleg ganske ulik utgangspunktet. Straumforsyning kan ofte ha avgjerande innverknad på kvaliteten til eit riaatrinn, sjølv om det eigentleg er lite straum som går med på dette nivået. Sidan eg aldri har sett oppi Erntsen sitt apparat, har eg ikkje brydd meg om å opne ECP-2, og konsentrerer meg heller om det ytre.

 

Design

Berre straumbrytar og ei enkel diode prydar fronten, ved sida av EC-logoet. Alt anna av interesse finn du på baksida. Her er lagt opp balanserte så vel som tradisjonelle utgangar, og så har vi justeringane. Justeringar er viktig når ein spelar vinyl, spesielt om du har moving coil-pickupar som skal ha litt spesiell last.  EC tilrår at du plasserar apparatet bak/fram når du skal gjennomføre desse tilpassingane. Då når du dipswitchane du no må jobbe med.

 

 

 

Dipswitch, pluss eller minus?

Når ein skal designe eit riaatrinn er det nokre val som må gjerast ved sida av dei opplagde. Du må velje om du skal gå ut frå ein dedikert pickup, eller om forsterkaren skal kunne tilpassast eit stort sett pickupar. Dette skjer ved at ein lastar ulike impedansar til pickupen. Men det er dyrt å satse på brytarar av skikkeleg kvalitet. Du vil helst ikkje stikke for mykje rart inn i signalvegen. Og då er det snusfornuftig å bruke dipswitchar, små brytarar som kostar lite, og har høg kvalitet. Dei er dessutan så små at dei kan plasserast midt i konstruksjonen, med kort signalveg som gevinst. Veldig mange seriøse produsentar brukar slike dipswitchar på sine finare riaatrinn. Men det er ei ulempe, dei er noko krøkkete i bruk. Du må slå dei av og på ved å skubbe eit skrujern med litt makt. Og det er mange av dei – dobbelt sett for stereo. Heldigvis har Electrocompaniet plassert dei relativt lett tilgjengeleg på baksida. Mange riaatrinn må opnast for justeringsarbeidet. Dei er heller ikkje direkte logiske, så du må ha handboka ved sida av når du skal sjekke at du har rett last. Og så må du mute eller slå av forsterkaren for kvar justering du gjer, elles kan du lage smell som tek knekken på høgtalarane dine.

Det vert difor oftast til at du stiller inn den impedansen som produsenten tilrår, endå du veit at du burde eksperimentere litt. Eg gjorde det, men ikkje så mykje som eg kanskje burde. Det er meir tungvint enn på flotte riaatrinn som ARC, Aestetix, Manley og ikkje minst mitt nye referansetrinn EAT-e-Glo, der du kan ratte deg fram til det du likar best. Etter mi meining hadde det aller beste vore å hatt alle desse justeringsparametrane på ein fjernkontroll du kunne bruke frå lytteposisjon (dei aller mest avanserte riaatrinna har dette, men så kostar dei også flesk)

Trass i at eg ikkje likar ordninga med dipswitchar noko særleg, er ECP-2 svært tilpasningsdyktig. Det har like mykje gain som den tidlegare modellen, forsterkar ca 72 dB. Dersom du skal bruke pickupar med utsignal under 0,2 mV vert du glad for kvar einaste dB du kan få, og mange av dei beste pickupane er nettopp slike lågoutputvariantar. ECP-2 greier å hanskast med slikt på ein grei måte. Du får ut kvalitetane av ein Accuphase AC 1 og tilsvarande riktig godt, sjølv om du må skru meir opp volumkontrollen enn du gjer med CD-spelaren. Men om pickupen greier å levere minst 0,2 – 0,3 mV eller meir, blomstrar dette riaatrinnet opp, og kvitterer med ekstra flott dynamikk og støyfri attgjeving. Og eg har endå til ikkje brukt den balanserte utgangen, som sannsynlegvis vil gje meir forsterkning, og kanskje mindre av eigentleg alt fråverande støy.

 

 

Lydleg signatur

ECP-2 har mindre eigenkarakter enn eg hugsar frå ECP-1, og må seiast å vere eit ganske nøytralt riaatrinn. Du høyrer at dette er noko heilt anna. Det er tydeleg og ganske analytisk, utan at eg vil snakke om kald eller varm klangbalanse, det er rimeleg nøytralt samanlikna med den farginga som skjer andre stadar i vinylriggen. Viktigare å nemne er fin dynamisk nyanseringsevne så vel som god bassattgjeving, og det vil altså heller vere pickupen og resten av anlegget som avgrensar på desse felta. Det gjerast heller ingen merkbar innskrenking av den tredimensjonale informasjonen når pickup og innspeling ”gjev rom” for slikt. Klart over gjennomsnittet i prisklassen. Når innstillingsarbeidet er gjort unna, vil dette riaatrinnet passe godt med eit stort fleirtal av det som finnest av pickupar på marknaden. MM-pickupar går veldig fint. Men aller best vil det passe saman med MC-ar som leverer rundt 0,5 mV. Du vil fort få fram karakteren til den aktuelle pickupen (men pass opp for dei med aller lågaste outputsignal – då tek den fornuftige fram MC-trafoane sine)

 

Kvar står ECP-2 samanlikna med konkurrentane:

Dette er eit dyrare riaatrinn enn dei rimelegaste konkurrentane, men så er det betre. Det mest nærliggjande er kanskje ASR Mini Exclusive, EAR 834 og Musical Fidelity MX-VINL. Den sistnemnde er utan dipswitchar, og kan justerast under avspeling. Billegare er han også, men har litt mindre gain enn EC. ASR har like mykje gain, men der sit dipswitchane inne i boksen, slik at du må opne han når du jobbar med justeringane. Medan den rimelege EAR 834 ikkje har justeringar i det heile.

Eigentleg må du gå ganske høgt opp i pris før det dukkar opp ting som vil vere betre. Du bør nok vurdere å doble innsatsen. Då har både EAR, Whest, Sutherland (og truleg Heed Thesis, som eg akkurat no har starta utprøvinga av) mange spennande riaa-alternativ, men også her er det kompromiss. Går du opp i fyrstedivisjon vert ting naturleg nok ganske tydeleg betre, men så er det ikkje alle som er villege til å spandere 50 – 300 000 på riaatrinnet sitt….

Eg har gjort direkte samanlikning mellom mi referanse EAT-e-Glo. Det er meir å hente, spesielt når ein spelar plater med ekstrem dynamikk. Bassen er også annleis, og eg opplever referansen som best. Men det må seiast å vere urettferdig å samanlikne med produkt som kostar 4 gonger så mykje som ECP-2. Det vert 50 kilokroner mindre til plater og resten av vinylriggen. Er du innstilt på å halde deg til ein svært god pickup lenge, i staden for å ha mange halvgode, er det mange som vil finne ECP-2 som meir fornuftig. 

 

 

Konklusjon

Dette er heilt klart eit produkt verd å satse på, som er svært mykje for pengane. Riaatrinnet kan tilpassast ganske optimalt til alle ”normale” pickupar, og greier seg godt også med slike som er litt krevjande. Det spelar nøytralt utan å avgrense pickupen sine eigenskapar, som får blomstre fritt, og du skal langt inn i vinyl hardcore for å finne ting som gjer det betre. Pent både klangmessig og visuelt er det også - definitivt riaatrinnet du bør ha om du har EC-utstyr elles. Men også for andre som er opptekne av utsjånaden. Men viktigare: om du ikkje er rør-avhengig har du her eit fornuftig prisa alternativ for den som vil ha bra med forsterking, god dynamikk og balanserte utgangar.

Personleg har eg ei innvending, som kanskje kan vere avgjerande for dei som stadig vekk får nye pickupar på besøk, eller som likar å leike med riaaen som tonekontroll; dipswitchane gjer leikinga tungvint, så mange vil nok freistast til å gå for innstillingane som produsenten tilrår, utan å eksperimentere. Men til og med i min omgangskrins er det eit mindretal som byter pickup kvar veke. Om tilpassingane er litt tungvinte, er det likevel tilgjengeleg eit vell av alternativ, og nesten kva som helst er mogleg om du tek deg tid.

Om det er like godt som ECP 1? Sjølv utan å samanlikne direkte seier eg: Heilt klart!

Om det er like godt som Leif Erntsen sitt utgangspunkt? Her må eg gjere ei direkte samanlikning før eg svarar. Men dei er tydeleg i slekt.

 

 

Veil. Pris ECP-2: 14.900,-

Takk til Electrocompaniet for lån av ECO-2

Lest 7019 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

  • Hortenmessa 2018 - messerapport med video
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Hortenmessa vart avvikla for 17. gongen på rad, og vi var til stades med kamera og mikrofon.

    Les mer...
  • Kaipa – Sattyg
    Skrevet av

    Våre Svenske naboer har fostret mange gode progrock band gjennom tidene, og flere har vært inspirert av Svenskenes supergitarist og progstjerne Roine Stolt. Kaipa’s 12. og mesterlige album Sattyg er verdt en ekstra titt.

    Les mer...
  • Teac CD-P3450 Compact Disc Player – Stig Arne si dagbok juni 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I denne dagboka skulle eg eigentleg skriva del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte". Men eg treng litt meir tid. Lat meg difor ta eit kvileskjer med å skriva om noko heilt anna, men ikkje mindre interessant, eigentleg.

    Les mer...
  • Where do the music end and the listening begin?
    Skrevet av

    Our perception of reality is a highly individual matter: every day our mind is occupied by trying to create coherence between an unimaginable number of fragments brought to us through our different senses. It is a bit like a game: you're given certain pieces but how you combine them is up to you.

    Les mer...
  • 99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte (del 1) - Stig Arne si dagbok Mai 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Denne artikkelen burde eg ikkje levert. Eg har eigentleg ikkje peiling, og påstanden (overskrifta) er ganske dryg. Men likevel, eg må berre lufta det. Det er ei problemstilling med tekniske finurlegheiter som eg har fundert over i årevis. Om eg aldri tek det opp, kjem eg ikkje vidare. Eg ser gjerne at dei som har greie på dette tek kontakt, slik at me alle kan læra.  

    Les mer...
  • Martin Logan Classic ESL 9
    Skrevet av

    Vinylguru

    Denne gangen har jeg fått gleden av å ta for meg Martin Logan Classic ESL 9 og lage en omtale av denne, en av de nyeste Martin Logan hybrid elektrostatene.

    Les mer...
  • beyerdynamic DT 1990 Pro - den mest nøytralt lydenende hodetelefonen?
    Skrevet av

    Seniorskribent

    1 år med beyerdynamic DT 1990 Pro, og stiller jeg følgende spørsmål; er dette den mest nøytrale hodetelefonen av dem alle?

    Les mer...
  • Marantz PAM 710 DC Amplifier - Stig Arne si dagbok april 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av  sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.

    Les mer...
  • Grassat feil tilkopling - Stig Arne si dagbok februar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det kan sjå ut som om eg er alvorleg på etterskot, men det er ikkje so ille som det ser ut til. Når eg no har sendt februar, hoppar eg over mars, for då rapporterte eg frå Vossajazz. Neste vert altso april, og då er me ajour!

    Les mer...
  • JBL GO – Stig Arne si dagbok januar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I samband med samansmeltinga mellom datamaskina og stereoanlegget renn eg borti stadig fleire merkelige dingsar. Anten eg vil eller ikkje. Her vil eg skriva om ein eg ikkje kunne unngå. Eg kjøpte han og har hatt stor glede av han sidan. 

    Les mer...
  • Vossajazz 2018 - Laurdag og sundag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

     

    Før det tradisjonsrike Tingingsverket (det 37. i rekkja) vart Vossajazz-prisen delt ut til Benedikte Maurseth. Me gratulerer.

    Les mer...
  • Vossjazz 2018 - Fredag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.

    Les mer...
  • Sandstrøm-Electrocompaniet - Stig Arne si dagbok desember 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri. 

    Les mer...
  • Øyretelefonar – kva skal vi bruke dei til? Utprøving av Mitchell & Johnson
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Alle treng øyretelefonar av og til, men til ulik bruk.  Av og til vil vi ha musikk utan å forstyrre andre. Andre gongar vil vi ha musikk til arbeid og trim. Og nokre av oss bur så trangt at det er liten vits med kvalitetshøgtalarar. Det er også dei av oss som brukar øyretelefonane som høyrselsvern. 

    Les mer...
  • ZYX 4D Ultimate.
    Skrevet av

    Vinylguru

     

    Denne gangen skal jeg ta for meg en av Zyx sine nyeste kreasjoner, den nye carbon-cantilever utgaven av Zyx sin 4d serie. Jeg har tidligere testet 2 pickuper fra 4d serien, i sølv utgaven og kobber varianten. Begge med godt og mer ulikt resultat enn jeg forventet meg. Kobber og sølv i signalveien utgjør en forholdsvis stor tonal forskjell etter min mening, og de to 4d pickupene låt ganske så forskjellig. Begge nøytrale i og for seg, men kobber varianten var vesentlig varmere i lyden enn sølv utgaven, faktisk så forskjellig at jeg gladelig hadde trodd at man snakket om to vidt forskjellige pickupmerker og lydfilosofier.

    Les mer...
  • Analog kontra digital. Stig Arne si dagbok for November 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Kjære lesar,

    førre dagbok, “gode stereoanlegg, dårlege vilkår?” er signert oktober -17, so her kjem november -17. Desember -17 er alt klar, og vil koma ganske kjapt. Eg er altså ikkje so mykje på etterskot som det kan sjå ut som. Forseinkingane skuldast reise for min del, og flytting for redaktøren sin del. 

    Les mer...
  • Trilogy 906 riaa
    Skrevet av

    Vinylguru

    Tidligere har jeg testet Trilogy 907 - riaa'en som var Trilogy's topp modell av riaa'er med meget godt resultat. Og denne gangen er det den nedskalerte lillebror 906 som er inne til test.

    Les mer...
  • Gode stereoanlegg, dårlege vilkår? Stig Arne si dagbok August 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Foto er teke frå eit tilfeldig hifi-blad, og ingen av dei omtalte anlegga, grunna anonymisering. Men det illustrerer nøyaktig korleis det IKKJE skal gjerast 

    I dag vil eg skriva litt om dei stereoanlegga eg har truffe på min veg i det siste. 

    Les mer...
  • ZYX Ultimate 100
    Skrevet av

    ZYX kom for en liten siden med en ny serie pickuper med det ambisiøse navnet «Ultimate». Denne serien kan ses som den endelige utviklingen av deres allerede velrenommerte produkter.

    Les mer...
  • My Sonic Lab Signature Platinum.
    Skrevet av

    Vinylguru

    Så har turen kommet til test nr. 353 av pickuper for undertegnedes del. Og hvorfor da ikke tråkke til med toppmodellen fra MSL (My Sonic Lab), og modellen Signature Platinum.

    Les mer...

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser