torsdag desember 13 , 2018
søndag, 11 september 2016 08:59

Heed Thesis riaaforsterkar Spesial

Skrevet av

 

Moiz importerer eit merke som er heilt ukjent for meg. Heed leverer modular med det meste frå riaatrinn til effektforsterkarar under slagordet ”forget hi-fi… remember music”. Og vi tek for oss riaartrinnet Thesis.

 

Det finnest mange måtar å organisere elektronikken i stereoanlegget på. Sånn sett kan det verke som ein god ide med modular, slik at du kjøper det du treng. Så slepp du kaste bort pengar på riaa, og kan satse sterkare på DACen. Eller motsett om du vil.

Eg har fått låne Thesis, som er eit riaatrinn. Skal du ha dette, kostar det 31 500 kr om du vil ha med skikkeleg straumforsyning. Denne har uttak for to apparat, slik at du gjerne kan kjøpe forforsterkar også, når du likevel er i gong. Eller eit anna av Heed-apparata. Men vi kopla ikkje opp anna enn riaa, og starta utprøvinga etter rundt eit døgns oppvarming. Det er ikkje av/på-brytarar korkje på straumforsyninga eller på sjølve riaaboksen, så det er nok meininga at dei skal stå på permanent. Normalt går det lite straum i slike boksar, men denne straumforsyninga er ganske tungtvegande, noko som normalt tyder på at Enøk ikkje er prioritert, men at det i staden er kjæla for dynamisk attgjeving . Mine erfaringar er iallfall at ei separat, svær straumforsyning gjer underverk nettopp med dynamikken.

 

Utforming

Dei to boksane forbindast med ei veldig blå leidning, og er elles som ein heilt vanleg riaa. Det som såg ut som dipswitchar synte seg å vere små koplingar som settast på ynskt impedans og gain. Dette fungerer minst like bra som dipswitchar, kanskje litt betre ettersom du slepp å fikle med skrujern eller å få redsle for å bruke for mykje makt når innstillingane skal endrast. Men pass på så du ikkje mister desse små koplingane…

Det er fire innstillingar på impedansen, slik at dei viktigaste pickupslaga kan få ganske optimal tilpassing. Eg prøvde ut det eg hadde av pickupar tilgjengeleg for tida, og må seie at innstillingane aldri var noko problem, det låg innanfor dei behova pickupane hadde. Når eg etter kvart rota med fem ulike pickupar, må eg innrømme at eg sakna litt rattet på riaatrinnet eg har som referanse i anlegget. Men for den som ikkje skiftar pickup så ofte, er dette mest av alt eit teoretisk problem. Det er massevis av gain, heilt opp til 74 dB, og det burde vere nok til det aller meste. Justeringane er 100, 220, 470 og 1000 Ohm på MC-inngangen, medan MM sjølvsagt har standardisert 47 kOhm . Det er separate inn- og utgangar for MM og MC, slik at du kan kople opp to platespelarar, og ha desse tilslutta ulike inngangar på forsterkaren. Dei med både kvardags- og søndagsplatespelar vil sette pris på dette.

 

 

Utprøving

Det er verd å merke seg at det trengs litt oppvarmingstid på denne riaaen. Det merka eg spesielt etter at det hadde vore fråkopla i sommarferien. Eg er usikker på om eg «høyrde syner», men eg var ikkje heilt fornøgd før det hadde gått fjorten timar…..men etter dette hadde eg apparatet påslått nesten heile tida. Det vert slett ikkje varmt, og brukar såpass lite straum at det kan ein ta seg råd til.

Med varmt apparat er det ein eigenskap som kjem tydeleg fram; den storarta dynamiske attgjevinga. Rett nok ligg mesteparten av æra for dynamikkattgjeving i pickupen, men det er oftast riaaen sine eigenskapar som bremsar ein elles glimrande pickup. Og Thesis er fullstendig bremselaus i denne samanheng. Når dette er kopla saman med så mykje gain som kan leverast her, er eg nær ved å seie at denne kan levere meir saft enn nokon annan riaa eg har prøvd. Hadde det ikkje vore for ein… Samanliknast Heed-riaasettet med det beste eg har prøvd (og som eg også har kjøpt); EAT-e-pro, kjem det for ein dag at det er meir å hente. Den skjerande fanfaren på Cappricio Italien er framleis brutal, men når signalet går gjennom det dobbelt så dyre og rørbaserte apparatet er det ikkje lenger stygt og elektronisk. Og sjølv om bassen på Heed er skikkeleg til stades, på ein naturleg og innsmigrande måte, er det eit lite, men merkbart stykke att til EAT sin veldige autoritet når dei rette pickupane takast i bruk. Der kan du også finjustere gain og impedanse etter hjartet/øyret «i fart», slik at du kjem ganske nær staden der englane syng. Merkeleg nok syner denne skilnaden seg i mindre grad når det spelast på pickupar med litt høgre output. På VdH DDT med 0,65 mV var skilnaden mellom riaatrinna mindre enn når eg brukte Denon 103.

 

 

Klangalansen er det ingenting å seie på. Bass slepp uhindra gjennom, dersom pickupen gjer ein skikkeleg jobb (som VdH DDT), og det er minimalt skilnad mellom Thesis og den rørbaserte EAT-e-Pro i mellomtone og topp, så klangmessig er dette heilt i referanseklasse.

For mange er det aller viktigaste med ein riaa at han ikkje maskerar tredimensjonale opptak. Thesis er veldig god også på dette punktet, faktisk slit eg med å ta skilnaden mellom denne og referansen. Eg må nok sjå meg rundt etter ein betre pickup, ettersom det er desse som er hovudansvarlege for slike kvalitetar. For den som er klar til å investere vel 30 000 i riaatrinnet, kan eg melde at det er slett ingen grunn til å nøle på Thesis om klang er avgjerande for deg.

Det er litt rasedyrtendensar når det gjeld oppvarmingstid. I praksis vil du nok løyse problemet med å la det stå påslått så mykje som råd, sidan det brukar uvanleg lang tid på å varme opp til optimal lydkvalitet. Det eg opplevde var kanskje litt subjektivt etter sommarferien, men du må nok pårekne minst tre-fire timar om anlegget har vore slått av ei stund. Men boksane vert ikkje varme, så det brukast lite straum.

 

 

Konklusjon

Det finnest luksusriaatrinn til langt over hundretusenkroner. Det vil vere rart om ikkje iallfall ein del av desse gjer ein endå betre jobb enn Heed Thesis. Viss ikkje, er det vel grunn til å lure? Og det kan vi alltids gjere likevel, for kva skal eigentleg ein riaa gjere? Levere ei korrekt frekvenskurve i høve anti-riaaequaliseringa som skjer når plata lagast, og elles sørge for rikeleg forsterking av pickupsignalet. Eg sit sjølv på ein riaaforsterkar til meir enn dobbelt så høg pris som Thesis, og er fornøgd med utfordringa med å skaffe nye rør om ei stund. Eg har også svinaktig flott dynamikk, iallfall når eg brukar rette pickupen. Og eg er svært fornøgd med rattet der eg kan stille eit vell av ulike impedansar under avspeling (sjølv om vonde tunger seier at eg like gjerne kunne brukt ein tonekontroll i staden for denne kostbare fasiliteten). Ikkje desto mindre ser eg at eg kunne komme veldig langt med  100, 220 og 470 Ohm (1000 har eg ikkje så ofte bruk for), hatt nesten like mykje gain (eit par dB mindre) og spart både halvparten av kjøpesummen samt alle rørskifta framover.

Heed Thesis er ein av dei beste riaatrinna eg har prøvd. Har du ikkje ekstreme krav eller spesielle behov når det gjeld pickuplastar, har det alle dei kvalitetar eg tykkjer vi kan forlange av eit slikt apparat.

 

Importør av Heed er Moiz Audio

 

Lest 4444 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser