tirsdag, 26 mars 2024 13:10

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Skrevet av

Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024, laurdag og sundag. 

Tingingsverket: Hanna Paulsberg “Do you Want my job?" 

“Do you want my job?” do you want the hassle” syng Hanna rytmisk gyngande, og får publikum med på refrenget.. Det er tydelegvis ingen dans på roser å vera jazzmusikar. Men kva skal ein elles finna på? Eg har vore på fleire konsertar med saksofonisten Hanna Paulsberg, og alltid oppfatta ho som meir lyrisk og melodisk enn dei fleste. Med tingingsverket har ho reindyrka denne trenden ytterlegare. Det var rett og slett uvant melodisk. Eg har fleire gonger ytra meg kritisk til tingingsverka, som ofte har vore prega av ein vanskeleg tilgjengeleg flinkisme. Ikkje slik med Hanna. Ho seier ingenting når ingenting treng seiast. Stundom malte ho berre eit lydbilete oppå dei andre sine bidrag. Og stundom var det heilt stilt. Ikkje ein tone. Magisk, og overraskande. Hanna her tydelegvis ingen trong for å briljera. Dette var so nedpå at det var ein fryd. Det verka gjennomkomponert, og innøvd. Og ein leksjon i kunsten å beherska seg. Eg har leita etter ting å pirka på, men har gjeve opp. Denne konserten var ein fryd frå ende til annan. Eg ville gjerne sete midt i salen med tanke på lyden, men kom for seint, og måtte sitja heilt framme, på presseplassane. Det er ideellt med tanke på fotografering, men ikkje lyd. Eg oppfatta likevel lyden som naturleg, glatt og uvrengt. Eg har rett og slett lite og ingenting negativt å seia om denne konserten, som er eit av dei beste tingingsverka eg har opplevt, og alle eg snakka med etter konserten var samde. Terningkast 10. Kjem dette på plate? Eg kryssar fingrane. 

Men revolver mot tinningen har eg ei innvending: Ein inderleg roleg og vakker låt på slutten av konserten vart avløyst av ein meir “uptempo”. Dette er heilt normalt, for å skapa variasjon i programmet. Det fungerer dårleg for meg. Etter ein slik varleg og vakker låt går eg inn i ein kokong av varme og ro, som eg veldig gjerne vil halda på, og ikkje rivast opp i frå. Eg skulle ynskje at konserten hadde slutta med ein slik roleg låt, og at den etterfylgjande hadde kome før. Men det er no berre meg.  


Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem    

 

Best Western Swing

Med Best Western Swing fekk også lassojazzarane sitt, laurdagskvelden i stappfull Vossasal. “Hestejazz, bææ-bop, og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane” står det i programmet. Tydelegvis populært, sjølv om det var langt mellom kobboy-hattane. Dette var ikkje mellom dei konsertane eg hadde kryssa av for, men når eg so allikavel var i nærleiken, var det for dumt å ikkje stikka innom. Og kven vil gå glipp av Stian Carstensen sine kommentarar mellom låtane. Som eit maskingevær fyrer han laust med dei utrulegaste soger og treffande kommentarar. Han har verkeleg eit sprøtt blikk på verda denne karen.

Maridalen

Sundag spelte Maridalen for ein full Osasal på gamle Kringsjå Hotell, no Ole Bull Akademiet, meir eller mindre rett opp bakken for Tre Brør Kafe. Gruppa har namnet sitt etter “det naturskjønne dalføret like nord for Oslo sentrum" og musikken kan seiast å bera preg av dette. Me talar, veldig generelt fortalt, om same melodiske og vare type jazz som Hanne Paulsberg presenterte på Tingingsverket. Den varme tonen frå Anders Hefte sin saksofon og litt sprøare tone frå Jonas Kilmork Vemøy sin trompet utfylte kvarandre perfekt, og var det “syngjande" elementet i denne konserten. Vakkert og samstundes avslappande, som det høvde for ein sundag. Om bilete manglar, er det avdi eg var for oppslukt av musikken. 


Foto: Vossa Jazz/Lina Navarro

Vel blåst Laila og alle andre involverte!

Seier Laila frå pressekontoret: "Årets Vossa Jazz er over, etter ei helg med 50 flotte konsertopplevingar, på 19 ulike scener!"

 

Lest 1058 ganger Sist redigert tirsdag, 26 mars 2024 13:44
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.