søndag, 09 januar 2005 23:00

Thorens TD 240 mk II og Ortofon 50 mk II

Skrevet av

Det finnest så mange typar vinylrigg. Om du er lite lysten på å kjøpe brukt, og heller ikkje er spesielt gira på dei fysisk store, prangande og dyre moderne referansespelarane, lagar verdas eldste platespelarprodusent igjen enkle, greie, lydleg gode, og ikkje minst designmessig vakre spelarar til godt akseptable prisar.


Av Arve Åheim 01.10.2005

Eg har tidvis kosa meg med store, herlege platespelarar. Store beist på fleirfoldige titals kilo, med motorar plassert desentralisert langt utanfor sjølve platespelarkabinettet, og med design som ligg i skjeringspunktet mellom ekstrem funksjonalitet og prangande luksus. Dyre er dei, og. Dessutan krev dei at du skaffar dei dyr omgangskrins, helst ein tung arm med MC-pickup som stiller uhyre strenge krav til phonoforsterkaren. Slikt vert det god lyd av, ofte betre enn sølvplater, men det er altså svært krevjande, både visuelt og økonomisk.
Thorens har også vore på denne galeien, og laga drivverk som i høgste grad har vore dominerande, men dei har vore mest kjent for å lage trauste saker med flytande oppheng, og med lite vilje til å endre designkriteria sine. Men etter eit fråver på nokre år, er dei no attende med produkt der det har vore gjort mykje nytenking. Eg har fått den vesle, lekre TD 240 til utprøving, påmontert Ortofon sin OM 540 mk 2 moving magnet pickup.

Utforming av platespelaren
Dette er noko heilt anna enn dei store, kraftige konkurrentane, og skilnaden til Thorens sine tradisjonelle modellar er også stor. Ein liten spelar, utan det typiske flytande opphenget som Thorens har hatt som varemerke. Spelaren ser likevel forseggjort ut, med kabinett i pen trefiner og harmonisk utforma lavt lokk i akryl. Mi personlege meining er at TD 240 mk II fyrst og framst utfordrar Rega-segmentet i marknaden, sjølv om han skil seg ganske mykje frå Rega sine konkurrentar. Spelaren kviler på lett dempande gummilabbar, og drivverk og arm/feste er tydelegvis dempa opp i eit oppheng som ikkje er direkte flytande, men som likevel er utforma slik at det reduserer vibrasjonar og påverknad frå omgjevnadane. Den viktigaste intensjonen med flytande oppheng var i utgangspunktet å hindre slike ytre påverknadar, men dette ordnast ikkje berre ved å ha flytande oppheng. Til tider gjer denne konstruksjonsmåten platespelaren lealaus, og problema vert mykje verre, iallfall utan skikkeleg justering. Men ei svært positiv bieffekt er at flytande oppheng kan gjere at motorvibrasjonar frå drivverket ikkje vert overførte til senterleiet og armen, slik at eigenlyden til drivverket vert sterkt redusert. No for tida lagast det motorar som praktisk talt er utan merkbare vibrasjonar (prøv å halde ein standard Clearaudio motor i handa medan du slår denne av/på, så skjønar du kva eg meiner), så eigentleg er det ikkje nødvendig med flytande oppheng lenger. Thorens sine flytande konstruksjonar var mellom dei betre, så når fabrikken no har valt å gå for ei ny løysing, er det ganske sikkert grundig gjennomtenkt. Eg tippar at TD 240 mk 2 er eit fornuftig kompromiss på dette feltet?

Armen
Medan Rega sine armar alltid har hatt eit godt rykte, er armane gjerne sett på som Thorens sitt svakaste punkt. Denne spelaren har iallfall ein enorm fordel framfor Rega, dersom du ynskjer å ha to eller fleire alternative pickupar; eit pickupshell som kan takast av. Thorens har ikkje valt å bruke den gamle, standardiserte SME-fatninga, noko som gjer at du ikkje kan eksperimentere med shell. Men i staden får du eit langt lettare shell enn desse som var vanleg på 70-talet. Pickupskift og -montering er svært enkelt å utføre, langt enklare enn på Rega og andre konkurrentar med ”halvlette” armar.  Elles verkar det som Thorens har spandert ein god del utviklingsarbeid for å få til armen skikkeleg. Kanskje er dei nyare Rega-armane (iallfall dei dyrare) noko betre, men når det gjeld armar, må desse vurderast saman med ulike pickupar, så armkvalitet åleine er vanskeleg å beskrive. Denne gongen hadde eg høve til å vurdere to ulike MM-pickupar, og begge fungerte utmerka, så eg tør trekkje konklusjonen at arm ikkje er noko du treng engste deg for hos Thorens, iallfall ikkje på MM-pickupar i denne prisgruppa. Armen verkar lettare enn Rega, utan at effektiv masse var oppgjeven. For vintage-entusiasten kan det vere eit forsøk verd å prøve ein Shure i denne.
Automatikken må også nemnast. Mange tykkjer dette ikkje er nødvendig, men du sparer deg for ein del irritasjon over unødig pickupslitasje når du oppdagar at pickupen står og hakkar i innerrilla. Også når du skal ha stiften i rilla er automatikk nyttig. Du treng ikkje finsikte i mørket for å få i gong spelaren under dempa lydtilhøve, berre drage i spaken. Og denne automatikken går glatt og greitt, ikkje slik som dei skrekkelege platefresarane frå t.d. Garrard i gamle dagar.

Pickupen.
Då eg pakka ut spelaren, såg eg at ein fabrikksmontert Audio Technica AT95 var klar til bruk, så eg nytta sjansen til å spele og kontrollytte på denne. Det synte seg å vere ein godt akseptabel pickup, som spora 80 my utan problem. God dynamisk nyanseringsevne, absolutt godkjent heile vegen, også på råare fortissimo-parti. Ein moving magnet-pickup som må godkjennast, sjølv om lydbilde og detaljrikdom ikkje kan samanliknast med det du får av dyrare konstruksjonar frå same produsent (til dømes AT ML 170, som ikkje lenger produserast under dette namnet, men som likevel er ein av dei råare MM-pickupane som finnest). Det einaste eg har å utsetje er klangbalansen, som er litt kald og uengasjerande i mellomtone og diskant. Det er sannsynlegvis eit forbetringspotensiale etter 30 – 40 brukstimar. Eg brydde meg ikkje om å spele AT95 skikkeleg inn, då dette var litt tidkrevjande sidan platespelaren er automatisk. Eg kunne ikkje la pickupen gå i innerrilla natta igjennom, og då måtte plata repeterast kvart 20.minutt. Dette sparte eg til det eigentlege testobjektet, Ortofon OM 540 mk 2.
Rett nok er dette ein relativt rimeleg pickup, men likevel den dyraste Ortofon MM som står i importøren si prisliste. Denne er påkosta med skikkeleg Fritz Gyger stiftsliping, og når pickupen åleine kan skaffast for 1995 kr, er dette såleis den rimelegaste måten å skaffe seg slik sliping frå Ortofon på. Du slepp også å byte inn heile pickupen når han er utsliten, slik du må med MC-ane til Ortofon, og kan nøye deg med å kjøpe ny stift. Dersom du i staden satsar på ein high-output MC i same prisklasse, som t.d. X5MC, må du levere inn heile pickupen, ”pante” denne, og kjøpe ein ny pickup frå Ortofon.

Monteringa av pickupen var altså svært enkel, og eg justerte til høgste stifttrykk 1,75 gram. Sporingsevna var då 80 my, noko som er svært bra, sjølv om denne teoretisk er oppgjeven til 90. Vekta til pickupen er 5 gram, og kompliansen oppgjeven til 25, men sidan eg ikkje kjente armen sin effektive masse, kunne eg ikkje seie om her kunne vere grunn til mismatch. Det var ingenting lydleg som tyda på noko slikt. Eg spelte ikkje plater der dette utgjorde kritiske kvalitetsendringar i lyden. Output var oppgjeve til 3 mV, noko som fungerte utmerka på dei riaa-forsterkarane eg hadde tilgjengeleg i testperioden.

Ein pickup kan ha kortare og lengre innspelingstid, og Ortofon sine konstruksjonar har gjerne trengt iallfall 40 –50 timar, men eg kjenner altså berre til MC-konstruksjonane. Denne gongen tok eg meg berre 14 dagars innspeling før eg starta den seriøse lyttinga, dvs eg lot platespelaren gå medan eg lytta til andre signalkjelder – litt irriterande då armresonansen var nok til at eg kunne høyre litt lydar i rolege parti innimellom på den musikken eg eigentleg lytta til. Vi snakkar om at eg brukte ei innspelingstid på mellom 20 og 30 timar. Endringane etter dette var nok til stades, men så små at dei ikkje er verd å nemne.

Lyden.
Eg merka meg at sjølv om akryllokket ikkje hadde stor innverknad på lyden til vanleg, var det best å fjerne dette når det skulle spelast skikkeleg høgt. Men den meste av lyttinga gjekk føre seg med lokket båe påmontert og nedslått. Eg har mykje plantar i lytterommet, og lufta for rå til at statisk elektrisitet er noko særleg problem. Elles var spelaren heile tida plassert på eiga hylle, (i kontrollyttinga i lytterom #2, var han plassert på eit bord på betonggolvet). Eg held dette for å vere overkomelege ordningar for dei fleste av oss, men må ta eit lite atterhald på resultata mine dersom du ynskjer å plassere spelaren på toppen av eit rack eller tilsvarande.
Elles skjedde den kritiske lyttinga med den rimelege platestrammaren av plast frå Clearaudio. Eg prøvde også ein tyngre platestrammar, men opplevde ikkje større skilnad på dei, og går difor ut frå at den lette, billege gjer ein fullgod jobb.  
Lydsignaturen til oppsettet var nok ei aning meir grovkorna enn det eg kjenner frå min gamle Ortofon MC 30 Supreme og dei dyrare MC-pickupane frå same produsent, men klangmessig og dynamisk sett var MM-oppsettet forbløffande godt, ikkje langt unna klassen til dei vesentleg dyrare slektningane sine. Eg noterte meg også svært gode dynamiske eigenskapar, og tykkjer faktisk at MC 30 Supreme hadde mindre autoritet på dei heilt brutale innspelingane, sjølv om evna til å skilje nyansar og mikrodetaljar var merkbart betre enn det 540 II greier. Lydbilde og tredimensjonalitet er mellom det betre eg har opplevd frå MM-pickupar, og dankar ut det eg har greidd å få ut av mine gamle pickupar frå Grace og Grado med god margin. Du må prøve Clearaudio sine MM-pickupar for å oppnå det same, men då med meir platestøy . Denne Fritz Gyger-slipinga heldt seg for god til å ta med overflatestøy i nemneverdig grad. Dessutan er her meir pondus i bassområdet.
Når det gjeld autoritet nede i  det eigentlege djupbassområdet, må oppsettet her seie seg forbigått av større og meir kostbare konkurrentar, men det gjer seg ikkje gjeldande før du har musikk der bassen er skikkeleg utagerande. Dessutan må anlegget ditt vere i stand til å formidle dette.

 

Konklusjon:
Dersom ditt behov ikkje er eit analysereiskap innan tredimensjonalitet og bassdynamikk, og du ikkje likar MC-pickupane si detaljerte og beherska oppløysingsevne, er denne riggen eit spennande alternativ. Dyrare, men vesentleg betre enn dei rimelege spelarane på marknaden. Pickupen fungerer godt saman med Thorens nye arm, og gjer at du ikkje treng bruke budsjettet på dyre MC-inngangar til phonoforsterkaren. Dette fungerer godt lydmessig og bruksmessig. Automatikk, tiltalande utsjånad og diskre akryllokk er pluss som er verd å ta med seg.

 

Thorens TD 240 mk II

Pris: 5000 i "vinylfinish"
Pianolakk, kirsebærtre kostar 500 kr meir.
Medlevert pickup: AudioTechnica AT95

Data for Ortofon 540 mk II pickup

Pris                      1995 kr
20-20 kHz            +/- 1,5 dB
Sporingsevne        90 my
Komplianse          25
Stifttrykk              1,25 –1,75 g
Sliping                   Fritz Gyger 70
Belastning             47 kOhm
Vekt                       5 g

 

Link til importør: www.mono.no (som vil legge ut info om TD 240 med det første....)

Lest 8928 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.