tirsdag, 07 desember 2021 21:26

HiFi-Messa i Horten 2021 Spesial

Skrevet av

Den 19. hifi-messa i rekkja, og den største og einaste årvisse hifi-messa i landet vart avvikla 6. - 7. november, etter å ha vorte utsett sidan oktober. Og fjoråret var utan. Tilskiparane er Terje Nilsen frå Audio-Aktøren i Horten, og Jørgen Gustavsen frå Dacapo HiFi i Moss, på kvar si side av fjorden, ein morosam tilfeldighet.

Redaktør Karl Erik inspirerte meg til å verta med, medan Arve diverre ikkje kunne, grunna familiære plikter. Slikt skjer. Eg tok toget frå Voss til Drammen, og derifrå tok Karl Erik over med bil. Ganske sutalaust, og det var kjekt å sjå att kjende fjes både frå utstillarar og eit lojalt publikum. Det er nesten freistande å nytta den kjende klisjeen “me er som ein stor familie”.

Grunna corona-uvisse var planlegging vanskeleg. Me bestemte oss for å ikkje prøva oss på noko sprell i form av utstilling eller demonstrasjon. Berre gå rundt og sjå og notera. Med Karl Erik som bestemt førar rakk me faktisk innom samtlege utstillingsrom/lokaler, for fyrste gong for min del i alle fall. Det betyr naturlegvis at sume av besøka var korte. Me beklagar at denne reportasjen kjem seint, Karl Erik hadde det travelt i etterkant av messa, difr har eg skrive nesten alt, berre supplert av små innspel frå Karl Erik. Me vonar det likevel vert informativ og hyggeleg lesnad.  

Psykoakustikk spelar ei større rolle enn mange trur. Me var på eit rom som var ganske lyst, og høgtalarane kvite. Dei sto ganske langt frå kvarandre, og vinkla inn. Det kan me ikkje gjera noko med, folk og utstillarar må få plassere høgtalarane slik dei meiner er best. Men dette er den oppstillinga som eg tykkjer er den minst vellukka. Lyden var difor noko ljos (lys på dansk), og fylte ikkje rommet. Smak på ordet lys. Det har eigentleg ikkje noko med lyd å gjera. Lyden er usynleg. Me har lånt ordet frå fargane, noko me kan sjå, og nyttar det vidare til å skildra lyd, som lys eller mørk. Og det pussige er at ljose høgtalarar ofte vert assosiert med ljos lyd, og mørke høgtalarar med mørk lyd. Sjølv om høgtalarane er identiske! Slik vert ein ofte lurt av omstende, tidlegare røynsler og fordommar. Det heiter psykoakustikk, og heng saman med det psykologiske. Det har vore omtala i hifi-blad i mange år og er ikkje noko nytt.  

Då eg kom inn i rommet til Dacapo, vart eg minna på dette. Her var det eit heilt anna miljø. Rommet var mørkare og ljoset dempa, eg kjende meg straks meir til rette, som om eg var i ein jazzkjellar eller på konsert. Høgtalarane frå Usher sto tettare og peikte beint fram, ei oppskrift eg likar mykje betre. Og dei var svarte. Den mørke lyden fylte rommet og femna om meg, slik at opplevinga vart ei heilt anna.

Elektronikken var frå Yamaha, forforsterkar og effekt, og lyden analog frå ein Yamaha platespelar med ZYX pickup (mc). Og tonearma var rett, noko eg sjeldan ser. Sjå bilete! Ikkje S-arm, og ikkje J-arm. Heilt rett, og “pivoted”, dvs. ikkje tangential. Dette har eg lenge vore talsmann for. På denne måten er antiskating unaudsynleg, og pickupen ligg stødig i rilla. Det gjev ein mindre nervøs lyd, med større ro og djupne. Eg fekk inntrykk av at alle desse komponentane låg kring 80.000 kr. kvar. Høgtalarane var ein stor golvståande 3-vegs USHER med 11” bass. Sjekk Dacapo HiFi i Moss for ytterlegare info. 

Det var mykje god lyd å høyra på laurdagen. Turen gjekk vidare til Endpoint Audio, som spelte på eit par Horns 5 degrees No. 110, i kombinasjon med elektronikk frå Bricasti, Lampizator og meir.

Deretter Audio Aktøren med Terje Nilsen, der Prima Luna røyrforsterkarar spelte gjennom bakoverlente golvståande QLN høgtalarar. Ben Webster let flott via tape på ein Studer A 810 profesjonell spolebandopptakar (varianten til heimebruk er Revox). Og ein svær platespelar kunne dra platetallerken via mellomjul ELLER reim! Ved å skru ut eit par boltar. Det har eg ikkje sett før. 

 

Hjå Eksakt HiFi kunne me studera ein Linn Klimaks LP12, denne gongen i ein spesialutgåve med aluminiumskabinett, Linn Ekos arm og den heilt nye Ekstatik MC-pickupen som er produsert av EMT. Det siste er spanande, for eg veit dei gamle spelar svært godt. Det har eg høyrt hjå Lars Tørressen i Bergen. Linn forsterkarar spelte via Kudos golvståande høgtalarar. Og på sundag vart det og spelt på dei nye

 

Produsenten NNNN stilte ut høgtalaren sin, ei stor flat kvadratisk “plate” på ein fot, sjå bilete. Eg har såvidt høyrt om denne men ikkje rukke å sjekka han ut. Veggplassering er omdiskutert, grunna både fordeler og ulemper. Men eg tykkjer det let godt! Eg anar ikkje korleis han er konstruert, sjekk på nettet. Og det gjeld alt eg skriv om. Me presenterer eit samandrag, det skal fungera som “lokkemat". So er det opp til deg å finna ut meir om det du er interessert i, ved å kontakta produsenten eller importøren, anten på nett eller via telefon/besøk. 

 

Hjå Bachs HiFi - The Stereo Shop fekk me ei positiv overrasking. Av elektronikk var både Arcam og Mark Levinson presentert, til og med ein relativt ny ML platespelar, № 5105 Turntable som vi skrev om i januar 2020, med Ortofon Quintet Black. Eg trur det var Mark Levinson elektronikk som spelte gjennom eit par JBL Model 4349 Studio Monitor. Og det spelte godt, til og med balansert til JBL å vera, og utan overdriven diskant. JBL har bygd mange flotte høgtalarar, og elementa har alltid vore gode, men so var det å få det heile til å spela saman då (stikkord delefilter). Her har dei truffe ganske nær blinken.

 

Bryggen

Etter dette småsprang me hutrande i halvsurt haustver over vegen til Bryggen.

Hjå Lydglede spelte Primare elektronikk inn i eit par golvståande Triangle høgtalar frå toppserien Magellan, og Elodie var komen opp frå Frankrike for høvet og fortalde om høgtalarane. Ho hadde peiling. Tidlegare Triangle kunne ha eit løft i diskanten, dette samtykka Elodie i, men i denne nye generasjonen er dette heldigvis og tydelegvis eit tilbakelagt stadium.   

Nordic Sound Design hadde om ikkje den beste lyden, alt i alt, i alle fall svært interessante komponent: BAT elektronikk spelte digital musikk via den største DAC-en eg nokon sinne har sett, svær som ein effektforsterkar. Høgtalarane hadde ein horndiskant montert oppå kabinetter, på driveren stod det “Blumenhofer design”. Diskanten kunne skuvast fram og attende etter smak og behag, langs ei pålimt stripe med centimeter. Her gjenstår det nok litt fintrimming av høgtalarane, for å eliminere siste rest av lys/hard lyd, men resultatet var uansett lovande.

Hjå Soundgarden spelte Electrocompaniet på to store nye monotrinn AW 800M, desse kan brukast både som stereo (eitt trinn) og to, som mono. Lyden kom ut av Monitor Audio Platinum 200. Han kom inn frå ein “streamer” og gjennom ein EC forforsterkar. 

 

Hjå Audio Aktøren (også her) spelte italienske Audio Analog elektronikk gjennom små QLN pyramideforma høgtalarar (svensk). Ok lyd også her. Etter Bryggen tok me kvelden, klokka var 7 og utstillarane stengde for kvelden. Mange benka seg i spisesalen på Horten Hotell for middag, rundt elegant dekorerte bord med kvite dukar og stetteglas, medan andre sprang over til den indiske. Her er stemninga litt mindre formell, og betjeninga entusiastisk og morosame. Dei kjenner oss att. Jamvel ølet er indisk.  

 

Sundag

Sundagen baud på ein blanda miks. På fleire av romma vart me presenterte for sub/sat-system, dvs små sokalla satellitt-høgtalarar pluss subwoofer (basskasse). Som om det ikkje er vanskeleg nok å konstruera ein vellåtande hovudhøgtalar (eller satellitt), so skal ein og få basskabinettet til å passa inn. Då kan ein fort missa heilskapen av syne. I desse tilfella vart ofte mellomtonen skadelidande. Lyden vart "bass pluss diskant".

PS Audio Scandinavia i den store Havestuen var eit oppsett eg meiner å ha sett før. Nagra-elektronikk driv eit par DEVORE Orangutang 03 to-vegs høgtalarar med 10” bass, i lukka kabinett. Ein spanande og litt uvanleg konstruksjon. Ut i frå det eg har høyrt før, heller dei svakt mot det lyse. Høgtalarane står nesten midt i rommet, hadde det ikkje vore lurare å plassert dei litt nærare bakvegg, slik at dei fekk meir støtte frå rommet? Det ville gjeve ein litt myrkare og betre balansert lyd, som no er litt tunn og naken, utan tilstrekkeleg kropp og atmosfære. Lyden er uansett detaljert og med stor djupne, so her er potensialet opplagt større enn det som var realisert. 

I Bankettsalen var det eit yrande liv av platesal og sal av utstyr (salg på dansk), mellom anna brukt, berga frå kontainerdøden. Stig Olav Cederberg frå Green Audio AS, som me laga intervju med sist me var i Horten, var der i år og, slik at eg fekk kjøpt meg eit sett gamle Seas fulltoner (6x9”; 28/17 TV-GW). Det er lite som kan måla seg med ein fulltone når det gjeld samanheng og taleforståing i mellomtonen. Sjekk heimesida deira, mellom anna har dei eit bra utval av brukte element til B&W (som er ganske dyre å kjøpa nye, om dei i det heile har). Og so har dei butikk i Kilgata 17 B i Sandefjord, med opning torsdag og laurdag. 

I rommet til Mono vart me vitne til endå ei positiv overrasking frå USA: Eg har alt nemnt JBL 4349, denne gongen var det Klipsch Heritage Forte 4 som spreidde den nydelegaste mellomtonen ut i rommet. Dette er ei relativt stor kasse med god gamaldags fasong, eg tippar kring 50 liter, 3-vegs, med ein 12” bass i bånn, og hornlading både for mellomtone og diskant. (JBL var tovegs med eitt sams horn for mellomtone og diskant. Også denne med 12” bass). Medan JBL-en har tradisjonell bassrefleksport for den djupeste bassen, har Klipsch ein svær passiv membran på baksida for same føremålet. Prinsippet er i og for seg det same. Slavebassen resonnerer på liknande vis som lufta i eit bassrefleksrøyr. Med denne løysinga når Forte 4 djupare ned i bassen enn den større La Scala, vart det opplyst. Me kom rett frå eit rom med eit dårleg samanhengande sub/sat-system til dette, og skilnaden var påfallande. Denne mellomtonen var som frå det verkelege livet. Forsterkinga kom frå ein integrert Audio Research røyrforsterkar, GSI 75, til kring 175.000, snart kjem ein endå nyare, GSI 50, kunne dei fortelja, og denne får ein pris på kring 60.000,-. Av det eg har lese (om tidlegare ARC) kan eg leggja til at dersom GSI 50 stort sett nyttar dei same komponentane som 75, inklusive same effektrøyr, kan det vera at den lågare effekten i 50 er skuld lågare tilbakekopling (feedback). Då kan det faktisk henda at 50 spelar like godt eller betre i mellomtonen enn 75 (som grunna høgare  tilbakekopling vil ha meir effekt, høgare dempingsfaktor og dimed strammare bass). Men dette får du undersøkja sjølv.

             

Lest 1357 ganger Sist redigert onsdag, 08 desember 2021 05:00
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.