onsdag, 31 desember 2003 23:00

Steinalder-pickupar????

Skrevet av

På hifisentralen går det føre seg mange meir eller mindre seriøse debattar. Ein av dei hissigaste debattantane er Kjell Bertheussen. Han har lenge irritert Arve med bastante og sære meiningar om ting som verkar håplause. Eit døme er påstandane hans om at verdas beste pickup er Shure frå tidleg 70-tal, pickupar som ikkje har vore i produksjon sidan 1976, og som etter all logikk burde vere distanserte i det store utviklingsarbeidet som er lagt i moderne pickup-konstruksjonar.

 

 

Å krangle på hifisentralen fører i liten grad til ny erkjenning. Eg må også innrømme at eg ikkje veit om at eg har høyrt Shure V15 i mk II-utgåve, og då er det vanskeleg å uttale seg. Difor tok eg kontakt med Kjell, som velvilleg lånte meg eit par Shure pickuphus og tre stiftar.

 

Innan hifi er det vanskeleg å uttale seg om eit produkt sin eigenlyd, fordi sluttresultatet heng saman med faktorar frå mange komponentar. Innan vinylavspeling er dette særleg viktig, sidan pickup, arm og drivverk er så sterkt avhengige av eigenskapane til kvarandre.

Pickupdesign på 60- og 70-talet var innretta mot pickuparmar som var så lette som mogleg. Ettersom eg har ein Infinity Black Widow-arm, visstnok verdas lettaste med effektiv masse på 3 gram, meinte eg at dette skulle by V15II på optimale arbeidstilhøve. Men eg fekk problem med armen, og måtte avgrense utprøvinga til to armar: Rega RB 300 mellomvektsarm, lett modifisert av Clearaudio, og den superlette Clearaudio Tangent, der eg brukte ei motvekt på 2 g, noko som skulle gje effektiv masse ned mot iallfall 5 g - om ikkje mindre.

Denne fekk eg ikkje til i Clearaudioarmen, uvisst av kva grunn. Kjell seier at pickupen er identisk med den andre, bortsett frå den fysiske uforminga.

 

 

Det er avgjerande å tenke på samspelet mellom pickup og arm. Dette vart ikkje alltid gjort, og Shure-pickupane vart nok svært ofte plassert i armar som var for tunge. Dette gjekk sterkt ut over sporingseigenskapane. Dette var nok hovudgrunnen til at Shure fann det fornuftig å endre til MK III, ein pickup eg så vidt kan hugse som ”kjedeleg”, samanlikna med dei mange konkurrentane som dukka opp på slutten av 70-talet. Mellom desse var Moving Coil-pickupane, som stort sett er laga slik at dei må ha relativt tunge armar for å fungere optimalt. Og ingen tenkte på at den alt då utdaterte Shure V15 II kanskje var betre enn ein skulle tru.

 

Mitt fyrste oppsett var i Rega-armen. Etter litt justeringar, satsa eg på 1 g stifttrykk, og gjorde målingar av sporingsevna med måleplate.

Dei to pickuphusa ser ganske ulike ut, fordi dei er innretta mot ulike pickuparmar. Eg brukte ”allround-utgåva” M 75-6S pickuphuset, der eg kunne arbeide med alle tre stiftane. Det andre huset var eit M 75 ED (eg har ikkje forstått korleis Shure lagar namn på dei ulike pickupversjonane sine, men kanskje Kjell kan kommentere dette?) kunne berre bruke NOS-stiften.

Dei tre stiftane var ein raud, moderne fine-line-stift, Ein svart original NOS-stift, og ein såkalla DJ-stift med tjukk cantileve

SPORINGSEVNE

Stifttrykk 1 gram

Retippa

Fine-line stift

N91GD

NOS-stift

N75ED type 2

DJ-stift

N91ED

I Rega-arm

70 my

60 my

50 my

 

Eg prøvde disco-stiften fyrst. Slett ikkje så verst lyd, men mykje feit og unyansert bass, men unyansert. Sporinga var uakseptabelt dårleg, og førte til tidvis svært dårleg lyd generelt på dynamiske musikkparti. Det vart også plukka opp alt for mykje platestøy. Elles var det lite djup og tredimensjonalitet i lydbildet. Dårleg utklinging av cymbalar, og klangmessig ikkje heilt god attgjeving av stemmene. Nei, dette er ei musikalsk naudløysing i denne riggen.

Eg vil vel seie at dette må vere eit særs dårleg DJ-alternativ, sjølv om cantilever skal vere ekstra tjukk og robust. Dei tunge armane DJ-platespelarane normalt er utrusta med kan ikkje brukast, du MÅ berre ha ein lettvektsarm for å få dette til å fungere.

Slike armar finnest berre på bruktmarknaden, og ingen av desse eignar seg til DJ-bruk.

 

NOS-stiften greidde seg langt betre. Bassen var slett ikkje unyansert, og attgjevinga av bass/nedre mellomtone var langt betre. Platestøyen var så og seie forsvunnen. Og det klanglege var ikkje berre godkjent, men rett og slett skikkeleg bra. Diskantattgjevinga var kanskje litt tilbaketrekt, men no var det fullstendig slutt på tvilsame cymbalar. Stemmeattgjeving var naturleg og fin, og sjeldan har eg høyrt James Taylor betre attgjeve. Perspektivet var også godt, det overgjekk mange MC-pickupar med godt rykte eg har høyrt. Den forsiktige avdempinga av diskanten er nok årsak til at det tredimensjonale oppfattast så bra. Dagens blaserte elskarar av flate frekvenskurver vil nok fnyse av denne måten å skape romoppleving, men det same er gjort av mange produsentar, både av pickupar og høgtalarar. Eg har absolutt sansen for gamle knep så lenge dei fungerer.

Shure i Rega RB 300-arm. Brukbart, men vesentleg betre med Clearaudio lettvekts tangentialarm.

Sporingseigenskapane kom seg, men eg vil helst ha det endå betre. Nokre spesialt hardt graverte plater ynka seg framleis, sjølv om mesteparten av popinnspelingane mine hadde det heilt greitt.

Drivverket var ein Clearaudio Champion Basis, og den totale kombinasjonen var svært god når det gjeld romoppleving, dynamikk, klang og frekvensgang.

 

Men stiften som var retippa med fine-line-slipt stift, greidde seg best. Her var ei aning meir platestøy, men no var klangbalansen heilt korrekt. Det var ikkje snakk om noko meir tilbaketrekking lenger, men heller ikkje på nokon måte framheving av noko frekvensområde. Alt frå topp til botn var klangmessig forbaska rett, og kunne utmerka brukast til å demonstrere skilnaden på vinyl og CD, slik at fyrstnemnde sine fortrinn tydeleg kunne høyrast.

Betre enn dette kan ikkje Shure ha det. Tangentialarm på få gram effektiv masse, og eit drivverk som overgår det meste, truleg også det som vart laga på 70-talet........

 

Ei samanlikning med ein gammal Grado ZCE+1 med elliptisk stift (no utgått, men i denne samanheng skulle ikkje det vere noko problem), var rein utklassing. Denne Gradoen var opprinneleg prissett til $ 55, noko som truleg ville gje ein utsalspris på 6 – 700 kr. I samanlikning med Shure metusalem-pickupen var for så vidt bassen ok, men mellomtone og toppoktavane var grove og unyanserte, og hadde på langt nær same gode oppleving av lydbildet, sjølv om sporinga var betre, 80 my i Rega-armen (då med høgre stifttrykk etter tilrådingane frå Grado).

Min noko tilårskomne Audio Technica AT ML 170 sporar framleis 100 my, men har likevel såpass mange teikn på å vere innhenta av alderdomen, at samanlikning ikkje lenger er relevant. Eg trur likevel at dersom du kan velje mellom desse to i ferske utgåver, vil det vere tilhengjarar på begge sider. AT ML 170 er normalt svært god både dynamisk og klangmessig, og har få konkurrentar når det gjeld sporing, sjølv i relativt enkle og tunge armar.

Samanliknar eg med ein Clearaudio Aurum Classics, ein MM-pickup til relativt rimeleg pris, får Shure hardare konkurranse. Diskanten er meir oppløyst og nyansert, og platestøyen om lag lik, men når det gjeld bass og nedre del av mellomtonen, er Shure framleis den som gjer jobben klart best. Og både NOS og fineline-utgåvene gjer ein betre jobb totalt sett etter mitt syn.

Når den nest dyraste Clearaudio MM; Aurum Beta S kjem på, er nok overtonar og det klanglege i mellomtone og diskant merkbart meir presist attgjeve enn kva Bestefar Shure kan klare. Dette artar seg som betre utklinging og meir luft for Aurum Beta S, sjølv om  Shure speler dei nedre delane av frekvensområdet så bra som du kan ynskje deg. Men totalt sett vert det eit spørsmål om klangmessig smak. Har du spesiell fokus på attgjeving med luft over slagverket, eller spesiell sans for korsong, madrigalar eller renessansemusikk vil du nok ynskje deg Clearaudio framfor Shure.

Dette er kanskje litt urettferdig konkurranse, då Clearaudio spelar fullstendig på heimebane. Personleg er eg i stuss om eg ville velje denne meir moderne saken framfor bestefar. Med NOS-nål er den flotte romopplevinga ganske unik for MM-pickupar.

 

Eg hadde berre delvis høve til å samanlikne med ein god MC-pickup, ein Ortofon Kontrapunkt A som importøren har stygg mistanke om ikkje er heilt i orden. Dessutan er eg ikkje heilt glad i Kontrapunkt A, eigentleg har eg meir sans for den forunderleg tredimensjonale og lett tilbaketrukne attgjevinga frå gamle Shure. Når ein så i tillegg kan bruke ein riaa direkte, utan MC-trafo eller forsterkar, eller ein ofte fordyrande MC-riaa, samanlikna med ein relativt enkel sak. Om min gamle Van den Hul MC 10 eller Accuphase AC 2 framleis hadde fungert, hadde nok ting stilt seg annleis.

Likevel vil nok Shure med NOS eller fineline-nål vere eit spennande alternativ til mange MC-konstruksjonar. Denon DL 103 fungerer betre i tunge armar, men kan ikkje måle seg med ein Shure så lenge denne har optmiale arbeidstilhøve i ein superlett arm.

 

Neste del av utprøvinga skjedde i tangentialarmen til Clearaudio. Denne er kanskje ein av verdas mest fleksible armar. Sjølve armrøret består av ei fyrstikktjukk stålstong. Dette er festa til ein slede som heng på ein wire, og i den eine enden finn du festet for pickupen. I den andre enden kan du feste ei eller fleire av tre motvekter av ulik storleik. For å få optmalisert arbeidstilhøva til shure brukte eg den minste motvekta på ca 2 gram. Dette gjer at den effektive massen til armen hamnar anslagsvis på rundt 5 gram. Når så armen i tillegg er tangential, vert det ganske lett å vere Shure.

Det vil seie, den store M 75 type 2 har det ikkje berre godt. Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje skikkeleg finjustert denne. Eg fjerna veltebøylen og prøvde med tyngre lodd, men til inga nytte. Sporinga var ikkje skikkeleg. Når så det ikkje let seg gjere å montere anna enn NOS-nåla (dette fungerte heilt fint, og lyden verka ganske identisk klangmessig med den andre pickupen, så langt eg kunne vurdere det. Det var sporing som var problemet, med typiske vanskar av cymballyden og andre perkusjonsinstrument), gjennomførte eg resten av utprøvinga med allround-pickuphuset.

Armen var no skikkeleg fintrimma med så lite masse som råd. Motvekta var så langt bak på armen som mogleg. Dette førte til at minste moglege stifttrykk kom på 1,25 gram. Skulle eg gå lågare, måtte eg bruke ei tyngre motvekt, og dette gjorde sporinga dårlegare med ca 10 my over heile fjøla. Det noko høgre stifttrykket gjer altså at resultata ikkje heilt kan samanliknast direkte med det som skjedde i Rega-armen, men dei får stå som dei gjer. Vi er endå innanfor dei stifttrykka som er tilrådde frå Shure.

 

Det mest spennande med overgangen til Clearudio Champion Level 2 med tangentialarm, var at lyden vart alvorleg mykje betre over heile fjøla. Dei målbare endringane var store nok når det gjeld sporingseigenskapar, men det forbausa meg å høyre så umiddelbart kor mykje betre nesten alle aspekt ved lyden vart attgjeve.

Stifttrykk 1,25 gram

DJ-nål

NOS nål

NOS nål, M75 pickup

Fineline-nål

Clearaudio tangent

50-60 my

70 my

50 my

90 – 100 my

 

Den innbyrdes skilnaden mellom dei tre nålene vart faktisk mykje mindre. DJ-nåla fekk meir nyansert bass, sjølv om feittlaget framleis var tydeleg, og nyanseringsevna ikkje på nokon måte kunne måle seg med dei to andre stiftane. Eg brukte ikkje lang tid på å bestemme meg for at NOS-nåla gav meir naturlege klangeigenskapar enn fineline, i motsetnad til i Rega-armen. Dette sjølv om ”Fineline” i teorien skulle profitere på Tangent, spesielt som tangential avspelar - fineline-slipinga er meir kritisk til korrekt innstilling, men absolutt også fordi armen er langt lettare. Desse pickupane er teoretisk avhengige av å halde til i superlette armar, og det er nok Clearaudio Tangent si lave vekt som medfører betre sporingsevne, og dermed også mange andre kvalitetshevingar av lyden.

Skilnadane mellom dei to beste nålene er ikkje større enn at det kan vere eit spørsmål om smak. Detaljoppløysinga i høgfrekvensane er nok hakket betre på Fineline. Slag på hihat og andre cymbalar står støtt i lydbildet, utan tendens til flakking som av og til gjorde seg gjeldande på DJ-nåla. Etter kvart som pickupnåla vart meir innspelt (Kjell fortalde meg at han hadde spelt inn Fineline-nåla skikkeleg, men ikkje dei to andre), vart skilnadane mellom pickupane endå mindre. Det at eg utropar NOS-nåla som den eg likar best, skuldast nok at Fineline si noko sterkare oppløysingevne og kraftigare fokus på overtonane, gjer lydbildet litt flatare over elektrostathøgtalarane mine. Når eg erstatta desse med ProAc Studio 125, var valet langt mindre opplagt. Den typiske engelske lyden saman med fineline-oppløysinga vil for mange gje den heilt rette klangbalansen. Eg bestemte meg likevel for NOS-nåla, då det endå tryllast fram ei svært tydeleg oppleving av rommet der innspelingane gjev rom for slikt.

Eg har altså fått prøve potensialet til den utgamle Shure V 15 II –konstruksjonen under kontrollerte, optimale tilhøve. Og eg er sterkt forbausa. Dette er ein pickup frå tida då eit normalt godt stereoanlegg var ganske skrale greier, sett i ettertidas klare lys. Og så klarar denne utgamle pickupen å måle seg med så og seie alle moderne MM-pickupar eg har kjennskap til, uansett pris.

Men det er ikkje heilt enkelt – for det fyrste må du ha ein slik pickup, som ikkje har vore i handelen på rundt 30 år. For det andre må du ha anten ein uskadd, original stift, eller ein moderne fineline-variant som passar. Finn du ein slik pickup, er det svært sannsynleg at gummiopphenget har morkna eller på andre måtar har tatt skade. For det tredje må du ha ein passande arm, som bør ha ein effektiv masse på godt under 10 gram, helst under halvparten. Ettersom armar ikkje lenger utviklast med lav effektiv masse som designkriterium, er det svært få aktuelle kandidatar. Ved sida av den utmerka (men ganske kostbare) Clearaudio Tangent, er det berre Mørch med lettaste armrør som framleis er i produksjon av lettvektsarmar etter det eg veit. På bruktmarknaden vil eg tru at Mayware/Formula 4 skulle passe godt. Denne har effektiv masse på 4,5 gram. Endå betre er den sjeldne Infinity Black Widow, utvikla av Arnold Nudell & co i karbonfiber, og med ei effektmasse på utrulege 3 gram. Eg er redd for at det ikkje har vore importert meir enn eit knapt dusin av desse armane hit til landet, og det er eit spørsmål kor mange av desse som framleis eksisterer i brukbar stand.

 

Konklusjon:

Om du kan overvinne utfordringane med å skaffe ein 30 år gammal pickup og få denne til å verke, har du ein av dei verkeleg store, tidlause hifiklassikarane, på linje med Quad ELS 57 elektrostathøgtalarar, Marantz og McIntosh rørforsterkarar og Revox G 36 spolebandopptakarar.

Eg kan nok ikkje fullt ut støtte påstanden om at dette er verdas beste pickup. Det går an å bruke tid og pengar for å fintrimme ein rigg som er betre. Men ut frå prisen (du finn slike pickupar på loppemarknadar, påmontert gamle platespelarar. Betal hundre kr, skru av pickupen, og kast resten), og ut frå at du ikkje treng MC-forsterkar, er det vanskeleg å sjå konkurrentar, iallfall under 3000 kr.

Ein alvorleg tankevekkjar – eit signal om at utviklinga kanskje ikkje går framover likevel, men i beste fall sidelengs?

Takk til Kjell Bertheussen som lånte ut pickupane sine.

 

Pris og importør er vanskeleg å seie noko om. Benum fører Shure i dag, men kan neppe hjelpe deg med V15 mk II. Du kan prøve Expert Stylus Company, P.O. Box 3, Ashtead Surrey KT21 2QD, England. Inga emailadresse på kvitteringa…

Lest 5227 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Technics SL 1200 GLD SME-arm-duell »