lørdag, 24 mars 2018 07:29

Vossajazz 2018 - Fredag Spesial

Skrevet av

Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.

Berre Vossasalen på Park Hotell er stor nok til å hysa åpningskonserten med Arild Andersen med gruppe; klokka 19.00. Også dette eit tingingsverk, sjølv om det eigentlege (tradisjonelle) tingingsverket går av stabelen laurdag. Vossajazz-leiar Trude Storheim fortalde at Arild sto fritt til å velja dei musikarane han ville, og valet fall på Gard Nilssen på slagverk, Helge Lien på tangentar, og Marius Neset på saksofon. Det gode samspelet mellom Arild og Gard var åpenlyst, og det heile var fengende rytmisk, lett tilgjengeleg og med spøkefullt skjulte referansar til folkemusikk, og førre tingingsverket Sagn frå 1990. Den nye stjerna på saksofonhimmelen, Marius Neset, berre 33  år gamal, kan minna om James Dean, berre litt meir nerdete. Og få kan flytta fingrane på tangentene som Helge Lien. For ein konsert.

 

 

Det rytmiske og tilgjengelege står i fokus på neste konsert og, i Gamlekinoen, kor Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord blandar folkemusikk med pop, i fengande og lett attkjennelege melodiar, med gripande tekstar frå eit tidvis sjølvopplevd univers. Diverse gitaristar legg eit fint bakteppe, saman med Sigbjørn Apeland på div. tangentar, og med vår eigen (frå Voss) Kåre Opheim på trommer. Eg anar ikkje kor han tek det i frå, men han maktar å fargeleggja kvar einaste melodi med spanande og alltid passande trommeri, slik at ingen melodi vert keisam. Endå ein fantastisk konsert.

 

 

Etter å ha prioritert desse to konsertane kom me noko forseinka til konsertane på dei mindre scenene på Park, men tidsnok til norsk-svenske Goran Kajfes. Endå ein fabelaktig konsert, denne gongen med referansar til “speed-balkan”. So gjekk me glippa av både finske Olavi Louhivuori og Skadedyr og Anders Røine, men ein kan ikkje vera til stades to stader samstundes. Kan hende det skulle vera nyttårsønsket til neste år.   

 

Lest 4862 ganger Sist redigert søndag, 09 februar 2020 11:57
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.