fredag november 16 , 2018
tirsdag, 23 mai 2017 20:38

Nad 3020 – Del 2: NADen vert utfordra av ein jamnaldra Rotel. Spesial

Skrevet av

Midt i arbeidet med å skriva denne artikkelen, publiserte redaktør Karl Erik sin eigen artikkel om Nad 3020, attpåtil med trugsmål om å skriva del 2. Eg banna og tenkte at dette må jo bli kollisjon, og ringde. Men me vart raskt samde om at dette var jo berre moro, og at artiklane med litt samarbeid kunne utfylla kvarandre.

Førebels arbeidsfordeling er at eg presenterer dette fyrst, og so kjem Karl Erik etter med del 3. Han må jo få skriva det fyrst. Litt overlapping vert det sikkert, men det får våga seg. Er Karl Erik på veg inn i ei Nad-boble? Er eg på veg ut? Eg har kome over andre forsterkarar som eg meiner er like gode-og kan hende til og med betre-på einskilde område. Eg skriv difor denne artikkelen som ein slags oppsummering av tida mi med Nad 3020, endeleg. Og måtte nesten le når eg såg at Karl Erik har byrja laga ei liknande oppsummering-samstundes. Litt av ein tilfeldigheit. Eg er sikkert like spent på hans del 2 (lydmessige erfaringar) som han er spent på mine konklusjonar. Karl Erik har skildra historia bak 3020 med vanleg grundigheit, slik at eg har kunne korta litt inn på dette, lat som eg er. Ypperleg.

 

Innleiing

Eg kjøpte aldri ein Nad 3020. Eg kjøpte heller aldri ein Rotel RA-820. Eg var ein ung og blå-øygd audiofil-aspirant og ville jo sjølvsagt ha noko betre. So eg kjøpte  dei dyrare Nad-modellane, den eine etter den andre. Som vi alle veit i dag, var få eller ingen av dei betre enn den opprinnelege Nad 3020. Og fleire monaleg dårlegare. Eg har og hatt ei rekkje av Rotel-ane. Hugsar eg ikkje feil, hadde eg både RA 930, 931, 935 og 975. Det var jo desse to merka det gjekk i på 80-talet om du ville ha ein god og billeg forsterkar. Men eg hadde aldri den opprinnelege 820. Og det er denne som går att når hifi-magasina no-i bladform eller på nettet-jamnleg lagar oversiktar over billeg og god hifi opp i gjennom åra. Saman med Nad 3020, naturlegvis. Og det ser ut som om det er denne som har gått av med sigeren og tronar på toppen av dei fleste slike oversikter. Men er han den beste av den grunn? Kan hende. Kan hende ikkje. Journalistane har ein lei tendens til å gå i flokk.

 

Rotel RA-820

Eg kom heilt tilfeldig over ein slik på FINN i fjor, og klarte ikkje å halda meg: Eg visste jo at dette var ein av dei beste på 80-talet. Og at han vart konstruert etter Nad 3020, og som ein direkte konkurrent til denne. HI-FI CHOICE gjev faktisk RA 820 betre kritikk enn Nad 3020 i “årboka” si i A5-format, "Amplifiers & Stereo Tuners” frå 1985. “-up with the select few”, skriv magasinet, “-fleire av dei til fire gongar prisen". (Nad oppnådde (berre)  “above average, which was a fine result for the price”).

Eg ringde eigaren, ei dame som hadde hatt oprydding i bua si. Der fann ho denne, og ante ingenting om opprinning eller tilstand. Eg fekk han difor særs rimeleg. Han mangla eit par knappar og var skiten og fæl, men etter ein vask og litt stell såg han slett ikkje verst ut. Eg kopla han opp i anlegget og trykte nervøst inn PÅ-knappen, klar til å slå han av att raskare enn lynet, om slikt skulle slå ned. Det gjorde det ikkje: Alt verka som det skulle. Fantastisk. So slapp eg ekstra-utgiftene med reparasjon. Denne kvelden hadde eg lokka ein kompis heim til blind-testing av eit par (andre) forsterkarar.

Etter dette kopla eg opp Rotel-en berre for å sjekka om det var liv i han. Det var det, som sagt, og Aslak, “den blinde”, kommenterte straks: “Ja dette var god lyd.” Og det var til og med utan oppvarming. Etter dette lot eg han stå i anlegget for å gjera meg kjend med lyden. Og eg likte det eg høyrde. Det er ofte slik: Det funkar, eller det funkar ikkje (og vert relativt raskt kopla ned att).

 

Nad 3020

Denne finst i fleire ulike variantar, som 3020, 3020A, 3020B og 3020i og e. Det heile er noko forvirrande, for om du har sett oppi, finst t.d. 3020 i to ulike versjonar, utan at det finst krins-skjema på begge. Sume er utstyrt med Motorola utgangstransistorar, og andre med RCA, utan at det er noko system i det. Du har m.a.o litt av ein jobb framføre deg om du skal finna ut kven av modellane som spelar best, og kvifor. Kollega-skribent Gunnar Brekke i fidelity informerte meg tidleg om dei ulike modellane, og eg gjev han rett: Dei aktuelle modellane er 3020 og 3020A. Med 3020B auka dei effekten og øydela lyden. Eg har samtlege modellar og samstemmer. Audiofil-modellen 3120 utan tonekontrollar byggjer på 3020 B, og er difor heller ikkje aktuell.

Eg har alltid likt Nad 3020, han er liten og søt som ein bamse i sin bjørnebrune farge. Eg har alltid hatt eit par i bakhand i fall eg ikkje har hatt noko anna som funkar. Kjøpt brukt og billeg. Og eg har hatt eit par opprivande opplevingar undervegs: Som t.d. då denne forsterkaren spelte fletta av ein kjend monster-forsterkar. Etter at eg byrja å nytta 3020 permanent i anlegget gav eg på ein måte opp den audiofile karriera mi: Ingen med med vett og forstand ville jo gjera noko slikt. Men no er eg gamal nok til å gjera som eg vil. Og det er ei eiga glede å nyta god lyd av utstyr som nesten ikkje kostar noko. Samstundes ville eg freista å finna ut kva som er so spesielt med denne forsterkaren: Han er visstnok framleis verdas mest selde, og særs omtykt. Kvifor? Utanom at han var særs rimeleg? Dette meiner eg å ha funne ut av: Han er lettare mørk og alltid musikalsk, og vert aldri hard i lyden (eit vanleg problem). Uansett kva du måtte meina om lyden elles, er han alltid behageleg og venleg å lytta til. Ei stund var eg faktisk i tvil om eg ville finna noko betre, (nesten) uansett pris. Eg har hatt stor glede av denne forsterkaren gjennom mange år, og har aldri spelt so mykje musikk som gjennom denne. Og dei går aldri i stykker.

 

 

Samanlikning

Etter å ha spelt på Rotel RA-820 ei god stund, gjekk eg attende til Nad, denne gongen ein 3020A, nyleg kjøpt inn av Arild Helms, elektronikk-ingeniør frå Mandal, som på hobbybasis kjøper inn 3020 og byter samtlege kondensatorar, før han sel dei vidare for 2000kr. Det er rimeleg med tanke på arbeidet bak. Det er litt av ein jobb å lodda ut og inn 40 kondensatorar, pluss evt. anna feilretting. Han erstattar dessutan ladelyttane på 2200uF (4 stk) med tilsvarande på 3300uF. Totalt sett gjev dette forsterkaren mykje meir kraft i bassen enn fleire av mine gamle, og kan trygt anbefalast. Kondensatorane er den komponenten som er mest plaga av elde: Han turkar ut og mysser effekt. Alt i alt spelte dette konkrete eksemplaret svært godt, men om han spelar betre enn dei andre i stabelen er litt tidleg å seia. Eg går for tida gjennom ein for ein. Ein veit aldri med slike gamle forsterkarar: Elde kan gjera at dei spelar i varierande grad optimalt. Ynskjer du å finna ut om akkurat det eksemplaret du har spelar godt, uansett modell, er det berre ein ting å gjera: Kopla han opp og lytta.

Då eg endeleg fann ein forsterkar som kunne måla seg med Nad 3020, kjende eg både på overrasking, glede og skepsis. Eg kunne nesten ikkje tru det eg høyrde, for eg har lenge rekna 3020 som ein verkeleg god forsterkar, og gjer det for so vidt framleis, når eg berre anstrengjer meg for å setja ting litt i perspektiv. Og det skal ein jo gjera. Det er nok eufori der ute. Men Rotel RA 820 får Nad-en til å høyrest ut som om han er forkjøla, og dessutan ganske tåkelagt.

Eg spelte Steinar Raknes Quartet “Live in Tokyo”, miksa og mastra av Jan Erik Kongshaug i 2012 (LP). Ei uunnverleg “testplate”, sidan lyden er særs levande, og musikken slik at eg aldri vert lei uansett kor mange gonger eg spelar ho. Resten av oppsettet er ein hardt modifisert Lenco platespelar med japansk arm, og EMT pickup. Til mc-forsterkning har eg nytta ei kjapp og praktisk løysing i form av Ortofon T-5 minitrafo “sigar”. Høgtalarar er Stirling Broadcast BBC LS3/6. Med Rotel er lydbiletet opnare og meir detaljert enn med Nad, og det er lettare å høyra at dette er eit live-opptak. Bariton-saksofonen til Jon Pål Inderberg står tydelegare fram, kjensla av at han “er der” er meir konkret her enn med Nad. Detaljar i trommesettet er og tydelegare, og med større djupne. Eg kan ikkje tolke det annleis enn at Rotel-en vrengjer lyden mindre. Rotel RA 820 vart konstruert for å banka Nad 3020, og klarte det. I denne fyrste delen av testen i alle fall.

 

Meir samanlikning

Men ein grundig test er ikkje gjort på ein kveld. Eit par kveldar seinare bestemte eg meg for å spela ei kjent og kjær CD-plate, denne gongen eit studio-opptak (Mark Knopfler, “Tracking”). Eg svergar normalt til live-opptak, men vart forbausa over kor godt denne plata skilde mellom forsterkarane. Fyrst ut var Nad, med ein stor, levande og totalt uanstrengt lyd. Det er jo dette som er Nad si sterke side-så til dei grader. Det var berre å skru opp til det skurra. Det heile var svært musikalsk og “nytverdig". Men det var og tydeleg at lyden var noko diffus og rotut. Lydbiletet var ikkje heilt klårt. Attende til Rotel vart lyden definitivt klårare, det hadde eg venta. Det eg ikkje hadde venta var at lyden no var mindre atmosfærisk, ljosare, tunnare og hardare.

Etter at eg kom til hektene att sjekka eg alle tilkoplingane, for noko måtte jo vera gale. Det gjekk seg etterkvart til, og etter at eg hadde snudd støpselet 180 grader byrja det å spela anstendig att. Men etter denne runden var det langt mindre klart kven som gjekk av med sigeren. Eg gjekk forvirra til sengs.

 

Andre meiningar

Etter fyrste delen av testen-med klar siger til Rotel-kjende eg trong for å sikra meg. Lesaren skal ikkje trenga å lita på meg åleine. Eg syter difor ofte for ein “second opinion”. I dette tilfelle lokka eg venninna mi med på blindtest. Ho vart informert om at eg ville samanlikna ein svart og ein brun forsterkar, og ho kunne ikkje brydd seg mindre om kva som var kva. Sjølv om ho fikla litt med mobilen innimellom, forsikra ho meg om at ho fylgde med, sjølv om ho sat litt på sida av høgtalarane. Me spelte tre låtar på forsterkar A, og same tre låtane på forsterkar B. Ho var ikkje i tvil: Forsterkar A let meir levande. Eller “live”. Og A var den svarte. Då er me i alle fall to personar som høyrde det same.

Eigentleg tre, for korrekturlesaren min var inom ein dag, og han kjenner anlegget mitt godt. Han har sjølv både Nad-ar og Rotel-ar. Han var ganske trygg på at eg aldri hadde hatt betre lyd frå LP. Nad-en er kjend for å ha eit godt fono-steg, men det er tydeleg at det har Rotel og!

 

Oppsummering

Etter andre testrunde er eg noko forvirra. Meir utprøving må til, og jakta etter den perfekte forsterkaren held fram. Finst det ein Nad der ute som ikkje rotar til lyden? Arild Helms (sjå over) har lova å låna meg fleire Nad-ar. Fleire forsterkarar-og fleire klassikarar-skal prøvast ut. Eg har t.d. eit par av Per Abrahamsen sin legendariske Electrocompaniet 25W. Må sjekka på loftet om eg finn ein høveleg forforsterkar til denne. Me høyrest.

 

Les også: NAD 3020 – Del 1: Hva var det egentlig med denne legenden? 

Lest 3514 ganger Sist redigert tirsdag, 23 mai 2017 21:53
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

  • Hortenmessa 2018 - messerapport med video
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Hortenmessa vart avvikla for 17. gongen på rad, og vi var til stades med kamera og mikrofon.

    Les mer...
  • Kaipa – Sattyg
    Skrevet av

    Våre Svenske naboer har fostret mange gode progrock band gjennom tidene, og flere har vært inspirert av Svenskenes supergitarist og progstjerne Roine Stolt. Kaipa’s 12. og mesterlige album Sattyg er verdt en ekstra titt.

    Les mer...
  • Teac CD-P3450 Compact Disc Player – Stig Arne si dagbok juni 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I denne dagboka skulle eg eigentleg skriva del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte". Men eg treng litt meir tid. Lat meg difor ta eit kvileskjer med å skriva om noko heilt anna, men ikkje mindre interessant, eigentleg.

    Les mer...
  • Where do the music end and the listening begin?
    Skrevet av

    Our perception of reality is a highly individual matter: every day our mind is occupied by trying to create coherence between an unimaginable number of fragments brought to us through our different senses. It is a bit like a game: you're given certain pieces but how you combine them is up to you.

    Les mer...
  • 99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte (del 1) - Stig Arne si dagbok Mai 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Denne artikkelen burde eg ikkje levert. Eg har eigentleg ikkje peiling, og påstanden (overskrifta) er ganske dryg. Men likevel, eg må berre lufta det. Det er ei problemstilling med tekniske finurlegheiter som eg har fundert over i årevis. Om eg aldri tek det opp, kjem eg ikkje vidare. Eg ser gjerne at dei som har greie på dette tek kontakt, slik at me alle kan læra.  

    Les mer...
  • Martin Logan Classic ESL 9
    Skrevet av

    Vinylguru

    Denne gangen har jeg fått gleden av å ta for meg Martin Logan Classic ESL 9 og lage en omtale av denne, en av de nyeste Martin Logan hybrid elektrostatene.

    Les mer...
  • beyerdynamic DT 1990 Pro - den mest nøytralt lydenende hodetelefonen?
    Skrevet av

    Seniorskribent

    1 år med beyerdynamic DT 1990 Pro, og stiller jeg følgende spørsmål; er dette den mest nøytrale hodetelefonen av dem alle?

    Les mer...
  • Marantz PAM 710 DC Amplifier - Stig Arne si dagbok april 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av  sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.

    Les mer...
  • Grassat feil tilkopling - Stig Arne si dagbok februar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det kan sjå ut som om eg er alvorleg på etterskot, men det er ikkje so ille som det ser ut til. Når eg no har sendt februar, hoppar eg over mars, for då rapporterte eg frå Vossajazz. Neste vert altso april, og då er me ajour!

    Les mer...
  • JBL GO – Stig Arne si dagbok januar 2018
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    I samband med samansmeltinga mellom datamaskina og stereoanlegget renn eg borti stadig fleire merkelige dingsar. Anten eg vil eller ikkje. Her vil eg skriva om ein eg ikkje kunne unngå. Eg kjøpte han og har hatt stor glede av han sidan. 

    Les mer...
  • Vossajazz 2018 - Laurdag og sundag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

     

    Før det tradisjonsrike Tingingsverket (det 37. i rekkja) vart Vossajazz-prisen delt ut til Benedikte Maurseth. Me gratulerer.

    Les mer...
  • Vossjazz 2018 - Fredag
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.

    Les mer...
  • Sandstrøm-Electrocompaniet - Stig Arne si dagbok desember 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri. 

    Les mer...
  • Øyretelefonar – kva skal vi bruke dei til? Utprøving av Mitchell & Johnson
    Skrevet av

    Fagredaktør i Audiophile.no

    Alle treng øyretelefonar av og til, men til ulik bruk.  Av og til vil vi ha musikk utan å forstyrre andre. Andre gongar vil vi ha musikk til arbeid og trim. Og nokre av oss bur så trangt at det er liten vits med kvalitetshøgtalarar. Det er også dei av oss som brukar øyretelefonane som høyrselsvern. 

    Les mer...
  • ZYX 4D Ultimate.
    Skrevet av

    Vinylguru

     

    Denne gangen skal jeg ta for meg en av Zyx sine nyeste kreasjoner, den nye carbon-cantilever utgaven av Zyx sin 4d serie. Jeg har tidligere testet 2 pickuper fra 4d serien, i sølv utgaven og kobber varianten. Begge med godt og mer ulikt resultat enn jeg forventet meg. Kobber og sølv i signalveien utgjør en forholdsvis stor tonal forskjell etter min mening, og de to 4d pickupene låt ganske så forskjellig. Begge nøytrale i og for seg, men kobber varianten var vesentlig varmere i lyden enn sølv utgaven, faktisk så forskjellig at jeg gladelig hadde trodd at man snakket om to vidt forskjellige pickupmerker og lydfilosofier.

    Les mer...
  • Analog kontra digital. Stig Arne si dagbok for November 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

     

    Kjære lesar,

    førre dagbok, “gode stereoanlegg, dårlege vilkår?” er signert oktober -17, so her kjem november -17. Desember -17 er alt klar, og vil koma ganske kjapt. Eg er altså ikkje so mykje på etterskot som det kan sjå ut som. Forseinkingane skuldast reise for min del, og flytting for redaktøren sin del. 

    Les mer...
  • Trilogy 906 riaa
    Skrevet av

    Vinylguru

    Tidligere har jeg testet Trilogy 907 - riaa'en som var Trilogy's topp modell av riaa'er med meget godt resultat. Og denne gangen er det den nedskalerte lillebror 906 som er inne til test.

    Les mer...
  • Gode stereoanlegg, dårlege vilkår? Stig Arne si dagbok August 2017
    Skrevet av

    Seniorskribent i Audiophile.no

    Foto er teke frå eit tilfeldig hifi-blad, og ingen av dei omtalte anlegga, grunna anonymisering. Men det illustrerer nøyaktig korleis det IKKJE skal gjerast 

    I dag vil eg skriva litt om dei stereoanlegga eg har truffe på min veg i det siste. 

    Les mer...
  • ZYX Ultimate 100
    Skrevet av

    ZYX kom for en liten siden med en ny serie pickuper med det ambisiøse navnet «Ultimate». Denne serien kan ses som den endelige utviklingen av deres allerede velrenommerte produkter.

    Les mer...
  • My Sonic Lab Signature Platinum.
    Skrevet av

    Vinylguru

    Så har turen kommet til test nr. 353 av pickuper for undertegnedes del. Og hvorfor da ikke tråkke til med toppmodellen fra MSL (My Sonic Lab), og modellen Signature Platinum.

    Les mer...

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser