torsdag, 18 juni 2020 12:41

Totusen og året musikken forsvann: Hedvig Mollestad – Ekhidna

Skrevet av

I 2018 fekk Hedvig invitasjon frå Vossajazz om å skriva tingingsverket til 2019. Eg høyrde det framført i Vossasalen på Park Hotell på Voss og gløymer det ikkje. Seinare vart det framført i Oslo, til om mogeleg endå større ovasjonar. Kvifor vart ikkje dette teke opp live? Eg som er so glad i live-opptak!

Men no er konserten spelt inn i studio i regi av rune grammofon; og utgjeven på LP, CD og strøymetenestene. Og gleda er stor over å kunne høyre dette om att.   

Tett og tøft

Hadde verket vore tinga til i år, veit me korleis det hadde gått, difor overskrifta. Besetninga er ein smule endra i høve til konsertrekkja. Kjenner du desse musikarane? Hedvig er jazzgitaristen som spelar råkk, for å forklara det enkelt, ho er ein “riffmeister”, og det er elles same ordet både på (ny)norsk og tysk. Musikken kan difor like mykje kategoriserast som råkk/jazzråkk/progråkk som jazz, rett nok progressiv jazz.

For her går det unna. Hedvig introduserer eit riff, og so brakar det laust med villmannen “powerdrummer” Torstein Lofthus, Ole Mofjell på perkusjon, Susana Santos Silva trompet, og Marte Eberson og Erlend Slettevoll på tangentar. Oppbygginga er eigentleg ikkje ulikt klassisk jazz, der eit tema introduserer og avsluttar melodien. 

Rått og flott

Ekhidna er visstnok ein figur frå gresk mytologi, ein mellomting mellom kvinne og slange. Ja, me veit godt at kvinner kan oppføra seg slik, menn og forresten, om det er slik figuren skal tolkast. Men kven visste det, for meg høyrest tittelen ut meir som ein nyresjukdom.

Men det er uansett vanskeleg å ikkje lika dette om du har sans for musikk. Her er jazz og råkk i sjangersprengande samspel, tankane går gjerne til Wishbone Ash og denslags grupper, og dei spelar melodiar, ikkje frijazz. Det heiter seg at mange jazzmusikarar er misunnelege på rockarane og popmusikarane for at dei finn opp gode melodiar.

Her har Hedvig som komponist gjort ein glimrande jobb. Dette er melodisk, og samstundes vilt og vått, det grensar tidvis mot metall. Det er spanande og variert, og kraft-trommar Lofthus gjer ein fantastisk jobb, og her er god lyd og snert på skarptrommene. Dette gjev musikken eit hinsides driv.

Dersom du er endå eldre enn meg, og berre likar gamaljazz og “swing and sweet”, kan du gløyma denne plata. Men dersom du er som meg, og likar både jazz og drivande råkk, må du gjera deg kjend med dette stoffet. Om du spelar kutt to -høgt!- for festlyden ein laurdagskveld etter at alle har fengje noko i glaset, og gjerne drukke opp og, risikerer du at stemninga går i taket, festlyden hamnar på (danse)golvet og ordenspatrulja har fått varsel om husbråk. 

 

Les vår omtale av urframføringa på Vossajazz 2019

Les meir om Ekhidna hos rune grammofon

Lest 573 ganger Sist redigert torsdag, 18 juni 2020 14:42
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.