lørdag, 25 september 2021 09:46

Vossajazz 2021 - fredag

Skrevet av

Som eg skreiv i Dagboka nyleg, den 48. Vossajazz vert avvikla “as we speak”, fredag 24. september til sundag 26. Opninga var ved Edvard Hoem, og opningskonserten ved Flliflet Hamre “feirar for eiga dør”. Lite veit eg om dette, for alt var annsleis i år samanlikna med tidlegare år. Eg søkte om akkreditering og måtte spesifisera kva konsertar eg ville høyra, og smålåten som eg er sikta eg meg inn på færrast mogeleg konsertar heller enn flest mogeleg. Kvelden baud difor på Hildegunn Øiseth Quartet, Skarbø Skulekorps og Jaga Jazzist. Og endå verre: Me fekk ikkje pressekort som me kunne henga rundt halsen. Kva kunne eg då brifa med?  

Hildegunn Øiseth sin konsert vart halden i “Jazzklubben”, tidlegare Festsalen, nede og mot vest på Park. Eg er samd i namnebytet. Denne litt keisame og gamaldagse salen har no fått ei ansiktsløfting og framsto som hipp og moderne, med eggande ljossetjing. Sjå bilete. Herleg musikk dette, høveleg melodisk, med eit ope lydbilete med god plass til solonummer. Av ein eller annan grunn var stemninga merkeleg sakral i år, nokre få tilrop og tendensar til iver og glede vart raskt hysja ned frå naboborda.   

Neste ut var Skarbø Skulekorps, denne gongen i den mykje større Vossasalen. Du kunne kan hende tru at dette verkeleg var ein skulekorps, men det er det verkeleg ikkje. Det er eit storband som spelar jazz. Mange av dei har ei fortid i skulekorps, rett nok, derav namnet, og for å toppe det heile stiller dei opp i korpsuniformer. Kjempemorosamt - tykkjer eg i alle fall. Veldig bra, sjekk dei ut på YouTube og denslags.   

Siste ut - kl. 23.15 - var Jaga Jazzist, også i Vossasalen, som tek 650 personar utan restriksjonar. Kor mange som var der i kveld er eg ikke sikker på, men lokalet var mot normalt fylt med stolar heilt fram, utan plass for dansing framme ved scena. Vossajazzleiar Trude Storheim har  vore frykteleg frustrert over skiftande og manglande informasjon over kor mange billettar ho kunne selgja til dei ulike arrangementa. Nok om det. Jaga Jazzist er eit røynd turnéband, og passa godt for å runda av kvelden - sjølv utan dansing. Lyden var høg, tett og tung, som seg hør og bør i eit stort lokale seint på kveld. Rytmen var i hovudsak driven av trommeslagaren og ein - eller fleire? på synth. Men saksofonistar og andre fekk óg sleppa til. Tøft som toget, men etter kvart rulla det inn på stasjonen for min del, og eg tok kvelden. 

SISTE NYTT:  

På pressekonferansen på NRK fredag kl 12.30 hadde Erna og regjeringa ei gledeleg melding til Vossa Jazz og resten av landet: Noreg opnar opp att, frå laurdag kl 16.00!

Dette betyr at Vossajazz kan selgja fleire billettar til konsertar frå laurdag kl. 16.00. Døme på konsertar som var utselde med gjeldande restriksjonar er Mathias Eick - Kind of Blue, Valkyrien Allstars, Hedvig Mollestad Trio, Moksha, og Petters Festjam.

– Me var den fyrste festivalen som måtte stenge ned då pandemien ramma, og no er me den fyrste som får opna opp att! Dette betyr at me kan selga fleire billettar til konsertane på laurdag etter klokka fire og sundag, og me kan endeleg bruka meir energi på  festivalopplevinga, istadenfor å berre fokusera på restriksjonar. Gjenopningsfesten vert på Voss! seier Trude Storheim.

Lest 515 ganger Sist redigert lørdag, 25 september 2021 10:53
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.