Alt i fjor vart me gjort merksam på at messehotellet skulle vølast om. Han har tydelegvis pengar jamvel post mortem den godaste Thon. Det vart reist tvil om messa ville overleva neste år grunna omvøla, men jodå, det gjorde ho, og Terje Nilsen, tilskipar saman med Jørgen Gustavsen, med kvar sine butikkar på kvar si side av fjorden, høvesvis Horten og Moss, forsikra oss om at det vert messe til neste år og, om ikkje Dovre fell, og dei andre fjella står der dei skal.
Arbeidet på hotellet var synleg heilt frå me rulla ut or fergelemmen i Horten sentrum -Karl Erik, Arve og meg, og synte omfattande pågåande arbeid i enden til venstre for inngangen. Heile området bak Fjordsalen A og B var søkk vekk og vert erstatta av noko nytt og moderne, og utstillarane var difor i staden konsentrert om romma i andre høgda over resepsjonen i tillegg til fjordsalane, pluss som vanleg, Bryggen over vegen. Det var difor overkommeleg å rekkja rundt, men eg vil likevel ikkje omtala alle romma, det er redaktør Karl Erik sitt sjølvpålagde mareritt. Eg har ikkje hugs til slikt, og det er ikkje alt utstyr som appellerer heller, sjølv om det spelar godt. Kvar sin smak.

Seas
Eg byrjar der me fyrst stakk hovudet inn. På Bryggen, annekset over vegen for hotellet dvs. på sjøsida, var ein smal og høg høgtalar stilt opp med Seas sitt banner bak. Arve har bilete og omtale av denne under overskrifta SEAS i sin rapport. Både for Arve, meg og sikkert mange andre kunne det sjå ut som om at dette var ein ny høgtalar eller prototype frå Seas. Det er det ikkje. Eg fekk seinare på kvelden greie på at høgtalaren er eit sjølvbygg laga av Hans Erik Lian, ein entusiast og privatperson som byggjer med Seas-element. Ein telefon til Chris hjå Seas klargjorde at dette diverre kom litt uheldig ut. Eit par Seas-representantar var faktisk på messa ei stund, men var ikkje å sjå når eg var der, heller ikkje Lian. Difor denne litt forvirrande situasjonen. Det gjorde heller ikkje saka betre at etternamnet Lian leier tankane mot den mangeårige og vidgjetne ingeniøren hjå Seas - Ragnar Lian, men dei to har ingenting med kvarandre å gjera.
Lian såg sjølv at det var duka for ei oppklaring, og sende ein hyggjeleg epost til redaktør Karl Erik for å stadfeste at han ikkje har noko formalisert samarbeid med Seas, som ikkje sel komplette høgtalarar, berre lause element. Ryddig.
Eg hadde ein kort lytt til høgtalaren, som diverre ikkje var heilt etter min smak, sjølv om han fekk rosende omtale på Hifisentralen.

P.M. Audio
har butikk i Nodeland, i nærleiken av kristiansand. Innehavar Paul Mortensen var observant og skrudde på lyset når han såg at eg gjorde meg klar til å ta bilete, som dimed kom ut or mørkret. Her snakkar me ikkje om sjampanje til øl-og pølseprisar. Magnestat-høgtalarane AlsyVox Botticelli X kostar i overkant av 1,9 millionar, og var drivne av kilder frå Kalista, og Coda forsterker. Feite kablar var heva frå golvet av stativ/løftarar. Heller ikkje det såg billeg ut. Mark Knopfler spelte og lyden var etter mi meining fantastisk, so samanhengande som du berre kan få det, utan kabinett, subwoofer, bassrefleksløysingar eller anna til å rota til lyden. Berre eit flatt panel. Supert.
Det er ikkje viktig, men lat meg knytta ein kommentar til oppstillinga: Midt mellom høgtalarane er det strekt opp eit kvitt lerret, truleg ein diffusor av eit slag. For min del er det mykje betre at augene får kvila på den svarte gardina. Då vert det og litt større avstand til bakveggen, og det vil gje eit djupare stereoperspektiv.

Audio Centeret
Her er visst fleire butikkar i Moss! Audio Centeret hadde stilt opp eit sett slanke, høge og svarte Perlisten-høgtalarar frå Verona i Wisconsin, USA, laga i Kina. Dei har fleire element oppe og nede med ein diskant i midten. To subbar, ein på kvar side, var stilt opp mot bakveggen, med ein dertil praktisk fasong: Breie og grunne. Diskanten hadde ein svak markering på s-ane, og bassen hang ikkje heilt saman. Muligens av di hovudhøgtalarane er bassrefleks, og subbane lukka. Her er potensiale for betre lyd.

The Stereo Shop/Bachs hifi
Bachs hifi er importør av JBL, og i den nye “fjell-serien” Summit stilte dei ut K2, som er den nest største. Flotte høgtalarar med utsøkt design, slik JBL er kjend for. Ein stor bass er kopla med ein mindre, og øvst sit diskanthornet. Lyden var stor og balansert, med fantastisk dynamikk og detaljering. Verkeleg ein nytelse. Men bassrefleksløysinga koplar til rommet, resultatet er eit tydeleg og plagsomt etterslep i bassen. Det durar i heile rommet. Eg høyrde same problemet i Wien. Om utstillarane kunne fått kontroll på dette, til dømes ved å trekkja dei litt lenger ut frå bakveggen, kunne resultatet vorte flott. Sjølv omgår eg problemet ved å unngå bassreflekshøgtalar so sant eg kan. Elektronikken var frå Mark Levinson.

Stereofil
Terje Nilsen er høgt og lågt, me vitja butikken hans i Horten, der han har utruleg masse fint utstyr, og ikkje mindre enn 3 ulike lytterom. Eg kom ut av teljinga. Men dette har Arve fortalt om og teke bilete frå.
I andre høgda på Bryggen var Audio Aktøren vikar for Stereofil-gjengen, som stilte ut med gode gamle engelske Leak (og Wharfedale), nytt utstyr med klassisk utsjånad, som kom attende i 2020 etter 40 års fråvær. Ein draum for elskarar av klassisk utstyr, med ekte trekabinett i 60-tals Art Deco-design. Leak-forsterkarane er transistorerte, men har same stilen som dei gamle rørforsterkarane. Det var den integrerte forsterkaren Leak 230 som var stilt ut, på 75 Watt til 19.000 kroner. Lillebroren Leak 130, som var fyrst ut, hadde 45W og kostar 13.000.
Wharfedale-modellen Super Linton spelte, ein 3-vegs stativhøgtalar til 34.000. Han har 8-toms bass, medan den større Dovedale har 10-tommar og kostar 75.000. Det var jo litt, men dei har klassiske kabinett i ekte tre. Det kostar. Berre sjekk prisen på teak-finer, viss du vil ha deg eit sjokk.
Dette oppsettet spelte aldeles nydeleg, varmt og balansert. Eg kjende pulsen gjekk ned. Og ein pryd for einkvar stove.

Endpoint Audio
På Endpoint Audio med Canor elektronikk (flotte apparat) og dei originalt utsjåande litt trekantforma høgtalarane vart eg og Håkon ståande og lytta litt. Dei heiter Horn the Mummy med eit dominerande mellomtone/diskant-horn øvst og ein større bass nede der baffelen er smalast. Me var samde om at dei let litt tynt og lyst, ikkje uvanleg når konstruktøren ynskjer å demonstrera den gode lyden frå hornet. Det er og litt uheldig at basselementet er plassert der baffelen er på det smalaste, og slik ikkje gjev optimal støtte til bassen. Baffelen vert for liten. Artig ide, original utsjånad, men….

Norsk Audio Teknikk
På Bryggen, hjå NAT og Morten Ringvoll, spelte dei på ein liten PMC-høgtalar med kanskje verdas kortaste transmisjonslinje? Elektronikken var frå Bladelius, kalla Norse. Desse småtassane hadde det moro med å gjera narr av dei fysiske lovene, og spelte uforskamma høgt, med ein stor, detaljert og open lyd. Men for meg vart lyden for påtrengande, med markerte s-ar, og unaturleg markerte kantslag på trommene. Dei har nok ein litt stigande diskant, i likskap med dei fleste modellane frå PMC. Det gjev ein turbo-effekt. Men slik vil vel konstruktørane ha det. Det har både fordeler og ulemper.

daCapo
Hjå daCapo Audio sjefa Jørgen og Jarek, og spelte på høgtalarane Usher ND-5 frå Taiwan, trekt av rør frå Air Tight. Passande namn på ein røyrforsterkarprodusent! Usher presenterer tradisjonelt ein særs balansert lyd med jamn frekvensgang frå alle modellane, og denne relativt høge modellen med diskanten nesten i øyrehøgd, og dobbelt opp av bassar, presenterer all musikk på ein naturleg musikalsk og varm måte. Ingen framheva s-ar, og slag på snare-drum (eller kva dei heiter) høyrest ut som eit trommeslag, og ikkje piskeslag. God lyd.

My Little Fwend
Lasse Gretland var på messa, og gjensynet er alltid like hyggjeleg. I lag med Stig Inge har me vorte gode vener. Me har og sams vener overalt i hifi-bransjen i utlandet. Eg freista på ny å få oversyn over gjeremåla hans, og han kunne fortelja at han stadig utviklar nye armløftarar, slik at han har modellar som passar til einkvar platespelar (sjå same reportasje i fjor, eg fekk ikkje med meg alle detaljane), og freistar gjera dette til hovudgesjeft. Han er og noregsambassadør for Consolidated Audio, MC-trafoar i høg kvalitet. Og pris. Dette er mykje på entusiastbasis, ikkje for å tena pengar. Slik er Lasse. Den viktige inntekta for å overleva hentar han frå eit reklamebyrå som kreativ tilretteleggjar. Ikkje so mykje nytt å fortelja eigentleg, men som sagt, gjensynet er alltid hyggjeleg. Me handhelsar ikkje, me klemmer.

B.H AUDIO
Brian Haave er trufast utstillar i Horten, med stor plakat og ein liten pult og stol. Eg fann ein ekstra stol og sette meg ned ved han for ein prat. Han har verkstad i Skien, og har drive denne åleine sidan 2022. Ingen butikk. Han trivst med det. Det var ein hobby som utvikla seg til jobb. Han har elektronikk frå yrkesskulen (og anna utdanning i tillegg), resten har han lært seg undervegs.
Han har mykje å gjera, det har balla på seg til kring 350 reparasjonar pr. år, og om du reknar på det, og fjernar fri- og heilagdagar, har han ganske mange reparasjonar kvar dag, og leveringstida er oppe i to månader. Det går mykje i Nad og Electrocompaniet, som etterkvart byrjar å verta gamalt og treng ettersyn. Dette er det musikkelskarar, ikkje nødvendigvis audiofile, som leverer inn. Platespelarar må ha ny reim, og kassettspelarar må ha nye reimer. Og begge treng ein dråpe olje her og der. Highend-utstyr tek tid, det same gjeld kassettspelarar, som i tillegg må justerast. Det er det mest kostbare, og kan koma opp i 5-6 tusen kroner. Brian har og proffkundar som Mala, Oslo HiFi Center, og Audio Aktøren.
Brian fryktar ikkje for framtida. High-end er vorte dyrt og dominert av aldrande menn, men musikkinteressert ungdom kjøper framleis HiFi, og det er endå mykje utstyr der ute som treng tilsyn.
For dei teknisk interesserte kan det nemnast at Brian hevdar det viktigaste å måle på kondensatorar er ESR og ikkje Farad, men ESR kan berre målast med spesialinstrument, ikkje vanleg multimeter. ESR er (ekvivalent) seriemotstand, og denne aukar med elde og slitasje. Me ynskjer lågast mogeleg motstand i komponenta våre, og låg forvrenging.

Re:Elektro
Denne standen rakk eg ikkje besøkja slik som R H, men eg snakka nyleg med dagleg leiar Rune Buseth Moen på telefon frå gjenbrukskjøpesenteret på Furnes ved Hamar. Her driv totalt 6 personar, 3 av dei teknikarar, kombinert verkstad, bruktbutikk og nettbutikk - og dei søkjer etter endå ein teknikar. Dei jobbar med gjenbruk av elektronikk, og ikkje berre HiFi. Kring tusen sørvisar i året rekk dei over, og det kan vera alt frå hushaldningselektronikk, datamaskiner og modular til bruk i landbruksmaskiner og anna. Ventetida på reparasjonar er 8-9 veker, som frå R H. Dei driv no på femte året. Rune bygde sine fyrste høgtalarar som 13-åring, men understrekar at ein ikkje treng vera hifi-nerd for å jobba der. Men det hjelper! Hifi-utstyret dei får inn er typisk nok frå 70-talet oppetter til 2000-talet. All elektronikk dei vert grundig undersøkt og eventuelt reparert før det vert lagt ut for sal. Ein del utstyr får dei og inn frå folk som ikkje gidd å leggja det ut på Finn! Sikkert mange som kjenner seg att der. Det haugar seg opp her og.

På gjensyn
Og det var det heile for denne gong. For moro skuld må eg få lov til å nemne at Håkon Rognlien (sjå del 1) hadde med seg ein kompis eg ikkje umiddelbart drog kjensel på. I ein pause over ein kaffi, trur eg det var, fortalde han at han hadde tinga eit par Vestlyd V 15 C på mi tilråding, etter å ha lese testen min og lytta til dei på den lokale HiFi Klubben. Eg vart sjølvsagt litt smigra og spurde kven han var, sidan eg hadde inntrykk av å ha sett han før. Han synte seg å vera ein gamal kollega frå bladet Fidelity, og røynd audiofil! Han sakna dei gamle store Tannoy-ane sine, og tenkte at Vestlydane kunne vera ei rimeleg erstatning. Me får sjå korleis det går!
Stor takk til Terje, Jørgen, dei øvrige utstillarane og alle andre for å skapa ein slik gild samlingsplass for alle oss hifi-nerdar. At dei gidd. Men dei skal vita at me set pris på det.
Les også Håkon sin messerapport
Les også Arve sin messerapport
Les også Karl Erik sin messerapport