onsdag, 09 september 2020 18:52

Countryfestival spesial - Festivalen med det vanskelege namnet

Skrevet av

Det går ei country- og westernbylgje over vossebygda. Han Lars, styreformann i Voss Jazzklubb, har skipa til ein countryfestival, etter 20 år på tenkestadiet. Godt jobba, Lars.

Fyrste gongen, i fjor, hadde festivalen det noko elitistiske namnet “Den intellektuelle countryfestivalen”. Festivalen var ein suksess, men det var ikkje namnet. Mange kjende seg støytte, og den utvida skipingskomiteen i VJK (Voss Jazzklubb) og Den Intellektuelle countryfestivalen DIC (utan K) kjende seg pressa til å gje festivalen eit nytt namn. Valet fall på “Den forvitnelege countryfestivalen”, om mogeleg endå vanskelegare å forstå, for alle utanom norsklærarar. (Forvitneleg tyder forviten, på dansk nysgjerrig). Det vart i tillegg føreslått å gje festivalen nytt namn for kvart år, for å få nytta alle dei gode forslaga som kom opp i prosessen. Ein genial ide, som me trur vil skapa blest om festivalen, og dei originale og artige namna -tykkjer me i alle fall - vil vonaleg gjera festivalen til ein snakkis kvart einaste år. Kva andre festivalar har nytt namn kvart år? Om namnet til neste år kan eg berre avsløra at det sikkert vert endå eit oppslag i nynorskordboka. 

Sjølv har eg hatt blanda kjensler andsynes country. Då eg gjekk på skulen, var ikkje USA lenger det forjetta landet. Marshall-hjelpa var gløymd, og me gjekk i demonstrasjonstog mot krigen i Vietnam. Generasjonen min, dei som var lagt inn på universitetet på 80-talet, såg ikkje lenger opp til Amerika. Amerikanarar var ein gjeng smellfeite idiotar som køyrde på vegar utan fortau frå drive-in til drive-in. Kommersiell country høyrdest tilgjort ut og var full av klisjear, og vart latterleggjort. Svogeren min, 5 år eldre enn meg, høyrde på Buck Owens, eg høyrde på Jimi Hendrix. Verda var delt, då som no.  

No veit eg betre. Eg har alltid likt folkemusikk, og visste - eller burde skjønt - at country var den amerikanske folkemusikken, like full av ekte kjensler og smerte som her heime, når han var framført av seriøse utøvarar. Eg skal ikkje leggja orda i munnen på Lars, men eg tippar det var det som la grunnen for det opphavelege namnet. Han ville engasjera dei skikkelege og dyktige utøvarane, og minimera cowboyhattar, boots og grøftefyll. Det handlar ikkje om å ekskludera, men å profilera. Difor Rodin-figuren på festivalplakaten: Tenkjaren. Merk at eg har gjort omtalen av dei ulike utøvarane so kort som mogeleg. Det er meint som ein “teaser”, ikkje ei melding/anmeldelse. Sjekk dei ut på strøymetenestene eller kjøp platene. 

Claudia Scott

Den for- (krøll på tunga) -baska countryfestivalen, som fell vanskeleg å uttala sjølv edru, gjekk av stabelen helga 4.-6. september. Og lat meg byrja i omvendt rekkefylgje, med sundagen, sidan det er den eg hugsar best akkurat no, og vil ha ned på tastaturet, for å rydda litt i hovudet. Eg var tidleg på plass og fekk med meg litt av lydprøven til Claudia Scott med band. Dei spelte ein heftig låt, eg sto ved høgre høgtaler-rekkje. På golvet sto ein 18” stor bass i eit svært kabinett med eigen forsterkar. Det var ein fryd å høyra det djupe og godt definerte hogget på stortromma, og ein brummande og fresende elbass oppå der att. Det var ingen problem å skilja dei to frå kvarandre. Slikt opplever du ikke heime. Men under konserten vart eg undrande. Eg hadde høyrt mykje skryt om bassisten Jørun Bøgeberg, og såg fingrane gå, men høyrde han ikkje. Dette vart retta, Inge gav melding til Yngve bak spakane, men generelt var lyden litt hard og frampå, i motsetnad til stor og avslappa. Det var det ingen andre som var samde i, so då er det vel eg som tek feil då, sjølv om eg aldri kjem til å godta det. Konserten var råkka og god, men eg måtte stendig ut på gangen for å rista piggtråd ut or øyrene. Det har sin pris å vera audiofil. 

Darling West

Lyden var derimot framifrå med Darling West, og musikken var balsam for sjela. Verkeleg varmt og vakkert, med berre litt ekstra S-lyd på vokalen som einaste irritasjonsmoment. Dette gav lydmann Yngve meg rett i, men han fekk ikkje gjort noko med det sa han. Greitt nok. Eg tilgjev han. Men han tilgjev meg sikkert aldri at eg kritiserte lyden på førre konserten.  

 

The Northern Belle

Fredagen drog The Northern Belle i gang helga, “eit av dei heiteste namna innan norsk country/amerikana no om dagen", med fire karar og tre heite damer. Feiande flott.

Roy Lønhovden & Strenger av stål

tok over etterpå, og har eit trufast publikum med sine tilbakelente viser og gode tekstar. 

Uncle Benny´s Building Supplies Band 

avslutta kvelden med sjølvironi og delvis sjølvlaga bluegrass; fire vossingar med blendande samspel på diverse gitarar, og fleirstemt vokal. Dei sto på line og spelte og song, og etter ei stund reagerte eg ikkje lenger på at dei ikkje hadde trommeslagar med seg. Namnet på gruppa tok dei frå ein caps dei fekk med på kjøpet då dei handla byggjematerialar i ein butikk i USA.  

Twang Gang

Laurdagen fekk me opp humøret att kl. 14.00 med vossagruppa Twang Gang og sogningen Finn Tokvam med “hest, fest og heimlengt”, eit countysladder show til å le seg i hel av. Verkeleg vellukka. 

Kl 18.00 starta ein konsert mange nostalgikarar hadde sett fram til: På Stengrunn, musikk til Rudolf Nilsens tekstar i 1973, her framført att med originalalbesetning (nesten): Jon Arne Corell, Lars Klevstrand, Kari Svendsen, Steinar Ofsdal og Carl Morten Iversen. Eg let meg gripa av Corell si vaksne og forbausende kraftige stemme mot Moddi si varlege og unge; han erstatta Lillebjørn Nilsen, som har trekt seg ut. Klår favoritt: “På reise”.

 

21.30 hadde Lucky Lips besøk av Amund Maarud, og meiningane var delte om kor vellukka dette samarbeidet var. Mange kjende LL frå før og ville helst hatt dei åleine; eg tykte AM var eit friskt tilskot og ville gjerne sett han ta seg ut med Gard Nilssen og jazzmusikarane han óg samarbeider med. Men det får verta ein annan stad og ein annan gong. Det er alltid kjekt å ha noko å sjå fram til. 

 

Arve Haalands Cajun Gumbo avslutta kvelden, men på dette belet, langt over midnatt, var det ikkje alle som hadde like godt fokus, so eg avstår frå ytterlegare kommentarar. 

Publikumstilstrøyminga var god, og me som jobba med festivalen har ikkje, so langt eg veit, teke i mot noko som helst negative kommentarar. Dei kunne forresten berre våga seg. Eg avsluttar som me gjorde i norsk stil på skulen: Og alle var samde om at det hadde vore ei kjekk helg.   

Lest 2315 ganger Sist redigert torsdag, 10 september 2020 05:48
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.