Og ikkje berre av gråhåra og skalla hankjønn, alle slags folk var der. Nokon må ha gjort noko rett. Det var mangt å sjå, og for eigen del var det tung HiFi eg var oppteken av. Så her er det eg kosa meg mest med:
Innhald
Dynaudio
Dynaudio har mange gode modellar av både aktive og meir passive høgtalarar. Trass i at dei hadde med skikkeleg store beist, var det spelande oppsettet basert på dei relativt små Confidence 20A i passiv utgåve. Desse spelte framifrå nøytralt og vart eit friskt pust mellom alle dei basstunge konkurrentane som dominerte på messa.

Klipsch
Terje Romen frå Mono hadde med seg siste oppgradering av Klipschorna, dei store beista som må plasserast i hjørna på eit rom. Dynamikk nok til å slå i hel ein kval. Når slike gammaldagse horn får litt oppdatering og nok effekt (og då snakkar vi om mindre enn ein halv Watt pr kanal), kan dei verkeleg gje deg eit slag i magen. Men når det spelast på lågare nivå, er måten dei gjev att mikrodynamikk på heilt suveren. Store og dyre, javel, men i høgste grad eineståande musikkformidling. Ein favoritt for fleire enn meg, vil eg tru.

Audio Nostrum
Audio Nostrum er ein nykomar for meg, og synte fram nokre stativhøgtalarar som kan spele avsindig mykje bass. Men det er ikkje akkurat smågutar, så stativa til stativhøgtalarane må vere i orden. Dei som høyrer til høgtalarane ser ganske solide ut, og det trengs sikkert. Bassattgjevinga var uventa imponerande frå ein såpass normalt stor høgtalar.

McIntosh
McIntosh er lett å kjenne att på utsjånaden. Og det var spesielt lett å få auge på dei denne gongen, då dei var representerte med to anlegg i to rom. I det eine rommet kunne ein sjå storebeista på 1,2 kW (rett nok berre den nest største forsterkaren frå produsenten), så vel som McIntosh sine eigne høgtalarar og platespelar, og dei fantastiske "dobbeleffektrinna" der ein transistor- og ein rørforsterkar var bygde saman- perfekt for dei som likar å biampe. Så var det heile runda av med 6 subwooferar frå SVS som stod og hjelpte til. Eg vart likevel aller mest begeistra for effektforsterkarane med både rør og transistorforsterkartrinn i same kabinett. Dei hadde vore så kjekke å ha i anlegget mitt, som gjerne kan biampast..

McIntosh og Piega
Men for eigen del likte eg det andre rommet, som hadde det som må vere beste lyden på messa. Der var topp elektronikk frå McIntosh sett saman med eit sett Piega høgtalar til ein million kroner, pluss ein subwoofer i kvart hjørne i rommet, som retta frekvensgong og dynamikk - eit sjokkerande godt resultat som ikkje ville skjemme eg ut i selskap med kva som helst.

Roksan
Roksan var også utstilt. Greie produkt, men eg sakna neste generasjon av dei geniale platespelarane. Eg har høyrt rykte om at dei ikkje produserast lenger. Det er synd.

Pro-Ject
Til gjengjeld hadde Pro-Ject synt fram ei bøle platespelarar frå eigen portefølgje. Der vart det reklamert med “produsert i Europa”. Kanskje eit godt poeng når verda ser ut slik ho gjer for tida? men Pro-Ject stilte altså ut 19 ulike spelarar på messa, noko som må vere iallfall norsk rekord, til prisar frå knapt 4 til 160 tusenlappar. Så mange ulike på ein gong greidde ikkje eingong Technics å mobilisere i sine velmaktsdagar.
Hovudtelefonar
Øyre-hi-fi er også noko som har sin naturlege plass på ei slik messe. Det er viktig å ha god lyd, elles spelast det gjerne for høgt til at det er sunt for høyrselen. På Mala Audio sine headfi-utstilling var det ikkje trådlause å sjå, men store, trygge, om enn litt kostbare løysingar med store øyreklokker og eigne forsterkarar til å drive desse. Totalt annleis frå dei pluggane som stikkast i øyra. Veldig god lyd, men du vert stadbunden til godstolen, iallfall kan du ikkje gå lenger enn leidninga tillet.

System Audio
Soundgarden hadde med seg mellom anna System Audio høgtalarar. Derifrå kom svært fine modellar. Pene og små, men med godlyd både dynamisk og perspektivmessig, og evne til å spele høgt nok for dei aller fleste.

Audio Agenten
Audio Agenten er forhandlar av ViaBlue kablar. Tidlegare kjende for god kvalitet til rimeleg pris. Dei hadde også med seg høgtalarar av god kvalitet, Ophidan Flor til litt over 115 tusenlappar.

Analog lab
Soundscape og Analog lab var litt bortgøymde på andre sida av matsalen. Dei hadde mykje å by på for den som fann fram. Det spennande tilbodet om å få reinsa pickupar gratis var eit flott tiltak, og endå betre var vareutvalet. Dei har alt du treng til vinylen, spelarar, armar og platereinsemaskiner med ultralyd, som er den beste måten å få smusset ut av platerillene på. Dei hadde også spennande rørforsterkarar, der mine største forventningar gjekk i retning “The Lars” som var ein brutalt utsjåande trioderørforsterkar. Diverre var ikkje desse oppe å spele denne gongen. Men konstruktøren meinte at desse forsterkarane kunne drive det aller meste av høgtalarar, om enn ikkje mbl 101e2…

Avantgarde
Avantgarde er ein gammal kjenning som høgtalarprodusent av det meir brutale slaget. “Trio” var ikkje med på messa denne gongen, noko ein kanskje skal vere glad for, då dette er dei mest hardtslåane greiene du kan ha i stova (viss du får dette enorme trevegshornet inn gjennom døra). I staden stilte dei med dei heilaktive “Opus 1” som var vesentleg meir diskre å ha i heimen. Dei hadde typisk hornlyd og var prisa relativt fornuftig, samanligna med mykje anna på messa. Og om du har ein betre halvdel med innvendingar om å kjøpe slikt, kan du argumentere med at desse horna nesten ikkje brukar straum, og at det kan spare store pengar!!!

Sigberg Audo
Sigberg Audo har utvikla ein svært godtlydande høgtalar i dialog med fleire av medlemene på Hifisentralen. Ein spennande måte å gjere utviklingsarbeid på, som då også syner seg å vere ein skikkeleg suksess på hifimarknaden.

DaCapo
Eg fekk også høve til å spele litt klassisk på rommet til DaCapo, der det vart spelt vinyl med ein ZYX pickup til 29 000. Dei spennande Usher-høgtalarne som var i bruk her, hadde ein fornuftig tiltefunksjon som eg likte. Veldig ofte tener høgtalarar på å stå litt skeivt, men det kan sjå litt rart ut. Usher har eit underlag som ordnar opp.

Audioaktøren
Audioaktøren var også komen, og synte mellom anna fram eit råskinn av ein platespelar med lydlege kvalitetar som eg skulle likt å utforske meir. Eg måtte også spørje Terje om det vert Hortenmesse i haust, og det er bestemt. Så det er berre å glede seg.

HiFi Klubben
HiFi Klubben hadde med seg Hegel av siste modell, store og tunge råskinn som dreiv Dali av det største slaget med superkreftene sine. Høgtalarar og rom passa godt til kvarandre, og her var det også god messelyd, meir nøytraltklingande enn tidlegare, og med større og imponerande lydbilde.

Audio Centeret
Perlisten frå synte fram ein imponerande høgtalar “The standard” som var driven av Bryston forsterkarar. Svært solid elektronikk som verkeleg leverer krefter der det trengs. Bør opplevast om du treng erstatning for store rørtrinn.

The Lars
Mest imponerande var kanskje rørforsterkaren "The Lars" som såg svært spennande ut, men han var berre utstilt utan å vere rigga o
pp i eit anlegg. Litt for svak til mine høgtalarar som ikkje spelar meir enn 79 dB på Watten, men det hadde vore moro å høyre ein såpass pretensiøs single-end rørforsterkar.

Ei såpass stor messe med så mykje blest og såpass mange frammøtte (det var visstnok 800 førehandspåmelde, og meir folk kom innom, særleg på laurdag) vitnar om at HiFi-interessa ikkje kjem til å døy ut med at min generasjon etter kvart hamnar på sjukeheim. Her er både yngre gutar og jenter som er nyfikne i korleis ein skal få godlyd heime. Ikkje berre frå høyrelurar, men også frå høgtalarar så store at det skulle tilseie ganske romselege husvære for potensielle eigarar. Så vi får sjå...
Les også messerapprten frå Stig Arne
Les også messerapprten frå Karl Erik