søndag, 26 september 2021 09:41

Vossajazz 2021 - laurdag

Skrevet av

Ja eg visste jo at Noreg skulle opna opp att kl. 4 i dag, men ante ikkje at det ville verta feira som ein frigjeringsdag over heile landet, Inklusive på Voss. 

Laurdagen vart prega av av usikkerhet og improvisasjon - som seg hør og bør på ein jazzfestival. “Sagn" ved Arild Andersen (klokka 5) vart avlyst grunna fråver/sjukdom, og eg såg meg om etter alternativ. "Klangen av Hoem” med Ine Hoem hadde eg i utgangspunktet streka over, eg har gjort meg kjend med ho via Spotify og YouTube, og konkludert med at dette var litt for snilt for meg. Det var litt i sjangeren vise/pop. Men etter kvart gjekk det opp for meg at dette likevel kunne vera eit alternativ. For med seg hadde ho fleire av dei beste jazzmusikarane i landet, eg talte 14 personar på scena, inklusive pappa Edvard Hoem! Konserten - eller showet - vart skipa til av Ine i høvet 70-årsdagen til faren. Sidan har dei turnert rundt med dette showet, som no altso var tinga til Vossajazz. 

Og det var vakkert dette. Ine fortalde rørande om tilhøvet til faren, som kvitterte med diktopplesing. Mange av tekstane til låtane har Ine fått av faren. Erlend Skomsvoll har komponert det heile saman, og med mengder av blåsarar, fiolinar og trommeslagar Håkon Mjåseth Johansen var dette som fløyte i kaffien. Ikkje alle instrumentalistane vart løfta like godt fram i lydbiletet under solopartia, men lat meg no ikkje ha hifi-brillene på heile tida. 

Konserten var ferdig i tre-tida, og etter denne høyrde eg noko om at det skulle henda noko “hemmeleg”, og utanføre programmet, klokka 4. Eg høyrde ordet “sjampanje” nemnt, og meir skal det ikkje til. Eg måtte jo sjå kva som hende, men burde ha skjønt det: Nedteljinga til klokka fire, kor festivalsjef Trude spretta korken. Derimot har eg fått med meg at det er val i Tyskland i desse dagar, kor “Mutti" Merkel - eller moder Tyskland - vonleg vil finna sin avløysar, og det slår meg brått at Trude etter mange år ved roret har vorte “Mamma Vossajazz”! Skål Trude! Etter dette var det stilig musikk ved ungdomane i gruppa Magellan, og litt stivbeint dansing, nordmenn er jo ikkje akkurat dei som tek heilt av sånn utan vidare. Men det var ingenting å seia på stemninga, ikkje regna det heller. So var det heim til middag og opplading til Valkyrien Allstars klokka 11 på Park hotell.

Og Valkyrien Allstars er vel Tuva Syvertsen sitt prosjekt, eg har høyrt ho live fleire gonger, både i folkemusikksamanhang og no Jazz. Ho har, etter mi og Lars si meining, nærma seg jazz. Eg er stor fan. Dei var berre fire personar på scena, men har likevel teke mål av seg til å ro inn laurdagskvelden, som siste gruppe, start kl. 23.15. Det var delvis vellukka. Tuva har ei fantastisk stemme og sin eigen stil, og syng fleirstemt i lag med - var det Magnus Larsen? og seg sjølv, ved hjelp av diverse elektronikk vil eg tippe. Dette er fasinerande, men ikkje heile tida. Ho kunne godt senka tempoet og overlete meir av musikken til dei andre ikkje-vokale instrumentalistane. Det vart litt heseblesande og ubestemmeleg dette, men ikkje verre enn at mange dansa og ingen gjekk. So då kan det klassifiserast som ein suksess. 

Og i morgon er det atter ein dag, med Siril Malmedal Hauge og Ingebrigt Håker flaten, med “avtingingsverket” KNARR.   

 

Lest 566 ganger Sist redigert søndag, 26 september 2021 10:17
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.