torsdag, 06 april 2023 11:48

Vossajazz 2023 – Laurdag. Ein veg - ei reise med Bergensbanen

Skrevet av

Togreisa mellom Bergen og Oslo er so spesiell at turistar frå heile verda kjem for å sjå ho, og ho har alt vore skildra i eit tidlegare tingingsverk (Frode Alnæs, 1997). 

Denne gongen er reisa skildra ikkje berre med musikk, men og med lyrikk, i form av eit pionerarbeid av forfattaren Dag Helleve (Voss). Han tek oss med frå stasjon til stasjon mellom Voss og Oslo, og fortel med stor kunnskap som det har kravt mykje arbeid å leita fram, og med lun humor om korleis rallarane bygde banen i perioden 1885 til 1909, då han opna; trass tvil og latterleggjering frå Oslo. Banen er litt av ein ingeniørkunst, levande fortalt og forklart. “Korleis fekk dei dette til for over 100 år sidan?”, var omkvedet. 

Mellom stasjonane kom små høvelege snuttar av musikk, komponert av Marius Klovning (diverse gitarar). Dei andre medverkande er Jakob Eri Myhre på trompet, Bjørnar Kaldefoss Tveite kontrabass, og Mats Mæland Jensen på trommer. Prosjektet, godt illustrert med historiske bilete frå Norsk Jernbanemuseum på storskjerm, vart framført som fyrste konsert nokon sinne i den gamle Kapellankåken i Gullfjordungsvegen, som har stått tom lenge. Denne er no renovert i regi av Trude Storheim, Linda Eide og Jan Stedje, til kulturføremål; rett over vegen for den mykje sakna Fraktgodsen, som måtte gje plass til parkering for pendlarane Voss - Bergen. Konserten vart avslutta med ein nydeleg låt - i full lengd og med auka volum - som ikkje står attende for noko anna eg høyrde i helga. Kva med å gje denne ut som vinylsingel? Ganske sært, og svært eksklusivt! Lyden var sett opp av Yngve Høyland (Sprilt/Voss lyd) på førehand, og var akkurat passe høg, godt balansert og detaljert, og med tydeleg attgjeving av stemma til opplesaren. Det kan neppe gjerast betre. Lokalet var overfylt. 

PS Eg er personleg ven med forfattaren og såleis lettare inhabil. Dette til vitring. 

Tingingsverket: Oddrun Lilja

Eg fleska til med saftig kritikk av tingingsverka generelt i fjor, og har tenkt å gjenta suksessen i år, slik at Trude Storheim (Vossajazz) og Jan Granlie (salt Peanuts.eu) får noko å le av i år og, eller rettare riva seg i håret. Eg trudde, etter denne tiraden, at dette var siste venda eg ville verta akkreditert, men neidå, Trude lo og koste seg og godkjende søknaden i år og, under mottoet “all omtale er god reklame”? Sporty!

I år var det Oddrun Lilja som fekk det ærefulle oppdraget, ein glitrande gitarist som har gjesta ei mengd grupper, som Bugge Wesseltofts New Conceptions of Jazz, Moksha, sirkusartistar i Etiopia, raga-musikarar i India og Nepal, gnawa-musikarar i Marokko (kva no det er), og jazzmusikarar i New York og Paris.

Ho gjorde ein fantastisk jobb i 2021 med tingingsverket til Ingebrigt Haaker Flaten (EXIT) KNARR, og har utprega sans for fasade, i tillegg til musikken. I år stilte ho opp i kvitt både oppe og nede, dekka av ein myrk vest. Det kunne sjå ut som ein tradisjonell bunad frå Tyskland, evt. aust-Europa. Men inspirasjonen bak verket er skaldediktet Lilja, forfatta av den islandske munken Eystein Åsgrimsson på 1300-talet; hundre vers med eksistensielle refleksjonar om livet, dauden og tilhøvet til Gud. Det vert musikk av slikt. 

Eg har stor sans for at komande talent vert given ein mikrofon som Tingingsverket. Alle må ha ein arena å utvikla seg på. Det er ikkje utan  vidare gjeve at ein ung talentfull musikar samstundes er ein god komponist. Slike dugleikar tek tid å utvikla. Og Lilja er ikkje heilt der endå, etter mi meining. Musikken var lett tilgjengeleg og på mange måtar “njutbar", som ei blanding av populærmusikk og jazzkrydder. Men eg sakna variasjon og dynamikk - det tok aldri heilt av. Mange likte det, andre karakteriserte det som keisamt. Men eg elskar gitarspelet hennar, og tippar at ho ein vakker dag slår ut i full blome med utgjeving i eige namn. 

Andre medverkande: Anders Røine på langeleik, munnharpe, fele og vokal, Helga Myhr feler og vokal, Helge Norbakken perkusjon, Jo Skaansar kontrabass, akustisk og elektrisk bassgitar, og Beate Lech på vokal.   

 

Lest 1943 ganger Sist redigert torsdag, 06 april 2023 14:21
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.