Jølster
Nokre ord om Jølster. Du må jo vita kvar eg har vore, og kor du skal reisa om du vert freista til å leggja potet-ferien til Jølster neste år, noko eg varmt kan anbefala.

Alt som gutunge fiska eg med familien i Jølstravatnet, sidan eg har familie både i Sunnfjord og Nordfjord. På denne reisa frå Voss til Stryn passerer du Førde, den gamle skyss-stasjonen Skei med Skei Hotell (grunnlagd i 1889), Våtedalen, Byrkjelo, og Innvik og Utvik for berre å nemna nokre stader, før du kjem til Stryn etter fleire fjellovergangar og ut og inn langs fjordar. Fylket heitte ikkje Sogn og Fjordane utan grunn. Det langstrekte og mektige Jølstravatnet, som verka som ei æve for oss ungane å passera på veg til Stryn på sumarferie for å slå og hesje, er det nest største på vestlandet, berre slått av Horningsdalsvatnet, som er den djupeste innsjøen i Europa med 514 meter. Hugs å fylla oksygenflaskene og ta med ei god vasstett lykt med nye batteri om du har tenkt deg ned der. Sikkert litt av ei oppleving.

Motivet på plakaten og T-skjorta er henta frå den kjende kunstnaren Nikolai Astrup, som budde og verka i Jølster; på motsett side av Jølstravatnet i høve til riksvegen. Du kan sjå Astruptunet frå hotellet. Måleriet heiter Marsmorgen, eller Seljekallen i tresnittvarianten. Fjella i bakgrunnen ymtar om ei naken kvinne. Få eller ingen kunne skildra selja og vestlandsfjella som Astrup, og særskilt fjella i Sunnfjord, som har si eiga form. Slett ikkje alle visste dette, men kunstinteresserte veit det. Elles kan det løna seg å vera Sunnfjording.
Eivind Aarset 4tet
Litt av ei oppleving var og konserten med Eivind Aarset, men då har me hoppa til fyrste konserten på laurdagen, kl. 19.30. Det er ikkje lett å setja denne gjengen i bås, med si blanding av Jazz, samtidsmusikk og andre sjangrar. Dei har vore med oss lenge, og tilhengjarane veit kva dei går til: Ein vegg av lyd, styrt av “lyd-designaren” Sven Persson bak miksepulten. Høg lyd. Det er spektakulært. Lars, som eg kom saman med til festivalen, sat heilt framme og opplevde lyden som krystallklar, men det var direktelyden frå scena. Bakover i salen var lyden tildels kraftig forvrengd, særskilt i bassen, som førte til tydeleg overstyring av basselementa. Det var truleg tilsikta, men såpass valdsamt at fleire forlet konserten før slutt.

Mykje av bass-spelet til den eminente Audun Erlien forsvann i ein graut, medan det sameleis eminente gitarspelet til Eivind Aarset var lettare å få tak i. Trommeslagarane Erlend Dahlen og Wetle Holte batt konserten saman rytmisk med fleire gneistrande soloparti, som er noko av det beste og heftigaste eg har høyrt. Etter at eg hadde melta inntrykket til dagen etter innser eg at dette var ganske spesielt, og går inn i rekkja som ein av dei mest minnerike konsertane eg har vore til stades på - uansett innvendingar mot lyden.

The Red Barn med Bjørn Tomren
som var siste konserten laurdag kl. 22 hadde ein heilt annan lydsignatur, skrudd av Simen Jordal frå Øyre lyd. Her var lyden naturleg, klår og passe høgt skrudd, slik at det var lettare å smyga seg inn i lydbiletet og njota dette til fulle. Ei behageleg og sårt tiltrengt avveksling. Aksel Røed på saksofon har ein vidunderleg harmoni i spelestilen sin, og veksla med Mathias Marstrander på gitar og pedal steel om solopartia. Barn (låve) og steelgitar leiar lett tankane mot country, men so kvepp du til når dei spelar jazz. Ei uvanleg men smakfull sjangerblanding - for dei som likar steelgitar. Bjørn Tomren, musikar og moromann kjend frå TV, passar perfekt inn med si malmfulle røyst, krydra med strupesong, jodling og andre C-moment. Ei utruleg stor røyst på den karen, som om han hadde heilt andre proporsjonar. Kåre Opheim stør det heile opp med sinnrikt trommespel, men gjer som vanleg ikkje noko nummer av seg sjølv i form av lange trommesoloar. Det vil eg oppmoda han til å gjera, for han er i toppklasse. Plata Abduction, deira andre utgjeving, kjem ut seinare i månaden, men var alt til sals for dei heldige på konserten som LP.


Silje Nergaard
Me spolar attende til fredag, der det heile starta med Silje Nergaard kl. 19.30 og Schemes Quartet med Veslemøy Narvesen kl. 22, om du ser vekk frå tjuvstarten torsdag som me ikkje rokk, med Daniel Herskedal og Marius Neset på restaurant Kraftverket, Jølstraholmen. Silje treng ikkje nødvendigvis å vera mellom dine desiderte favorittar, men ho kan heller aldri avskrivast. Hennar form for jazz er ofte meir tilgjengeleg og mindre masete enn mykje anna, og ho gjorde ein veldig god figur denne fredagskvelden - tydeleg avslappa av denne intime festivalen, og fortalde om episodar frå livet sitt. Mellom anna at ho var to år i London for å verta popstjerne. Det vart ho kan hende ikkje, men låtvalet hennar vekslar mellom tradisjonell jazz og meir populære tilnærmingar, og ofte glir dei to sjangrane saman.

Med “berre” to gitaristar til å dekkja seg opp kunne eit ottast at dette ville verta langdrygt og keisamt, men det var det motsette som hende. Med humor og gode soger mellom låtane drog ho oss inn i universet sitt, med glitrande og inspirert gitarspel frå gitaristane, inklusive soloparti. Etter konserten blanda ho seg med gjestene som alle andre, og oppførte seg som alt anna enn ei stjerne. Heldigvis. Siste albumet hennar “Tomorrow We Will Figure Out the Rest” er etter mi meining ein uvanleg intelligent og reflektert tittel på eit album, og seier mykje om kor jordnær ho er. For ei dame.


Med Schemes Quartet og Veslemøy Narvesen
kl. 22 girer me opp eit hakk til full gruppe, og med trommeslagar Veslemøy plassert langt framme på scena til høgre. Med klår og høg lyd var ho ein naturleg frontfigur, med ein spelestil me trur er inspirert av Paul Motian. Dei tre andre ungdommane, med Brede Sørum på saksofon, Oliver Skou-Due på piano og Bendik Løland Lundsvoll på bass sette og ein tydeleg signatur på konserten. Nydeleg. I starten var saksofon og piano noko nedskrudd, men når desse vart skrudd opp var balansen i orden og konserten kunne nytast i fulle drag. Eg kjenner ikkje desse artistane særskilt godt, dei er unge og framstormande med bakgrunn frå jazzlina i Trondheim. Unntaket er Veslemøy, som spelar “overalt”, me har og høyrt ho på Voss, og sett ho på TV med Lindmo, NRK-scenen og KORK.
Fire gode konsertar på strak arm. Godt jobba og vel blåst, jølstringar.
