mandag, 06 april 2020 07:24

Leonard Cohen - You Want it Darker Spesial

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Det er nokre plater ein berre må ha. Den siste Leonard Cohen laga, er ei slik. You want it darker?

Det er svært mykje å fortelje om Leonard Cohen, denne leverandøren av klezmerinspirert, sakral visesong med svært tankevekkjande tekstar, og tendensar til god lyd. Ein religiøs grublar, med grunnlag i jødisk tradisjon og kristendom, zen-buddhistmunk og prega av depresjonar det meste av livet.

For eigen del oppdaga eg Leonard Cohen ganske seint. Eg var klar over Cohen, men var ikkje så ovettes begeistra før han slapp albumet «I'm Your man». Kanskje det beste albumet frå Cohen, og iallfall det med best lyd. Men det var sjølvsagt «First we take Manhattan» som fenga, og ettersom dette var i vinylen sin tidsalder, vart det til at ein spelte heile plata, og iallfall heile platesida. Så eg fekk Cohen skikkeleg under huda, der eg sat med platecoveret og tekstane i handa, og fekk inn alt i ein kjempeporsjon. Såleis vart det også denne gongen, men no hadde eg tjuvlytta på Spotify, og mangla forventningane og sitringa over å høyre ein låt for fyrste gongen. Cohen hadde alltid dette det sentimentale over seg, og ikkje berre i tekstane. Også røysta understrekar det tungsindige, og på «You want it darker» er det mykje som varslar at det er siste gongen han inviterer.

Plata er ekstra lågmælt. Cohen brukar strykarar, piano, orgel, korstemmer og ikkje minst si mørke, intense røyst til å skape sitt heilt særeigne univers, og no i ei endeleg form som eigentleg har vore merkbar heilt sidan «I'm your man»

Og så det audiofile aspektet. Dette er inga demonstrasjonsplate som du brukar til å få fram det eksepsonelle med anlegget ditt. Her skal det spelast lågt. Men i alt sitt lågmælte og enkle er plata krevjande nok, og når ho så i tillegg byr på litterære utfordringar, kan eg ikkje la vere å legge denne på mi liste over plater eg ikkje kan vere forutan.

Side A

Fyrste kuttet, tittelkuttet You Want it Darker startar med dystre, mannlege korstemmer og eit tungt bassriff, før orgel og Cohen si ekstreme gammalmannsrøyst kjem fram. Teksten kan tolkast både som dveling over det jødisk-kristne «det ondes problem» så vel som ein resignasjon over verdas vondskap, og lengt etter å vere saman med gud. Har du eit anlegg med symfoniske kvlitetar, er det ei utfordring å få det til å spele like detaljert og oppløyst, utan at det lydbildet veks heilt ut av dimensjonar. For det skal vere lågmælt, dette her.

Treaty har eit litt for stort flygel i mitt anlegg, men når Cohen tek til, saman med strykarane, ordnar ting seg. Og den tunge teksten handlar nok ein gong om kjærleik, men også om det å finne kompromiss og det å kunne forstå kvarandre.

On the level har flygelet meir i proporsjon med resten av musikken. Her er det korstemmene som kan vere krevjande å finne på rett plass. Men dei står fram med tydeleg kropp og sjel.

Leaving the table startar med gitar og minimalistisk perkusjon. Etter kvart kjem fleire instrument inn, og igjen ser vi kor innfløkt det enkle kan vere i eit arrangement. Men opptaket er godt, og du kan fryde deg over ei realistisk oppleving av gitar og piano, som ligg veldig godt definert i lybiletet. Teksten handlar om oppbrot, utan at det kjem fram at Cohen ventar på slutten.

If I didn't have your love er ein svært vakker song om kjærleik. Eit arrangement som kan verke enkelt, men som er svært omfattande, og likevel alltid så lågmælt at det aldri overdøvar Cohen si no ganske svake stemme. Orgelet startar, og vert fylgt opp av Cohen si stemme. Saman med forsiktig bass og perkusjon dannar det seg eit enkelt, og på mitt anlegg svært tydeleg lydbilde, og lagar rom for det forsiktige, men svært gripande gitarriffet. Det stimulerer meg til å fylgje med på teksten, som er vel verd å få med seg. Cohen har alltid nytta massevis av allusjonar til bibelen og tanaken (den jødiske utgåva av det gamle testamente), og på denne plata er det meir enn nokonsinne tidlegare. Det verkar som den gamle mannen er livstrøytt og resignert, klar til slutten. Sannsynlegvis stemmer dette, for Cohen døydde like etter at plata var utgjeven.

Side B

Travelling light er har meir livleg melodi, og arrangementet byr på rikeleg med mandolinspel, og er kanskje den låten på plata med mest tydeleg jødisk påverknad, utan at eg tenkjer på livleg klezmermusikk, for det tungsindige er også til stades i stor grad. Her er parallellar til andre Cohen-låtar, men teksta er for vanskeleg for meg å tolke.

It seemed the better way startar med kor, og byggjast ut med fiolin og det dominerande enkle instrumentale før Cohen tek til å formidle teksten, som her handlar om det å verte lurt og ta feil.

Dei mange koringane, og fiolinen som er på Steer Your Way bør ikkje vere gitantiske. Dette er ein vanskeleg sak, med mykje instrumentbruk, og ei tekst som handlar om synd, ansvar og forlating. Tunge ting, der djupdykk i innhaldet kan vere krevjande.

Og strykearrangementet – spesielt celloen – på siste kuttet If I didn'r Have Your Love kan vekse ut over proporsjonane om anlegget ditt ikkje har full kontroll. Arrangementet tenkjer eg på som eit farvel frå Cohen til eit trufast publikum. Eit sluttord, henta frå andrekuttet Treaty.

 

Dette er altså mi favorittplate frå Leonard Cohen. For tida. Stor poesi, karakteristisk musikk. Ikkje eksepsjonelt flott opptak, men eit ålreit postludium for ein stor poet og musikar.

 

Lest 1383 ganger Sist redigert tirsdag, 07 april 2020 06:23
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no