onsdag oktober 24 , 2018
søndag, 01 januar 2017 12:02

TEST: Audio-Technica AT33PTG/II og AT33Sa Spesial

Skrevet av

Dette er ein av dei pickupane som kan finnast i svært mange versjonar. Eg har fått prøve ut dei to mest spennande og aktuelle på marknaden.

 

Det har lenge vore slik at Audio Technica sine pickupar ikkje har vore noko vidare marknadsført her i landet. Likevel er det eit ganske utbreitt merke. Mange platespelarar leverast med dei billegare MM-utgåvene som standard. Desse er jamt over veldig gode etter prisen, men då snakkar vi om prisar til under 500 kroner, så det skal vel strengt tatt ikkje så mykje til alltid.

Audio Technica lagar også betydeleg meir ambisiøse pickupar, slikt som moving coil-konstruksjonar til over 10 000 kr.

AT33 er ikkje så kostbare. For nokre år sidan kunne du få dei rimelege utgåvene ned mot 2000 kroner, men då snakkar vi om modellar med rimelege nålefaner og enkle diamantslipingar. Dei produserast ikkje lenger. Modell EV skal fasast ut, seiest det, og då er det dei to eg har til utprøving som er dei mest spennande.

 

 

 

To kostbare versjonar

PTG var ein modell som vart introdusert på slutten av 90-talet, då vinyl var nede i sin djupaste bølgedal. Sjølv om dette var ein påkosta sak med boron nålefane og mikrolineær diamantsliping, var det ein pickup som ikkje slo an så mykje som ein kanskje skulle tru. Men for ei lita stund sidan kom ei ny utgåve, PTG/II, som er meir forfina. Betre dempesystem, mindre diamantdimensjon, og kortare nålefane, fortel produsenten. Vidare er den ekstremt tynne kopartråden i spoleviklingane no oppgradert. Og sjølv om du skulle vere skeptisk til kablane sin innverknad på lyden elles, er det her i pickupen, med dei ekstremt låge signalstyrka som vert genererte i desse bittesmå spolane, du får mest utteljing av å passe på kopartråden.

 

 

Den andre pickupen eg har til utprøving, er den nyaste AudioTechnica AT33SA. Denne har også boron nålefane, men her er det anna sliping av diamanten. Her er brukt Shibata-sliping. Dette var den fyrste av dei «alternative» diamantslipingane, visstnok introdusert fordi dei var i stand til å registrere diskant heilt opp til 50 000 Hz, noko som var nyttig den tida då kvadrofoniplater kom i handelen (Dei brukte dette frekvensområdet til dei ekstra to kanalane, men det skal vi ikkje ta opp her). Eg var truleg ein av dei fyrste som fekk tak i ein Shibata-pickup her i landet, ein Denon 103D som hadde svært flott lyd, og som imponerte fleire enn meg med vesentleg større presisjon, detaljrikdom og klangnøytralitet enn standardmodellen. Seinare har også Shibata-slipinga vorte litt forfina. Desse diamantane har altså kvalitetar som går utanfor dei opprinnelege kvadrofoniske eigenskapane. Bortsett frå det: Pickupane har nesten identisk utsjånad og tekniske data, den einaste skilnaden er at SA-utgåva leverer 0,4 i staden for 0,3 mV. Dette er ikkje mykje, men akkurat nok til at du bør vurdere å bruke litt ekstra kronasje på SA om riaaforsterkaren din har lite gain.

 

Sporingsjævlar

Eg brukte fyrst litt tid til å spele inn SA-modellen, og merka ikkje endring etter godt 20 – 30 timar. PTG/II var alt innspelt, så her merka eg ingenting. Dermed kunne utprøvinga starte.

Justeringsarbeidet var ganske enkelt. Eg var førebudd på at det kunne bli litt skilnad i sporingsevnene, men det skjedde ikkje. Begge platene spora 100µ på testplata mi, noko som er ekstremt bra. Det vart også spelt ein del sære greier eg brukar for å sjekke justeringar, mellom anna finhøyring av ein del flygel- og elpianomusikk, og forvissa meg til sist om at antiskating var heilt på plass med ei monoinnspeling. Her var det minimalt med skilnad mellom pickupane, og det var lett å finne fram til optimal justering. Alt i alt var alle aspekt ved sporinga og justeringane heilt til toppkarakter på begge to. No har eg rett nok ein god 12tomsarm (Kuzma 313 Reference) med svært godt rykte, så eg veit ikkje om det er stor skilnad i høve kortare billegarmar, men uansett må eg seie at eg til no ikkje har hatt betre sporingsresultat i Kuzma-armen min. Betre trur eg ikkje sporing kan gjerast.

 

Dynamisk duo

Den kanskje aller viktigaste eigenskapen til ei musikkanlegg, er evna til å formidle dynamikk. Viktigare enn nokon sinne, ettersom vi så ofte høyrer musikk der dynamikken er komprimert. Slik fjerning av dynamikk er ille, fordi det tek vekk denne dimensjonen av musikken. Dei store dynamiske utladningane er eit verkemiddel som er særleg brukt innan klassisk musikk, og det argaste opptaket eg veit om, er kanonskota i 1812-overtyra innspelt på Telarc. Så når det ikkje er spesielle grunnar til å vere forsiktig med ekstremt kostbare pickupar eg har på lån, er dette ein av dei prøvelsane eg kan utsetje pickupar på, og alltid like spennande. Musikkverket er kanskje ikkje Tcaikovski sitt flottaste, men prøvelsane som kjem sist på platesida gjer det alltid like spennande å spele denne plata- alltid med store forventningar når ein elles dydig pickup skal gjennom skjærselden. På PTG/II var det full innertiar, perfekt i nedslaget, og til 20 i stil, også på siste kanonskotet, som innimellom kastar andre pickupar og arm ut av rilla. SA greidde det også, men ikkje ved fyrste forsøk. Stifttrykket måtte opp på 2,4 gram, som er over det tilrådde frå produsenten. Eg gjorde også ei lita justering av antiskatinga)

Men dette er trass alt ein gimmick. Det er trass alt viktigare å kunne skilje mellom små detaljar, og det er mange musikkstykke, spesielt innan kammermusikk, der små nyansar har mykje å seie. Gode popmusikkopptak har også slike nyansar, til dømes Supertramp. Slikt forsvinn ved komprimering, men også ved eit anlegg som ikkje fiksar slike ting. Såleis må pickupane også vere i stand til å formidle dette for at anlegget skal kunne reknast som gjennomsiktig.

Mi erfaring er at det er pickupar med ganske lågt utgangsnivå som gjer dette best, slik som Kondo IO og Lyra sin pickup med lågast output. Men du er fullstendig avhengig av ein riaa med nok forsterking for å få dette til, og då vert det ei vurderingssak å finne ut noko som er «godt nok».

Det var såleis ei fryd å sette på desse to AT33-pickupane. Begge spelar dynamikk rasande godt, og då brukar eg standard gain, og treng ikkje ta fram den kraftigaste gainen på riaatrinnet. Faktisk opplever eg PTG/II som eit hakk kvassare enn SA, men det er ikkje mykje det står om. Altså som om PTG/II har meir trøkk i fortissimopartia. Til gjengjeld verkar SA fullt på høgd, og kanskje endå litt betre når det gjeld nyanseringsevne. Ganske så uavgjort, altså. Og det spesielle er at du ikkje treng særleg kostbart riaatrinn for å få fram dette. Utan å ha tilgong på Musical Fidelity VINL eller Manley Chinook lenger, vil eg tru at dette går fint med begge desse to pickupane.

Vi snakkar altså om dynamikkvalitetar som er svært uvanlege i prisklassen.

Trass i mine lovprisingar, må eg minne om at det trass alt finnest ein divisjon høgre oppe i prisklassane, som kan by på endå større evne til å nyansere og få fram detaljane. Rudi har nettopp omtala Mysoniclab som sin nye favoritt, og eg har endå ikkje kome over AirTight-sjokket eg fekk då eg besøkte han. Her er kvalitetsskilnad ja. Om du verkeleg skal ha storfisk, må du rekne med femsifra prisar. Kanskje endåtil sekssifra. Du slepp heller ikkje unna store kostnadar til pickup og riaatrinn. Det er ein liga til, langt der oppe...

 

Perspektiv og rom

Eit godt stereoanlegg skal kunne skape ein god illusjon/reproduksjon av at musikarane er til stades. Det skal vere luft mellom dei, og på gode opptak skal du kunne oppleve kvar dei er i rommet. Du vil gjerne også ha ei tydeleg oppleving av kor stort rommet er, om det er høgt til taket m.m., og her ligg for meg ein avgjerande del av pickupen sin kvalitet.

Dei to AudioTechnica-pickupane greier dette. Men det er kanskje litt skilnad på måten dei gjer det på. SA har litt breiare perspektiv, og byr innimellom på litt meir detaljrikdom. Medan PTG/II lagar tydelegare tredimensjonal attgjeving. Meir presisjon, på ein måte. Medan SA er meir sprudlande og utleverande, kan vi kanskje seie.

 

Klangeigenskapar

Mange går etter klanginntrykket når dei samanliknar HiFi-komponentar. I utgangspunktet verkar dette enkelt, spesielt når du samanliknar to komponentar etter tur, såkalla A/B-testing. Då finn du fort ut at du likar den eine framfor den andre. Men eg er ikkje så begeistra for slik testing. Klang er mykje meir innvikla enn det kan sjå ut som. Og faktisk er det slik at ein ved A/B-testing oftast går for det produktet som spelar høgast. Altså må du kompensere for dette når du samanliknar. Eller så likar ein bass, og går automatisk for den feitaste. Det er vanskeleg å skilje desse to 33-ane, for dei er eigentleg ganske like. Men klangmessige nyansar er absolutt høyrbare. Eg meiner at SA-pickupen gjer ein klangmessig betre jobb med dei klassiske innspelingane på RCA sine flotte opptak frå tidleg 50/60-talet. Eg likar også SA best når det kjem til klassisk musikk innspelt på EMI. Men når det spelast Decca, likar eg betre klangen til PTG/II. Så har vi skilnadane i dynamiske og perspektivmessige kvalitetar. Til saman blir dette litt innfløkt. Lat oss ta eit døme: Spelar du «Romeo og Julie» på Sheffield Records si direktegraverte vinylplate, er det veldig flott og naturleg med lufta og dynamikken som kjem fram ved PTG/II-bruk. Opptaket er også såpass klangmessig tørt at PTG/II er heilt glimrande. Då kunne du spart 3000 ved å satse på denne pickupen. Men om du spelar «Operafantomet», vert klangen for hard og lydbildet for rotete. Så då er det lurt å skifte til SA, som passar betre til slike moderne innspelingar.

Elles må det seiast at begge pickupversjonar ikkje bryr seg særleg om plateknitring. Denne fangast ikkje opp i særleg grad, men du må vere svært nøye med å fjerne støv frå nåla.

 

Ein med alt – og nokre tankar om ambisjonsnivå

Desse to pickupane har begeistra meg ganske mykje. For det er ingen tvil om at dei er svært mykje for pengane. Det er eit stykke att til perfeksjon, slik ein finn det på fintrimma, kostbare pickupar som gjerne kan vere trimma med eksotiske dempesystem for å innfri akkurat det DU finn som det mest attraktive i musikkavspelinga. AT33-versjonane er mindre personlege, og går meir etter å reprodusere det som finnest i rillene. Og det gjer dei svært godt, spesielt ut frå prisklassane. Men lyden av trommestikka som slepp trommeskinnet, slik du gjer på AirTight, får du ikkje på same måten. Men du verda, så bra desse to pickupane presterer når du tenkjer på prisen. Dei gjer ting så veldig, veldig rett, men på litt ulik måte.

Sjølsagt hadde det vore greitt å finne den perfekte pickup, der alle lydlege faktorar var optimale. For ein rimeleg penge. Og utan store vanskar når det gjeld arm, riaatrinn eller drivverk. Stort sett kostar pickupar på dette ambisjonsnivået svært mykje. Og eg har så langt greidd meg utan å bruke frykteleg mykje ressursar på akkurat pickupen. Når eg er streng, må eg legge stor vekt på eit naturleg, oppløyst og tredimensjonalt lydbilde, med tydeleg definert instrumentplassering. Såleis kunne eg godt tenkje meg den gamle toppmodell MC 7500 frå Ortofon som eg minnest spesielt godt innan denne disiplinen, men denne er for lengst gått ut av produksjon. Og dei er svært vanskelege å ha med å gjere for riaaforsterkaren om du ikkje brukar spesialtrafoen. Så var han kanskje vel analytisk også. Og så dyr som han var. Det hadde også vore moro med ein pickup som var fintuna etter min smak og mitt anlegg. Koetsu har nokre sånne. Lyra har nokre spennande pickupar eg skulle likt å bli nærare kjend med. Det same gjeld fleire av dei handlaga. Nokre av desse formidlar musikalske detaljar som nesten ikkje var til å tru, så naturleg tonalt som vinylplata tillot. Det klart beste eg har høyrt av vinylavspeling var via ein AirTight-pickup til ein pris av over 30 000 kroner.

MySonicLab er visstnok endå meir likandes, og slik eg kjenner Rudi sine formuleringar er dette det beste han har høyrt, og såleis eit opplagt val for dei med ambisiøse vinylriggar. Det er berre det at slike pickupar kostar brutalt mykje, så mykje at Ortofon MC 7500, AirTight og den andre vert billege i samanlikning..

Sånn personleg har eg altså funne det best å styre lystene mine. I denne samanheng.

 

 

 

Konklusjon

Eg klarer ikkje å bestemme meg for kva pickup som er «best» her. Begge gjer ein fantastisk jobb i min rigg, og begge greier å ete kirsebær saman med resten av anlegget mitt. På grunn av klangkvalitetane og ein meir frampå-aktig spelestil likar eg SA kanskje best. Dessutan er det greitt med litt ekstra output. Men så kostar han tre tusen meir...

Dette er pickupar som gjer seg nytte av Audio Technica si omfattande produksjonserfaring, og dei leverer på alle måtar meir enn du kan forvente i prisklassen. Dei kling veldig nøytralt (SA litt penare og heilt etter min smak), spelar veldig dynamisk, sporar 100µ, altså noko djevelsk (spesielt PTG/II som lett taklar 1812 Telarc), iallfall i min Kuzma 12 toms arm. Dei er ikkje frykteleg kritiske til justeringar ut over normal omtanke, og sannsynlegvis vil dei greie seg utmerka i alle mellomvektarmar. Dei leverer svært flotte lydbilde, med PTG/II ekstra flott djupne, og SA veldig breidde, kropp og «brystkassekjensle». Begge leverer kraftig nok output til å drive normale MC-riaatrinn, men SA akkurat litt meir enn broren.

Du må seie frå om du kjem over andre pickupar som kanskje kan måle seg med desse i prisklassen. Eg veit iallfall ikkje om nokon betre. Så det får vere opp til deg sjølv om du vil betale 5500 og få fullkomen sporing og formidable dynamiske eigenskapar, eller om du går opp til 8500 kroner og satsar på ei aning meir naturleg klang og endå meir ekte attgjeving på dei fleste moderne opptak.

Eg greidde altså ikkje å bestemme meg. Så eg må ha begge.

 

 

Audmjuke referansar

Mine referansepickupar opp gjennom åra har vore mange. Den gode Denon 103D var min fyrste kjærleik, som varte heilt til han var utsliten. Så kom ein Accuphase AC-1, som hadde eit fantastisk flott lydbilde, men avrunda topp, og ikkje nok gain då eg kjøpte meg ny ARC SP 10 forforsterkar. Så eg gjekk over til ein VandenHul MC 10, og hadde denne i mange år. I småbarnsperioden gjekk eg over til ein enkel, men god AudioTechnica AT 170 ML, som eg likte svært godt. Og då denne var utsliten, bestemte eg meg for ein Dynavector DV10x5. Det var nok av andre pickupar som var betre, men 10x5 var ein pickup som var ganske kjend, og som fungerte godt i dei fleste armar og riaatrinn. Så no er eg på leit etter ei ny referanse. Ikkje for dyr – det er vanskeleg å forstå kva eg meiner om eg testar via utstyr som få andre har høve til å høyre. Dessutan vil eg ha ein slitepickup eg ikkje treng å vere skrekkeleg redd for.

Eg brukar framleis Denon 103, men for tida i standardutgåve for å kose meg med romantisk klangbalanse. Dette er han veldig god til, men han har sine manglar. Greier ikkje å løyse opp diskanten skikkeleg, og har veldig svakt definert lydbilde. Bassen er også på grensa til det korpulente. Ein kan ikkje få alt, ser det ut som. Så eg ser behovet for ei ny referanse, som skal

  • tilfredsstille mine lydkrav
  • vere fornuftig i pris, altså økonomisk tilgjengeleg for vinylentusiastar utan apanasje
  • lett tilgjengeleg for kven som helst.
  • ikkje stille veldig sære krav til resten av riggen, som gjer det nødvendig med fordyrande armar eller riaatrinn. 

Saken er klar, det blir ein Audio Technica AT33. PTG/II eller SA. Eller begge.

 

 

 

 

Pris Audio Technica AT33PTG/II: 5.490,- 
Pris Audio Technica AT33Sa: 8.490,-

Takk til Platekompaniet for lån av testeksemplar.

 

 

 

Lest 5749 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

  • Hortenmessa 2018 - messerapport med video
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Hortenmessa vart avvikla for 17. gongen på rad, og vi var til stades med kamera og mikrofon.

    Les mer...
  • Kaipa – Sattyg
    Skrevet av

    Våre Svenske naboer har fostret mange gode progrock band gjennom tidene, og flere har vært inspirert av Svenskenes supergitarist og progstjerne Roine Stolt. Kaipa’s 12. og mesterlige album Sattyg er verdt en ekstra titt.

    Les mer...
  • Teac CD-P3450 Compact Disc Player – Stig Arne si dagbok juni 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I denne dagboka skulle eg eigentleg skriva del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte". Men eg treng litt meir tid. Lat meg difor ta eit kvileskjer med å skriva om noko heilt anna, men ikkje mindre interessant, eigentleg.

    Les mer...
  • Where do the music end and the listening begin?
    Skrevet av

    Our perception of reality is a highly individual matter: every day our mind is occupied by trying to create coherence between an unimaginable number of fragments brought to us through our different senses. It is a bit like a game: you're given certain pieces but how you combine them is up to you.

    Les mer...
  • 99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte (del 1) - Stig Arne si dagbok Mai 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Denne artikkelen burde eg ikkje levert. Eg har eigentleg ikkje peiling, og påstanden (overskrifta) er ganske dryg. Men likevel, eg må berre lufta det. Det er ei problemstilling med tekniske finurlegheiter som eg har fundert over i årevis. Om eg aldri tek det opp, kjem eg ikkje vidare. Eg ser gjerne at dei som har greie på dette tek kontakt, slik at me alle kan læra.  

    Les mer...
  • Martin Logan Classic ESL 9
    Skrevet av

    Vinylguru

    Denne gangen har jeg fått gleden av å ta for meg Martin Logan Classic ESL 9 og lage en omtale av denne, en av de nyeste Martin Logan hybrid elektrostatene.

    Les mer...
  • beyerdynamic DT 1990 Pro - den mest nøytralt lydenende hodetelefonen?
    Skrevet av

    Seniorskribent

    1 år med beyerdynamic DT 1990 Pro, og stiller jeg følgende spørsmål; er dette den mest nøytrale hodetelefonen av dem alle?

    Les mer...
  • Marantz PAM 710 DC Amplifier - Stig Arne si dagbok april 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av  sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.

    Les mer...
  • Grassat feil tilkopling - Stig Arne si dagbok februar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det kan sjå ut som om eg er alvorleg på etterskot, men det er ikkje so ille som det ser ut til. Når eg no har sendt februar, hoppar eg over mars, for då rapporterte eg frå Vossajazz. Neste vert altso april, og då er me ajour!

    Les mer...
  • JBL GO – Stig Arne si dagbok januar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I samband med samansmeltinga mellom datamaskina og stereoanlegget renn eg borti stadig fleire merkelige dingsar. Anten eg vil eller ikkje. Her vil eg skriva om ein eg ikkje kunne unngå. Eg kjøpte han og har hatt stor glede av han sidan. 

    Les mer...
  • Vossajazz 2018 - Laurdag og sundag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

     

    Før det tradisjonsrike Tingingsverket (det 37. i rekkja) vart Vossajazz-prisen delt ut til Benedikte Maurseth. Me gratulerer.

    Les mer...
  • Vossjazz 2018 - Fredag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.

    Les mer...
  • Sandstrøm-Electrocompaniet - Stig Arne si dagbok desember 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri. 

    Les mer...
  • Øyretelefonar – kva skal vi bruke dei til? Utprøving av Mitchell & Johnson
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Alle treng øyretelefonar av og til, men til ulik bruk.  Av og til vil vi ha musikk utan å forstyrre andre. Andre gongar vil vi ha musikk til arbeid og trim. Og nokre av oss bur så trangt at det er liten vits med kvalitetshøgtalarar. Det er også dei av oss som brukar øyretelefonane som høyrselsvern. 

    Les mer...
  • ZYX 4D Ultimate.
    Skrevet av

    Vinylguru

     

    Denne gangen skal jeg ta for meg en av Zyx sine nyeste kreasjoner, den nye carbon-cantilever utgaven av Zyx sin 4d serie. Jeg har tidligere testet 2 pickuper fra 4d serien, i sølv utgaven og kobber varianten. Begge med godt og mer ulikt resultat enn jeg forventet meg. Kobber og sølv i signalveien utgjør en forholdsvis stor tonal forskjell etter min mening, og de to 4d pickupene låt ganske så forskjellig. Begge nøytrale i og for seg, men kobber varianten var vesentlig varmere i lyden enn sølv utgaven, faktisk så forskjellig at jeg gladelig hadde trodd at man snakket om to vidt forskjellige pickupmerker og lydfilosofier.

    Les mer...
  • Analog kontra digital. Stig Arne si dagbok for November 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Kjære lesar,

    førre dagbok, “gode stereoanlegg, dårlege vilkår?” er signert oktober -17, so her kjem november -17. Desember -17 er alt klar, og vil koma ganske kjapt. Eg er altså ikkje so mykje på etterskot som det kan sjå ut som. Forseinkingane skuldast reise for min del, og flytting for redaktøren sin del. 

    Les mer...
  • Trilogy 906 riaa
    Skrevet av

    Vinylguru

    Tidligere har jeg testet Trilogy 907 - riaa'en som var Trilogy's topp modell av riaa'er med meget godt resultat. Og denne gangen er det den nedskalerte lillebror 906 som er inne til test.

    Les mer...
  • Gode stereoanlegg, dårlege vilkår? Stig Arne si dagbok August 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Foto er teke frå eit tilfeldig hifi-blad, og ingen av dei omtalte anlegga, grunna anonymisering. Men det illustrerer nøyaktig korleis det IKKJE skal gjerast 

    I dag vil eg skriva litt om dei stereoanlegga eg har truffe på min veg i det siste. 

    Les mer...
  • ZYX Ultimate 100
    Skrevet av

    ZYX kom for en liten siden med en ny serie pickuper med det ambisiøse navnet «Ultimate». Denne serien kan ses som den endelige utviklingen av deres allerede velrenommerte produkter.

    Les mer...
  • My Sonic Lab Signature Platinum.
    Skrevet av

    Vinylguru

    Så har turen kommet til test nr. 353 av pickuper for undertegnedes del. Og hvorfor da ikke tråkke til med toppmodellen fra MSL (My Sonic Lab), og modellen Signature Platinum.

    Les mer...

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser