tirsdag, 27 mars 2018 07:09

Vossajazz 2018 - Laurdag og sundag Spesial

Skrevet av

 

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

 

Før det tradisjonsrike Tingingsverket (det 37. i rekkja) vart Vossajazz-prisen delt ut til Benedikte Maurseth. Me gratulerer.

Tingingsverket - Foto: Stig Arne Skilbrei

Festivalsjef Trude Storheim introduserte tingingsverket, og denne gongen var det komponist, saksofonist og klarinettist (med meir) Eirik Heggdal som var betrudd oppgåva. Trude karakteriserte det som “leikent og Heggdalsk”. Heggdal sjølv fortalde at han ville invitera oss på ei ballongferd, “Musical Balloon”, kor dei ulike musikkstykka ikkje nødvendigvis heng saman.

I so fall er eg samd. For denne ballongen fór med vind og ver, og det var mykje turbulens. Referansene var mange, nokre (som eg snakka med i etterkant) meinte at dette var ei reise i jazzhistoria, ein høyrde Dixieland, sjølv kjende eg meg frakta til Frankrike, eller at eg fauk over eit sirkus. Det var stundom kaotisk og spastisk, men nokre av partia var lyrisk samanhengande. Særskilt bidrog Nils Olav Johansen til harmoniske forløp på gitar og banjo. For meg vart dette verket litt for mykje pling-plong, men som det heiter når kjærastar bryt opp: “Det er ikkje deg det er noko i vegen med. Det er eg som må mognast”. Og kvifor i all verda ein engelsk tittel når verket vert framført her heime? Les gjerne meir om dette verket og andre konsertar frå festivalen i “Salt Peanuts” på nettet. Eg lurte meg inn der for å sjekka kva skribentkollega og nabo Lars Mossefinn hadde skrive. Han var ivrig og låg ein dag føre meg i skrivinga. Sikkert avdi redaktøren óg var til stades og passa på han.

 

Foto: Eirik Ryvoll Åsheim. Vossa Jazz

HILDO

Foto: Eirik Ryvoll Åsheim. Vossa Jazz

Foto: Eirik Ryvoll Åsheim. Vossa Jazz“Hildo" er eit samarbeid mellom songaren Berit Opheim og saksofonisten Tore Brunborg. Begge vossingar. Med seg i “gamlekinoen” hadde dei med seg Steinar Raknes på bass, Stein Urheim på diverse strengeinstrument og Kåre Opheim på trommer. “Kortreist musikk og kortreiste musikarar”, spøkte Berit frå scena. Og det er lett å tenkje at det var enkelt å engasjera Opheim på trommer avdi han óg er vossing. Men eg kjenner ikkje mange  som kan rytmesetja eit musikkstykkje meir elegant, og samstundes avdempa spanande, som Kåre Opheim. Saman med Sigrid Moldestad, som han  spelar fast med, dagen i førevegen, var det heilt ekstatisk. Gåsehud og tåredrypp. Verdsklasse. Men attende til Hildo, som var namnet på den gamle kyrkjeklokka som ljoma utover Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkjo i gamle dagar. Eit av mange segn seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjorden rauk det opptil uver, båten sokk, og der ligg klokko på havsens botn den dag i dag. Men ikkje spør, eg er ingen historikar.

Kontrastene til Tingingsverket, som eg kom rett i frå, kunne ikkje vore større. Her (Hildo) var det lyrisk og harmonisk heile vegen, i ein perfekt amalgam mellom folkemusikk og jazz, ein kombinasjon eg alltid har elska. Dette har europeiske røter, mange kallar den skandinaviske jazzen for fjelljazz, viddejazz eller kva det måtte vera, medan tingingsverket lente seg på amerikanske tradisjonar, om eg har rett. Me er heldige som kan velja frå øvste hylle.

 

Lyden var fantastisk både frå gamlekinoen (Hildo) og Vossasalen (tingingsverket), men lyden i Vossasalen var noko varmare og meir i min smak. I begge tilfelle hang her “in-line”-høgtalarar frå Meyer ned frå taket, peikande beint fram, slik eg likar det. Godt skrudd lyd båe stader.

Seinare på kvelden såg eg fram til Møster, denne gongen med Edwards og K. Andersen, men då hadde eg med meg gjester som ikkje fann seg til rette med denne type frijazz, so turen gjekk vidare til Good Time Charlie på Pentagon, og Dinamitri i Vossasalen. Good Time leverte blues slik mange likar, og fylgjet mitt slo seg ned der. Sjølv lurte eg meg fleire turar ut til Dinamitri Jazz Folklore frå Italia, og her gjekk da føre seg! Perfekt avslutning på ein laurdagskveld, folk dansa til dei snubla og datt, dette var bånn pinne, rytmisk og rått. Goa pote! Det kunne faktisk minna om Møster i fjor, kor han mellom anna hadde med seg to trommisar. Enorm partyfaktor. Og det var nok óg meininga.

 

SUNDAG

Foto: Eirik Ryvoll Åsheim

Natt til sundag ei gong skulle klokka stillast fram ein time, noko eg som vanleg gløymde, men oppdaga tidsnok til at eg ikkje rakk konserten til Signe Førre kl. 12. Noko so ergeleg. Utpå kvelden var eg komen til hektene att og kunna nyta Youn Sun Nah frå Sør-korea, som spelte “cover-låtar" frå kjende popartistar, derimellom ein nydeleg versjon av “drifting” av Jimi Hendrix. Du kan sjekka det ut på Spotify, på siste plata hennar “She Moves On” frå 2017.

 

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

 

Lest 4977 ganger Sist redigert søndag, 09 februar 2020 11:20
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.